Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    471
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Ein kubbebitsholder, altså kort bitsholder + bits som passar skruvane på skibindingane. (PZ3 dersom eg hugsar riktig) Relevante deler og verktøy til kokeapparatet. Ekstra stangledd (med hylse) til teltstengene. Smeltelim (slik til å bruke i limpistol), kokeapparatet er varmekilda dersom dette skal brukast. Nål og tråd. Tollekniv, sportstape oa er med uansett men kan sjølvsagt brukast til reparasjonar ved behov.
  2. Det er ikkje bare reklame. Det er også eit solid forsøk på å sanke epost-adresser. Så dei som går på limpinnen, kan vente seg meir spam pr epost i tida framover.
  3. Så bra at du fekk fiksa brennaren. Og med den ekstra erfaringa du har fått gjennom prosessen, er du betre rusta til å halde brennaren i stand for mange mange år framover. Stillebrennarar er, som det er demonstrert her, svært følsomme. Og det er ein av grunnane til at eg sjølv ikkje likar dei noko særleg.
  4. I så fall går han seg til etter litt brenning.
  5. Han brenn over brennaren og ikkje inni, i alle fall. Du får pumpe litt meir trykk og sjå. Så lenge han ikkje byrjar å brenne inni brennaren att, er det bare å brenne på og sjå om han går seg til. Men eg er redd du må bytte brennerskala.
  6. Det var ikkje bra. Start med ein veldig grundig rens. Dersom det ikkje hjelper, er det bare å skaffe nye blenderskall, både indre og ytre.
  7. Eg ville gått for eit romleg 3-mannstelt som er robust nok for vinterbruk + eit lite og lett 2-mannstelt. Det gjev mykje meir fleksibilitet. 3-mannsteltet er stort nok for heile familien i dag. Så kjøper du 2-mannsteltet når ungane veks til og treng meir plass. 3-mannsteltet er ideelt for 2 om vinteren, og 2-mannsteltet kan brukast på åleineturar eller ein forelder og eit barn, dersom det er aktuelt. Ein kan finne mange gode 2-mannstelt for prisforskjellen mellom Keron3-GT og Keron4-GT.
  8. 111C har rattet på andre sida. Så du har 111T. Høyrest og ser ut som underburn. Når det skjer, må du stoppe han tvert, for eller kan brenerskala bli for varm og slå seg. Då er det bare å bytte dei. Det kan vera ulike grunnar for underburn, men rusk i dyra eller ureiningar mellom brennerskala kan vera årsaken. Eller at det er at forvarmingsflamme når ein tenner han. Rensk brennerskala omhyggeleg og prøv att. Zalo og sitronsyre funkar. I verste fall har du allereie øydelagt brennerskala medan du filma, då må du skaffe nye,
  9. Ein medisinboks frå ca 1990.
  10. Sveakjelen min brukar eg som kjøleribber på ein radio. Som kjele er han for liten for meg. Dersom du treng lokk til sveakjelen, passar lokket til kaffikjelen i Trangia 27-settet. Sjølv brukar eg 'Primus litech trek kettle'. Med 1l, er han passe stor til matlaging for meg når eg er åleine, og sveaen, i ein beskyttande plastboks, passar nedi han for transport.
  11. Det er fritt fram å lage dette sjølv, og selge til kva pris ein sjølv bestemmer. Høgdedata er nedslastbar på https://hoydedata.no/LaserInnsyn/ Då kan ein lage meir detaljerte høgdekoter enn 20m også. Brattheitskart lagar ein av høgdedataene. DNT-ruter med meir lastar ein ned frå https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/d1422d17-6d95-4ef1-96ab-8af31744dd63 Hyttene ligg allereie i N50. Aktsomheitskart for snøras https://kartkatalog.geonorge.no/metadata/e9542260-6315-4770-b085-86e95179f735 Eg har laga kart for Garmin gps, og dei har ikkje vore vakre, men dei har fungert. Mi erfaring er at det er lettare å lage pdf av tekst.
  12. Ettersom du har ei løysing som fungerer for deg, brukar du den. For min del er det heilt uaktuelt å kjøpe ny telefon bare for å kunne bruke han som gps, ettersom Garmin gpsen min fungerer like godt på 13. året.
