Gå til innhold
  • Bli medlem

Anders P

Aktiv medlem
  • Innlegg

    110
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Anders P

  1. Hei. Eg og min far har lyst å prøve å bestige Kilimanjaro i løpet av 2020. Vi har lyst å ha såg høg sjanse for å nå toppen som mogleg. Vi vil gjerne bu på kvart vårt rom, og at gruppa vi deltek i har fleire guider slik at den andre kan nå toppen sjølv om ein av oss må snu. Er det nokon som har erfaring med ulike turoperatører til Kilimanjaro. Kva turoperatører var gode og trygge ? Og er det nokon som har erfaring med turoperatører som absolutt ikke leverte ? Tusen takk for alle svar
  2. Hei. Det blir spanande å kjøpe ekstrem sovepose når penger ikke er eit spørsmål For nokon år sidan kjøpte eg Mountain Equipment sin dåverande toppmodell. Den heitte Blue Glacier Mount Everest. Den veier omkring 2,4 kilo utan posen. Den er solid og verker å vare svært vannavvisende. Har våkna med posen oppe i ein vannpytt og eg merka ingenting inne i posen. Posen er også solid og ser ut til å tåle ein god del før det blir rifter eller går hol på den. Den er behagelig og ser eksklusiv ut. Eg har dog berre brukt den i minus 15 i telt og under open himmel. Har ein del andre produkter fra Mountain Equipment og dei har i mine augo levert bra. Eg har ingen produkter av dei sjølv men eg høyrer at Western Mountaineering er enda betre enn Mountain Equipment. Om dei tidvis er overprisa veit eg ikkje, men eg trur ikke eg har lese noko om det her på forumet. Western Mountaineering sin toppmodell heiter Bison og koster nesten 16 000 kroner: https://www.xcsports.com/western-mountaineering/105505/bison-gws Blir spanande å sjå kva du lander på
  3. Så fint du har funnet ein sovepose du er nøgd med. Gratulerer Eg trur Mountain Hardwear produserer kvalitet
  4. Saitaris har myggnetting i ytterteltetsventiler og i innerteltets ventiler. Staika har berre myggnetting til innerteltet til tross for at det er black label telt. Litt irriterende.
  5. Det er kanskje blitt nemnt før, men eg kan tilråde deg å sjekke ut Finnemarka. Eg og ein venn gjekk frå Vikersund til Drammen på ei helg. Var ein fin tur. Sidan det er så mykje skog der føles det også ganske trygt. Utsikta er ikkje alltid ekstremt god og det er litt dårleg dekning så du bør helst bruke kart og kompass for å navigere. ** I Vikersund finst det også ein veldig fin og stor hoppbakke. Å gå opp den er ganske god trim, og viss du går opp på toppen der treng du ikkje å gå mange metrene før du er heilt aleine og kan slå opp teltet ditt. Men dog det er jo ein viss kjøretur frå Drammen til Vikersund. Det går elles buss til Vikersund også viss du ikkje har bil. Kjenner meg forsåvidt igjen i din søken etter alenefølelse. Då eg budde i Oslo fekk eg alltid opplevinga av at eg måtte gå svært langt i Nordmarka før eg endeleg kom til ein stad der det var heilt stille og der eg ikkje risikere å støte på folk og bråk.
