Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Hilleberg Allak, fotenden eller hodeenden mot vinden?
Skal bare... svarte på Dortase sitt emne i Telt og lavvo
Av praktiske grunnar, sett eg alltid opp eit telt med åpningen i le. Ikkje bare for at teltet ikkje skal fyllast med luft med fare for å reise når eg åpnar glidelåsen, men også for at regn ikkje skal blåse inn i teltet når glidelåsen er åpen. Eg skal kunne ha teltåpningen åpen, sjølv om det er både regn og vind. Dersom aerodynamikken tilseier at teltet må settast opp med åpningen mot vinden, er teltet feilkonstruert for mine behov. -
Hvordan forankret du teltet før oppsett?
Skal bare... svarte på Kjell Iver sitt emne i Telt og lavvo
Eg har tilsvarande opplegg, med karabin som heng ut av trekket. Men ettersom eg aldri har vintertelta i nærleiken av tre, er forankringspunktet alltid så mobilt at eg kan ha karabinen direkte i pluggfestet. Sumarstid, brukar eg ikkje karabin, ettersom eg kan forankre direkte med plugg i bakken. Men eg pakkar uansett teltet slik at eg har tilgang til pluggfestet som skal mot vinden, utan å ta teltet ut av trekket. -
Eg hadde ikkje tenkt tvetydig, men ikkje noko gale i det, for den fyrste tolkinga er godt innanfor kva eg meiner. Men ordvalet var heilt bevisst. Det er alt for mange som trur nasjonalparkgrenser er magiske grenser der naturen innanfor av ulike grunnar, er meir verdt enn utanfor, og at dei derfor undervurderer enorme naturområde. Og det viser seg at trådstartar tenker akkurat slik, ikkje fordi han reknar seg sjølv som trangsynt, men av uvitanheit. Eg håpar at det er innanfor tolegrensa til moderator, ellers beklagar eg sterk og ber om at både dette innlegget og det fyrste innlegget mitt vert sletta i si heilheit. Ingen fiskekort følger nasjonalparkgrensene, men eigedomgrenser, kommunegrenser og statsallmeningsgrenser. Austvidda er dominert av store, private vatn, med heller dårlege fiskekortordningar. Vestvidda er dominert av store statsallmenningar med gode fiskekort. Du finn dei på inatur.no Med bil frå Stavanger, hadde i alle fall eg valgt Valldalen. Men for den som er meir glad enn meg, i å køyre bil, og mindre glad i motbakkar, er fortsatt Tinnhølen midt innpå vidda, godt innanfor Eidfjord statsallmenning.
-
Kva som er raskast, er jo heilt avhengig av kvar du kjem i frå. Med unntak av båtrutene, startar turen uansett der ein forlet bilen, så den delen er lik alle stader. Dersom du er så trangsynt, at det er nærleiken til nasjonalparkgrensa du spør etter, er Tinnhølen og Ossjøen lik. Der grenser nasjonalparken inntil parkeringsplassane.
-
Når eg tenker attende, er det vel nettopp nettene langs veg, eg tenker på som utenetter. Når eg skal vera på vestlandet tidleg om morgonen, reiser eg gjerne kvelden i forvegen , og ligg ute ein plass på fjellet. Er veret fint, kan dette godt vera under åpen himmel. Så har eg ein time ekstra tid om morgonen til å kose meg med ein betre frokost med mat frå kjølebag og speilegg på primusen. Det som gjer dette til utenetter, er at det faktis bare er natta eg er ute. Når eg er på friluftstur, er natta bare noko som bind dagane saman. Eg er ute om dagen, og søv bort nettene. Om eg ligg i telt eller hytte er bare ein praktisk detalj avhengig av tilgjengelegheit. På tur, er det dagane eg tel, ikkje nettene. Det er mogleg eg ikkje har forstått spørsmålet...
- 14 svar
-
- 2
-
Norsk ull - splittet fra "Hva har du kjøpt nå!"
Skal bare... svarte på Bjørn J sitt emne i Alt annet utstyr
Det største problemet med plast, er ikkje produksjonen, men plast på avvege. Det er stor forskjell på ullpartiklar (eller bomull for den saks skuld) og plastpartiklar i avløpsvatnet. -
Eg er på ingen måte ute etter å hindre folk i å koma seg ut. Slitasje er uproblematisk inntill eit visst punkt. Når vatnet byrjar å renne i stigen, vert det bare att stein. Og dei som går etter stigen, byrjar å gå på sida av stigen som bare blir breiare og breiare. Det er ikkje av det gode, og ein slik stig gror ikkje raskt att sjølv om ingen brukar han meir. Når det vert laga nasjonalpark for å sikre leveområde til rein, men sjølve nasjonalparkstatusen gjer at det vert så mykje meir trafikk, at rein trekker vekk, er det ikkje av det gode. Dette er ting eg har vore vitne til sjølv, og derfor er eg veldig restriktiv med å kringkaste for mykje reklame for sårbare naturområde eg er glad i.
