Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    471
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Mi erfaring med parafin på tanken, er at 111 (bråkebrennar) kan brukast med største velbehag, medan 111T (stillebrennar) gjev ubehag og dårleg lukt. Men eg skal prøve Blåtind tennvæske på 111T dersom eg snublar over ei flaske. Eg har andre ubrukelege stillebrennarar som også kan bli prøvd dersom det fungerer på 111T
  2. Eg har ei slik lykt som reflektoren sitt nokre cm til sides, og det har aldri vore noko problem. Lysbildet er så breidt at det er umogleg å sjå at midten på lyskjegla er 3 cm til sides mange meter framom meg. Peikar lyskjegla feil veg, er det fordi lykta ikkje peiker rett framover, og då er det pga av heile lykta er plassert litt skeivt på hovudet, og det skjer med symetriske lykter også. Dersom ein skal bruke lykta til orienteringsløping, er det nok fornuftig å søke råd blant orienteringsløparar. Men når bruksområdet er 'ski og vanlige turer', er det stor sjanse for at ei lykt som er eigna til orienteringsløping, rett og slett kan vera feil lykt. Ikkje pga av orienteringsløparar har for store eller for små krav til utstyret, men fordi dei har heilt andre krav.
  3. Det aller fleste har moglegheit til å ha stilling mindre enn 100% dersom ein vel å prioritere fritid heller enn arbeid. Det er kun spørsmål om kva ein prioriterer her i livet. Når det er sagt, er eg glad eg har ein jobb som gjev meg meining og glede, i stadenfor å ha ein jobb kun for å få råd til å drive fritidsaktivitetar.
  4. Og akkurat den fordelen er så stor, at det gjer det verdt å konstruere telt på denne måten. Eg er i alle fall ikkje interessert i å tørke innerteltduken ustanseleg gjennom heile natta for å unngå av soveposen og anna utstyr vert våt av kondens i innerteltet. Skulle eg ha eit telt med kondensvått innertelt, måtte dette vera betydeleg større enn det teltet eg har no, for å halde alt utstyr vekk frå den våte teltduken. Eit slik telt ville vera betydeleg tyngre enn det teltet eg har no, der innerteltduken er tørr.
  5. For kvar timeløn som vert brukt på utstyr, vert det ein time mindre tid til å vera på tur.
  6. Det med 'arctic' og at brennaren skal vera laga for betre forvarming, er bare myte skapt på internett. Ettersom brennaren aldri har vore i vanleg salg, er han godt eigna for å lage myter. Det er bare ein variant av Cobra-brennaren, laga for å passe inn i eldre kasser med reguleringsrattet på venstre side, spesielt levert til det norske forsvaret for å erstatte utslitte brennarar. Slektskapet til Cobrabrennaren er nok også grunnen til at denne har vorte kalla D i enkelte kretsar. Altså neste bokstav etter C. Dette har så vore grobotn for myta om at brennaren er laga slik for å fungere med Diesel.
  7. Hilleberg har vore veldig konservative med tanke på endringar på teltmodellane sine. Keron har ikkje endra seg mykje sidan det vart lansert i 1980. Men nokre endringar har det vore. Nokre små endringar på mål og materialbruk har det vore, og dette lar det seg gjera å spore dersom ein studerer katalogane. Eit telt frå 2010 er heilt sikkert ikkje nøyaktig likt dagens telt, men det er dei små forskjellane som eventuelt finns, er neppe av betydning. Teltduken er den same, teltstengane er dei same. Desse vart endra frå ein litt tunnare duk og 9mm easton stenger ca 2004, det er nok siste signifikante endring på Keron. Eg trur Keron vart levert med andre pluggar, litt tyngre og kraftigare, i 2010 enn nå. Så er det sikkert nokre ubetydlege smådetaljar som ein må studere dei anktuelle telta for å finne. Eit 10 år gamalt telt har derimot ei historie. Det har vore brukt og det har vore lagra. UV-lys bryt ned duken, og eventuell fuktig oppbevaring er heller ikkje bra. Forskjellen mellom ulike 10år gamle telt med forskjellig historie, kan derfor vera større enn forskjellen mellom korleis eit nytt telt var for 10 år sidan og korleis eit nytt telt er i dag.
  8. Det er eit kjent faktum at korte personar er langt meir redd for å koma i kontakt med teltduken. Eg trur det er fordi dei har moglegheita til å unngå det. Sjølv er eg 190cm og ikkje så redd for teltduken. Jakke over soveposen har eg derimot veldig dårleg erfaring med, soveposen har aldri vore så våt som den morgonen. Sumarstid var Nammatj greitt nok for meg, med tanke på vekt og plassbehov dette teltet kunne spare meg for i forhold til eit større, tyngre og lenger telt. No brukar eg eit endå trongare telt der eg ligg mot ytterteltduken i begge endar. Men vintertid fungerte aldri Nammatj for meg. Når snøen bygde seg opp på den skrå teltenden, vart innerteltlengda kraftig redusert. No var det ikkje lenger spørsmål om redsel for å koma i kontakt med teltduken, men ubehaget av snøen som tyngde over føttene. Einaste måten eg kunna ligge i Nammatj vintertid, var med hovudet så langt inn i teltet som mogleg, og føttene ut i forteltet. Utan grop i forteltet, kunne eg sjølvsagt ha ligge med hovudet i den enden. Det skal ikkje så mykje vær til, før snøen gjer innerteltet 40-50 cm kortare, og då er det ikkje lenger ein fleksibel vegg som gjer etter der føttene pressar mot teltduken, men ein tung og hard vegg. I skogen fungerer det sikkert heilt greitt, det har eg aldri prøvd. Det er 20 år sidan mine erfaring med Nammatj, så det kan godt hende måla og formen er endra litt sidan då. Vekta som er oppgjeve no er i alle fall 300g tyngre enn teltet eg har erfaring med. Som solotelt, ville eg nok ikkje valgt Keron GT, sjølv om stort forttelt sjølvsagt er kjekt. Eg har rett og slett ikkje bruk for så mykje plass. Sjølv om vekt og volum ikkje betyr så mykje i pulken, betyr det litt. Og unyttig vekt og volum kan eg heller bruke til å ha med meg andre ting, til dømes meir mat så eg kan vera på tur lenger. Men det er korleis eg vurderer det. Det finnst ingen fasit når det gjeld telt, alt er kompromiss mellom vekt, pakka volum, innvendig plass mm. Det er så mange ulike telt på marknaden fordi folk er ulike og tar ulike valg, heldigvis.
