Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    471
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Tviler på at det er så mykje å spare. Dei innertelta eg har sett som har valgmoglegheita, er myggnett-varianten alltid tyngst.
  2. Eg prøver som nevnt å unngå det. Men må eg så må eg. Det er det aller fyrste som kjem på utsida¹. Då ruller eg underlaget slik att undersida kjem ut, og slik at den endefliken peikar nedover. Det er forskjell på overflata til ulike underlag. Overflata til Bamse trekker vatn, og er eit underlag eg ikkje vil ha pakka utanpå sekken. Underlag med glatt overflata går betre. Når eg har slått leir brukar eg å ta fram soveposen så denne får lufta seg og får att spennsten, men dersom underlaget er meir eller mindre vått, ventar eg i det lengste. I vind, særleg sidevind, er det også ein fordel med minst mogleg vindfang på sekken, så det er også ein grunn til å få underlaget ned i sekken. Er det finvær, er det jo bare kjekt å ha underlaget tilgjengeleg til pausebruk undervegs. ¹Dersom eg må ha endå meir enn bare underlaget på utsida, er teltet neste, men då reknar eg at eg har for liten sekk. Men det kan likevel vera aktuelt fyrste dagen, eller dagana på ein lenger tur, til matvolumet er deusert så alt går nedi sekken.
  3. Eg har halde meg unna trekkspillliggeunderlag fordi dei ser ut til å ha stort volum, og derfor kun eignar seg til å pakke utanpå sekken. Bamse er hardt, så det brukar eg bare vinterstid. Sumarstid brukar eg eit tunnare liggeunderlag som eg rullar saman, puttar nedi tom sekk, og pressar ut mot kantane slik at det vert rom inni rullen. Så pakkar eg alt anna nedi dette rommet. Dette var noko eg byrja med ein gong eg brukte ein vanntett sekk utan ramme eller annan for for avstiving i ryggen, og var altså noko eg gjorde for å stive opp ryggen. Men eg har fortsatt å pakke på denne måten fordi det gjer at eg kan pakke liggeunderlaget tørt. Vert det for liten plass i sekken på denne måten, endar liggeunderlaget utanpå. Det eg lurar mest på når eg følger denne tråden, er kva slags sekk på 40-50l som er behagleg på ryggen, eller eventuelt kor småvokste dei er, dei som brukar sekk på 40-50l... Dersom det finnst gode sekkar for slike som meg, kunne det vera ein kandidat til dagstursekk.
  4. Kulde frå bakken er eit tema når bakken er tela eller det er snø. Tina mark er ikkje kald, og isolerer dessutan godt også. Så sumarstid kan ein altids greie seg utan underlag, men det kan vera hardt og ukomfortabelt eller heilt greitt avhengig av vegetasjonen. Vintertid ville eg aldri stolt på bare oppblåsbart underlag.
  5. Eg prioriterer ein stor sekk som er god på ryggen heller enn ein for liten sekk som ikkje er god på ryggen, og slik at ein atpåtil må stappe lårlommene så full at heller ikkje buksa er god å ha på… Som bonus har eg plass til å få med meg buksa i sekken, dersom det vert så varmt at ho må av. Det siste kan sjølvsagt unngås ved å bare reise på tur når det er meldt kaldare vær. Men det er heller ikkje kleda som fyller sekken, det er dei store tinga som telt, sovepose, liggeunderlag og dei ukomprimerbare og uformelege tinga som kokekar¹ og kokeapparat som tar mykje plass. Om eg tar med meg ein eller to kjelar, som likevel passar perfekt oppi kvarandre, betyr ingen ting for volumet i sekken, Men dersom eg ikkje får fyllt småting oppi desse kjelane, er det 1l unødvendig tomrom der. Å finne dei rette variantane av enkelte ting, slik at dei er mest mogleg pakkbare innikvarandre, kan altså spare mykje volum. ¹Ja, eg veit, kokekar er diverre formelege dersom ein er litt hardhendt. Dersom ein brukar komprimeringpakkposar, vert det også tomrom mellom desse. Slike tomrom må ein også prøve å få fyllt på ein fornuftig måte.
