Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
471 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Utan å vite kva modell du har, dersom det er ein modell som må monterast, td Standard 41 eller Primus 210, og det piplar parafin når du tar av blindplugger (der du skal montere brennaren), er det vel eit teikn på at det ikkje er nokon lekasje. For å unngå dette, skal ein alltid åpne lufteskruven (den som ein også brukar til å redusere effekten, og sløkke med) før ein tar av blindpluggen. At det piplar ut parafin, er ganske enkelt at variasjon i lufttrykket, gjer at trykket i tanken kan bli litt større eller litt mindre enn lufttrykket. Når trykken i tanken er litt større enn lufttrykket, vil det piple parafin. Det er heilt naturleg, og unngås ved å åpne lufteskruven før ein åpnar noko anna.
-
Eg tenkte det var dekka i den meir generelle setningen min, men greit med ei presisering. Og det med å ikkje ha noko rett over brennaren, gjeld alle brennarar uansett alder og brennstoff.
-
Så sant pakningar er tette, fungerer han heilt sikker. Det er ikkje vansklegare enn litt raudsprit i skåla, og så fyre opp. Når raudspriten er nesten oppbrent, pumper du opp trykk og parafinen tenner antaglegvis av forvarmingsflammene, ellers bruker du ei ekstra fyrstikke for å tenne på. Men gjer dette ute, i trygg avstand frå ting som kan brenne. Når du har vorte fortruleg med brennaren, kan du ta han med på tur.
-
Om vinteren er eg heilt einig. I den årstida me er på veg inn i no, kjem ein ikkje langt dersom ein skal halde så lågt tempo at ein ikkje sveittar. Dersom dei sveitte kleda ein har gått i, vert for kald når ein stoppar, er det einaste som hjelper, å gjera som Heriks, og skifte til tørt. Kva som er best, er ikkje enkelt å svare på, og mykje av nykkeleg ligg i at det fungerer på litt ulike vis. Det handlar rett og slett om å gjera nokre valg, og så tilpasse rutinene etter dette. Mi erfaring er at syntetiske klede vert raskare kald enn ull når ein stoppar, så eg brukar ikkje anna enn ull, og då greier eg å la vera å skifte. Litt ekstra utanpå for å halde varmen gjennom pausa, og så gå meg varm att fungerer for meg. Ettersom eg stort segg er åleine, har eg også moglegheita til å tilpasse pauselengda. Dersom ein likevel skiftar, er det lettare å tørke syntetiske klede, så det er større sjanse for at ein kan ta på seg att tørre klede etter pausa, dersom desse er syntetisk. Men syntetiske klede byrjar å lukte mindre godt etter litt sveitting.
-
Dersom poenget ditt er at rutenettet ikkje nødvendigvis peikar mot nord, er det ikkje flisespikkeri å påpeike at rutenettet faktis peikar mot sant nord på tangeringsmeridianen, og at avviket vert større med avstanden derifrå. Dersom alle som oppheld seg på 60° legg til eller trekker frå 3° fordi at elgen, som har gått kurs i England, har skrive at det er avviket mellom sant nord og rutenettnord, har du bomma på poenget ditt. Både NGO1948 og det tyske rutenettet du refererer til, er også kvadratiske rutenett basert på meteren, så amerikanarane dine har ikkje vore aleine om ideen. Landkart og sjøkart er to forskjellige ting, og meterbasert koordinatsystem er ikkje dumt på landkart. Eg har eit yrkesmessig forhold til landkart, og eg er veldig glad for at det er meterbasert. På turkart er eg også glad for at rutenettet er meterbasert, fordi det gjev meg øyeblikkeleg informasjon av avstandar.
-
Sjølve papirkartet er allereie ein projeksjon av den krumme jordoverflata. Så skaden er skjedd lenge før ein legg koordinatsystem oppå. UTM-rutenettet er like tett knytt til denne projeksjonen som gradnettet er til kuleoverflata, så UTM er slett ikkje så dumt likevel. Og UTM er ikkje som flate takpanner, men som sylindriske. Eit flatt kart må vera feil på fleire måtar, den viktigaste fordelen med ein Mercator-projeksjon er at det er vinkelriktig, og det er ein særs god eigenskap når ein skal ta ut kompasskurs. Ein annen fordel med UTM, er at koordinatane er i meter, så det er enkelt å berekne avstandar (så lenge ein ikkje er i slike områder som trådstartar, der ikkje heile området har same rutenett.), sjølv om projeksjonen ikkje e ravstandsriktig. Mercator som fann opp projeksjonen (riktignok med ekvator som tangeringsirkel), og som er kilda til den avsluttande M'en i UTM, var frå Nederland. Gauss og Krüger som er tett knytt til den trasversale Meractorprojeksjonen, var begge frå Tyskland. Så ikkje legg all skuld på amerikanarane. UTM er vinkelrett på den klassiske Mercatorprojeksjonen, derfor T'en som står for Transversal. U'en er universal i den betydning at UTM er universelt definert med eit tal soner med kvar sin tangeringsmeridian som til saman dekker heile kloden. Eg er glad det finnst alternativ til globusen når eg skal ha med meg kart i målestokk 1:50000 på tur.
