Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Skal bare... svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Det var jerv i Nordfjella sone 1, i alle fall så lenge det var rein der. Det hindra ikkje det som skjedde. Kongeørn har ogrå vore ein betydleg predator i dette fjellområdet. Ein annan predator som har vore i dette fjellområde i 10000 år, altså omlag så lenge det har vore rein der, er mennesket. Det er heller ikkje riktig at det ikkje er attlevande rein i Nordfjella, det er fortsatt rein sør for fv 50. -
Rutetips i Hallingskarvet nasjonalpark
Skal bare... svarte på Ferdafus sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Strandavatnet er stort og regulert, så isen legg seg seint og er til tider usikker. Eg ville ikkje gå på isen på nyåret. Seinare på vinteren går det normalt greitt.- 6 svar
-
- 1
-
Whisperlite kan plasserast i Trangia, men reguleringa er langt frå god.
-
Hilleberg niak, exped mira 2 hl, msr hubba nx 2
Skal bare... svarte på AH81 sitt emne i Telt og lavvo
Sjølv om Hilleberg lagar solide telt også, må du hugse at Niak er som andre lettvektstelt, og altså ikkje kan samanliknast med dei meir solide telta frå same produsent. -
Eg er 190cm lang, men har ingen erfaring med Unna. Eg har derimot erfaring med Soulo. Soulo er supertrangt, både i lengde og i breidde. Det er ikkje teltet du vil ha, dersom du vil ha god plass. Det er derimot eit telt som taklar mykje vind frå alle kantar, og som ikkje treng store plassen for å setjast opp, det kan altså brukast der romslegare telt ikkje får plass.
-
Eg brukar også seler på enkelte bukser. Men skorsteinseffekten merkar eg lite til, ettersom hoftebeltet på sekken effektivt blokkerer all vertikal lufttransport.
-
For Klypestjørne er det sjølvbetjeningskasse ved vegen, Ved den store steinen 640 meter rett sør for tjørne, der stigen på Brea går. Skarvanstøltjørne er det verre med.
-
Hvor mye gass trenger jeg på en (drøy) ukestur?
Skal bare... svarte på kbruaz sitt emne i Primus og kokesystem
Å vurdere sitt eige forbruk basert på kva andre brukar, er i beste fall bare ein peikepinn. Dersom ein er usikker på om du greier deg med ein boks, ville eg tatt med meg meir. Mine eigne erfaringar, altså mitt forbruk pr overnatting på langtur, ligg på 20-40 g. Men eg lagar mat på kokeapparatet (skulle eg basere meg på real turmat, ville eg aldri reist på tur!) 230g kan altså vera nok for ei veke (7 dagar = 6 overnattingar), men ikkje for 8-9 dagar. Eg ville uansett ha med meg meir på ein vekestur for å vera sikker. Å måtte spare på varmmaten for at brennstoffet skal halde resten av turen, er ikkje noko eg gidd risikere. Å ta med reservebrennar som brukar anna brennstoff, som det er foreslege i tråden, er etter mitt syn, ein dårleg ide. Då må du i så fall ha med dobbelt opp med brennstoff. -
Skaff deg ein god gamel Optimus 00 eller Primus 210. Betre parafinbrennar for ryggsekkbruk får du ikkje. Same reintbrennande brennar som 111. Men regulering med trykk, noko i alle fall eg har veldig god erfaring med. Ubetydleg tyngre enn 'moderne' brennarar. Hugs at vekta er inkludert tank, og tank må ein ha til dei 'moderne' også.
-
Då ville du ende opp med ein mellomting mellom Hilleberg Keron 3 og Keron 2 (som forøvrig forsvann for nokre år sidan). Altså tilsvarande det beste som er på marknaden i dag.
-
WMS er raster, så det går ikkje, heilt uavhengig av kva program som vert brukt. QGIS er ikkje å skyte spurv med kanon. QGIS har både finkaliber og kanon tilgjengeleg, så det er godt eigna til det meste innan GIS og kart, også heilt enkle ting. Når det gjeld openrouteservice, er det ein service som ruter i sitt eige kart, ikkje i det du har på skjermen. Du bruker bare kartet ditt til å velge koordinater som vert sendt til openroutservice. Skal du snappe til linjer, treng du vektorkart å snappe til, slik som dine eigne gps-filer. N50 (altså 1:50000-karta) er nedlastbare, https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/n50-kartdata/ea192681-d039-42ec-b1bc-f3ce04c189ac Der finn du alle stigar og vegar som er på 1:50000-karta. Andre datakilder du kan sjå på, er turrutebasen, https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/turrutebasen/d1422d17-6d95-4ef1-96ab-8af31744dd63 Og openstreetmap, som du kan laste ned direkte inne i QGIS.