  6. For det fyrste ser eg ingen grunn til å ha som mål å pakke i ein 45l sekk. I alle fall for min del, er det ingen 45l sekk som er like god å ha på ryggen som ein 90-110l sekk. Får eg plass til det eg treng i sekken, er problemet løyst. Eit mindre telt vil sjølvsagt ta mindre plass i sekken, men det vil også vera meir trangbodd. Eg pakkar alltid teltstengene for seg, anten tredd ned i hjørne på sekken, eller i lomme utanpå sekken. Då kan teltet stappast mykje meir effektivt enn dersom teltstenge ligg i teltposen. Å rulle teltet rundt teltstengene er altså ikkje noko eg gjer. Eg tviler på at nokon av dei som pakkar i 45l sekk brukar syntetsovepose. Ein dunsovepose tar mindre plass. Skumunderlag tar stor plass. Eit https://www.thermarest.com/ie/sleeping-pads/fast-and-light/z-lite-sol-and-original-z-lite/z-lite.html er 9,3l samanpakka. Men underlaget har lita vekt, så det er mindre viktig å ha det tett mot ryggen, så dette er enkelt å feste utanpå sekken. Då er det også lett tilgjengeleg for bruk i pauser. Kokekar tar plass, og er dårleg eigna å stappe saman. Her gjeld det å nytte tomrommet til å oppbevare andre småting. Mat tar stor plass, og mat tar meir plass dess lenger turen er, slik er det bare. Eg har alltid med klede for ruskevær, så dersom det er finvær, treng eg meir plass i sekken til klede enn dersom det er kjøleg så eg kan ha på meg desse klede. Eg resier ikkje til fjells på overnattingstur utan jakke, uansett kva yr.no melder.
  7. Merkeleg. For mine kart er gradteigskart. Og når eg ser etter, så er missvisninga oppgjeve i forhold til rutenettet også. Så her er det tydelegvis ulike variantar ute og går. Mine kart er riktignok nokre år gamle. Det er nokre år sidan eg slutta å kjøpe kart. Det eg likar minst med desse nyare karta, er at det er trykk på begge sidene. Utan å ha to av kvart kart, er det håplaust å få oversikta når ein beveger seg nær kartkanten.
  8. Dersom du meiner forskjellen mellom sant nord og rutenettnord er viktig, er det bare å måle vinkelen mellom rutenettet og kartkanten. Dersom denne vinkelen er så liten at du ikkje greier å måle han med kompasset, må du ha meir nøyaktig orienteringshjelpemiddel for at det skal ha nokon betydning.
  9. Garmin Basecamp er ukjent for meg, så der kan eg diverre ikkje hjelpe.
  10. Det er mogleg eg fortsatt ikkje har forstått problemet. Eg brukar 'legg til vektorlag' på laghåndteringsverktøylinja (same som 'lag'-'legg til lag'-'legg til vektorlag') eller bare drar fila inn i kartet frå filtuforskaren. Men det er sjølvsagt avhenig av at du veit kvar du har filene. Det fungerer uansett kva slags filformat, så lenge filformatet er støtta.
  11. Ikkje prøvd med wiglo, men mi erfaring er at om ein pakkar stengene for seg og stappar teltet, tar teltet mykje mindre mindre plass enn om det rullast rundt stengene.
  12. Høgfjellet i juni er normalt sett ski. Dette året er nok ingen unntak.
  13. Eg har brukt mykje rart opp gjennom åra, men dei siste åra har eg brukt snoseal og ha rvore fornøgd med det. Mi erfaring er at det som er lett å smørje på, også forsvinn lett, og snoseal har hittil vore det beste kompromisset for meg. Eg synest det var ganske klart råd. Slik eg les det, står det 'blablabla, det meste fungerer, blablabla. men unngå kreosot (tjære) av miljøhensyn.'
  14. Eg brukar det vintertid, og eg veit om mange som gjer det sumartid også. Det er ingen tvil om at det fungerer godt så lenge ein har på seg jakke utanpå, og då er det varmt også. Men dersom det vert for varmt med jakke, og det vert det raskt med netting under, tar eg av jakka. Ein kan seie mykje om netting, men vindtett er det i alle fall ikkje. Forskjellen mellom med og utan jakke, er altså veldig stor med netting. Derfor likar eg tett trøye sumarstid, då vert det meir passeleg forskjell med og utan jakke. Tett trøye er ikkje så varm som netting under jakka, men held litt betre enn netting utan jakke.
  15. Men sjekk at einvegsventilen i pumpa er tett før du fyrer opp med bensin på tanken, ellers kan du få ein mindre hyggeleg overrasking. Då kjem det nemleg bensin ut av pumpa etter kvart. Det er enkelt å sjekke ved å pumpe trykk på tanken og la han stå slik litt. Dersom pumpestanga kjem sigande ut, er det fordi einvegsventilen ikkje er tett.
  16. Eg er også ein av dei som trivst best med stor sekk. Så lenge sekken er god på ryggen, kan han, etter mitt syn, ikkje bli for stor. Med ein stor sekk, kan eg bruke same sekken på nesten alle slags turar. Og alt utstyr, også bekledning som må av pga varme, går nedi sekken, så sjansane for å misste noko er minimal. Om det er rom for å få armen nedi så eg kan nå tak i ting lenger nedi sekken utan å tømme sekken, er det bare ein fordel. Derfor brukar eg dagstursekk som er større enn det enkelte her på forumet skryter av at dei brukar på vekestur. No skal det seiast at eg er over gjennomsnittet lang, så det er dei store sekkane som passar ryggen min best. Men ordentlege sidelommer, slik det normalt var på sekkane tidlegare, det savnar eg.
