Gå til innhold
  • Bli medlem

Anders P

Aktiv medlem
  • Innlegg

    110
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Anders P

  1. Eg gjekk meg ein liten tur for å teste ut det nye teltet mitt. Tok med meg bøker og notatbok og satt meg i "solsteiken" bak ein stein og filosoferte over livet og kokte kaffe. Det var svært fint. Ikke ein sjel å sjå i alle retninger. Stille og fredeleg. Ein del fugler utanfor. Overnatta fra søndag til mandag og gjekk så på jobb. Første gongen eg har hatt moglegheit til å koke kaffe medan eg ligg i soveposen. Det gav absolutt mersmak. Min oppleving no er at det å campe i eit stort telt er eit heilt anna oppleving enn å campe i eit lite telt. Alt i alt ein meget fin tur som gjorde meg roleg og lykkeleg. Neste gong vil eg nok kanskje ha prøvd å laga bål (men det er ikke mogleg i Hammerfest då det ikke finst trær her). Kanskje burde eg også prøve å ta med meg ei varmeflaske i plast for å varme opp soveposen eller rett og slett bruke ein ordentlig vintersovepose. Finnmark og Hammerfest/Kvaløya anbefales for alle som er glad i natur og stillhet. 50 meter ifra vegen finst det ikke eit menneske
      • 7
      • Liker
  2. Eg var på telttur for ei veke sidan og låg inne i mitt firemannstelt, Keron 4GT, og det var litt kaldt. Eg lurer på om folk har tips til korleis det kan bli varmare. Når eg har sove ute om vinteren og seinhaust tidlegare har eg alltid brukt min Mountain Equipment Mount Everest. Den er svært varm og eg kan gjere kva eg vil og nesten alltid sove varmt nok. No har eg kjøpt ein litt lettare sovepose, ein "høstpose", nemleg Mountain Hardwear Phantom -9 (komforttemperatur er oppgitt til å vare minus 5). Eg opplever at denne er på grensen til å vere for kald. Uansett. Eg lurte på om folk har nokon tips til kva ein kan gjere for å gjere soveposen og eventuelt teltet meir varmt ? Hjelper det å ligge med stilongs og ulltrøye ? Skal ein lage kuldegrop i ytterteltet ? Skal ein stenge igjen ventilen ut til ytterteltet ? (kan ein då bli kvelt ?) Skal ein velge eit mindre telt ? På førehand takk for alle tips
  3. Eg har godt ein del i fjellet og vore på ein del turer, men har svært sjeldan klart å lage bål. Har folk nokon generelle tips til korleis ein skal lage bål, kva utstyr ein treng og slike ting. Eg ønskjer å unngå å ta med meg ved heimanifrå. På førehand takk for alle svar
  4. Dette er ein relevant problemstilling. Eg bur i Finnmark og Finnmarkssommer er ikke som Oslo-sommer for å seie det slik. 1) Ein ting som gjer ting ein god del varmere er å sove med lue eller hals. Personleg gjer eg også alltid dette fordi halsen fungerer som sovemaske. 2) Ein annan ting eg har gjort med ein viss suksess er å bruke dunjakka som pledd over soveposen. 3) Sove med stillongs og ulltrøye. (dette kan jo også forsvaras for at ein ikke skal svette direkte inn i soveposen) 4) Du kan også bruke ei solid plastdrikkeflaske som varmeflaske i soveposen. (dette er berre noko eg har høyrt om, eg har ikke personleg erfaring med det). Som du kanskje har tenkt på så kan ein alltid gjere ein varm sovepose kaldere, men det er ikke så lett å gjere ein kald sovepose varmare.
  5. Viktig å ikkje gløyme Hilleberg telt. Både Hilleberg Keron GT og Hilleberg Saitaris telt har gode og romslige fortelt. Bildet viser forteller til Keron 4 GT. Ein drøm for oss som er litt rotete !