  13. Det er under slike forhold eg har veldig vanskeleg for å forstå at nokon vil bruke gass. Brennaren er laga for flytande brennstoff, ein forvarmar likevel, og med flytande brennstoff kan ein pumpe fullt trykk og derfor ha full effekt, der gassboksen bare køyrer på tomgang. Jaja, kvar si lyst.
  14. Det er her papiret kjem inn. Med større overflate, vert det meir gass på same tid, slik at trykket held seg betre.
  15. Det er fleire trykkfeilar i artikkelen til Valle. Kokepunkta du refererer til er ved 1 atmosfærser trykk, og over ein rein fraksjon, altså ingen blanding i væskefasen. Når det er bare 20% propan i blandingen, er det bare 0,2 atmosfæres trykk av propan ved dei same -42°C. I ein full gassboksen er det meste av både butan, isobutan og propan i væskeform. Og så er det litt gass over dette. Denne gassen er også ei blanding av butan, isobutan og propan, men der andelen propan er noko høgare enn i væskefasen. Trykket i boksen er likevektstrykket for gassblandingen, altså det trykket som gjev eit kokepunkt som er det same som temperaturen i boksen, verken meir eller mindre. Så lenge temperaturen er så høg at dette trykket er større enn lufttrykket utanfor, vil gassen strøyme ut av brennaren når ein åpnar krana. Men når temperaturen er under kokepunktet til denne blandinga, får du ikkje overtrykk i boksen, sjølv om temperatureren er langt over -42°C og boksen er ny og ubrukt. Med boksen ståande, brenn ein av denne gassblandinga som har noko høgare andel av propan enn i væskefasen, slik at blandinga vil få mindre propanandel etter kvart. Med boksen oppned, brenn ein av væskefasen som har den andelen av propan som produsenten har fyllt på boksen, og blandinga vil vera den same heilt til boksen er så godt som tom. Primus er direkte diffus om gassblandingane sine. Eg har ikkje funne at pålitleg kilde for at det skal vera same gassblanding, eller at det skal vera ulik gassblanding. Sikkerheitsbladet er det same for både 'power gas', 'winter gas' og 'summer gas', og oppgjev -15ºC som kokepunkt for alle tre, sjølv om reklamen deira seier at 'winter gas' skal fungere ned til -22ºC og 'summer gas' bare ned til +15ºC. Den beste indikasjonen på at det ikkje er same gassblandinga, er Valle sin graf for oppnedbrenning som i følge artikkelteksten er ved -12ºC, ikkje -17ºC som det står under grafen, og gjev i snitt 44% høgare effekt med 'winter gas' enn med 'power gas'. Den einaste grunnen til denne differansen, er ulikt trykk, og det einaste som gjev ulikt trykk, er ulik gassblanding. Sjølv om det bare er 3 ulike gassar som er blanda, er det uendeleg mange måtar å blande desse 3 gassane.
  16. Det er nok riktig tolkning.
  17. Du ser ganske tydeleg at papiret bare er rundt kanten nederst, det fungerer jo som veike også, så det må vera nedi væskefasen heilt til boksen er tom. Men det er på toppen med lappane som er delvis nedbøygd, det store arealet er.
  18. Sekken som ligg i forteltet, tar jo også opp litt innerteltplass i den enden, ettersom forteltet er så lite at sekken pressar både ytterteltduken ut og innerteltduken inn. Så det er klart trongre i den enden. Men det er kanskje vissheita om at sekken tar litt plass, som har gjort at eg ikkje har tenkt over at teltet er smalare i den enden også. Foretrukne liggeretning er heilt klart å ha hovudet i åpningsende, men det er mest av praktiske hensyn ved å ha enklare tilgang til det som ligg i forteltet. Men dersom den eine enden ligg høgare enn den andre, er det å ha hovudet i den høgaste enden, uansett det viktigaste for meg. Og teltåpningen har eg alltid i le, det er langt viktigare for meg, enn å ha hovudenden i same enden som åpningen. For å dra innlegget i retning teltmodellen som trådstartar spør om, vil eg nok anbefale å la praktiske hensyn avgjera, heller enn å finrekne på uvesentlege forskjellar på aerodynamikken. Dersom det er så kraftig vind at aerodynamikken skulle vera avgjerande, er det når ein åpnar glidelåsen at teltet ryk.
