Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Det skjedde noko frykteleg galt i forvaltningen av sårbar natur med 'fjellteksten' i 2003. Tidlegare var nasjonalparkar meint som vern av sårbar natur, så vart det endra til at målet er å få meir trafikk i nasjonalparkane. Dette lir blant anna villreinen av i dag.
-
Primus omnifuel 1.gen - rens og gjennomgang
Skal bare... svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
I følge https://primusequipment.com/sv-se/pages/primus-history kom Himalaya Multifuel i 1996. Multifuel hadde ikkje regulering på brennaren slik som Omnifuel har, bare på koblinga til pumpa. I same tidsrom, var det ein brennar som heitte Himalaya Varifuel, som ikkje var for gass, men ellers lik Multifuel. -
Primus omnifuel 1.gen - rens og gjennomgang
Skal bare... svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Omnifuel var ny på marknaden i 2002. -
Eg har aldri brukt ekstra botnduk, og har aldri savna det. Det kan godt hende det aukar komforten i enkelte tilfeller, men det aukar også vekta i sekken. For meg som sett opp teltet om kvelden og pakkar det ned att om morgonen og har det i sekken heile dagen, prioiterar eg vekta i sekken på akkurat dette punktet. Eg tvilar også på at det kan redusere kondens i nokon grad i teltet mitt. Når ytterteltet er fylt opp med sekkar, klede og støvlar, er det fint lite att som ein botnduk dekker, som ikkje allereie er dekt.
- 22 svar
-
- 1
-
Det er nok ikkje ein eigen basestasjon ved Rembesdalsvatnet, i så fall hadde du hatt god dekning. Den basestasjonen som kan sende eit og anna signal opp i området, er nok i bruk av mange nedved fjorden ein plass, kanskje eit heilt cruisskip fylt med mobiltelefonar.
- 6 svar
-
- 1
-
3D printet Norsk titanplugg - superultralett og meget bra hold🤗
Skal bare... svarte på Memento mori sitt emne i Telt og lavvo
Nokre pluggar tålar riktignok banking betre enn andre; mine pluggar vil krølle seg med banking, så det er uaktuelt. Då Hilleberg leverte desse, var rådet garantert ikkje det same som er sitert over. Uansett har teltpluggane mine halde lenge utan å bli øydelagt, så bruken min kan ikkje vera veldig feil. Å spare 50% vekt på dei lettaste tinga gjev ikkje like mykje vektsparing som å spare 50% på dei tyngste tinga. Og det er totalvekta i kg som er interessant når sekken er på ryggen, ikkje kor mange prosent ein sparte på teltpluggane. Dei aller fleste av oss må vurdere pengane, og då er det greit å sjå på kva det kostar å spare kvart gram og kg, og bruke pangane der ein får mest att for det. Desse pluggane kjem langt ned på lista for sparte gram per krone. Å gå ned i vekt, vil for enkelte av oss føre til at me får mindre krefter til å bera sekken med. -
3D printet Norsk titanplugg - superultralett og meget bra hold🤗
Skal bare... svarte på Memento mori sitt emne i Telt og lavvo
Kvar si lyst, men her vel eg glatt lett og billig. Eg treng ikkje sterkare enn sterkt nok. Eg meiner oppriktig at titan ikkje er det beste metallet til teltpluggar. Men her skal det også nevnast at det er fleire tiår sidan sist eg banka ned ein teltplugg. Dersom underlaget der eg teltar (på snaufjellet), er for hardt til å skuve ned pluggen, så er det fordi det er stein, og då hjelper det ikkje å banke. Dersom ein er i skogen og skal banke teltpluggen gjennom røtter, kan det sjølvsagt vera andre hensyn å ta. Men då ville eg hatt ein glatt plugg som lar seg dra opp att, så ein får med seg pluggane vidare. Dersom teltpluggen ikkje får godt nok feste, er det alltid fordi underlaget er for laust, og då vil eg ha stor overflate pr vekt, ikkje styrke pr vekt. Og der er aluminium langt betre enn titan som er eit ganske tungt metall. Teltpluggane (v-form frå Hilleberg) eg brukar veg 9,5g pr plugg og er nesten like fine (og akkurat like funksjonelle) som for 150-200 teltoppsetingar sidan. Det finnst vanvittig mange biligare måtar å spare nokre få gram. -
2000mod Hilleberg Niak - Black Labe.
