Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    471
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Etter mitt syn, er Svea 123(med eller utan R) og Optimus 8(med eller utan R) gode kandidatar for beste bensinbrennar. Riktignok har ingen av dei slange, men etter mitt syn er det best utan slange som før eller seinare går lekk anten pga varme eller bare alder. Bråkar litt meir enn stillebrennarar, men langt mindre enn dei verste av dei 'moderne' multifuelbrennarane, riktignok delvis pga av lågare effekt. Svea 123 er noko lettare enn Optimus 8, men ikkje så stødig. Det finnst nokre få Optimus 8 med aluminiumskasse, dei er bare såvidt tyngre enn Svea 123. Begge er svært driftsikre.
  2. Den fyrste snøen har kome for lenge sidan. Men snøen kjem og går mange gonger før vinteren kjem for alvor. Ein kan i alle fall ikkje slutte å gå på tur bare fordi det kjem litt snø, då ville sesongen bli kort.
  3. Utan at dette er svar på det konkrete spørsmålet, har eg nokre forholdsreglar utover det med god lufting. Sjølv om CO er luktfri, er det nokre lukter som følger med CO. Den minste antydning til eksoslukt eller lukt av uforbrendte hydrokarbon, er indikasjon på ufullstendig forbrenning, og då er det også mykje CO. I så tilfelle er meir lufting, og pusting i teltåpningen, i staden for inni teltet, som gjeld. Den minste antydning til vondt i hovudet, kvalme eller såre auge, kan vera teikn på CO. Då er det ut av teltet for å få frisk luft, og full lufting av teltet før eg går inn att, som gjeld. Det er her det er lett å gjera fatal feil, dersom ein ikkje er oppmerksom på faren. For med desse symtoma kan det vera freistande å legge seg ned, og å la kokeapparatet fortsette for at det ikkje skal bli kaldt. Gjer ein den feilen, er ein ferdig.
  4. Det er nok den beste tilnærminga for turplanlegging både vår og haust. Sjekk vegvesenets webkamera på Dyranut før avreise, for å sjå korleis forholda er. Og sjekk yr for å vurdere korleis det vil utvikle seg, sjekk gjerne for ein plass lenger vest og lenger aust også. Uansett kor kaldt det er, vert det ikkje snø dersom det ikkje er nedbør. Det er uansett ikkje mykje snø så tidleg, så plan B treng ikkje vera langt unna. Dersom snøværet har kome vestfrå (mest vanleg), er det mindre snø austover, og plan B kan vera nokre få kilometer lenger aust.
  5. I staden for å skrive inn epost-adresse og få ei zip-fil med alt, er det jo bare å klikke på kvar fil og laste dei ned direkte utan å røpe kven ein er. Eg har vanskeleg for å forstå korleis dette er krøkkete. Informasjon om kva bruksområdet er, er kun for statistikk, og nyttig for å vite kven brukaren er. Noko som i neste omgang kan vera greit med tanke på korleis brukarvenlegheita skal vera. Utan at eg har studert kart i nærleiken av svenskegrensa, har eg innbilt meg at det som er på svensk side, er del av filene for fylka som grenser til Sverige, men her er eg på tynn is.
  6. Det er nok veldig avhengig av kven brukaren er, sjølv synest eg geonorge.no er svært brukarvennleg, men eg brukar det mykje, så eg kjenner det godt. Det er ein av svært få nettstader der eg alltid finn det eg leiter etter, og eg finn det raskt. Og det har eit publisert api, slik at det er enkelt å programere mot nettstaden.
  7. Det er stor sannsynlegheit for at det fortsatt er fint barmarksføre på det tidspunktet. Men svar på når snøen kjem, kan ingen gje, for det er avhengig av været.
  8. I alle fall tilsynelatande identisk, og det meste er nok det same. Men i følge bruksanvisningane har Trangia-brennaren 0,37mm dyse, Easyfuel har 0,40mm dyse. Dette gjer at Trangia-brennaren har effekt på 2,13kW ved 1bar gasstrykk, Easyfuel har effekt på 2,5kW ved 1bar gasstrykk.
