Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Det er nok det enklaste, og då får du ei stang som passar teltet. Dette er også kva eg sjølv har gjort. Ingen aning, har aldri sett forkortingane.
-
Kun med tanke på at korken før eller seinare vil lekke. pga av gammal pakning, for laust skrudd på eller rusk mellom pakning og flaske. T-helletuten har ein ekstra lekkasjemoglegheit i forhold til ein vanleg tett kork. Ei liggande flaske med trykk pga høg temperatur, vil kunne bli tømt ved ein lekkasje i korken. Står flaska, skjer ingenting.
- 20 svar
-
- 2
-
Eg brukar også Trangia sine flasker, og har aldri hatt problem med oppbevaring av verken raudsprit eller bensin i bilen. Men eg har flaskene ståande, slik at det eventuelt bare er luft som siv ut av flaska ved for høgt trykk pga høg temperatur. Det er potensiell høg oppbevaringstemperatur i bilen som er grunnen til at eg ikkje brukar gass til bil-kokeapparat.
-
AR50 er allereie nevnt. Natur i Norge landskapstyper viser også kva som er snaufjell https://nin.artsdatabanken.no/Natur_i_Norge/Landskap/Landskapsgradient/Vegetasjon?kartlag
- 13 svar
-
- 4
-
Optimus 111, lure løsninger for vektreduksjon?
Skal bare... svarte på Øystein_ sitt emne i Primus og kokesystem
Det opplagte alternativet er modellar som Primus 210/Optimus 00/ Radius 21/Svea 121. Ved å bytte ut den medfølgande blikkboksen med ein passeleg plastboks (2l isboks), er vekta omlag som Optimus Nova. Dette er i alle fall mine favorittar dersom eg skal ha parafinbrennar i sekken. Ikkje ver redd for manglande reguleringsratt. Dei gamle parafinbrennarane vert regulert med trykk, og det gjev betre regulering enn reguleringsratt på brennare. Må på ingen måte forvekslast med regulering på pumpa slik det er på manga 'moderne' slangebrennarar. -
Eg har ingen erfaring med srørefrie, men eg har erfaring med Fischer. Og dei erfaringane gjer at eg aldri skal kjøpe Fischer att. Stålkantar knekk, det gjeld andre produsentar òg. Men Fischer går ikkje god for produkta sine, og seier bare at dei er brukt hardare enn det dei er laga for. Sjølv om Fischer marknadsfører skia for ekspedisjonsbruk, og dei bare er brukt i løyper og snilt terreng med lett dagstursekk. Men dette vert sjølvsagt påstand mot påstand. Og sjølv om forbrukerkjøpsloven seier at slike klager er ei sak mellom forbruker og selger, ber selger gjerne om råd frå produsent, og då seier Fischer at dette er resultat av feil bruk. Stålkantar som held så lenge som 3 sesongar med normalt bruk, skulle eg derimot vera godt fornøgd med. 1 til 2 sesongar er meir vanleg etter mi erfaring, og det gjeld både Fischer, Åsnes og Madshus,
-
Problem med låge sko i laus snø, løyser du med gamasjar. Det er akkurat like slitsamt å gå med fjellski som med andre ski. Med feller er det mykje meir slitsamt. Lær deg å smørje skia, det tar bare nokre minutt og er spart inn att i løpet av kort tid, i tillegg til at alt vert meir morosamt og mindre slitsamt.
- 14 svar
-
- 3
-
Dersom ikkje kjelen var veldig vid, gjekk det nok masse varme utanfor.
-
Nok til samtlige plugghemper og bardunar. Dersom du brukar ski og stavar, teller desse også sjølvsagt.
-
Same brennerklokke og spreieplate som Svea 123R. Lydnivået er så lågt at du brenn av deg håret dersom du skal vera nær nok til å få hørselskade. Brennaren er så mykje enklare (enklare forvarming og oppfyring med 1 kontra 2 fyrstikker) å bruke orginalt enn med stillebrennartopp, at eg ser ingen grunn til å bruke det siste. Brennaren vert også mykje meir følsom for vind med stillebrennartopp. Alderen finn du truleg påstempla på innsida av kartongen.