Skal bare... svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
Nei. Eg har alltid foretrekt tunnel-telt, så eg kjøpte Nammatj. Skulle eg kjøpt telt i dag, hadde eg kjøpt Kaitum. -
2000mod Hilleberg Niak - Black Labe.
Skal bare... svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
Etter å leite litt i arkivet mitt, fann eg prisliste frå 2000. For Niak og Nammatj 2 var prisen ~5000 (svenske kr), Staika ~6000, og Unna ~4000. Kva eit telt er verdt på bruktmarknaden er ei sak mellom selgar og eventuell kjøpar. Selgar har satt sin verdi. Dersom det finnst ein kjøpar som meiner verdien er høgare, vert dei nok enige om ein pris.- 22 svar
-
- 2
-
2000mod Hilleberg Niak - Black Labe.
Skal bare... svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
Eg ser ikkje kva som gjer at dette teltet ikkje er på linje med "moderne Hilleberg-telt". Men ein ting er sikkert, og det er at det er eit heilt anna telt enn Unna. Dette teltet er eit solid 2-mannstelt med fortelt og Kerlon 1800-teltduk. Medan Unna er eit lettvekts 1-mannstelt utan fortelt. Sjå det heller som eit lettare alternativ til Staika.- 22 svar
-
- 1
-
2000mod Hilleberg Niak - Black Labe.
Skal bare... svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
https://web.archive.org/web/20041214044334/http://www.hilleberg.se/niak.pdf -
Eg har ein stor Osprey-sekk som går akkurat når eg går. Det fungerer ikkje så godt med sydvest. Når eg går på ski, er sekken totalt ubrukeleg. Osprey har gjort eit nummer av at dei har laga eit søkk i den sekken for å ha plass til hovudet.
- 7 svar
-
- 2
-
Med tilgang til fisk (sjølv utan garanti for det) ville eg uansett valgt eit brennar som eignar seg til steiking. Sjølv om det fører til at litt meir vekt. Eg veit ikkje kor mykje eit fiskegarn veg, men eg kan ikkje tenke meg at det er lettare enn ein god, toppmontert gassbrennar. Då eg dreiv med reinsjakt, var Svea 123 fast følgesvenn. Ikkje aller lettaste brennar, men god moglegheit til å ta med akkurat passe mengde drivstoff.
- 27 svar
-
- 3
-
Du er redd for vekta pga av du har 'noen kilo fisk' i sekken, men treng kokeapparat for å varme vatn til Real Turmat? Forstå det den som kan. Til denne typen turar, fungerer absolutt alle kokeapparat. Sjølv ville eg valgt ein gassbrennar som er justerbar og som har breid nok flamme til å vera godt eigna for steiking. For å halde vekta nede, kan denne gassbrennaren gjerne vera toppmontert. Det er uansett liten vekt, og denne vekta sparar du ved å ha med deg ein pose Real Turmat mindre til fjells, og ein fisk mindre heimatt.
- 27 svar
-
- 3
-
Reagerer på bålforbod: Meiner DSB driv med skremselspropaganda
Skal bare... svarte på zimwalker sitt emne i Samfunnsdebatt
Fra juli i år: https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/lyngbrann-i-sor-varanger-_-nodetater-jobber-med-a-slukke-brannen-1.16480625 -
Beklagar, men du får null sympati frå meg! Det er slike holdningar som du viser, som gjer meg til tilhengar av forbud og det du kallar formynderi. Dersom primusbrenning er så viktig for livskvaliteten din, får du reise til ein del av landet der det ikkje er restriksjonar for slikt. Det er truleg bare ein kort biltur, eller togtur, unna.
- 81 svar
-
- 8
-
kr 200 for å køyre. Normalt åpent frå 1.juli https://www.eidfjord.kommune.no/tenester/avfall-veg-vatn-og-avlaup/veg/tinnholvegen/
-
Det manglar faktis DAB òg…
-
Teltmessig reknar eg 2 sesongar, snødekt mark og barmark. Når ein les seg meir opp på utanlandsk utstyr, finn ein ut at mange av dei opererer med 4 sesongar med barmark.