-
Sjølve grønnfargestoffet kan vera kilde til trøbbel, og derfor noko eg prøver å unngå. Men det problemet er jo over no når det er slutt på fyringsparafin. Når det står at det må lagrast over -20°C, er det derimot grunn til å vera på vakt. For der kan det vera lengre karbonkjeder som feller som voks som tetter filter og skapar trøbbel i kulda.
-
Det er basert på kva eg sjølv har sett, så beslutninga mi er velbegrunna. Eg trur ikkje mi påvirkning aleine, raserer fjellet, men nå ballen fyrst har byrja å rulle, er det det for seint å gjera noko. For snart 10 år sidan, var eg med å bevilge peng til ein, heilt nødvendig, restaurering av ein stig for å stoppe erosjon. Det som ikkje vart tatt hensyn til den gongen, var oppmerksomheita denne steinlegginga førte til. Trafikken har over tidobla seg i åra etter, med alle dei ulempene det har ført med seg, både landskapsmessig og for dyrelivet. Dette er riktignok ein stig som aldri var nevnt på heimesida mi, så eg skal ta del delen av skulda for utviklinga.
-
Ettersom utstyrdiskusjonane tar så stor plass på forumet, tiltrekker det også folk som likar å diskutere utstyr, og då vert det diskusjonar om detaljar på utstyret. Då forumet handla om toppar over 2000m i Jotunheimen, tiltrakk det seg også folk som var interessert i toppar over 2000m i Jotunheimen. Eg har ikkje forstått dette med attendemelding på turrapportar. Det hender eg les ein turrapport dersom det er frå område eg er kjent, men eg har aldri følt behov for å kommentere dei. Eg har nok erfaring frå ulike forum, til at eg ikkje kommenterer etter eige hjarte, dersom det ikkje er ettertrykkeleg bedt om slike kommentarar. Og eintydig skrytande kommentarar, har eg ingen sans for, med mindre rapporten er ekstremt god. Så dersom det er attendemelding på rapportane som er motivasjonen for å skrive, så bør det koma fram på ein annan måte. Når Kjell Iver skriv at turrapportane er det som vert lest mest her på forumet, så burde dette koma betre fram, nettopp som attendemelding til forfattaren. Veldig mange av dei som les desse rapportane, er truleg av personar som ikkje har brukar på forumet, og då er terskelen for å gje attendemelding enno større.
- 63 svar
-
- 1
-
Eg har ingen planer om å rapportere frå turane mine. I mange år, hadde eg ei heimeside med masse turrapportar med meir frå fjellområdet i hjartet mitt. Men etter kvart har eg sett kva merksemd enkelte område har fått, og kva dette har gjort med trafikken, og den påfølgande slitasjen og forsøplinga. Eg har derfor valgt å ikkje gjera meir marknadsføring av området eg er glad i. Heimesida mi er forlengst fjerna frå nettet, og det som eg ein gong hadde tenkt lage ei bok av, er skrinlagt for godt.
- 63 svar
-
- 1
-
Din favorittprofil på TV - Friluftsliv
Skal bare... svarte på Fjellfilmeren sitt emne i Videodiskusjoner
Ein friluftsprofil som eg ikkje ser at er nevnt enno, er Stein P. Aasheim. Av nolevende profilar innan denne sjangeren, er han den einaste eg gidd bruke tid på å lesa eller høyre på. yr.no er ikkje betre. No er det farevarsel dersom det kjem 5cm snø.- 55 svar
-
- 3
-
Om man kun skal tenke på turmuligheter- hvor ville du bodd?
