Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Ulltrøy og ulltrøye. I den tempererte årstida, er det kun ull på overkroppen med unntak av ytterjakka. Det er mogleg klimaet i Finnmark er så tørt at dunjakke fungerer heile året. Her sør i langfjella ville eg ikkje basere meg på fuktigheitssensitiv dun for å halde meg varm i den tempererte og fuktige årstida, og i alle fall ikkje vera avhengig av at den same, våte dunjakka skal halde meg varm gjennom natta etter ein rengkald kveld. Eg gidd ikkje fylle sekken med klede eg ikkje kan ha på meg utanfor teltet, så ull er det einaste eg stoler på til isolerande påkledning. Men så har eg med meg sovepose som eg stolar på at skal halde meg varm gjennom natta. For meg er dunjakka kun for vinterbruk. Og sjølv då har eg med meg sovepose som skal vera varm nok.
- 83 svar
-
- 2
-
Dunjakka er noko av det fyrste eg legg att heime dersom eg vil ha lettare sekk.
- 83 svar
-
- 1
-
Greit nok at det vert kaldare i kuldegropa, men det vert ikkje varmare i eit nylontelt om det er ei kald grop i forteltet. Når det gjeld eit telt med fyring, og i ei snøhole, kan kuldegropa ha ein misjon. Når inngangen skjer gjennom kuldegropa, altså ingen åpning over bakkenivå, kan denne vera åpen utan at den varme lufta sig ut. Dersom inngangen foregår over bakkenivå, har ikkje kuldegropa denne funksjonen, då forsvinn varmlufta ut med ein gong ein åpnar åpningen, heilt uavhengig av om det er ei grop i nærleiken. Grop i forteltet har likevel andre fordeler, slik som meir plass og ståhøgde. Dette er ein av grunnane til at mange meiner telting vintertid er meir komfortabelt enn sumartid.
- 83 svar
-
- 1
-
Dersom du har bomma så kraftig på soveposen at du må ligge i dunjakke og dunbukse, forstår eg at du synest effekten av tynt ullundertøy er minimal.
- 83 svar
-
- 1
-
Det mest opplagte, er at du har for dårleg sovepose til forholda. Ullundertøy hjelper masse. Det viktigaste er ytterpunkta på kroppen, så luve og sokkar (men dei må vera turre) er det aller viktigaste. Kuldegrop har absolutt ingen effekt på temperaturen i teltet. Men litt fysisk aktivitet rett før du legg deg, slik at du blir god og varm i kroppen, vil hjelpe.
-
Mi erfaring er at ein kombinasjon fungerer veldig godt. Enkelte ting pakkar eg temmeleg hard, enkelte ting er ganske harde i utgangspunktet. Soveposen er eit godt eksempel på kva eg brukar komprimeringspose til, fordi det er så pass spenst i han at noko anna ikkje ville vera effektivt. Mat og kokeutstyr er uformelege kolli som skapar eindel tomrom. Så er det enkelte mindre lausøyre som vert stappa nedimellom tomromma. Enkelte kledsplagg er typisk slike ting eg stappar innimellom. Eg er i alle fall overbevist om at desse plagga er meir effektivt pakka på denne måten, enn at dei skal i ein eigen, komprimert pose som skapar endå fleire tomrom. Teltet, som ligg nesten på toppen, bryr eg meg heller ikkje med å komprimere. Det er ingen spenst i det, så all nødvendig komprimering skjer med at det vert trykkt nedi sekken. Det ukomprimerte teltet, forutsatt ein romsleg pose, formar seg godt saman med kokeapparat og kjelesett som vert pakka rett over teltet. Dersom sekken er i minste laget for turlengda, altså at eg har med meg så mykje mat at ikkje alt utstyret får plass nedi sekken, er det teltet som må finne seg i å henge på utsida dei fyrste dagane. Så heller ikkje då, har det noko for seg med komprimering.
- 24 svar
-
- 1
-
Ein stor pose er gull verdt når den glatte duken skal stappast nedi posen med kalde fingrar, kanskje med hanskar eller votter på. Dersom ein har vekta på teltet utan stenger og pluggar, tenker eg at volum er nært proporsjonal med denne vekta.
-
Eg synest heller ikkje det er vondt etter dagesvis med 20kg på ryggen. Men eg brukar heller ikkje sekkar som produsenter meiner er ubehagleg med meir enn 15-17kg. Dersom produsenten opplyser om ei så stram vektgrense, ville eg ta det som ei åtvaring. Dersom bruksområdet er tenkt oppimot denne vekta, så nære at spørsmålet om sekkevekta er del av denne vekta, ville eg i alle fall ikkje kjøpe sekken uprøvd.