- 152 svar
-
- 2
-
Eg driv ikkje lettpakking, og har nok tyngre telt enn deg. Men eg kunne tatt med meg nesten 2 telt på vekta eg sparar på å ikkje bæra vatn.
- 152 svar
-
- 1
-
Eg kan telle på ei hånd kor mange eg kjenner og som eg veit at eig pulk. Så kjenner eg sikkert fleire som eig pulk, utan at eg veit om det. Uansett, Paris-pulk og liknande, billige plastikpulkar har sjølvsagt senka terskelen for å kjøpe seg pulk. Då eg kjøpte pulken min, var det bare Fjellpulken eg kjente til som laga transport-pulk. Og før den tida, bruke eg ein gamal, lett modifisert barnepulk, og hadde inntrykk av at det var ganske vanleg.
-
Eg er einig med at ein kan sjå bort frå 4-sesongstelt, men av ein heilt annan grunn. Teltbehovet vinterstid og sumarstid er ganske ulike, så same modell fungerer dårleg til begge deler. Vinterstid treng eg meir innvendig plass fordi mykje av utstyret er meir volumiøst, og meir av leiraktivitetane skjer inne i teltet, og vekt er mindre viktig når teltet ligg i pulken. Sumarstid treng eg låg vekt og nedpakka volum, fordi teltet skal bærast på ryggen. Mange av oss driv med vintertelting også i mars, april og mai.
- 152 svar
-
- 4
-
Du har nok langt fleire forskjellinge grupper… Det er klart at mange turar ikkje sett store krav til teltet, og mange er aldri på tur når vêrmeldinga antydar dårleg vêr. Men det er ei veldig mager trøyst å vite at teltet held dei fleste turane, når ein er våt og kald og bare ventar på at dagslyset skal koma att så ein kan pakke saman fillene og gå vidare for å prøve å finne ei hytte til neste natt. Du har heilt rett i at temperaturen ikkje har så mykje å seie for teltvalget, i alle fall ikkje låg temperatur. Eg forstår ikkje heilt dei som meiner ein treng tett innertelt i låg temperatur, sjølv droppar eg gjerne innerteltet utanfor myggsesongen. I høg temperatur er god lufting viktig, så der har nok teltvalget av større betydning. Sjølv er eg svak for klassiske tunneltelt. Dei er raske og enkle å setje opp, også i sterk vind, og har suveren lufting. Det er fleire nordiske (både norske og svenske) produsentar av tunneltelt i verdsklasse.
- 152 svar
-
- 2
-
Eg treng det i alle fall. Eg har riktignok teltet eg treng, så eg skal greie meg om samtlige teltprodusentar brått sluttar å produsere meir. Eg er ferdig med amerikanske lettvektstelt, og det gjekk veldig raskt i aller fyrste vindkast. Eg har rett og slett ikkje råd til å prøve og feile med fleire telt av den typen. No er det jo heldigvis slik at kvar enkelt kan kjøpe akkurat kva ein vil. Dersom behovet ditt vert løyst med eit amerikansk telt, kan du kjøpe og bruke nettop det. Dersom alle hadde laga bare slike telt du har bruk for, ville det gjort marknaden langt fattigare for oss som har andre behov, utan at det hadde hjelpt deg. Du ville bare fått valget mellom kva logo som var på teltet, ikkje mellom ulike modellar. Eg måtte søke opp teltmodellen som du meinte var det hottaste på marknaden. Dersom eg forstod teksten riktig, hadde dei i alle fall fått litt inspirasjon frå nordiske telt, med ikkje sette opp innerteltet fyrst.
- 152 svar
-
- 3
-
Skogen har eg ikkje greie på. På fjellet er april den finaste tida dersom ein skal langt. Skal ein bare kose seg, er mai og juni finare. Men dette er med snø og ski. Utan ski, vert ein veldig begrensa. Avhengig av vêret, kan det vera lange periodar med barfrost om hausten. Då kan ein gå kvar som helst utan insektplage.