-
Historia bak biletet er vel at dei var på Svalbard for å trene for tur til Sørpolen. Så teltet står riktig veg, men biletet er oppned.
-
Keb Endurance 4, nevnes ikke med Keron 4GT og Spitsbergen X-trem 4
Skal bare... svarte på jevne sitt emne i Telt og lavvo
Mi erfaring med myggnettingen til Hilleberg, er snøen bles rett gjennom. Myggnetting er, for meg, noko eg bare brukar i insektsesongen.- 27 svar
-
- 1
-
Basert på eigne erfaringar, og eg har vokse opp med å gå i stenur, er joggesko det beste. Men den som ikkje er vane med å gå med joggesko i steinur, kan ting fungere veldig ulikt. Med stive støvlar med god støtte, må eg gå oppå toppen av steinane. Då er eg også avhengig av stiv såle, ellers vert fotblada veldig såre. Ulempa med å gå slik, er at det er lett å trø slik at steinen veltar, då kjem ein lett i klem eller trår over. Dersom dette er det einaste ein har erfaring, forstår eg godt at ein trur joggesko er farleg. Med joggesko trør eg mykje meir med flat fot mot skråsidene av steinen. Her er det veldig stødig å trø, så lenge det ikkje er sleipt. Men ein er heilt avhengig av full beveglegheit i ankelen, ellers vert det slitsomt i leggen. Og relativ mjuk såle, gjer at ein alltid har god kontakt med underlaget. Når eg går slik, er det langt sjeldnare at steinen tippar, og om han tippar, står eg fortsatt oppå han. Og er trør aldri over når eg går slik. Når eg trør på sideflatene av steinen, går eg også mykje meir effektivt, fordi eg kan sette ned foten mest mogleg likt høgt for kvart steg, eg er ikkje avhengig av å trø på like høge steinar. Eg brukar derfor mindre energi og kan halde høgare fart. Fordelen med steinur, er at det dersom været er tørt, er underlaget tørt, så ein treng ikkje vanntette sko for å halde seg tørr, i motsetning til dersom ein går i myr. Eg brukar mykje fjellstøvlar, men til dagsturar i steinur, vel eg joggesko.
- 84 svar
-
- 3
-
Dei har fått oppdraget i stadnamnlova §7 https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1990-05-18-11
- 68 svar
-
- 1
-
Noen som har vært rundt Dyranut i det siste?
Skal bare... svarte på varmtvann sitt emne i Fjellvandring
Det har vore mykje vind, så vegen er åpen, stengt, kolonne om kvarandre. Men om vegen er åpen eller ikkje når du reiser til fjells til helga, er det ingen som veit før du passerer bommen.- 6 svar
-
- 1
-
Risikovurderinger i forhold til å fyre 2 primuser i telt
Skal bare... svarte på bjørnulv sitt emne i Primus og kokesystem
Det er heilt sikkert nokon som vil kverulere på om det vert ein eksplosjon eller bare ein kraftig brann. Når bensindampen med passe konsentrasjon når bort til den andre brennaren, vil den ta fyr. Kor kraftig denne brannen vert, er blant anna avhengig av avstanden mellom desse brennarane. Med stor avstand, vil det ta lenger tid, men det er meir bensindamp so mtar fyr når det skjer. Med liten avstand, går det raskt, men det er ikkje så mykje som tar fyr. https://www.nrk.no/innlandet/primus-var-arsak-til-leirskolebrannen-1.12269755 viser kva konsekvens bensindamp i nærleiken av ein primus kan gjera.- 7 svar
-
- 1
-
Dine krav til turmakker vinterstid?