-
Som utgangspunkt må ein rekne teltet som kaldt, altså nær utetemperatur. Det er soveposen som skal gjera at ein held varmen gjennom natta. Ein frysepinn må derfor ha ein litt tjukkare sovepose enn ein som ikkje er frysepinn.
-
Dei som overnatter i hytter, greier seg med svært lite. Dei har gjerne med seg inneklær, men ellers er det ein lakenpose og fint lite anna. Ettersom dei heller ikkje har med seg meir mat enn dagens niste, kan dei vera på tur så lenge som helst.
-
Den midterste linja peikar mot sant nord. Rutenettet på kvar side av denne linja kan du sjå på som to uavhengige rutenett. Avstanden melloom linjene er ikkje 1km. Målestokken er 1:50000 for heile kartet, så 2cm er 1 km uansett kvar på kartet du er. Dersom du skal oppgje koordinatar, må du vera obs å å også informere om du er i sone 32 (vest for den midterste streken) eller sone 33 (aust for den midterste streken). Utover det, er det ikkje noko spesielt å ta hensyn til.
-
Basert på vannføringa i Lågen, har i alle fall snøsmeltinga kome ordentleg i gang no.
-
Hvorfor bruker ikke alle en kvistbrenner?
Skal bare... svarte på Tom42 sitt emne i Primus og kokesystem
Litt tidlegare i vår fekk eg laga meg ein blikkboks-brennar etter modell frå det store nettet. Det tok betydeleg lengre tid å koke ein kaffekopp, enn det tok å lage brennaren. Ein ny og forbedra versjon vart også laga mens eg venta på at den fyrste versjonen skulle koke kaffe. Den andre versjonen fungerte i alle fall, men det er nok ikkje noko eg kjem til å bry meg med å ta med meg på tur, bensinbrennaren er for enkel i bruk til det. Men eg fekk prøvd ut tur-peis-pusten frå Helsport, og den fungerte over all forventning og kjem til å få plass i dagstursekken når det er aktuelt med bålbrenning. -
Før det var Stalon og Stalon GT 2 mannsversjon av Keron 4. Altså 2 mann på tvers og bare 2 stenger (3 for GT). Niak er også eit navn som har vore brukt på ulike modellar.
-
Eg brukar å stryke på Stormsure. Dersom du legg den tuba i frysaren etter bruk, held ho seg til neste gong du har bruk for ho.
- 5 svar
-
- 2
-
Eg trur ikkje Keron 2 var å få i så mange år. Verken i 2000-katalogen eller i 2011-katalogen har Keron 2, og det var i produksjon ein gong i mellom desse årstala. Ein annan Keron-variant som vart borte for nokre år sidan, var Keron 3 King size. Den var 20cm lenger enn normal Keron 3, men då var riktignok Keron 3 10 cm kortare enn nåverade modell. Den var i katalogen så seint som i 2000. King size forsvann vel då dei strekte normal Keron desse 10cm… Då hadde utviklinga faktis kosta noko. No er det bare ny modell over eksisterande klyppemalar, og syarane kan også modellen frå før. keron.pdf
-
Dette ser eg nok for meg at er eit telt fyrst og fremst for å ha det i katalogen. Det er heilt sikkert enkelte som, utan å tenke på vektkonsekvensane, har etterspurt det. No vert det enkelt å sjå kva dette vil koste i form av vekt, så får kvar enkelt velge. Det er alltids enkelte som ikkje veit sitt eige beste, og kjøper slike overdimensjonerte telt. Men eg trur ikkje det vert ein modell som vert vanleg å sjå i fjellet. For dei som av ulike grunnar ikkje stolar på red label spesifikasjonane, er det allereie 10mm stenger til Soulo i katalogen. Dersom det ikkje er andre forskjellar frå dagens Soulo enn tjukkare teltduk og grøvre stenger, har utviklinga vore nær gratis. Ettersom dette på ingen måte vert noko lettvektstelt, kan det det hende dei forbetra enkelte detaljar som av vekthensyn er reduserte på eksisterande Soulo. Ein skal ikkje sjå bort i frå at inntroduseringa av denne modellen også kan vera salgsfremmande for eksisterande Soulo. Fordi innerteltet er trangt nok frå før. Og dette ekstra innerteltet ville vera for lite til noko som helst praktisk formål. Eg ville i alle fall ikkje bytte bort Soulo'en min mot eit slik telt, sjølv om eg hadde fått 3000kr i mellomlegg.