- 21 svar
-
- 2
-
Eg brukar alltid snøpluggar på samtlige bardunar og pluggfester. Ski kan sjølvsagt brukast, dersom ein likevel ikkje har tenkt å bruke desse medan teltet står oppe. Pass bare på at eventuell stålkant ikkje kuttar bardunen. Stavar fungerer langt frå alltid, enten er dei vanskeleg å få ned i snøen, eller så er dei vanskeleg å få opp att utan å øydelegge dei. Bardunar som går same veg, kan vera naturleg å feste i same plugg, men dersom snøen er laus og vinden utfordrande, er det god hjelp å fordele belastninga på kvar sin snøplugg. Vanlege pluggar gidd eg ikkje ta med meg på vintertur, sjølv om desse kan fungere enkelte gonger.
-
Dovrefjell vi helsport som sovepose/overtrekk
Skal bare... svarte på Krister Haugen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Eg veit om fleire som ikkje har problem med å overnatte i fjellduk, men det fungerer ikkje for meg. Eg har hatt ei kort natt i Helsport xtrem-duken, bare for å ha prøvd det. Temperaturen var 1-2 grader, og kondensproblemet var så reelt at eg vil meg ikkje sjølv så vondt ein gong til. Som pausepose fungerer han derimot fortreffeleg, og er i bruk fleire gonger ukentleg gjennom heile den kalde årstida.- 5 svar
-
- 1
-
Bardunane er der for å brukast...
-
F34 er å rekne som parafin. https://no.wikipedia.org/wiki/F-34 Men Volvo felt går ikkje på dette, for den hadde da vitterleg bensinmotor (B16).
-
At denne skal brenne diesel, er ei myte skapt av internett. D-benevnelsen er også skapt på internett, og ikkje noko offisielt. Det er mange myter om denne brennaren. Dette er bare ein variant av C-brennaren (Cobra) der reguleringsrattet er plassert på høgre side som dei gamle 111, i motsetning til C-brennaren som har reguleringsrattet på venstre side. Optimus laga denne varianten for det norske forsvaret som delebrennar for å passe inn i eksisterande kokeapparat der reguleringsrattet var på høgre side. Det norske forsvaret (og andre NATO-land) har ingen interesse av å brenne diesel på kokeapparat. Forsvaret brukar heller ikkje diesel på dielselbilane, dei brukar parafin.
-
Ein uøvd soldat har ikkje vansklegare for å misshandle ein 'moderne' primus enn ein Optimus 111 (eller kva som helst anna utstyr). Så lenge ein behandlar ein 111 som om ein eig brennaren sjølv, slik ein også behandlar kva som helst 'moderne' brennar, er ikkje 111 verken meir komplisert å bruke eller å vedlikehalde enn ein 'moderne' brennar. Mange av dei klassiske brennarane er til og med enklare både å bruke og å vedlikehalde enn dei fleste 'moderne' brennarane.
- 37 svar
-
- 1
-
Lengde på (fjell)ski når man er passe lang og litt tung
Skal bare... svarte på awesomevicc sitt emne i Vinterutstyr
Crown er Fischer sine smørefrie ski. Altså ikkje noko eg ville anbefale. Smøring av ski er så enkelt, og gjev langt betre ski i dei aller fleste tilfelle.- 22 svar
-
- 2
-
Eg har ikkje oversikt over årstal. Men det skjedde noko når produkjsonen vart flutt ut av Sverige. Dei det står 'Made in Sweden' på reguleringshendelen vert rekna som bra. Tida du kjøpte din var nok på det verste. Så skal det ha betra seg att, utan at eg kan gå god for at faktis stemmer. At mange av dei gamle er betre enn dagens modellar, er eg heilt enig i. Men hugs at dette gjeld dei aller beste modellane frå 100 års produksjon. I løpet av dei same 100 åra vart det også laga utallige modellar som ikkje er så gode. Men at desse gode modellane er meir krevande i vedlikehald og bruk, er bare tull.
