Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    471
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Basert på teksten i artikelen, ser det ut til at dei har hatt god tid til å redde utstyr, inkludert heile teltet, dersom dei ikkje hadde vore redde for at bensintanken skulle eklodere. Brenseltanken vil ikkje ekspldere med det fyrste, og med uendeleg tilgang på snø, er det også overkomleg å sløkke ein slik brann når ein fyrst har kome seg ut og fått oversikt over situasjonen. Sjølv om ein vaknar midt på natta og føler veldig behov for å fyre, bør ein fyrst sikre seg at ein er ordentleg vaken før ein byrjar å fikle med kokeapparatet. Med orden i teltet, og ingen lettantelnege ting (som sovepose, myggnettingen i teltåpninga ol) nær kokeapparatet, skal ein kunne takle konsekvensane av ein lekkasje av kokeapparatbrensel; ellers kan ein ikkje bruke slikt inni teltet.
  2. Eg har hatt både Helsport og Jerven, og opplever ingen kvalitetsforskjell. Det er litt ulike dimensjonar og løysingar. Fjellduk X-Trem har glidelåsar så ein både kan brette han på langs (til å ligge i) og på tvers (til å sitje i), men det gjer også at det er mange glidelåsar å halde styr på. Jerven har (sist eg sjekka) ikkje nokon slik løysing. Eg trur det er Fjellduk Trek XT https://www.helsport.com/no/telt-og-tarp/tarp-og-shelters/fjellduk-trek-xt/?item=826-838-V eg brukar no. Den er bare til å brette på tvers, og har litt tunnare isolasjon og er følgeleg litt lettare, og passar mitt behov betre.
  3. Bra. Det er forebygging denne tråden bør handle om. Det er mange som framhevar fordelen av å kunne bruke bensin frå primustanken til forvarming som ein fordel. Når ein rotar med brennaren i ørska, er dette absolutt ei potensiell kilde til kritisk feil. Dersom ein ikkje fekk stengt ventilen heilt, noko som kan skje anten pga eit rusk i spindelen eller bare pga liten årvåkenheit, vil det koma mykje bensin innan forvarminga er slutt. Når dette skjer inni teltet, også forteltet, kan stygge ting skje. Ulempa med å ha med ei lita flaske raudsprit til forvarming, er betydeleg overdrive av mange. Eg brukar raudsprit til forvarming også av bensinbrennarar, og synest det både er enklast og mest reinsleg. Ein nedsota brennar er ikkje bare ein ekstra vaskejobb når ein kjem heim. Det kan også gjera noko med korleis ein hånderer brennaren, og i verste fall vera forskjellen på om instinkta hindrer ein frå å ta tak i han og hive heile brannen ut av teltet.
  4. Ein brennar med optimal dyse for bensin, vil aldri fungere godt med parafin pga av for mykje parafin i forhold til luft. Men ein brennar med optimal dyse for parafin, brenn veldig fint med bensin. Så den fyrste setningen din gjev ingen meining for meg.
  5. Eg veit ikkje kva som var så vanskleg å forstå. Vil bare minne om at det er brennarar der ute som vert solgt som parafin/bensin-brennar, og som i følge produsenten skal gjera dette med same dyse. Kva som er optimalt og ikkje, er ein heilt annan sak.
  6. Dersom brennaren ikkje får nok luft for parafin, er det ikkje ein brennar som fungerer på parafin! Det er den enkle forutsetninga for påstanden min. Dersom brennaren brukar same dyse for bensin, får dette meir luft enn naudsynt.
  7. Med same brenner og same dyse, vil ein få større effekt med parafin enn med bensin. fordi parafin har lengre karbonkjeder som altså har meir energi pr molekyl enn bensin. Og med same dyse og same trykk, får ein dytta ut omlag same antall molekyl pr tidsening. Med større dyse for bensin, kan ein faktis få større effekt med bensin enn med parafin, ettersom ein då kan trykke ut fleire molekyl i den større dysa. Kva som vert mest effekt, er då modellavhengig, altså korleis forholdet mellom parafindysa og bensindysa er for den enkelte modell. Men dette er heilt OT
  8. Men effekt er avhengig av den enkelte brennarmodell, ikkje av kva brennstoff som vert nytta. Når eg les om, og eventuelt deltar i diskusjonar om slike ulykker, er det ikkje for å dømme nokon, det har eg ingen interesse av; men for å tenke gjennom eigne vurderingar og rutiner. Både for å unngå (eller i alle fall redusere faren for) liknande ulykker, og redusere konsekvensen av eventuelle ulykker. For eigen del er det mange år sidan eg slutta å bruke slangebrennar inne i telt, og det er heilt uaktuelt å bruke brennar med bensin og pumpe i nærleiken av mine telt. Brennaren kjem heller aldri inn i innerteltet, men har sin faste plass lågt nedi gropa i forteltet, langt frå noko som helst brennbart. Når nokon vurdere lettfordampa bensinsøl som ein fordel, vurderer eg det som ei stor ulempe, og grunnen til at eg ikkje brukar bensin i brennarkonstruksjonar med stor fare for lekkasje (slangebrennarar og brennarar med pumpe med einvegsventilen nedi brenselet).