-
Eg foretrekk også ull. Eg har til gode å prøve noko som er betre enn ei tynn ull-t-skjorte i varmen. Men for å stoppe myggen, er det nok mykje som fungerer betre. Ei lys farge er sjølvsagt betre enn ei mørk i solsteiken.
-
Det er mykje anna enn naboen det går ann å kikre på frå stoveglaset. Her har eg nokre km² med leveområde for hjort og elg på andre sida av dalen, og rett som det er viser desse seg på jorda like ved, det same med rådyr, hare, rev osv. Over og bakanfor dette er det leveområde for villrein, utan at eg har hatt lukke med meg på å få auga på dei heimanfrå. Dei fleste fuglane eg kikrar på, er også heimanfrå. Eg har derfor både ein 7x50 håndkikkert ståande på hylla og eit feltteleskop fast montert på stativ. I tursekken har eg ein 8x30 med relativt vidt synsfelt.
-
Heilt generelt skal ein gjera eigen vurdering av alt ein les på slike forum. Men for min del, legg eg meir tyngde på dei som argumenterer og forklarar svaret sitt, enn dei som bare kjem med eit ubegrunna svar med utropsteikn. Heilt uavhengig av om brukar enkelt kan knyttast til ein navngjeven person. Sjølv likar eg best tunneltelt pga lågare vekt, større plass og enklare oppsetjing. Så er det også mange mellomting mellom tunnel og kuppel, der enkelte kombinerer nokre av fordelene til kvar av typene, og enkelte virkar som har kombinert alle ulempene til kvar av typene. Eg vil råde trådstartar til å vurdere konkrete teltmodellar, heller enn å fokusere på tunnel eller kuppel.
- 32 svar
-
- 1
-
Dei er tilgjengeleg fortløpande på bla: https://www.satellittdata.no/nb/metadata_soek Det er når ein studerer satellittbilete, at ein innser kor mykje skyer me har i landet vårt…
-
Det skjer mykje kvar dag no. Det er nærare Finse du eventuelt vil ha att mykje snø. Dersom du går motsatt veg, har du ei veke meir snøsmelting til din fordel.
-
Mi meining er at det er alt for seint på sesongen for så lange dagsturar. Sjølv om snøforholda kan sjå brukbare ut, kan ein verte seriøst forseinka av åpne vassdrag, eller lengre bæringar. Allereie no er det veldig flekkete sør for Lågen. Satelittbilete frå Sentinel 31. mai:
-
Sjølv om det bare tar ein halv time å reparere underlaget, er det ikkje noko eg har lyst til å byrje med halv to om natta, når eg heller vil sova. Så det er all grunn til å tenke gjennom korleis ein vil greie seg med eit punktert underlag.
-
Men så har du også redusert lengda 5cm, der sparar ein også vekt. Du hadde fått ein endå lettare pose dersom du hadde hatt den korte lengda, smale breidda og beste dunkvaliteten. Dei 13 cm ekstra i skulderomreks gjer posen din tyngre enn om posen din hadde vore 13cm trangare. Og det er ingen grunn til at ein 13 cm trangare pose skulle koste meir enn den posen du allereie har. Mindre materiale betyr mindre vekt, det treng du ikkje prøve å vera uenig i.
-
Ein brukar ikkje energi på å varme opp varm luft. Men med større overflate, vert varmetapet større. Det betyr større energibehov for å oppretthalde temperaturen inni posen. Vinterposen min har mindre isolasjon på ryggen, etter designteorien du nevner. Det merkar eg godt når eg ligg på sida. Eg ville valgt ein annan pose dersom eg skulle kjøpe no.
- 10 svar
-
- 1
-
Eg foretrekk dei passe vid. No har eg aldri prøvd sovepose før kjøp, og har aldri opplevd at dei ikkje passar i breidda. Llengda derimot er langt verre. Det aller verst i så måte er soveposen eg fekk utdelt i militæret, den nådde meg bare oppunder armane og var fullstendig ubrukeleg til å sova i. Dersom posen er for rom, slik at han ikkje følger med rundt når eg snur meg, ser eg for meg at det kan bli trøblete utover natta. Dersom ein vil ha posen vid, må ein no belage seg på litt ekstra vekt for same isolasjonevne, og det er nok grunnen til at enkelte, særleg dei som er vektfiksert i marknadsføringa, tøyer strikken i lengste laget med å laga trange posar, og korte også gjerne.