Anders P
Aktiv medlem-
Innlegg
110 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Anders P
-
Hva slags telt kreves for fjelltur på sommer når det er fint vær?
Anders P svarte på Lillehei sitt emne i Fjellvandring
Eg synes å merke meg ein viss tendens hos ein del menneske som ønskjer anbefalninger på utstyr, at dei rett og slett forventer for mykje av eit produkt. Eit telt kan ikke både vere stort, lett, rimeleg, tåle mykje vind og vere rimeleg samtidig. Ein må velge kva ein synes er viktigast. ** Eg har ikke drive så mykje og gått i Jotunheimen eller på nokon vidder. Mitt generelle inntrykk er at det kan variere ganske mykje når det gjeld vind, og at veret kan vere uforutsigbart og brutalt til tider. ** Teltet du nemner er 178 cm høgt. Om teltet står det blant anna: Expansive pole-supported vestibuleis ideal for hanging out in two Stargaze Luxury chairs or storing bikes and other gear. Creates a complete living and hangout zone, not just a place to sleep. ** 1) Eit høgt telt har meir vindfang og må difor vere meir solid enn eit lågare telt for å tåle same vindstyrke. Eg er usikker på om dette teltet har denne styrken. Eg har aldri høyrt om eit fjelltelt som du bærer på ryggen som er 180 cm høgt. 2) Basert på den teksten eg har sitert så gir dette for meg inntrykk av å vere eit telt som er meir campingtelt som er beregna for å stå i relativt beskytta terreng. Det står ikke nemnt i teksten at teltet er beregna på fjell og vidde. ** Viss eg hadde hatt barn og skulle tatt dei med på tur på høgfjellet ville eg nok valt eit robust og difor også tungt telt slik at vi både var og følte oss trygge. Skulle eg berre ha campa under skoggrensa ville eg heller ha valt eit stort og komfortabelt telt, og delvis nedprioritert soliditet. Eg har dog ingen erfaring med å ta med barn på tur og eg har heller ikke slått opp telt på høgfjellet. -
Eg har jobba i Hammerfest i Finnmark i 2,5 år, men fann no ut at eg hadde lyst å reise tilbake igjen til Oslo. Som sagt så gjort så fekk eg min far til å hente meg i Hammerfest. Saman skulle vi kjøre ein del av flyttelasset ned til Oslo. Vi skulle bruke god, ikke noko hastverk for å kome fort fram. Vi kjørte fra Hammerfest til Alta. Deretter vidare til Kænangen og Birtavarre. Så til Bardufoss og så til Narvik. Sidan det regna og vi skulle vere mange dager i ein full bil tok vi ikke sjansen på å skulle oppbevare eit stort vått telt der over mange dager. Tidlegare har eg også opplevd å få mugg på innerteltet så eg var litt redd for at dette skulle skje igjen. Følgjeleg bestemte vi oss for å sove på hotell. Etter dette gjekk turen vidare til Fauske over Saltfjellet og så til Nesna. To mil fra Nesna overnatta vi i telt. Min far blei svært positivt overraska over kor komfortabelt det er å vere to stykker inne i eit stort telt (Hilleberg Keron 4GT). Sidan teltet har to innganger slepp ein å gå oppå kvarandre, og ein kjem ikke borti kvarandre om natta. Vi brukte teltet utan innertelt og resultatet var at teltet var veldig stort og romslig. Dagen etter kjørte vi vidare til Sandnessjøen og så spissen av øya Tjøtta. Ferge fra Tjøtta til Forvika. Deretter åt vi middag i Brønnøysund og kjørte ut og såg fjellet Trollhatten. Der eit fjell der det er ei gråtte som gjer at ein kan sjå igjennom fjellet. Ei stund vurderte vi å bestige fjellet, men følte oss slitne og bestemte oss for å kjøre tilbake igjen og på yttersida av Sømna til vi nådde fram til Vennesund. Dette var fergeleiet til båten som skulle over til Holm, men det var kveld så vi bestemte oss for å slå camp der. Vi lurte på om vi skulle prøve å finne eit plass å slå opp telt i naturen, men det viste seg å vere vanskeleg å finne ein stad som ikke var oppdyrka og som låg langt nok unna dei ulike bondegårdene. Vi valte difor å svelge vår stolthet og budde denne natta på ein campingplass. Det var stille og fredfullt og få folk på denne campingplassen og vi hadde fin utsikt utover Bindalsfjorden. Etter fire dager i bil byrja vi å bli litt rastlause og hadde lyst å kome