Skal bare... svarte på Bokhylla sitt emne i Fjellvandring
Då eg studerte, valgte eg fagfelt for å sikte meg inn på ein eller annan trong vestlandsfjord mellom Odda og Mosjøen, basert på nærleik til fjellet. Ting vart ikkje heilt som planlagt, så eg enda øverst i ein austlandsdal, men like nært fjellet. Med tanke på å ha snø rundt huset, er det nok betre å bu på denne sida, ettersom eg bur 600 meter høgare enn eg hadde gjort dersom eg hadde enda på vestlandet. Dersom turmoglegheiter er einaste krav, hadde eg valgt Møsstrond.- 31 svar
-
- 1
-
Din favorittprofil på TV - Friluftsliv
Skal bare... svarte på Fjellfilmeren sitt emne i Videodiskusjoner
Når det kjem til 'å møte folk langs vegen', er det ein tv-profil som utpeiker seg, og det er Hans Olav Brenner. Han har ein veldig behagleg framtoning, og han evner å setje intervjuobjektet i fokus. Arne Hjeltnes er også eit navn som er natulrleg å nevne. Ein heilt annan type, men med god humor.- 55 svar
-
- 1
-
Mitt inntrykk er at føret har enormt mykje å seie for kor lett, og korleis pulken veltar. Det verste føret, etter mitt syn, er hard snø. Når eg går i skrått terreng, gjerne på skrått oppover, så armane må brukast på stavane, glir pulken sidelengs. Dersom det er ein liten ujevnheit i den harde snøen, slik at sidelengsskliinga stoppar, trillar pulken overende på eit blunk. Avhenig av hellinga, kan pulken bare velte, eller trille rundt slik at eg må hekte av dragen for å koma på rett kjøl att. Dersom han bare veltar over ende, brukar eg å få han opp att ved å dreie oppover, og kanskje heilt rundt. Eg trur ikkje eg har opplevd pulkvelt i laussnø.
-
Min Fjellpulken med stivt drag velter også, så ingen må tru at det bare er Parispulk som velter. Velt med taudrag må jo vera totalt uproblematisk i forhold til velt med stivt drag…
- 35 svar
-
- 1
-
Kor fort eg går, er totalt irrelevant for andre å planlegge etter, så det svarer eg ikkje på. Det er også veldig avhengig av terreng og vegetasjon. Eg har erfart at eg går mellom halvannan og dobbelt så lange dagsetapper på Hardangervidda enn i heimlege fjell. Det som derimot er så fint med å ha telt i sekken, er at ein ikkje treng planlegge. Ein kan gå akkurat så langt og så lenge som ein sjølv føler for, og slå leir når ein er lei av å gå. Så fortsett ein dagen etter. Dersom du legg opp dei fyrste turane på denne måten, og så studerer kartet i ettertid, vil du raskt finne ut kor lange dagsetapper som er passe for deg.
-
Hvor mye har du bruk for stort ytterteltet?
Skal bare... svarte på Ingunn1 sitt emne i Telt og lavvo
Nei, det er ikkje naudsynt med stort fortelt. Dersom det hadde vore naudsynt, ville det ikkje funnest telt utan stort fortelt. Det handlar om valg ein gjer. Valg som påverkar korleis ein bur i teltet, og kor tung sekken vert. Større telt gjer sekken tyngre. Større telt treng større teltplass. Sjølv har eg vorte veldig glad i telt som tar liten plass på bakken, nettopp fordi det er så mykje enklare å finne teltplass. Om det stikk opp ein stein i forteltet gjer sjølvsagt ikkje noko, men ein bør ikkje plassere teltet slik at teltduken gnissar mot stein, for då er det slite hol på duken på veldig kort tid, i alle med så tynn teltduk som dei telta du har vurdert. På snø er dette mykje enklare, for då kan ein enkelt planere ut akkurat så stor plass som ein har bruk for. Så er det velg om korleis ein vil organisere seg inne i teltet. Telt med bare eit rom, altså ingen yttertelt, men god plass i innerteltet, er forsåvidt enkelt å leve i, ettersom teltet ikkje er delt, og alt er innanfor myggnettingen. Du ser fleire skrive at dei ikkje savnar yttertelt. Det er bare spørsmål om valg av korleis ein brukar tilgjengeleg plass Telt med fleire rom, altså innertelt og 1 eller 2 yttertelt, er oppdelt, og ein må forhalde seg til at noko må vera her og noko må vera der for å få plass til alt. Men det gjer det også enklare å ha ting godt adskilt. Og det er slik eg etter kvart har funne ut at passar meg best, i alle fall sumarstid. Eg brukar eit telt med lite innertelt, bare så vidt stort nok til å ligge sjølv. Eg tar bare med meg turre klede og anna turt utstyr inn i forteltet. Sekken, støvlar, ytterklede og eventuelle andre våte/fuktige klede har god plass i ytterteltet. Det er slik eg har valgt å organisere meg i teltet.- 14 svar
-
- 1
-
Altså, hvor mange kjeler trenger du?