  6. Det er jo alltid ein avveining mellom ulike behov. Kva synes du og din sambuer er viktigast ? Er det at teltet er relativt stille sjølv i sterk vind ? (generelt sett kuppeltelt er vel kuppeltelt best til å vere lydlause) Er det opplevinga av at teltet er trygt uansett kva som skjer og uansett kor dykk camper ? (Generelt sett tyngre og solidere telt, og igjen kuppeltelt.) Er det ønsket om at teltet skal vere stort ? (teltet blir igjen tyngre, eller så blir det stort og noko mindre solid) Er det ønsket om at teltet skal vere lett ? (Generelt sett mindre luksus, og/eller mindre soliditet) Ønskjer dykk å oppholde dykk lenge i teltet, eller skal teltet berre vere ein plass dykk søv ? Kor ofte trur du at dykk kjem til å bruke teltet ? (Gitt at økonomi ikkje er eit spørsmål, kan ein tenke seg at fleire døgn i teltet pr. år rettferdiggjør eit dyrare telt og/eller fleire telt.) Hugs at viss du velger feil telt så kan du alltids selge det igjen, og kjøpe eit anna. Eventuelt kan ein også kjøpe fleire telt etterkvart. Eg hadde lenge berre eit veldig lett og ganske trangt einmannstelt. Eg brukte dette mykje, men fann ut at opplevinga av at teltet stod trygt var viktig for meg. (Det er forskjell på å vite at teltet tåler det meste, og på å ligge inne i teltet og FØLE at teltet tåler alt.) I tillegg likte eg å plassere teltet ein stad med god utsikt, dvs der det er risiko for sterk vind. Så då kjøpte eg meg eit par fleire telt. Folk er ulik. Nokon prioriterer luksusfølelsen i teltet framfor alt, andre prioriterer at teltet skal vere så lett som mogleg. Ein siste ting som eg har opplevd er at eit lite telt i regn som varer mange dager er ein heilt eigen følelse, som i mine augo absolutt ikkje gav mersmak. Håper dykk lykkast med å finne eit godt telt
  7. Høres ut som EiT godt valg det og. Fint om du etter å ha brukt det EiT par gonger skriv litt om korleis det fungerte
  8. La meg slå EiT slag for Saitaris. EiT vakkert og stort telt ! Perfekt for glamping. Ikkje perfekt for sparing.
  9. Du trur phantom long kan passe til ein på 189 cm ? Kor god er phantom på fukt og i regn inne i teltet ?
  10. Du har nok meir oversikt enn meg. Addnature har også til suolo, men ikkje til nammatj såvidt eg kan sjå.
  11. Trudde du ville ha til staika: https://m.addnature.no/hilleberg-staika-spare-pole-387cm-x-10mm-grey-869245.html
  12. PhD, feathered friends eller western mountaineering ? Ah. Mountain equipment reknast det som sånn midt på treet sovepose ? Vurderer denne: https://www.fjellsport.no/mountain-equipment-xeros-crimson.html?q=mountain equipment sovepose Eg er 189 så håper long skal vere tilstrekkelig
  13. Addnature.no
  14. Hei, eg er på utkikk etter to sekker. Ein på rundt 50 liter og ein på rundt 90 liter. Pr. idag har eg Norrøna recon Syncroflex 125 liter (over fem kilo) og ein Gregory sekk på 58 liter 2,2 (kilo) Så eg lurte litt på å skaffe meg to litt lettare sekker. Eg ha høyrt mykje godt om Osprey epos 48 liter. Denne veg 1,2 kilo Og så har eg sett at Gregory Baltoro 95 kunne vere den store sekken. Denne veg 3 kilo. Kva tenker folk om dette ? Har dykk andre alternativ til to sekker som kunne vere gode, altså komfortable og gå med og relativt lette ? Eg tenker å bruke 50 literssekken (Osprey) til dagsturer og helgeturer med overnatting (telt og sove). Og så tenkte eg å bruke den store sekken (Baltoro) til ukesturer. Eg sett pris på alle forslag.
  15. Du gløymte bunnduk på ein kilo Ja, blei ikkje sliten og lei av vekta. Å gå på flat skogsvei er relativt lett. Sjølv med sekk på 25 kilo.