fram. Vi bestemte oss difor for å benytte oss av raskare veger inne i landet i staden for dei vakrere, men også mindre effektive vegene langs kysten. Difor satte vi kursen mot Trondheim, men fekk tid til å bade i Levanger på vegen. Etter Trondheim tok vi så turen til Ulsberg langs E6 før vi dreidde av mot Øst til Østerdalen mot Tynset. Her sov vi på eit slags hotell atter ein gong fordi det også denne dagen regna. Etter dette for vi rett til Oslo Her er kartet som viser vegen vi tok: https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7807616.60&lon=770636.12&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7717575.60&lon=688719.12&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7614431.81&lon=582119.80&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7481925.50&lon=480472.69&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=10&lat=7340879.17&lon=415777.36&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=11&lat=7235934.30&lon=362094.15&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=9&lat=6909027.93&lon=284154.53&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet Ting eg har lært: 1) Det kan vere fint og viktig å gjennomføre slike far-sønn aktiviteter. 2) Stort telt har mykje å seie for trivselen når ein skal bu saman med eit anna menneske over lengre tid. 3) Det var fint å vere fleksibel rundt dette med telting. Det å absolutt skulle bu i teltet uansett ver kunne ha blitt veldig slitsomt. 4) Nordre delen av Nordland, Tromsø og Finnmark har mykje vakker, uberørt og spektakulær natur. Det kryr av gode teltplasser der og fine fiskevatn. 5) Ein slik norgestur gir fine moglegheiter til å sjå kva Noreg har å by på, og kva slags stader ein har lyst å bli betre kjent med. Forsøl: 15 minutter øst for Hammerfest. Eit siste farvel. Ei strand ved Hammerfest. Einsamt og kaldt. Her bada vi for siste gong i Hammerfest. Sørøya i horisonten. Hit, men ikke lenger kom vi då vi ønskja å sjå Svartisen, Norges nest største isbre. To mil frå Nesna oppå fjellet. Vi ser oppå Lovlund. Same som over. Ut mot Havet fra Vennesund. Havet heiter Sømna. Dette er i Nordland på grensen til Trøndelag. I Vennesund. I Vennesund.
-
Det handler også om personlige preferanser og kva du synes er viktigast. Er det viktigast for deg å bære lett ? Eller er det viktigast for deg å ha eit romslig telt ? Eller er det viktigast for deg å ha eit solid telt som tåler vind veldig bra ? Min erfaring med telt er at sjølv solide tunneltelt føles mindre solide ut enn solide kuppeltelt. For nokon betyr ikke dette nokon ting, men for andre er dette veldig viktig. Utifrå min personlige erfaring og erfaring fra andre eg har møtt er at sålenge du kjøper kvalitet så vil både eit tunneltelt og eit kuppeltelt tåle veldig mykje. Så lenge du betaler i underkant av 8000 kroner eller meir så vil du få eit telt som tåler svært mykje. Viss dette er ein betydningsfull hobby for deg som du bruker mykje tid på så ville eg absolutt ha vurdert å kjøpe fleire telt.
- 32 svar
-
- 1
-
Nallo 4 GT vs. Fjellheimen Superlight 4 Camp
Anders P svarte på Mr.MountainLurk sitt emne i Telt og lavvo
Blir spanande å høyre korleis du løser utfordringen med to barn, lang tur i utsatt terreng. Når eg ein gong blir far trur eg at eg lett hadde ofra punktet "lang tur", med fleire korte turer eller rett og slett basecamp + utforsking av nærområdet. -
Nallo 4 GT vs. Fjellheimen Superlight 4 Camp
Anders P svarte på Mr.MountainLurk sitt emne i Telt og lavvo
I klokkeverda er det slik at folk gjerne eier ein seks-sju klokker som dei eier og bærer ei stund. Så går dei kanskje lei av ei klokke og selger den og kjøper seg ei ny klokke. Kanskje dette er noko du kan gjere med alle dine telt også ? -
Eg har litt blanda opplevingar med det å kjøpe telt fra Finn. Den eine gongen gjekk det heilt fint, hyggelig og pålitelig fyr. Andre gongen spurte etterspurte eg fleire bilder. Selger blei sur, men la ut fleire bilder som siste at teltet hadde nokon defekter som han opprinnelig ikke hadde opplyst om.
