Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    493
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Draget er montert riktig veg på den nye pulken. Det er montert opp-ned på barnepulken. Kva som er riktig og kva som er opp-ned, er ganske åpenbart når låseringene ristar ut av stilling.
  2. Det er alt for tidleg å seie noko om. Det er vêret i mai og juni som avgjer når våren og sumaren kjem. I fjor var det masse snø, varm mai og rekordtidleg vår på vidda. I 2015 var det kald mai, juni og juli og våren kom ikkje før i august.
  3. Hyppigheit er ikkje avgjerande. Det som er avgjerande er at teltet tåler den den eine natta med dei verste forholda. Dersom teltet mitt bles i filler 1 av 100 netter, er det liten trøyst at det fungerte fint dei forrige 99 nettene. Når det er sagt, betyr det enormt mykje å plassere teltet på mest gunstig plass og bardunere riktig. Dette vert gjerne gløymt av dei som stoler på at teltet skal tåle alt.
  4. Sida kommuniserer ikkje med meg, så det er ikkje så enkelt å spesifiserer kva som er er mangelen. Det er heilt sikkert masse informasjon der, men denne informasjonen er skjult for meg. Når du spør: "Liker du best uttrykk som trygg is? Et uttrykk som er gått ut på dato. Det brukes nå farbar is." slår det meg at eg truleg har missforstått heile sida. Når eg har prøvd å bruke sida, har det vore det stikk motsatte eg har sett etter. Altså område eg må halde meg unna. Det er kanskje det nærmaste eg kjem i å spesifisere. Det er mogleg missforståinga mi er resultat av at sida tilsynelatande er bygd over 'Svekket is'-kartlaget til NVE, eit kartlag eg har brukt mykje for å unngå opplagt farlege område på regulerte vatn, og som eg alltid legg på kartutskriftene mine for vinterbruk Når sida ikkje greier å kommunisere til meg kva ho er til for, seier det seg sjølv at eg ikkje finn denne informasjonen der. Eg er tydelegvis ikkje i målgruppa for dei som har laga sida, men eg trur fortsatt at eg er i målgruppa for dei som fyller sida med informasjon. Kommunikasjonsmessig er det ein dårleg kombinasjon. Ettersom dette er off-topic, kjem eg ikkje følge dette opp meir i denne tråden. For å halde dette litt on-topic: Eg finn ikkje meir aktuell informasjon om Gjende enn det som kjem fram i denne tråden. I tillegg ser eg at Gjende har vore heilt islagt sidan 5. januar, men det er jo ikkje så interessant lenger.
  5. Den sida er sikkert fin for is-nerder. Men for meg som lekmann, gjev ho meg ingenting. Litt det samme som sida for skred.
  6. Eg har omlag same mål, og mi Sabotør-jakke når ned til rompa, kanskje midt nedpå rompa når ein strekker jakka på ein god dag. Når ventile vert fuktig, stivnar stoffet og det er då lengda verkeleg vert for stutt. Jakka fungerer heilt greitt som allround-jakke i den varme årstida. På grunn av den snaue lengda, særleg ermane, og mangelen på klaff over glidelåsen, fungerer ho ikkje som vinterjakke.
  7. Sjekk åpningstidene til hyttene. Sjølv om Gabs88 har trua på tidleg vår, hjelper det ikkje deg om hyttene ikkje er åpne Været i mai er nok viktigare enn snømengda i februar, for når våren kjem i fjellet. Og været i mai, er det ingen som veit noko om enno. I fjor var det usedvanleg varmt i mai, derfor smelta snøen tidleg.
  8. Eg meiner ganske sikkert at det var i forbindelse med EØS-avtala, i så fall 1/1-1994.
  9. yr.no brukar vera kilda for slikt. Under historikk, kan ein søke på datoar og finne data for næraste målestasjon.
  10. Eg brukte Hilleberg Nammatj som einmanns vintertelt i mange år. Forteltet var stort nok for meg og mine gjeremål. Men liggelengda var alt for kort for meg, i alle fall i vind og snøfokk, derfor vart det erstatta av eit tunelltelt med fortelt i begge endar. Dersom eg hadde vore under 175cm, hadde eg nok brukt det fortsatt. Så lenge det er inngang bare i eine enden, er det ikkje symetrisk. Eg vil ikkje ha vinterstormen rett inn i forteltet når eg åpnar glidelåsen, så inngangen vert alltid satt i le.
  11. Ingen motsetning i det. Same sekken kan faktis brukast til ulik bruk. Det er uansett veldig kjekt at det er god plass i sekken, slik at ein kan finne kva som helst, også det som ligg i botn, utan å måtte tømme heile sekken.
  12. Kort og greit, ja. Sekken må vera stor nok til å romme det ein skal ha med seg. I tillegg bør han vera god på ryggen, då endar eg alltid opp i store sekkar. 60-70l viser seg å vera ideelt for meg. For andre kan sjølvsagt idealstorleiken vera ein heilt annan.
  13. Fordelen med skismurning, er at ein slepp å gå med feller. Det gjev langt betre glid, både bortover og nedover, og meir skiglede enn å gå med kortfeller. Eg har både kort- og langfeller. Langfellene brukar eg i bratte og veldig lange motbakkar, altså det mange kallar topptur. Kortfellene brukar eg når skismurningen ikkje held, dei vert ikkje brukt kvart år..
  14. Eg trur ikkje dette er verken farleg eller fungerande... Bensin har jo mykje lågare damp-trykk enn butan, så trykket blir lågare. Det vil altså fungere dårleg både med boksen riktig veg og oppned. Det er ein grunn til at parafinbrennarar og dei fleste bensinbrennarane har pumpe. Det kan hende du får det til å fungere på ein god sumardag, men nokon god ide er det ikkje.