  6. På leiting etter god underhaldning kom eg over Netflix dokumentaren Expedition Happiness. Fin dokumentar om gode opplevingar i naturen. Utstyrsnivået er vel det ein kan kalle glamping Den appellerte til den late, planløse eventyreren i meg
  7. Nokon tips: 1) Viss du skal telte i regn så bør du ha eit telt som tåler regn. Dei fleste telt tåler regn. Men viss det var meldt regn ville eg ikke tatt sjansen på eit Clas Ohlson eller Biltema telt. 2) Regntrekk til sekken er kjekt for då unngår du delvis at ting inne i sekken blir vått og du unngår at sekken blir våt. Ein våt sekk blir ekstra tung. 3) Vurder å ha eit telt med såpass stort fortelt at du kan oppholde deg i forteltet og lage mat der. 4) Vurder om du verkeleg har lyst å gå mange dager i regn. Min erfaring er at det er kjekt med eit større telt når det er "dårleg" vær ute. 5) Ta med ei bok som du kan lese i viss du blir liggande "værfast". 6) Viss du er på road-trip med bil og telt og det regner mykje så kan du ta pause fra friluftslivet ved å innlosjere deg på telt ei natt iblant. Då kan du ta ein varm dusj og du kan tørke nokon av kleda dine. 7) Bruk vanntette poser inne i sekken til elektronikk og til dine klede.
  8. Eg er litt fancy med kaffe når det gjeld korleis eg gjer ting heime. Då har eg abonnement på Jim Wendelboe og kverner min eigen kaffe. Eit eige rituale som eg synes lyser opp morgonen. På tur har eg derimot gode erfaringer med hurtigkaffe. Den er idiotsikker og den tek liten plass. Den er relativt sikker, og det er veldig lett å gjere kaffen sterkere eller svakere. I tillegg liger å sjå korleis kaffeflakene løser seg opp i det varme vannet. Ein annan metode er jo den klassiske kokekaffen. Ein venn av meg bruker ein vanleg primuskanne og koker opp kaffen i den, for så å surre ein gummistrikk over lokket og feste eit tau i hanken. Så snurre han kanna rundt og rundt i lufta ved å halde i tauet. Det fungerer fint og blir ganske god kaffe. Det tredje eg såg var at eg og nokon venner gjorde det enda enklare. Kokekaffe lagd i ein vanleg primustekanne. Ingen tau og ingen snurre rundt i lufta. Det blei også ganske grei kaffe. PS: Viss du vil ha god hurtigkaffe så kan du jo kjøpe den det står gull på
  9. Eg bruker gamlemetoden. Kjøper eit kart over området og bruker kompass.
  10. Hei, eg har hatt MSR Dragonfly ei stund no. Den brenner stort sett veldig bra og det blir fyr uansett. Det har dog vore eit par unntak. Når det var lite igjen i drivstofflaska så er det veldig vanskeleg å få fyr, og når eg først får fyr så brenner det og brenner det utan at vatnet koker. Er det nokon andre som har hatt same problemet ? Finst det nokon løsninger på dette ? Anders
  11. Har brukt Hilleberg Akto i fire år. Kanskje brukt 40-50 netter. Har kjøpt Unna for eit par månader sidan, men har ikke sove i det. Har dog vore på tur med ein med Unna og sitte inne i teltet eit par gonger så kan seie noko basert på dette: Har også satt Unna opp i stua. Akto: Mitt første telt som eg kjøpte sjølv. Lett og veldig greitt å sette opp uansett kor sterk vind det er. Eg trur teltet tåler alt, men det føles ikke ut som om det tåler alt når du sitt inne i teltet og det bles mykje. Teltet bråker då ein del og det føltes litt skjørt. Det kan hende at det ville ha vore annleis viss eg var veldig nøye med barduneringa, men det var eg altså ikke. Stengene endte også opp med å bli bøydd den eine gongen det blåste skikkeleg og eg var og campet på Sørøya. Teltet er ganske lite. Når det regner og er rundt null så blir alt veldig fort vått, og det er vanskeleg for ein lang mann å unngå kome borte i den iskalde duken. Viss du er litt rotete og liker å ta med deg ein del ting på tur så blir Hilleberg Akto veldig trangt og veldig lite luksus. Veldig, veldig lite luksus. Teltet er sjølvsagt elegant. Lekker overhovudet ikke vann inn vann. Ingen rifter. God ventilasjon. Ganske høgt under taket, men kunne ha vore enda betre. Du veit den følelsen når du sover ute under open himmel, då føler ein seg sårbar for naturens krefter. Den følelsen fekk eg også med Hilleberg Akto. Det er så lite at det går litt utover trivselen når det regner og er kaldt. Om sommeren er det eit ypperleg telt. TIl ein varm lun haust på Østlandet er det også heilt ypperlig. Unna: På tur på Sørøya med vennen min med Unna telt så oppdaga eg at dette teltet tålte vinden langt betre enn mitt telt. Eg følte eg måtte flytte teltet mitt. Han trengte ikke å gjere det. Unna har ein veldig lang inngangsparti som gjorde at eg og han kunne ha eit lite vorspiel der og lage mat der utan at det blei for intimt. Teltet føles meir solid ut enn Hilleberg aktor og veg også 400 gram meir. Eigentleg burde eg sikkert kvitte meg med Hilleberg Akto, men det trur eg ikke eg kjem til å gjere Det er blitt ein del av familien. Slik eg tenker meg det no kjem eg til å bruke Hilleberg akto om sommeren på lengre gåturer. Så kjem eg til å bruke Hilleberg Unna når eg skal på lengre gåturer i utsatt terreng på hausten/tidleg vår. På korte turer og glamping blir det nok Staika eller Saitaris. Gleden av å boltre seg i eit stort telt skal ein ikke undervurdere.