-
Eg har hatt besøk i leiren kun to gonger. I begge tilfeller var det ein bekjent, og han såg teltet. Eit grønt telt kan også vera synleg på 1km avstand, men det skrik ikkje om oppmerksomheit. Mi oppleving av naturen er ulik om teltet 1 km unna er raudt eller grønt. På same måte som at naturopplevinga mi er ulik om det står folk hyler og skrik på næraste fjelltopp, eller om dei bare står der i siluett. Problemet med at folk skulle dumpe inn i leiren min og snuble i bardunane vil eg uansett kalle sterkt overdrive, eg har forresten raude bardunar så det skal vera litt enklare å unngå å snuble i dei. Men der er mogleg dette er ein av skilnadane på utkantnoreg og bynære strok. Friluftsliv i bynære strok har eg veldig lite erfaring med, utan at eg kan hugse at det var så komplisert, men dette er fleire tiår sidan. Men eg forstår at det kan by på andre utfordringar enn det enkle og bekymringsfrie fjellivet.
-
På mine eldre dagar har eg for alvor fått opp augene for små telt, nettopp fordi små teltplassar er så enormt mykje enklare å finne enn større teltplassar, særleg høgt til fjells. Har eg plass til å ligge der, er det plass til Soulo også, det teltet er faktis nesten så lite. Det er sikkert mange som er fornøgd med det Chinook-teltet. Men til den bruken eg har Soulo, er det ingen erstatning. Eg brukar ikkje Soulo dersom eg veit det vert finvær. Eg har ingen planar om å erstatte Soulo, ikkje fordi det er så sabla godt telt. Det er langt frå noko perfekt telt, men det er telt med dei riktige kompromissa for akkurat den bruken eg har det til. Lite vindfang, i tillegg til at det taklar all den vinden det kan få. Lite plasskrevande, slik at eg kan telte der andre må gå kilometervis for å finne plass. Lite krevande på plugging ettersom det er sjølvståande, må bare forankrast så det ikkje reiser i vindkulene, men det kan om nødvednig ordnast med å knyte bardunar rundt steinar. Det gjer jo også at det kan setjast opp på plassar Ikkje veldig lett i mange sine auge, men det er ingen alternativ som er betydeleg lettare (Modellen har lagt på seg litt sidan eg kjøpte det). Det er eit telt for å kunne overnatte i dårleg vær, men pga den ekstremt trange innvendige plassen er det ikkje noko telt eg vil ligge værfast i. Det finnst nokre få andre modellar som ville fungere, men dei valgte eg bort då eg valgte Soulo. Det valget har eg altså ingen planer om å gjera om. Allak er nok eit langt betre allround-telt dersom ein må ha eit sjølvståande telt. Anten Allak 2 som eit romsleg – men noko tungt etter min smak – einmannstelt, eller Allak 3 dersom 2 skal bu der i lag. Dei har til og med kvar sin inngang i le, utan å vera redd for at vinden tømmer teltet dersom dei åpnar kvar sin åpning samtidig. Sjølv ville eg nok heller valgt eit tunelltelt, td Kaitum, men det har med å gjera at eg, heilt personleg, meiner tunelltelt har meir hensiktsmessig fasong.
-
Eg brukar normalt ikkje å anbefale multifuelbrennar til gassbruk. Men når du tenker at den eine kan vera i reserve til den andre på langtur, ville eg vurdere Whisperlite universal nettopp for å kunne fungere som reserve for den andre gassbrennaren. Ein gassbrennar kan aldri erstatte ein bensinbrennar vintertid, og skal ein bensinbrennar erstatte gassbrennaren sumartid, må du også ha med deg dobbelt opp med brennstoff, både gass og bensin. Ein annan, like billig og langt lettare løysing er sjølvsagt å kjøpe ein liten og lett topp-på-gassboksen-brennar som reservebrennar for den andre gassbrennaren, og la vinterbrennar vera vinterbrennar.
- 7 svar
-
- 1
-
- gass
- gassbrenner
-
(og 4 andre)
Merket med:
-
Eg ville aldri la ein sovepose ligge nedpakka ei fleire dagar etter bruk. Etter bruk må ein alltid lufte og tørke soveposen, så får ein eventuelt pakke han ned at onsdag eller torsdag. Det er nå mi meining.