  9. Her er ein tråd frå denne tida i fjor. Ettersom mitt svar i den tråden gjeld fortsatt, gjentar eg meg ikkje no.
  10. Enklaste, eller kanskje einaste, måten å få ut ein hard pakning, er å bruke varme. Og eit tanklokk utan sikkerheitsventil, er det heller ingen fare å bruke varme på. Nokre sekund over flamma på ein annan primus, så er det bare å grave ut.
  11. Det er 2 måtar å snu seg når ein ligg i sovepose. Å snu seg med soveposen, eller å snu seg i soveposen. Eg foretrekk å rulle med soveposen, men soveposen må sjølvsagt følge med heile tida. Ellers endar ein opp med åpningen i nakken. Sumartid kunne eg nok takla ein sovepose å snu seg i. Men i den kalde årstda, når ein snurpar att åpningen, er eg heilt avhengig av at soveposen følger snuinga mi.
  12. Det er tydelegvis ingen fasit. Dersom eg ligg på høgre sida, vil eg ha glidelåsen på venstre sida, og omvendt. Glidelåsen er ikkje så god å ligge på. Men sjølv ligg eg litt slik og litt slik, så kvar eg har glidelåsen, betyr lite for min del.
  13. o-ringen vipper du bare ut. Men du får ikkje lærpakninga til å passe i holdaren for o-ringen. Anten må du vera oppfinnsam og nevenyttig for å få passa det til, eller så skaffar du deg ny pumpestang med lærpakning.
  14. Ja, dei skal pass om kvarandre.
  15. Då må dei ha laga fleire versjonar av denne. Min veg 3kg og ytterduken er ufora. Eg greier ikkje å overnatte i fjellduken, det vert altfor klamt. Men eit uttagbart for som kan brukast som hyttesovepose, ville vera ein nyttig løysing, ikkje minst på reinsjakt for min del. Helsport sitt forsøk, både min versjon og esphojo sin versjon, er for tung for denne bruken. Jerven har løysinga, men til ein veldig høg pris. Dei ulike variantane med og utan for, ulike fasongar og glidelåsløysingar, har sine ulike bruksområde. Det er derfor umogleg å seie kva som er den ideelle duken om ein skal ha bare ein. Det er heilt avhengig av korleis ein har tenkt å bruke han.
  16. Dersom du spør om noko er uvanleg, kan det nevnast at dette er ein tidleg versjon av brennaren. Seinare, og mykje meir vanleg versjon, har hol gjennom det røyret som ikkje er del av brenselflyten. Med dette holet, kan ein tømme raudspriten rett på toppen av brennaren, og det renn rett ned i forvarmingsskåla.
  17. Helsport sin flex var kjempetung pga av foret var mykje tjukkare enn i dei andre fora dukane. Denne kunna vore ein vinnar dersom Helsport hadde vore meir edruelege med fortjukkelsen. Jerven har også ein duk med avtagbart for, Exclusive. Denne er derimot så dyr inkludert for, at ein likegodt kan kjøpe ein fora du og ein ufora duk.
  18. https://atlas.nve.no/ Kryss av for 'Vannkraft'
  19. Økonomisk kart. https://www.norgeskart.no/#!/?zoom=15.258404535300158&lon=179035.89&lat=6697060.66&project=norgeskart&layers=1012
  20. Stearinlyset sløkker ikkje av CO. Stearinlyset sløkker av mangel på O2. Du dør derimot av CO. Så stearinlys er absolutt ingen beskyttelse mot CO. Stearinlys er derimot ein reell produsent av CO, så faren vert bare større.
  21. Eigne erfaringar, basert på lukt av avgassar. Og det er utan kjele på brennaren. Eg har til gode å finne stillebrennar som eg vil ha for fyring i teltet. Med kjele på brennaren, er det ikkje oksygentilgangen som er begrensinga, men nedkjøling av flammene. Og då er uansett god lufting i teltet heilt naudsynt.
  22. All mi erfaring med ulike brennarar, er at bråkebrennarar brenn reinare enn stillebrennarar. Derfor brukar eg bare bråkebrennar inne i teltet. Ettersom stillebrennar er veldig følsom for vind, brukar eg bare bråkebrennar utandørs, sjølv med god vindskjerming.
  23. Vekt på dei utan slange, vert ofte samanlikna med vekt på slangebrennarar utan tank. Då ser dei tung ut. Men når ein samanliknar med komplette brennarar, kjem dei ofte ut omlag likt med brennarar med tank. Der er eg heilt einig. Å fylle bensin på ein varm brennar er direkte farleg. Men du hadde gløymt å nevne tankstorleik som kriterie i åpningsinnlegget. For min del er det derimot heilt uaktuelt å bruke bensin på slangebrennar inne i teltet, men det er mitt sikkerheitsvalg. Kva er forresten gale med Apex, utanom tilgjengelegheit. Det er truleg den einaste brennaren som tilfredstiller samtlige av krava dine?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.