  17. Eg har ikkje påstått at "folk som har røde og gule telt er usikre, engstelige eller skal imponere noen"! Eg har bare antyda at noko kan framstå som, det er vanvittig langt frå å påstå noko som helst. Og det var bare som tilsvar på ei antyding om at noko kan framstå som det motsatte. Du har lese noko eg ikkje har skrive.
  18. Det var då voldsomt til reaksjonar. Eg må beklage overfor alle som føler seg støtt av kommentaren min, det var på ingen måte meint som hets, og eg har ikkje dømt nokon. Det var bare eit svar på det siterte innlegget, der eg forklarte at det siterte "kan kanskje framstå som", likegodt kan framstå som noko anna. Eg kan riktignok ikkje unngå å gjera meg nokre tankar når enkelte er så hårsåre mtp ein kommentar om teltfarge...
  19. Eller kanksje kan du framstå som usikker og engsteleg med slike farger på teltet, eller bare ekstremt oppmerksomheitsøkande. Erfaren og fjellvandt er ikkje det fyrste eg tenker på med dei klovnefargene. Det som derimot er traust kan gjerne framstå som erfarent og fjellvandt, i alle fall i mine auge. Dersom ein kjøper telt for å imponere nokon, er det i alle fall viktig å tenke godt gjennom kven ein har tenkt å imponere.
  20. Det er nok fordi ei flat gummivarmeflaske er langt meir behagleg å ha i senga enn ei hard plastflaske. Det er heller ikkje noko tema at pasienten skal bruke vatnet til å koke kaffe på om morgonen.
  21. Men det regulerer du veldig enkelt med ein tjukkare sokk utanpå flaska. Det varme vatnet har ein viss energi, og dette skal du prøve å fordele over ei viss tid. Meir isolasjon utanpå flaska gjev mindre effekt, men over lengre tid. Dersom du vil ha masse effekt, men kort tid, brukar du aluminiumsflaske. Dersom du vil ha meir effekt over lengre tid, må du bruke meir vatn, altså større flaske, eller 2. Du hadde nok fått betre forståing av korleis det virkar dersom du hadde lent deg på ei fysikkbok…
  22. Kva slags skala har du for kvalitet? Det fyrste spørsmålet er eigentleg umogleg å svare kvantitativt på, men det er forskjellar både mellom merkene, og for enkelte merker, også mellom modellseriane. Materialvalg og saumkvalitet. Gode og mindre gode detaljar. Nøyaktigheit i dimensjonane som gjer det enkelt å sette opp stramt eller ikkje osv. Ja det er merkbart. Kva slags miljø som eventuelt skulle gje status, er derimot ukjent for meg. Eg sett opp teltet om kvelden og pakkar det ned att om morgonen. Dei eg eventuelt møter i løpet av dagen, har ingen aning om kva slags telt eg har, så det er i alle fall ikkje dei som kan gje meg status pga teltvalg. Låg vekt kostar, sjølv om det kan vera både svakare og mindre slitesterkt. Tynnare teltduk er dyrare og det er vansklegare å sy, noko som også gjer lettvekt dyrare. Eg kjenner ingen av dei modellane du spør om, så meir detaljert svar kan eg ikkje gje.
  23. Feilinformasjon fjerna.
  24. I pulken har eg med meg ein kjel på 4,5l. Den fyller eg med snø og lar stå på primusen til det har vorte nok vatn til det umiddelbare behovet. Så vert han satt til sides. Der har eg altså tilgang på kaldt vatn, som eg drikk av utan tanke på basiller. I tillegg har eg ein kjele til matlaging og ein kaffekjel, stor nok til å fylle termosen, til oppvarming av vatn. Då slepp eg å koke opp den store kjelen bare for å ha litt varmt vatn. Den store kjelen vert satt på primusen att når denne er ledig eller eg har bruk for meir vatn. Om kvelden, før eg legg meg, fyller eg den store kjelen med snø att, slik at dette er klart om morgonen. Eventuelle vårskiturar med sekk, har eg ikkje anna enn matlagingskjelen på 1l til rådigheit. Då må eg etterfylle med snø fleire gonger for å få nok vatn. Men då prøver eg å finne vatn, så eg slepp snøsmelting. Osar, sprekkar i isen ol er plassar eg ser etter. Eg har også nokre stamplassar der eg veit det lar seg finne vatn.
  25. Den koklusjonen trur eg er feil. For kvar dag som går før snøsmeltinga kjem i gang, vert snøsmeltinga raskare når det fyrst skjer. Dersom sumaren ikkje vert som i 2015, då var vårflaumen liten men varte til fyrst i oktober.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.