Skal bare... svarte på uteturen sitt emne i Primus og kokesystem
Eg treng 2, men eg brukar litt fleire. På telttur sumarstid, har eg ein høg, smal kjel på 1l. Forma på denne er slik at han passer perfekt utanpå Svea 123. Storleiken er passe for matlaging for 1 person, men så må eg ta oppvasken før eg lagar meg varm drikke. På telttur vinterstid brukar eg 3 kjelar, men hadde greidd meg med 2. Ettersom vekt og volum i pulken ikkje er så nøye, kan eg tillate meg litt meir komfort. Eg har ein stor kjele til snøsmelting. Når snøen er smelta, har eg tilgang til kaldt vatn i denne kjelen heile kvelden. Til matlaging brukar eg sumarkjelen. Men eg tar oppvasken litt enklare ettersom tilgangen til oppvaskvatn er litt dårlegare, og faren for bakterievekst er langt lågare. Derfor har eg også med meg ein rein kjel til oppkok av vatn. Til dette har eg brukt litt ulike kjelar som eg likevel hadde tilgjengeleg. Då var det kjlar som ikkje var veldig gode å helle frå, eller kjelar som var så små at eg måtte fylle termosen i to omganger osv. For nokre år sidan, kjøpte eg Trangia kaffikjel som er stor nok til å fylle termosen. Denne kjelen vart altså kjøpt til dette formålet, og har vorte brukt til dette. På dagsturar om sumaren brukar eg ein liten kaffikjel, den som er i Trangia 27. Denne kjelen har eg hatt sidan ungdomstida, og passar betre for formålet enn nokon anna. Denne brukar eg både på primus og på bål, og utsjånaden ber preg av dette. Utover dette, har eg nokre fleire kjelar, frå ulike kjelesett som Trangia 27, Sigg Tourist og eit MSR kjelesett med teflon i både kjelar og steikepanne. Trangia 27 er det gamlaste, og var i fast bruk i mange år. MSR-kjelesettet kjøpte eg for å ha større kjelar enn Trangia 27, og i ei tid då eg fortsatt trudde eg hadde bruk for kjelar som pass inni kvarande. I seinare tid har eg kjøpt enkeltkjelar meir spesifikt tilpasse kvart sitt bruksområde. Frå Trangia 27 er det bare kaffikjelen som er i regelmessig bruk. Sigg Tourist fall aldri heilt i smak for min del, men eg har ikkje hjarte til å kaste det. MSR-kjelesettet er med i bilen og vert brukt når eg lagar mat i nærleiken av veg. -
Eg har ikkje hatt problem med å køyre bensinmotorar på gammal bensin. Problemet eg derimot har hatt dersom ein motor har stått lenge, er substans som har vorte att i forgassaren når bensinen har fordampa. Etter å ha renska forgassaren, fekk eg tilogmed ein moped som hadde stått i 20 år til å gå, med bensinen som stod på tanken. Men dette problemet skal vera langt mindre med alkylatbensin enn med bilbensin. Om vinteren har pumpebensin eit visst innhald av butan, det kan du ikkje rekne med at skal overleve sumaren. Det er ein kjent sak at stillebrennarar er langt meir følsom på på det meste, i forhold til bråkebrennarar som er mykje meir rubuste på alle vis.
-
Dersom stillebrennaren er så følsom for brenselet, er det, i mitt syn, grunn til å velge ein annan brennar. Eg har ikkje opplevd noko som helst problem med 5-6 år gamal alkylatbensin på verken Svea 123 eller Optimus 8r.
-
Oppgradering av Ringstind Pro 2 (2017 modell)
Skal bare... svarte på Tom Mauno sitt emne i Telt og lavvo
Når ein får avstand til teltduken, vert kondensproblemet mindre. Det reduserer ikkje kondensen, men det reduserer problemet. Eg har god erfaring med å droppe innerteltet i Hilleberg Nammatj, og det er eit telt som ellers er ubrukeleg pga kondensproblem.- 10 svar
-
- 2
-
Den fyrste versjonen, utan serratert blad, var ein god kniv. Men det bladet som er brukt no, har eg absolutt ingen fortåels for, men det går jo sjølvsagt ann å slipe ned for å få ein ordentleg egg heile vegen. Dersom du har slipestein, så er det jo ein god pris for noko du kan lage ein god kniv av.
-
Finne ut kvar ein er, også i slikt vêr det er uaktuelt å ta av seg vottene. Det er i alle fall kva eg brukar gps'en til (innanfor temaet dette forumet er til for).
- 41 svar
-
- gps
- navigasjon
-
(og 4 andre)
Merket med:
-
Tett boks til oppbevaring/frakt av Trangia spritbrenner
Skal bare... svarte på Truant76 sitt emne i Primus og kokesystem
Er Trangia-brennaren din utett, eller er det bare noko du har lest på nettet? Sjølv hadde eg med meg Trangia-brennar i plastpose i kaffekjelen, på dagsturar i årevis og det var aldri problem med lekkasje. Då hadde eg alltid raudsprit i brennaren, og aldri ekstra brenselflaske.