- 5 svar
-
- 1
-
Ingen av desse alternativa kan erstatte mitt Soulo. Allak 2 er 1000g tyngre enn mitt Soulo, som er 2.3kg, og det treng 77% større teltplass. Det andre måtte eg google, og utfrå bileta, ser det ikkje ut som nokon erstatning for Soulo. Med store gliper under teltduken, kan det på ingen måte tilfredstille mine krav til haust- og vårtelt, også for bruk på snø, til høgfjellstbruk. Eg har også ein erfaringsbasert skepsis mot amerikanske telt, men det er ein annan sak. Eg løser det derimot enkelt ved å krabbe ut på skuggesida.
-
Dersom du sett det opp kvar kveld i forhold til den aktuelle vinden, brukar alle bardunane og unngår eksponerte plassar når det er sterkare vind, bør det ikkje vera noko problem. Men dersom du har tenkt å sette det opp, forlate det, og koma attende halvannan veke seinare, ville eg nok valgt eit anna telt, sjølv om det mest truleg ville stå like fint. No veit eg ikkje kva slags pluggar Helsport legg ved ultralett-telta sine, men for nokre år sidan, brukte dei nokre pluggar som eg ikkje ville stole på. Dersom det fortsatt er tilfellet, ville eg tatt med betre pluggar, i alle fall til endane på teltet.
- 22 svar
-
- telt
- friluftliv
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Eg reknar med åpningen er slik at ein kjem inn og ut utan at ein må la ytterteltdøra vera heilt åpen. Eg har i alle fall ikkje for vane å la ytterteltåpninga vera heilt åpen i regnvær. Men det er meir av hensyn til det som ligg i ytterteltet, enn for å beskytte innerteltet. Apropos renna over døra. Eg har hatt Soulo i fleire år, men det var fyrst for halvannan veke sidan eg la merke til korleis den svarte kanten var sydd, og at eg konkluderte med at det var laga som ei slags takrenne. I løpet av desse åra har eg altså ikkje tenkt over korleis regnvatn har drenert frå toppen av teltet. Anten har det ikkje vore noko problem, eller så har eg ikkje hatt forventning om velfungerande takrenner på telt. Mest truleg begge delar. Ein ting eg derimot ikkje likar på Soulo, og dette er heilt personleg, er at døra er på feil side, eller i feil ende, alt ettersom ein ser det. Slik Hilleberg har presentert telta sine, er den åpningen som visast på Allak like feil. Det har vore trådar på om åpningane på Allak kontra Staika tidlegare. Eit av desse telta har hatt symetriske – om lengderetningen på teltet – åpningar, det andre har hatt asymetriske åpningar, eg hugsar ikkje vka for eit telt som hadde kva. Symetriske åpningar betyr at den andre åpningen passar min smak. Asymetriske åpningar betyr at den andre åpninger er like gale. Bakgrunnen for min preferanse for kvar åpningen skal vera, er basert på at vindsida av teltet oftast står mot vest, ettersom det er derifrå dei fleste vindane kjem. Åpnigen vil eg helst ha mot søraust ettersom formiddagssola er der. Soulo endar oftast opp med åpningen mot nordaust, og då må eg opp i god tid før 6 for å kunne nyte sola frå soveposen.
-
Er det så tett skodde at ein ikkje finn eit grønt telt, er det ikkje veldig lett å finne eit raudt telt heller. På snø er det lettare å finne eit mørkt telt enn eit raudt telt. Men er det slike forhold at eg er redd for å ikkje finne att teltet, har eg gps. Den same gps'en fungerer på same måte, dersom eg legg att sekken av ein eller annan grunn, til dømes ein raskt topptur.
-
Ver mot andre som ein sjølv vil at andre skal vera mot deg. Derfor likar eg ikkje å forstyrre andre som er ute og søker stillheit og ro. Og det er stor forskjell på å vera usynleg og å skrike. Raudt telt skrik i augene mine. Helsport sine raude og gule telt er endå verre. Sjølv mine grønne telt er så synlege at det er ingen grunn til å telte på same plass fordi ein ikkje ser meg.
-
Dersom utetemperaturen er på grensa til at gassen din fungerer, vil du nok bli veldig positivt overraska dersom du prøver ein soveposevarm gassboks. Og dess meir gass det er på denne boksen, dess lenger tid vil nedkjølinga ta, men det vil sjølvsagt ta lenger tid å lunke han også. Typisk sumarbruk, er det varmt nok til å bruke gass. Men temperaturen kan ha vore låg om natta, slik at gassboksen er godt nedkjøla om morgonen, då vil det hjelpe godt med litt lunking.