  9. Så mykje at det er seriøst problematisk å ta seg fram til fots mange stader.
  10. Eigentleg eit litt rart spørsmål. Det er jo ingen stor forskjell på ny og gamal aluminium. Fordelen med Trangia, er at dei har halde seg til same dimensjonar i alle år, og leverer enkeltdeler. Så det er enkelt å erstatte gamle delar med nytt ved behov. Sjølv har eg bytta ut den eine kjelen med ein ny kjel med belegg. Slik at eg har ein rein aluminiumkjel til koking og slikt ein ikkje treng nonstick-belegg, og ein annan kjele til slik matlaging der belegget gjer ein positiv forskjell. Eg har aldri sett andre kjelesett som gjev meg den moglegheita.
  11. Eg har fleire 18650 batteri og andre batteri med same kjemi, og har aldri opplevd merkbar sjølvutlading på batteri som vert lagra fråkopla. Det er derimot ein kjent sak at mykje elektronikk, også lykter, kan bruke litt straum sjølv når det er avslått. Eg er ganske sikker på at det er lykta di som er problemet, og det løysast enkelt med å ta ut batteriet mellom turane.
  12. Folket anbefaler litt forskjellig, utfrå eigne erfaringar og preferansar. Mitt råd er å velge dei støvlane som passar best på føttene dine, og så velge binding som passar støvlane.
  13. Ein annan grunn til å ikkje bruke skistavar som teltstang, og grunnen til eg ikkje brukar ski og stavar som pluggar, er dersom ein vil bruke desse medan teltet er oppslått.
  14. Eg kan ikkje svare for kva norske teltprodusentar tenker, for eg er ikkje teltprodusent Eg har eit lettvekststelt med ei stang, riktignok 6-kanta i formen. Eg sparar ingen tid på oppsett i forhold til å sette opp eit tunelltelt. I alle fall ikkje på pulktur, der tunellteltet ligg klart med stengene halvt itredd. Spissteltet tar lang tid å sette opp i forhold, Når det gjeld pluggar, er mi erfaring at det trengst mange, og dei må ha godt tak i bakken. Oppstramminga av teltet er avhengig av pluggane, og kreftene på pluggane går vedig oppover. På mitt telt legg eg alltid steinar over kvar hjørneplugg, altså 6 stk, ellers vert desse dratt opp av seg sjølv, og det er på fast, snaufjellsbakke, ikkje snø. I tillegg er det absolutt naudsynt med 6 pluggar, 1 på kvar langside,for å halde teltet stramt. Det trengst også minst 6 bardunar for at teltet skal ha nokon som helst motstand mot vind, desse hjelp også til å halde duken litt opp frå soveposen. Med desse 18 pluggane står teltet riktignok godt, og tåler mykje vind. Eg har ingen andre telt som er avhengig av like mange pluggar for å stå brukbart. Eit tunelltelt står like godt og stødig med bare 6-10 pluggar. Med låg høgde ut mot kantane, vaknar eg alltid til kondensvåt sovepose både i fotenden og i hovudenden, men dette er sumartelt, så ikkje bomull. Å bruke skistav som teltstang, har nokre utfordringar. Sjølv brukar eg skistavar på 160cm, teltet mitt treng lenger stang. Skulle teltet bruke så kort stang, ville teltduken vera endå meir flat mot endene, og ligge endå meir mot soveposen. Ettersom ikkje alle brukar like lange stavar, vil det også måtte lagast teltmodellar for ulike stavlengder, det er ikkje veldig prakstisk å lage logistikk for. Eg veit riktignok at lettvektspakkarane brukar tunge teleskopstenger, men det er uaktuelt for meg, av fleire ulike årsakar. Med mine erfaringar, fortsett eg å bruke tunelltelt vintertid, fordi det passar meg best.
  15. Eg kan ikkje hjelpe med damesekkar, men kan kommentere det med framoverbøygd hovud. Det er gjeld min store Osprey-sekk også. Det er ikkje noko eg tenker over når eg går til fots. Men på ski fungerer ikkje den sekken for meg, pga av at hovudet stangar borti sekken. Så det er rett og slett ingen vintersekk for min del. Det er vel Bergans Trollhetta eg har som vintersekk, kjøpt inn bare fordi Osprey-sekken ikkje fungerer. Passar ikkje sekken, er det bare å leite vidare.
  16. Det er andre myndigheiter som har lagt restriksjonar på bruken av Snøheim, fordi DNT ikkje tok slike hensyn frivillig. Det same gjaldt vel her.