  15. Bergans hadde einduks tunneltelt med dermizax for mange år sidan, på same tida som Cho Oyo
  16. Eg har stikk motsatt erfaring med 111 vr 111T. Min 111 brenn veldig fint på både høg og låg effekt, men då regulerer eg med trykk (tanklokk frå Optimus 00 og parafin på tanken). Han brenn ikkje like fint med høgt trykk og stryping med regulatoren. 111T har eg eigentleg bare dårleg erfaring med, både med min eigen brennar og fleire eksemplar i fyrstegongstjenesta. Eg har ein mistanke om at mange av dei moderne brennarane også vil brenne betre på låg effekt med lågt trykk. Men, i alle fall for min del, startar eg alltid med meir effekt for å smelte snø, varme opp vatn osv, før eg treng låg effekt for småkoking og eventuell lunk i teltet. Slangebrennarar, med unntak av KAP arctic, er ikkje laga for å kunne enkelt kunne redusere trykket på tanken. Pannekakesteiking er derfor ikkje den ultimate lågeffekttesten for slangebrennarar, for då kan ein starte med lågt trykk. Eg har også renska fleire bruktkjøpte Optimus 00, Primus 210 og Radius 21 med oppvarming og trykkluft, og har veldig god erfaring med metoden. Eg har derimot aldri opplevd at eigne brennarar brenn seg tette. I forhold til trådens tema, må det nevnast at 111-familien har den store fordelen at ingenting skal monterast. Det er bare å lyfte lokket og byrje oppfyringa. Og det er færre gummipakningar som morknar, så det er mindre vedlikehald over tid, enn med moderne slangebrennarar. Ulempa i forhold til trådstartars preferansar, er at det vert veldig tungt dersom han skal ha med seg ein 111 for kvar halvliter brennstoff. Skal ein bruke ein slik brennar, må ein vera villig til å fylle drivstoff frå flaske i løpet av turen.
  17. Dersom du har problem med å halde brennaren, utan stillebrennartopp, i gang på låg effekt i kulda, har du ingen sjanse til å greie det med stillebrennartopp.
  18. Du kjem ikkje til å like Dragonfly, for den bråkar mykje meir enn Nova. Eg hadde aldri problem med koplinga på Nova'en min med den gamle koplingen. Eg kan heller ikkje hugse at det var problem med låg effekt i kulda, men inni teltet var det jo aldri sprengkaldt etter at brennaren fyrst var fyra opp. Den opprinnelege Nova'en var nok ein betre brennar enn dagens.
  19. Det var bare eit forslag for å sleppe å kjøpe n antall nye flasker, og like menge pumper. Sjølv åpnar eg brennstofflaske og fyller opp tanken regelmessig (kvar morgon før nedpakking på vintertur, og kvar ettermiddag før middagslaging på sumaren), derfor har eg aldri opplevd å gå tom med ei gryte mat på brennaren. Eg brukar for tida ikkje brennar som det bare er å bytte tank på, men denne rutina byrja eg med medan eg brukte brennar der eg kunne gjera det.
  20. Dersom du styrer med gjengeteip for å få det tett, forstår eg godt at du ikkje vil styre med å flytte pumpa mellom flaskene. Men med MSR-flasker treng du ikkje dette. Rådet mitt er fortsatt å bytte til MSR-flasker, om så bare ei som du brukar som trykktank, og brukar dei andre flaskene bare til oppbevaring. Då greier du deg med ei pumpe og du treng ikkje gjengeteip. Det vil også bety enormt mykje for brannsikkerheita.
  21. Eg har lang, og bare god, erfaring med Nova i kulda, og aldri opplevd problem på låg effekt. Men så byrja eg å tenke på korleis eg brukar brennare, og kom fram til at eg nok aldri køyrer brennaren på låg effekt i kulda. Brennaren står alltid i teltet, og der er det jo temperert straks brennaren er fyrt opp. Eg er også klar over at seinare Nova'er har dårlegare rykte enn min 2000-modell. Der har du problemet. Bytt flaskene til MSR, så held det nok tett med standardpakninga òg. Det er bare eit tidsspørmål før du får problem med pakningen på Arctic Pump også, dersom du fortsett å bruke Optimus-flaska. Eg er heilt einig i at pumpa bør ha lær-kopp. Men det må vel gå ann å bytte... Dersom pumpestanga til Arctic Pump passar i Dragonfly-pumpa, har du allereie løyst dette.
  22. Genialt valg av pulkfarge. Med den pulken er ein sikra at resten av turfølget går framom og brøyter, ettersom ingen vil gå bak og vera bilsjuk.
  23. MSR var fyrst ute med å lage slike brennarar. Men flaskene, og gjengene, hadde Sigg allereie laga.
  24. Trangia sin største kaffekjele er 1,4l og veg 201g. Den er stor nok til å fylle den største termosen min, så eg ser faktis ingen grunn til å ha større. Større aluminiumskaffekjelar finnst i bøtter og spann på loppemarked, brukbutikkar ol, Men dei fleste av desse er ikkje laga for friluftsbruk, så godset er tjukkare, og vekta er derfor høgare. Problemet med store, tynne aluminiumskjelar er jo at dei vert frykteleg bulkete etter nokre turar.
  25. Trangia hadde vel akkurat same begrunnelse som MSR hadde, då desse gjengene vart valgt. Säkerhetskorken skulle passe i Sigg-flasker. Eg er i alle fall glad eg kan bruke Trangia-korken, med den eminente helletuten, på aluminiumsflaskene.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.