  16. Eg bur i Finnmark for tida og var på jobbreise til Alta. Alta har to hotell og av ein eller annan grunn kanskje ubevisst og kanskje bevisst så var eg seint ute og alle hotella var difor fulle. Å bu på hotell er jo gøy ei stund, men etterkvart er hotell og hotellas luksus slik som med penger og andre ting at ein må ha meir av det for at ein skal få same effekt. Så eg har blitt litt lei. Sidan hotellrom uansett ikkje lenger var aktuelt kunne eg ha budd på ein campingplass eller gjestgiveri eller noko i den duren. Men det freista heller ikkje. Løsningen på det heile var å bu i telt. Eg tok med meg mitt nyinnkjøpte knallrøde Hilleberg Saitaris telt og budde eit lite stykka utanfor Alta, nemleg i Kvenvik. Her ser dykk kor Kvenvik ligg i forhold til Alta: https://norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=10&lat=7780126.65&lon=812359.58&markerLat=7778360.10330394&markerLon=809662.1575330137&panel=searchOptionsPanel&sok=Kvenvik Og her ser dykk litt meir presist kor eg budde: https://norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=13&lat=7777741.28&lon=810722.61&markerLat=7778360.10330394&markerLon=809662.1575330137&panel=searchOptionsPanel&sok=Kvenvik Eg budde midt mellom Kvenvannet og Kvenvikvannet. Kurset varte i to dager, ein mandag og ein tirsdag. Eg tok båt frå Hammerfest til Alta med båt på søndags kveld. Og tok så taxi til Kvenvik. Der var det bekmørkt og eg gjekk to-tre kilometer på skogvei. Fann så ein fin rasteplass ved eit vann, ein meter ifrå vegen og slo opp det ganske store teltet mitt. Dagen etter tok eg turen til Alta med taxi, og etter kurset drog eg tilbake igjen til min lille bolig og steikte pølser og såg på naturen og tenkte djupe tanker. Dag 2 gjorde eg akkurat det same. Så drog eg heim til Hammerfest om natta og var framme i Hammerfest i halv tre tida. Dette var eit lite eventyr og eg syntes det var ei meir minneverdig oppleving enn om eg hadde budd på hotell, for ikkje å snakke om gjestgiveri/campinghytte med felles bad etc. Elles la eg også merke til at 1) eg kan bære veldig mykje vekt ein dag eit begrensa antall kilometer og 2) eit større telt føles mindre kummerleg ut, spesielt i kulde. Det store teltet er jo ikkje varmere pr. se, men det at det var litt meir boltreplass i det teltet enn i Aktoen gjorde at eg trivdes betydeleg betre. Eg kjem til å legge med nokon bilete i ein post under viss det skulle vere av interesse.
  17. Takk for gode innspel. Eg merker at for meg sjølv er det lett å bli litt ustyrsfiksert Ønske om å alltid ha det beste og slike ting. No byrjar eg å drømme om ein Western Mountaineering sovepose.
  18. Hei, kva merker vil dykk tilråde: Er det Western Mountaineering som går for å vere kremen ? Og så er det mange som også synes Mountain Hardwear og Mountain Equipment er bra ? Er det nokon soveposemerker eg bør styre unna ?
  19. Hei, om eit par dager er eg sannsynlegvis den lykkelege eier av tre telt. Når eg ikkje er ute i naturen og nyter synet av fjorder og fjell, kan eg nyte synet av mine telt. Så det verker altså som om det er naturleg at folk har fleire telt, og naturleg at folk har ein tre-sesongs sovepose og ein vintersovepose. Mitt spørsmål er om folk har enda fleire soveposer ? Mitt dilemma er nemleg dette: Eg har ein Rab 400 sovepose. Den veier rundt 600-700 gram viss eg ikkje hugser feil. Den er god og varm om sommeren og våren, og fungerer også greitt for milde haustdager. Men den fungerer ikkje så godt når det er ordentleg kaldt om hausten eller våren. Eg har også ein Mountain Equipment Glacier blue Mount Everest. Det er ein veldig tjukk vintersovepose (dun) som veg 2,4 kilo. Den opplevast å ha eit for som er nesten vanntet og eg frys aldri i den. Til gjengjeld veier den mykje og den tek veldig stor plass i sekken. Den har ein komforttemperatur på -40 angivelig. Så eg berre lurte på om nokon også har ein haustsovepose ? Eg ser at Western Mountaineering har ein del lette vintersoveposer, men det sitter litt inne for meg å ha to soveposer til 8000 +. Korleis har folk løst dette problemet ? Eg ser at fjellsport har salg på Rab 900 til rundt 2000 kroner. Den har maks temperat -18, men er kanskje relativt komfortabel med -5.