-
Tja. Ikkje etter min smak. Sjølv synest eg raudt telt er stygt, også på bilete. Men så er eg heller ingen fan av folk som går rundt i naturen og skrik høgt.
-
Det er ingen absolutt temperaturgrense. Effekten avtar etter kvart som temperaturen går ned, så det er like mykje kor liten effekt er godt nok for deg. Og det er temperaturen på gassboksen som er avgjerande, og denne kan du godt forvarme i soveposen. Men eg vil ikkje anbefale å tenne han opp der. Med gassboksen ståande, går temperaturen ned under bruk, så då er det også eit spørsmål om kor lenge du har tenkt å bruke han. Eit raskt kaffioppkok kan gå greit, men ved same start-temperatur kan kanskje kokeapparatet slukne før potetane er ferdigkokt.
-
For kalde soveposer for sommertur i nord?
Skal bare... svarte på Oksen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Hugs at alle remedier ein tar med seg for å forsterke soveposen, også tilfører vekt og volum. Gjerne ein god del meir vekt og volum enn ein tilsvarande varmare sovepose. Å ha på seg ullundertøy ol, som ein likevel har med seg, er løysinga for å ikkje tilføre meir volum og vekt. Men desse kleda må vera turre, ellers vert det bare endå kaldare. Luve og sokkar kan gjera underverk når ein er akkurat på grensa.- 21 svar
-
- 1
-
Eg har vanskeleg for å tru at 90-91-stengene er over 1kg tyngre enn aluminiumstengene dine. I 88-katalogen til Hilleberg, er det oppgjeve vekt for Keron 3 med både glasfiberstenger og aluminiumstenger. Vektforskjellen er 0,2kg. Det er sjølvsagt mogleg at du har valgt lettare stenger enn Hilleberg brukte i 1988. Vektforskjellen på nylon- og bumull/polyester-innertelt i Keron var 0,5kg. Dette er også eit telt som har lagt på seg eindel sidan 88, sjølv om grunnforma og kunstruksjonen er den same. Dagens Keron har omlag same vekt som 1988-Keron med glassfiberstenger og bomull/polyester-innertelt. Det er mogleg Hilleberg har vorte meir leg på vekta, men eg trur også dagens Keron har tyngre ytterduk, tyngre stenger (enn 1988-aluminiumstengene) og tyngre pluggar. Det er i alle fall kva som har vorte tyngre på Nammatj sidan eg kjøpte mitt sist på 90-talet. Sjølv om mange trådar her inne gjev inntrykk av at alt turutstyr var så svintungt for få tiår sida, så var det ikkje nødvendigvis det. Tunelltelt var tross alt eit dyrare og tyngre alternativ enn datidas meir vanlege mønetelt med 2 loddrette stenger, ein konstruksjon som er på full fart attende pga lav vekt.
-
Deaktivering av barnesikring på drivstofflasker
Skal bare... svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Eg brukar i alle fall korkane frå Sigg, MSR, Primus, Optimus og Trangia (den suverent beste korken til å helle med) om kvarandre. Med unntak av Trangia-korkane, er dette barneusikre korkar liknande dei du linkar til. -
Det la tydelegvis på seg med åra. Her i frå 1990-91-katalogen, Veil. pris var forresten kr 4750 No når eg leita etter Norrøna-katalogen, kom eg faktis over Hillebergkatalogen for 1988 også. Keron og Nammatj (med og utan GT) er så godt som uendra.
-
Flammebilete varierer på toppmonterte brennarar, akkurat som på slangebrennarar. Til dømes https://www.primus.se/primus-mimer-stove-p224394/ fordeler flammene ganske breidt. Dersom eg skulle hatt gassbrennar for matlaging, ville det vera anten denne eller den nevte easy fuel, avhengig av fokus på vekt. Eg har ein tidlegare versjon av Primus gravity som også har eit ganske breidt flammebilete, men der resten av kokeapparatet, altså kjelestøttene og det som får apparatet til å henge saman, er så skjørt at eg kvier meg for å stappe kokeapparatet nedi sekken. Den er ikkje å anbefale. Det er også mange som talar varmt om Trangia med gassbrennar. Men vektmessig kan ein likegodt fortsetta med messigprimusen, dersom det er ein Primus 210/Optimus 00 eller tilsvarande.