  17. Eg er heilt einig i at modellar som Primus 210/Radius 21/Optimus 00 er suverene når det gjeld enkelheit både i bruk og vedlikehald (med eit atterhald om at det er veldig krøkkete å demontere/montere dysa). Etter mitt syn, er desse modellane dei beste allround-kokeapparat som nokon sinne er laga. Det er ikkje tilfeldig at dette er ein modell som har vore produsert i nærmare 100 år (Optimus 00 forsvann rundt år 2000, men det er ikkje lenge sidan eg kjøpte ein tilsvarande modell frå Manaslu) Det einaste eg reagerte litt på, var at det såg ut som du påstod at brennaren hadde vore i bruk i 85 år utan driftsproblem. Mi erfaring med gamle, godt brukte brennarar, er at dei treng litt rens før dei fungerer optimalt. Men ikkje stort meir enn det virkar som moderne, fabrikknye brennarar treng (basert på utallige trådar på dette forumet) Felles for samtlige modellar, er at det er viktig å kjenne og forstå sin eigen brennar for å sikre seg uproblematisk bruk. Til tross for problem som bruksanvisninga har hoppa bukk over, har likevel trådstartar funne ut av det og fått viktig lærdom om brennaren sin. Og han har vore flink å beskrive det her til glede for andre med tilsvarande problem.
  18. Ikkje-teleskopstavar er det einaste eg kan anbefale som bombesikkert. I tillegg til å vera lettare.
  19. Når det gjeld forvarming av Soto Muka, er ikkje marknadsføringa heilt korrekt. Sjølvsagt må Soto Muka forvarmast, men forvarminga foregår ikkje på same måte som din Radius 21. Om Soto Muka sin interne forvarming fører til meir eller mindre problem med soting, har eg ingen formeining om. Slik eg har forstått det, er Soto Muka ganske komplisert bygd, så vedlikehald er ikkje på langt nær så enkelt som dei fleste andre brennarane. Med unntak av stillebrennarar, ser eg heller ingen grunn til at dårleg forvarming skal føre til driftsproblem pga sot. Sot som resultat av dårleg forvarming vil bare bli danna utanfor dysa, så dette vil aldri tette dysa. Dersom din Radius 21 frå 1937 har vore brukt brukt jevnleg gjennom alle åra, har eg veldig vanskeleg for å tru påstanden om at han aldri har hatt behov for demontering av dysa. Eg har ein viss mistanke om at du ikkje har vore einaste eigar av denne brennaren, og at du ikkje har full oversikt over bruken og vedlikehaldet av brennaren. Dersom det kjem _eitt_ lite rusk inn i den brennaren, er det einaste måten å bli kvitt dette rusket, å demontere dysa. Å bruke rensenåla frå utsida, er bare ein midlertidig fiks.
  20. Det belegget er sot frå tidlegare. Eg fekk ikkje sett videoen, men dersom det viser ei gul flamme, er nok sotet derifrå. Så lenge du lar brennaren sote, vil du også ha slikt belegg som flassar av.
  21. Min bruk av kokeapparat startar så godt som alltid med noko som skal kokast opp, altså full guffe i starten. Så justerer eg ned effekten for småputring etterpå. Eit kokeapparat som ikkje greier dette, er lite eigna for mitt bruk.
  22. Det kan godt hende at gassbrennar er det riktige for enkelte. Men dersom ein skal ut i den kalde årstida, og vera avhengig av kokeapparatet for å smelte snø og til matlaging, er ikkje gassbrennar det riktige. Då må ein bare bruke tida det tar å gjera seg kjent med, og å forstå parafin- eller bensinbrennaren sin. Når det gjeld oppskraping av pumpa, er det ikkje bare problem med lause plastpartiklar ein må unngå (for det vil gje problem før eller seinare, sjølv om filter fangar opp det meste). Slik oppskraping vil jo rett og slett slite hol på pumpa på sikt, Så her er det nok bare å øve på korleis ein kan gjera det utan å skrape opp pumpa. Eg har minimal erfaring med MSR-brennarar, men nok til å forstå at det ikkje er veldig enkelt å få ut pumpa på ein skånsam måte.
  23. Eg har hatt utallige netter i 3 ulike Hilleberg-telt, riktignok ikkje Unna. I ulik vind frå heilt vindstille til å måtte bruke øyreproppar fordi duken blafrar og slår så ein kan vera redd for å få hørselskade. Men eg har aldri tenkt over at glidelåsdragarane klirrar. Når det gjeld farge, er alle mine telt grønne (den gamle Hilleberg-grønfarga). Men med dagens Hilleberg-farger, ville eg nok valgt sand. Raud er heilt uaktuelt for min del, eg likar ikkje å rope 'HER ER EG!'. Eg synest ikkje raud (og andre skrikande farger) er fint på telt, heller ikkje på bilete.
  24. Eg brukar aldri vanlige pluggar i snø. Dersom ein skal bruke 30sek pr plugg, meir enn doblar ein tida for teltoppsett bare med tida ein må stå (og fryse) på pluggane. Det gjer i alle fall ikkje eg. Med tanke på ulempa ved å måtte ut i løpet av natta for å stramme opp teltet, vert samtlige bardunar og pluggfeste nytta med ordentlege snøpluggar fyrst som sist. Eg teltar riktig nok aldri i skog. Å bruke nedgravde ski og stavar, fungerer godt i laussnø, men er meir upraktisk i fast snaufjellsnø.
  25. Eg vurderer ikkje noko som ligg ute til høgare pris enn det eg er villig til å betale. Eg kjøper heller nytt, enn å byrje å prute på alt for høg pris på brukt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.