  20. Hei. Prøvde å kjøpe telt på finn. Det gjekk bra eine gongen, men den andre gongen verker det som om selger reagerte negativt på at eg spurte inngåande spørsmål om tilstanden til teltet. Av geografiske årsaker har eg ikkje moglegheit til å sjå teltet sjølv, så eg må berre stole på han og dei bildene han gir meg. Følgjeleg ønskja eg å få det svart på kvitt at teltet var i tipp-topp stand. Så eg lurte berre på om eg hadde brutt ein slags tillitts-kodeks for fjellfolk om at ein aldri skal spørre og grave om slike ting
  21. Hei, kva er folks erfaring med å kjøpe telt brukt ? Har dykk opplevd å bli lurt ? Har dykk opplevd at teltet var i betydeleg dårlegare stand enn dykk trudde ? På førehand takk for alle svar.
  22. Hei. Eg kjøpte meg Saitaris for litt over ein månad sidan. Har brukt det på tre turer. 1) Teltet er veldig tungt og tek veldig stor plass. Men det visste du sikkert. 2) Eg har alltid satt opp teltet aleine, og eg har gjort det i mørket også med hodelykt. Veldig intuitivt og greitt å sette opp teltet. Enkelt å sette opp og enkelt å demontere. 3) Teltet framstår som bunnsolid. Alle detaljer oser kvalitet. 4) Eg har berre vore aleine i forteltet. Forteltet verker å vere stort. Eg er 189 cm høg, og følte at det var god plass til meg i forteltet. Eg hugser ikkje om eg måtte bøye meg, eller om eg kunne sitte oppreist. Det er iallfall ikkje noko eg hugser som spesielt irriterande. Eg har ikkje prøvd Keron GT telta, men eg er ganske sikker på at Keron GT telta har større fortelt. For meg verker likevel Saitaris forteltet å vere ganske så romslig. Det er jo også viktig å hugse på at i forteltet er det ikkje ein innertelt som stjel centimeter i høgda, så difor vil 90 cm eller 100 cm høgare (Trur eg, men mogleg teltprodusentene operer med høgda i innerteltet). 5) Topphatten har jo fire vanlige festepunkter, som er festa til teltstengene. Viss eg ikkje hugsar feil så er det også to ekstra punkter som er festa til barduner på kvar side av teltet. Desse kan jo festes til bakken for å få ein viss vinkel, eller dei kan festes til teltstengene for å stenge lukene i stor grad. Det siste kan kanskje gjerast i storm. 6) Det er to fortelt, men det eine forteltet er arealmessig godt, men har låg takhøgde. 7) Bunnduk er kanskje noko folk ikkje bruker på vinteren, men bruk av dette har for meg gitt teltet eit løft når det gjeld luksus og komfort. Eg aner ikkje korleis teltet oppfører seg i sterk vind. Truleg ganske bra, men det veit eg ikkje. Du kan gjerne ta turen for å sjå teltet oppslått, men eg bur dog i Hammerfest. Så det blir nok ein ganske lang roadtrip for deg Du kan eventuelt vurdere å ta den heilt ut med dette teltet. Då vil du jo verkeleg framstå som kongen på haugen https://hilleberg.com/eng/tent/blue-label-tents/atlas/ (særleg i raudt framstår Atlas som ein mastodont i naturen)
  23. Eg har Hilleberg Akto og eg vil berre seie at stiller meg heilhjarta bak din vurdering om at det er eit lite og ekstremt spartansk telt Eg er litt lengre enn deg og spurte folk på forumet om tips til telt og dei rådde meg til å kjøpe Unna
  24. Så fint. Det gjer eg gjerne Kva er det du liker så godt med den tarpen ?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.