-
Nallo 4 GT vs. Fjellheimen Superlight 4 Camp
Anders P svarte på Mr.MountainLurk sitt emne i Telt og lavvo
@Terka Viss eg forstår deg rett ønskjer du deg eit ganske stort og lett telt. Pris og robusthet er ikkje fullt så viktig ? Har du vurdert nokon av exped sine kuppeltelt til dømes exped Orion 3 UIII ? Det veier 2,8 kilo. Eg har ikkje prøvd teltet sjølv, men det får jo ein del gode skussmål på forumet her etter kva eg har forstått. *** Stor plass i teltet og låg vekt er jo ofte ting som ikkje så lett let seg kombinere. Personleg ville eg nok ha valt Kaitum 4GT viss eg skulle ha gått vår, sommer og haust. Dette fordi teltet har eit stort fortelt og eg liker store komfortable telt, og fordi pausene og komforten i leiren er det viktigaste for meg. På den andre sidan så er ikkje eg typen som liker å gå så veldig langt med tung sekk kvar dag. Så viss du er typen som liker å gå svært langt så ville eg nok ha valt Nallo 4GT. Teltet er lett og er stort nok. Luftingen verker dog ikkje heilt optimal. Du har ikkje sagt kor høg du er så det er jo også noko å tenke på. -
Vurderer Hilleberg Nallo4 vs Helsport Fjellheimen SL4
Anders P svarte på Bjørnar D sitt emne i Telt og lavvo
Du skriv at du har tre ungdommar som liker å vere med på tur, men du skriv ikkje så mykje om dei også liker å bære ? Viss desse tre ungdommane også er glad i bære ein del, så opnar det seg straks moglegheiter for litt større og lukseriøse telt. Eit Keron 4GT telt har ganske stor plass og er såpass høgt under taket at du kan sitte utan problem i heile teltet. Det er også lett å bevege seg rundt i teltet og ein kan fint spise lunsj og lage mat i forteltet. Forteltet har også muggnetting både i ventilen og i døra. Det er sjølvsagt også myggnetting inn til innerteltet. Her ser du bilete av teltet: https://www.fjellsport.no/hilleberg-keron-4-gt-rodt.html?q=keron 4 GT Det er 110 centimeter høgt over heile teltet og det er 5,5 kilo tungt. ** Eit lettare telt ifrå Hilleberg som også er forholdsvis romslig er jo Kaitum 3GT: https://www.fjellsport.no/hilleberg-kaitum-3-gt-telt-gronn.html?q=Kaitum 3#tab-button-reviews ** Folk på tur har ulike prioriteringer og ulikt fokus. Nokon liker å gå veldig langt kvar dag, og då vil det jo vere gunstig om ryggsekken deira er så lett som mogleg. Kanskje ønskjer dei heller ikkje å bruke så lang tid på mat i leiren og då treng ein jo berre å lage det mest enkle og så hive det i seg, krype til køys og så gå eit langt stykke neste dag også. Andre ønskjer at hovudfokuset på turen skal vere leiren og pausene. Her ønskjer ein at det skal vere god mat, god utsikt ved leiren og at det skal vere eit preg av komfort over campinga. I slike tilfelle vil ein då gjerne velge ubehaget med å bære litt tyngre, men til gjengjeld ha eit stort telt som kan slås opp kor som helst slik at utsikten blir så bra som mogleg. Vel ein dette siste alternativet kan ein også lettare kunne gå litt lengre turer i dårleg ver sidan det er OK å opphalde seg over lengre tid i eit stort telt. Mitt inntrykk er at jo betre ver det er, jo mindre telt trenger ein. Viss du velger å gå eit stykke og å ha basecamp vil du også kunne ha eit større og tyngre telt. Så tilslutt vil eg berre seie at ein ikkje skal undervurdere gledene av eit stort telt -
Veit du om det finst nokon produsenter av turutstyr som har spesielt mange svin på skogen og som viser liten vilje til å bli meir etiske ? ** Eg elsker Europris og blir alltid lykkelig når eg går inn dit. Likevel lurer eg av og til på kor høg den etiske standarden har vore i produksjonen av deira billigtelt.
-
Ein gong eg og ein kompis var på road-trip campet vi langs vegen. Det var klart vær og vi campet 100 meter fra vegen. Så kom det ein bil inn mot oss, parkerte og gjekk mot oss. Han peikte på teltet mitt: "Rødt telt", sa han. "Rødt telt er ikke så vanleg. Grønt telt er meir vanleg. Allereie ein kilometer herifra kan ein sjå det røde teltet ditt. Kanskje du kunne gøyme teltet ditt bak den haugen." Mmm sa eg. Og så flytta eg sjølvsagt ikke teltet mitt.