Skal bare... svarte på KS10 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg vel turselskap utfrå kven eg vil vera på tur saman med, noko anna ville vera heilt utenkeleg. Så vel me tur etter evne.- 6 svar
-
- 4
-
Eg har aldri hatt membranstøvler der membranen har vore tett ein heil sesong. Alfa Walk King freistar ikkje, for dei passar heller dårleg på føttene mine. Det er enorm forskjell på tørking av polstra lærstøvlar med og uten membran, ettersom all fuktigheit utanfor membranen i ein membranstøvel må tørkast ut gjennom læret. Eg er ikkje i stand til å tørke ein støvel med membran i løpet av ei natt innandørs. Så i elgjakta brukar eg 2 eller 3 par som går på omgang. Då eg hadde polstra støvlar utan membran, hadde eg alltid tørre støvlar om morgonen etter ei natt innandørs. På telttur kunne eg gå membranfrie støvlar tørre i løpet av ein dag med tørt vær, det skjer aldri med membranstøvlar. Lærstøvel utan polstring tørkar sjølvsagt langt raskare enn støvlar med posltring, og er mogleg å tørke i teltet.
-
Båtliv og fjell - Valg av brenner for 2
Skal bare... svarte på Ravis sitt emne i Primus og kokesystem
https://shop.trangia.se/sv/tillbehor/trangia-triangel.html- 19 svar
-
- 1
-
Eg kan bare svare for meg sjølv. Men membranen brukar å bli øydelagt i løpet av relativ kort tid, og då er dei fleste membran-støvler veldig utette. Og membran-lærstøvler, også med lekk membran, er frykteleg seine å tørke. Så på overnattingstur foretrekk eg heilt klart lærstøvler utan membran, men det er diverre mange år sidan eg har sett det i butikk.
- 14 svar
-
- 1
-
Med brennar som fungerer godt med aktuelt brennstoff, finn eg ingen lukt verken med alkylatbensin eller parafin. Men ved ufullstendig forbrenning, anten mot kjølande kjele eller med brennar som ikkje taklar brennstoffet godt, opplever eg ofte lukt. Og då har eg opplevd den nevnte eksoslukta av alkylatbensin. Med parafin på tanken, opplever eg lukt som minner om lukta av parafin. Det er vel denne parafinlukta mange opplever med moderne multifuel brennarar som ikkje fungerer særleg godt med parafin. Eg har ingen erfaring med andre bensin-kvalitetar enn alkylatbensin (4-takt miljøbensin). Korleis totaktsolje vil lukte, orkar eg ikkje tanken på.
- 47 svar
-
- 1
-
Optimus Polaris, silent cap og CO
Skal bare... svarte på masturbatomaximus sitt emne i Primus og kokesystem
Spør du han, får du akkurat same svar om bruk av brennaren med orginalflammespreiaren som varmekilde. Å bruke brennar i telt er generelt fy-fy. Men me gjer det likevel fordi det har nokre fordelar, slik som varmekilde og at det er plassen det er enklast å skjerme brennaren frå vinden. Sjølv brukar eg ikkje brennar med slange i telt, pga faren for lekasje med påfølgane brannfare. Men dette er kvar eg er villig til å legge risikoen. Kvar enkelt må gjera sine eigne bevisste valg på kva ein tør å risikere, og korleis ein forheld seg til farene. Når det gjeld CO-målar eller -alarm, må du vera oppmerksam på at mange av desse har oppgjeve temperaturinterval som er langt frå typiske vintertemperaturar. -
Takk. Miljøbensin har eg erfaring med at gjev ein veldig karakteristisk eksoslukt ved bruk av varmevekslarkjele, og annan kald kjele, og er grunn god nok for at eg ikkje brukar kombinasjonen inne i teltet. Dette hadde eg observert før eg las om CO og varmevekslarkjele for fyrste gong for mange år sidan, og vart derfor ikkje overraska då temaet kom opp. Forholdet mellom dei ulike mellomprodukta i forbrenninga er sjølvsagt avhenig av brennar og kjelekombinasjon. Ved snøsmelting sikrar eg alltid at eg pustar inn frisk uteluft,
- 47 svar
-
- 1
-
Eg håpar at du ikkje utsett deg for alt for mange tester av dette slaget. Ulike brensel skapar ulike luktar, derfor er det også interesant å vite kva slags brensel du brukte i forsøket.