  9. Øvre Saksundvatn https://www.norgeskart.no/#!/?zoom=17&lon=82751.68&lat=6593882.15&project=norgeskart&layers=1003&markerLat=6593882.152343749&markerLon=82751.68017578125
  10. Eg ville valgt UL pga av prisen. Også ville eg kjøpt den ytre kjelen med teflon i tillegg. Om vindskjermen vert ripete, betyr null og niks for meg. Og med tanke på korleis mitt Trangia-kjøkken frå 1990 ser ut, er ikkje riper noko stort problem. Men at hardanodisert aluminium ser fint ut, skal eg seie meg einig i.
  11. Det er ikkje mogleg å laste ned dei nye fylka. Men dei gamle fylka er fortsatt tilgjengeleg. Og for turbruk er vel det massevis godt nok? https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/n50-raster-utm33-fylkesvis/f89c916d-000c-4084-a2fb-d405dd65a7dc
  12. Å få til ei presskannepresse i Trangia kaffekjel er nok ikkje så enkelt. Men det finnst andre, ferdige løysingar som frå Primus: https://www.primus.se/primus-litech-trek-kettle-p731722/ og https://www.primus.se/primus-coffee-tea-press-for-litech-trek-kettle-p734520/
  13. Det skjer ingen privatisering på Hardangervidda. Det aller meste av vidda er enten privat eller statsallmenning, og ingen statsallmenning er salgbar med dagens lovverk. Det er nokre kommunale eigedomar som er omsetningsbare, men eg kjenner ikkje til nokon planar om salg av desse. Private fiskekortordningar kjem og går. Dersom det er nokon utvikling her, har eg inntrykk av at det er i retning av meir moglegheiter for fiske for ålmugen.
  14. Greit nok at enkelte lover og reglar kan vera tullete og unødvendig. Men privat eigedomsrett er ikkje ein av dei. Eigedomsretten er heilt fundamental i korleis samfunnet vårt fungerer og er heldigvis beskytta av både Grunnloven og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Dersom du har tenkt å endre dette, har du ein lang veg å gå…
  15. Eg er oppriktig skremd over at nokon kan meine at privat eigedomsrett bare skal gjelde i byen. Privat eigedomsrett er noko som har vorte opparbeidd frå gamal tid. Höyfjellskommisjonen gav ingen eigedomsrett til private, Höyfjellskommisjonen gav staten eigedomsretten til det ingen annan eigde, altså det heiter statsallmenning, samtidig med at bruksrettane i allmenningane vart formalisert. 'Fjellfolkets rike : folk og virke på Hardangervidda' er ei bok som kan anbefalast dersom du er interessert i å sette deg inn i historia til allmenningane på vidda. Ettersom du tydelegvis er totalt kunnskapslaus, kan det nevnast at fjellloven feirer 100 år i år, og i den forbindelse ligg det nokre overraskelsar rundt omkring i allmenningane: https://www.fjellstyregavene.no/ I staden for å irritere deg over kvar du ikkje får fiske, bør du vera takknemleg for dei plassane du får fiske.
  16. Dei ligg i alle fall på geonorge.no https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/n50-raster-utm33-fylkesvis/f89c916d-000c-4084-a2fb-d405dd65a7dc
  17. Fylkesvise (etter dei gamle fylkesgrensene) sid-filer er fortsatt nedlastbare. Med forbehald om at eg ikkje har studert alle desse fylkesvise filene, trur eg ikkje dei går 50km inn i Sverige. Basert på beskrivelsen av den nye appen, forstår eg det slik at appen sjølv laster ned filene, og kan laste ned nye, oppdaterte filer seinare. Det gjer vel ikkje geoviewer-appen. Dersom eg har forstått dette riktig, veit eg om enkelte som vil synest den nye appen er langt enklare å bruke.
  18. Eit av historias aller mest kjente lettvekts pyramidetelt stod på Sydpolen i minst 1 månad… Pyramidetelt tåler mykje vind, men kan vera utfordrande å forankre ettersom kreftene på pluggane peikar veldig bratt oppover.
  19. Eg kjenner godt til O-kart. Dersom eg skulle gå tur i skogsterreng, og hadde valget mellom ordentleg O-kart og vanleg topografisk kart, ville eg valgt O-kart, pga av at det er laga med tanke på framkomlegheit. Det er masse hinder som ikkje kjem fram på vanlege topografiske kart, hovudsakleg fordi det aldri har vore fokus på dette ved kartlegging. Ved konstruksjon av O-kart, er det dette som er fokuset. Men mapant.no er genererte kart, i tillegg til FKB-data. Det meste som ein finn på O-kart, og som gjer O-kart til O-kart, manglar på mapant.no. Av det eg foreløpig har sett, er det bare skrentar som mapant.no har fått med seg, og som ikkje er på andre kart i stor målestokk.