-
Eg har også ein Gregory på rundt 55 liter. Til og med denne "vesle" sekken har lommer i magebeltet. Generelt synes eg Gregory er gode, komfortable sekker med mange lommer og anna snadder. Det er kanskje ikkje dei lettaste sekkene på markedet, men min 55 liter sekk har vore med på alt mogleg rart i 6 år og den ser framleis nesten ny ut. ** Eg trur at de tsom gjer at ein kan fylle opp Recon på tur er at det er ein pakkrammesekk. Norrønna har ein nesten likeins, men lettare utgåve av ein sekk som ikkje er pakkramme. Den heiter Norrønna Para Ranger. Ifølgje selgeren på XXL takler den i mindre grad enn Recon å bli fylt halveis, ettersom strukturen i sekken (i Para ranger) i større grad er avhengig av å vere fylt opp.
-
Eg blir alltid varm om hjartet når eg ser andre folk med Saitaris telt. ** Det er eit spanande tema dette med telt-snobberi og snobberi generelt. Eg har til dømes valt å kjøpe meg 5 Hilleberg telt, men har til gjengjeld ingen bil. For prisen av ein bil kan ein kjøpe mange telt. Er dette "klokt" ? Det aner eg ikkje, men eg føler at desse teltene gir meg moglegheita til å gjennomføre ulike turer med ulike prioriteringer. Dette igjen auker min lykke. Kunne eg ikkje gjennomført like mange turer med færre telt og kanskje også rimeligare telt ? Jo, kanskje. Men desse relativt vakre og solide teltene ifrå Hilleberg gir meg ein viss glede, det er koseleg å ta bilete av dei når eg er på tur og det er koseleg å sjå på dei når eg er på tur. Det er faktisk til og med koseleg å opphalde seg inne i dei. For å trekke ein parallell til klokkenes verden. Eit par menneske eg kjenner eier Rolex-klokker. Desse menneska er stort sett hyggelege, audmjuke og omgjengelige menneske som liknar på deg og meg. Dei har svært lite til felles med hovudpersonen i Wolf of Wall-Street eller andre menneske med høg sigarføring. Det dei fortel er at det gir dei ein glede berre å bære denne klokka og tenke på denne klokkas historie etc etc. Min konklusjon er difor at så lenge ein ikkje knekker sin økonomi i jakten på saftig turustyr, så lenge ein ikkje gjer det så må det vere greitt å dyrke sin vesle snobbete telt-fetisj i ro og mak.
-
Av lettare sekker eier eg Gregory Baltoro 95 og Osprey xenith 88. Dette er begge sekker elegante sekker med mange hulrom og lommer. Osprey xenith 88 veg 2,6 kilo og Gregory veg 2,9 kilo. Det verker begge å vere kvalitetssekker, men eg har ikkje erfaring med å bruke dei. Eg trur også vekt og kor lett sekken er å pakke er to kvaliteter som delvis utelukker kvarandre. Det blir ein avveining kva som er viktigast for deg. Viss ein sekk har mange lommer og mange glidelåser så vil dette trekke opp vekta til sekken. Eit godt bæresystem vil ofte også vege litt. Viss vekt er det viktigaste verker det som om sekker som berre består av eit stort rom er dei suverent lettaste. Dei er til gjengjeld ikkje like praktiske som sekker med mange lommer. Ein døme på ein veldig lett sekk på 850 gram er denne sekken ifrå exped: https://www.fjellsport.no/exped-whiteout-m-white-55l.html?q=exped ryggskk På korte turer teltturer hender det at eg bruker ein svært stor sekk, som i mitt tilfelle er Norrøna Recon Syncfroflex 125 liter. Den gir meg moglegheita til å pakke kva som helst og gir dermed turen eit stor preg av komfort og luksus. Det er sjølvsagt begrensa kor langt og kor mange oppoverbakker eg gidder å bære ein så stor last. Men ein slik type glamping kan jo vere verdt å prøve ut. Sekken veg forresten 4,5 kilo og ser ut til å tåle alt. ** Dette er litt på sidan av det du spør om, men viss du ønskjer ein sekk med mange lommer som gjer ting lett tilgjengeleg for deg samtidig som du ønskjer å bære lett, så kan løsningen vere å velge ein relativt tung sekk med mange lommer (altså 2-3 kilo) og så prøve å få dei andre turgjenstandane dine til å bli så få og så lette som mogleg. Eit kilo lettare telt eller ein kilo lettare ryggsekk føles likeins på kroppen. Håper dette hjelper. Anders
- 19 svar
-
- 1
-