- 37 svar
-
- 1
-
Kvaliteten på Nova har endra seg mykje gjennom åra, og har tidvis hatt veldig frynsete rykte. Ein Nova frå dei verste åra kan ikkje samanliknast med ein Nova frå dei beste åra. Eg hadde aldri problem, verken med koplinga eller drift, med min Nova 2000-modell, tross mykje bruk i temperaturar ned mot 30 kalde.
- 37 svar
-
- 1
-
Lengde på (fjell)ski når man er passe lang og litt tung
Skal bare... svarte på awesomevicc sitt emne i Vinterutstyr
Veit du om nokon merke som har betre stålkantar enn Åsnes? Dei stålkantskia eg har hatt frå Madshus har vore betre enn dei verste frå Åsnes, men dårlegare enn dei beste frå Åsnes Fischer er totalt uanktuelt pga elendig kundeservice, kombinert med elendige stålkantar. -
Lengde på (fjell)ski når man er passe lang og litt tung
Skal bare... svarte på awesomevicc sitt emne i Vinterutstyr
Det er riktig at stålkanten er langt meir robust i møte med stein og liknande. Men erfaringa mi er likevel at det er stålkanten som går i oppløysing og ramlar av, som gjer levetida til stålkantski langt kortare enn levetida til ski utan stålkant. -
Bruk kva du vil, men når du ber om forslag til kva du skal smørje læret med, nevner eg kva eg har brukt utan problem i ei årrekke. Eg nevnte forbeholdet om at eg ikkje har brukt det i MSR-pumper, fordi det var relevant for spørsmålet ditt. Erfaringane mine er frå pumper med lærpakning, ellers hadde eg ikkje svara i denne tråden. Akkurat kor låg temperatur eg har erfaring frå, er eg derimot usikker på, men rundt -30 har det i alle fall fungert uproblematisk. Eg har aldri brukt primus i så låg temperatur at det ikkje har fungert. Når du nevnte smørefett i åpningsinnlegget, er eg bittelitt overraska over at du brått reknar motorolje som for tyktflytende. Bruk gjerne tynnare olje, men dess tynnare olje du brukar, dess oftare må du olje læret. Så er det jo bare å prøve seg fram og gjera eigne erfaringar. Nytt sjansen til litt prøving ute på gårdsplassen når det likevel er sprengkulde. Problemet med motor og kulde, er kombinasjonan av at olja vert seigare, altså motoren er tyngre å dreie rundt, samtidig med at batteriet gjev mindre kraft til startmotoren. I pumpa har du ingen av dei problema, det handlar bare om at læret skal tette mot pumpehuset. Så den same olja vil nok fungere godt i pumpa i langt lågare temperatur enn kva den same olja fungere i ein kald motor.
- 37 svar
-
- 1
-
Eg har alltid brukt vanleg motorolje. Mineralsk eller syntetisk alt etter som kva eg har ståande. Eg har riktignok aldri hatt MSR-brennar, men det har fungert godt på brennarar frå Optimus, Primus, Radius, Phöebus og Høvik Verk.
-
Trangia gassbrenner - funket overraskende bra i -10°C og vind
Skal bare... svarte på Espen A sitt emne i Primus og kokesystem
I den samanhengen er det faktis ein fordel med vind som varmar boksen.- 5 svar
-
- 1
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Skal bare... svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Det er delvis riktig at det er politisk bestemt at det ikkje skal vera ynlande jerv i Nordfjella, og det har år om anna vore teke ut opptil fleire hi i området. At det er bestemt at det ikkje skal vera ynglande jerv i eit området, er ikkje einsbetydande med at det ikkje er jerv i same området, men det gjer at det er færre enn det ellers ville vore. Nordfjella er avgrensa av vassdraget langs Bergensbana i sør og rv 52 i nord-aust. Fv 50 kryssar området og gjer at villreinområdet i stor grad er delt i to, som forvaltningsmessig vert kalla 'sone 1' nord for fv 50, og 'sone 2' sør for fv 50. Rein i sone 1 vart tatt ut vinteren 2017-2018. I sone 2 er det fortsatt rein, dette kan SNO bekrefte, dersom du spør dei. https://www.villrein.no/nordfjella-2- 44 svar
-
- 1