  20. Eg har stikk motsatt filosofi. Eg orienterer etter terrenget, og ser veldig sjelden på kartet medan eg går. I kjent terreng, ser eg så godt som aldri på kartet, eg har det i skallen. I dårleg sikt, hender det eg støtter med på kompasset, men det er sjeldan. I ukjent terreng, studerer eg kartet om kvelden, og tar det fram bare når eg har bruk for det, det kan vera ved spesielle passasjar eller i dårleg vær. For å lære kart, er eg einig med deg, men eg kan kart frå før. Det mest skuffande med mapant.no, er alle manglane. Når eg studerer kartet i nærområdet her, manglar det til og med enkelte bilvegar! Og dette er ikkje nye vegar som ikkje er kartlagt. Det er vegar som har vore der i mange tiår, og som er på N50, og som er riktig koda i FKB. Når kartet har så grove manglar, er det ikkje mykje tillitsvekkande med tanke på å bruke det på plassar eg ikkje er kjent. Det er også mykje genererte detaljar som ikkje eksisterer i terrenget. Dersom eg vil ha detaljerte kart, foretrekk eg meir sannferdige kart, slikt som ein finn på norgeskart.no. Eg likar heller ikkje fargevalget, men det er reint subjektivt. Eg vil ha kvit bakgrunn på åpne område. På mapant.no, det skogen som er kvit, det er sikkert greitt nok for den som er på tur i skogen, men det er ikkje der eg går tur.
  21. Det er betydeleg mindre snø ved Dyranut enn lenger aust. Vegvesenets kamera i Skuleviki gjev eit meir riktig inntrykk i forhold til forholda ved Krækkja. http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=962732
  22. Utskrift frå eigen edb-maskin. Då har eg full kontroll på fargevalg, eg likar ikkje den stygge gulfarga som kjøpekart har der det burde vera kvitt. Eg styrer sjølv kva karttema eg vil ha med. Vinterstid tar eg med usikker is og aktsomheitskart for snøskred. Og eg har kontroll på utsnitt i forhold til den aktuelle turen, og strategisk overlapp mellom dei ulike utskriftene. A3 bretta på midten passar fint i vatntett kartmappe med innsyn frå begge sider.
  23. Aust for Juvikfjorden-Gjuvsjåen er det gåvenlege snøforhold no, men sjølvsagt med ein del snøfenner. Saurflotti og vestover er det samanhengande skiføre, kun avbrote av åpne, flaumstore elver.
  24. Jo, trådstartar foreslo det allereie i åpningsinnlegget.
  25. Eg ville nok greid langt fleire dagar på cornflakes, sukker og mjølkepulver enn på kald real turmat. ??? Bare i denne tråden er det foreslege opptil fleire ulike, fullgode ord for det som på engelsk brukar to ord. Når det er sagt, ser eg ikkje kva som er problemet med å bløytlegge i kaldt vatn, då får ein også presisert at det skal brukast vatn, og ikkje mjølk eller øl. Forfattarane har nok ikkje lidd under mangel på ordforåd, for norsk er eit veldig ordrikt språk, men dei har nok heller valgt å skrive lettleste setningar som beskriv mest mogleg presist kva som skal gjerast. Dersom eg skulle planlegge kokeapparatfri tur, ville eg planlagt mat som ikkje er tenkt å varmast. Å bløytlegge mat i 3/4 døgn, i håp om at det same skal skje som ved 10minuts koking, høyrest ut som feil utgangspunkt. Denne bløytlegginga betyr jo også at ein må bera med seg masse vatn heile dagen, ei ekstravekt som er omlag vekta av kokeapparatet. Skogbrannsumaren 2018 vart det skrive mykje om kald turmat, særleg på svenske nettsider. Greier du å finne att noko av dette, har du, etter min smak, eit langt betre utgangspunkt for velsmakande måltid, enn om du går for amerikansk lettpakkingsmote.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.