1) Nokon telt har høgare status enn andre (Hilleberg til dømes), men det er ikke slik at du får så mykje oppmerksomhet fo det. Dog må det seiast at Hilleberg oser ein viss kvalitet og at mange lett legg merke til det. 2) Nokon telt gir også inntrykk av å vere meir eksotiske enn andre. Helsport har nokon grønne trauste telt, men også nokon gule og raude ekspedisjonstelt. Du blir lagt merke til med eit gult og raudt telt og du kan kanskje framstå som erfaren og fjellvandt. (for kva det er verdt) 3) Eg har kjøpt meg eit par Hilleberg telt. Det eg liker med det er at eg har sluppet å reflektere over om dei er gode nok, fordi eg har ein slags sikkerhet om at dei er gode nok basert på merke. For meg er det nok også slik at viss eg hadde kjøpt eit billigare alternativ ville eg alltid ha tenkt: Jamen, ville eg ikke blitt mykje lykkelegare med eit Hilleberg telt. 4) Med gode telt får du mange ulike kvaliteter kombinert i eit og same telt. Du får til dømes god høgde under taket, god lufting, vindstabilt og lett i eit og same telt. Dette får du ikke med eit billig telt. 5) Dyre telt er som regel, det er min erfaring, meir komfortable enn billigare telt. Er det viktig ? Det kjem heilt an på kor viktig friluftsliv og telting er for deg. Viss du tilbringer 20-30 døgn i telt kvart år så er det kanskje verdt å investere nokon kroner i eit solid telt. Viss du derimot tilbringer eit par døgn kvart år i Oslo Marka 200 meter ifrå t-banen midt på sommaren, då klarer du deg kanskje fint med ei telt ifrå Europris.
-
Eg og min far skal kjøre ifrå Hammerfest til Oslo. Primært har vi tenkt å sove i telt. For reisa (og fordi eg har dilla på telt) har eg kjøpt inn Keron 4 GT. Viss vi skulle bli altfor lei av dette kan vi alltids sjekke inn på eit hotell. Eg har bedt min far ta med seg øks slik at vi kan lage bål viss vi er at situasjonen tillater det. Uansett. Har folk nokon generelle tips til ting vi bør hugse på eller ha kjøpt inn for at turen skal bli så hyggelig og komfortabel som mogleg ? Har andre folk gjort liknande ting og korleis gjekk det ? Alle tips og innspel tas mot med takk
-
Det går også an å bruke mose. Det går faktisk heilt fint når ein først vender seg til det. ** Når eg bruker toalettpapir har eg ofte med ein grillighter og etter å ha satt fyr på toalettpapiret helder eg på noko vann for å forhindre eventuell skogbrann. ** Alt dette er jo mest aktuelt nærme byer og på stader der det hyppig vandrer mange menneske. Viss du beveger deg langt utanfor allfarvei og ikke har sett eit menneske på ei god stund så ville eg nok ha nøyd meg med å legge ein stein over toalettpapiret.
-
Espen Ørud - eg campet der du tippet, men det er ganske langt fra vegen og ganske langt over vegen.
-
500 meter fra veien og kanskje 100 høydemeter over veien. Veien er jo relativt lite beferdet. Tenker du framleis at snøen er forureina ?
-
Trur dykk at ekstra bunnduk vil gjere det varmere inne i teltet ?
-
Hei. Bur for tida i Finnmark så eg lurer på kva som er folks tanker om å smelte snø til te og drikke når ein er på tur ? Slik eg forstår det bør ein helst koke vannet i 20 minutter for å kvitte seg med alle basiller, men er det verkeleg nødvendig ? Kva er folks erfaring med dette ? På førehand takk for alle svar.
-
Kva bruker folk som varmeflaske ?
-
Har folk prøvd å sove med svært tjukke dunjakker inne i soveposen ?
-
Dunjakke er eit must i Finnmark. Heile året. Shorts derimot kan du gjerne la ligge igjen heime.
- 83 svar
-
- 2
-
Eg har prøvd å tenne opp med bensin. Det gir ein viss spenning, og bensinen på pinnene brenner jo greitt, men det blei ikke ild i sjølve bålet. ** Bruker folk generelt tennbriketter ?
-
Hei, soveposen min er Mountain Hardwear phantom -5. Liggeunderlag nummer 1 er Exped synmat ul lw (7cm). R verdi = 3,3 Liggeunderlag nummer 2 er Thermarest z-lite. R-verdi = 2,2 Eg må innrømme at eg brukte Thermarest liggeunderlaget med "feil" side opp, dvs eg brukte den gule sida opp slik at strålene ikke blei reflektert tilbake til meg. Uansett så burde eg ha bortimot 5,5 i R-verdi, det skulle holdt til omtrent -20.