  19. Fine bilete. Men kva har du hatt i spriten for å få så gul og synleg flamme?
  20. Du får tru kva du vil. Så lenge boksen er forsegla, er det likevektstrykk, heilt uavhengig av papiret. Og det er forvsinnande lite fordamping som skal til for å behalde trykket ettersom væskefasen vert brukt. Og den delen av papiret som er laga for å få stort avdampingsareal, er nede i væskefasen når boksen står opp ned.
  21. Eg er godt kjent med utdanninga hans, eg gjekk i same klasse på NTNU. Eg hoppa riktignok av før doktorgraden Forklaringa stemmer når boksen står oppreist. Men dersom dette er einaste forklaringa, skulle ein også forvente raskare nedkjøling av boksen, slik at effekten vil avta meir over tid. Men med boksen oppned, skjer ikkje fordampinga i boksen, og i alle fall ikkje frå trekkpapiret som er godt neddukka i væskefasen. Så lenge gassblandinga er den same, er likevektstrykket også det same, uavhengig av overlateareal.
  22. Eg har nok ingen planer om å halde meg innanfor heimfylket. Eg bur alt for nære fylkesgrensa til å begrense meg på den måten. Men dei aller fleste turane mine, både dagsturar og lengre turar, tar utgangspunkt i heimkommunen eller nabokommuner, i fjor var det samtlige, og eg har ingen bestemte planer som skal endre det. Men derifrå kan eg vera innom både eit og to andre fylker og fleire kommuner før eg er attende til utgangspuntket.
  23. Eg har aldri tenkt over at Soulo har ulik breidde i endane, og eg har alltid plassert hovudet mitt i øverste enden og åpningen i le, utan tanke på kva veg figuren i Hillerg sine figurar ligg. Allak som tomannstelt, satt opp med begge åpningane i le, er eit av svært få tomannstelt, der begge personane har kvar sin likeverdige inngang i vind. Dei fleste andre toinngangstelt har alltid ein inngang i mot vinden. Og tomannstelt med inngang på langsida, er det godt med kvar sin inngang. Med inngangen på kortsida, har begge same tilgang til inngangen i le. Ettersom me har så ulike tankar om kva som er smartast, skal me vera glade for at det er så mange ulike modellar…
  24. Eg misstenker at gassblandingen ikkje er den same. Eg kan i alle fall ikkje forstå korleis litt trekkpapir inni boksen betyr noko for trykket når fordampingen skjer i brennaren. Skal eg ha med ekstra brennar for sikkerheits skuld, er det ei forutsetning at begge brennarane brukar same brennstoff, eller må eg ha med dobbelt opp med brennstoff også. Eg synest uansett det er kjekt å ha bare eit brennstoff å forhalde seg til, reint logistikkmessig. Då veit eg kva eg har. Det som er til overs når maten er ferdig, kan sløsast bort til fyring. Forvarming er så enkelt at eg ikkje tenker på det som nokon ulempe. Og sikkerheitsmessig, likar eg å bruke brennstoff som ikkje er eksplosjonsfarleg i tilfelle lekkasje i løpet av natta. Gass og bensin utgår derfor som vinterbrennstoff for min del. Men det er mitt valg, og utanfor trådstartar sitt spørsmål. Når trådstartar spør for å spara vekt, er det toppmontert brennar som må vera valget. Ved bruk av boksen oppned, må ein ha slangebrennar og då er det ikkje mykje vekt å spara med gass.
  25. Får redusert effekt uansett kor kaldt det er. Effekten er avhengig av trykk, og trykket er avhengig av temperatur. Det er jo nettopp det som er så kjekt med pumpeprimus, for då kan ein ha fullt trykk og full effekt uansett temperatur. Og termodynamikkens lover gjeld for alle gassboksar, så ved bruk av gassboksen ståande, vil temperaturen i boksen synke ved bruk, noko som gjer at trykket og derfor effekten også vert redusert ved bruk. Eg har faktis ingen forståing for at nokon ynskjer å bruke gass i kulda, men dersom det er einaste brennar ein har, og ein ikkje er avhengig av smelting av snø, men bare raske oppkok, kan det nok fungere. Ved bruk av boksen oppned, unngår ein nedkjøling av boksen, og ein unngår utarming av propan-andelen. Men då har ikkje papiret inni gassboksen nokon funksjon lenger, så ein kan likesågodt bruke dei andre boksane, som etter kva eg har forstått, har same gassblanding.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.