  12. Oi. Det såg koselig ut Og luksuriøst
  13. 1) Eg har lenge drømt om å reise på Kilimanjaro tur med min far, så no har vi bestilt billetter. Det gler eg meg veldig til. Når han ein dag er borte trur eg dette vil vere eit veldig fint minne. Desse foreldra lever jo ikke evig. 2) Eg kunne elles godt tenkt meg å bestige Kemnekajsa (det høgaste fjellet i Sverige) gjerne saman med min far. 3) Inst i Romsdalen ligg eit fjell som heiter Stor-Kalkinn. Det har eit særs lite pretensiøs form, ikke noko vakker tårn-fasong eller annan Lofoten-aktig utforming, men rett og slett berre ein stor, mørkt firkanta stein på 1880 meter. Det har vore eit ønskje for meg å bestige denne i iallfall 5 år.
  14. Eg og min far har kjøpt tur til Kilimanjaro. Gleder oss veldig
  15. Det er bra å sjå at det finst folk som har fleire telt enn meg: For tida har eg: Hilleberg akto Hilleberg unna Hilleberg Staika Hilleberg Saitaris Exped Hammock Ein relativt rimeleg tarp som eg enno har til gode å prøve. Ønskja lenge å kjøpe Hilleberg Keron 4 GT på tilbod, men lagnaden greip inn så lageret var tomt då eg skulle utføre bestillingen.
  16. Eg har heldigvis ikke fetisj for kjeler Eg har dog fetisj for telt som er verre synes eg. Eg har berre ein vannkjele og ei steikepanne. Det er alt eg bruker. Det fine med å gi etter for sine lyster er at ei lite stund så får du ei slags ro. Så melder ubehaget og jaget etter nye ting seg
  17. Du nemner lett, billig kuppeltelt som er stort nok for deg. Så her er nokon tanker som kanskje er utanfor boksen: 1) Må du ha telt ? Om vinteren i beskytte terreng klarer ein seg ofte fint med berre liggeunderlag og eventuelt tarp. Om sommeren kan du i beskytte terreng også klare deg med tarp/ingenting. Eg har prøvd dette ein del gonger når eg har vore for lat til å sette opp teltet. 2) Som dei andre seier kjøp brukt. 3) Viss fjellturer er noko du brenner for og noko du har gjort ei god stund, burde du kanskje prioritere slik at du har råd til ein solid kvalitetstelt med kuppelform ? 4) Det er noko uklart kvifor du treng kuppeltelt. La oss seie at du gjerne vil ha moglegheit til å slå opp teltet på svaberg. Dette kan du også få til ved å bruke steiner eller andre tunge gjenstander som kajakk/båten til å feste bardunene i eit tunneltelt. 5) Eg har lenge berre eit gamal Bergans tunneltelt av tvilsom styrke. Det fungerte heilt greitt. Eg kunne ikke campe på bakketopper viss det blåste noko særleg, men det gjekk greitt. Eg trur ikke du får eit solid og romslig og lett telt for 2000 kroner. Sannsynlegvis blir det også vanskeleg å få eit slikt telt brukt. 6) Sov på DNT-hytter. 7) Inntil vidare dra på telttur med andre menneske som har eit stort og solid telt. Håper dette hjelper.
  18. Viss du skal gå langt og dette er noko du ofte gjer bør du skaffe deg ein større sekk eller eventuelt ein eigen vinterpose av dun. Viss du skal gå relativt kort i lett terreng er det jo heilt greitt å henge den utanpå. ** Viss du berre skal overnatte ein natt så overlever du jo også ei natt utan søvn (viss du velger den tynne soveposen og fryser og ikke får sove) Generelt: Det finst nokon på dette forumet som er litt vel glad i kjøpe nytt og fancy utstyr (eg er kanskje blant dei), men det er også mogleg å falle i den motsatte fella at ein rett og slett ikke har godt nok utstyr for den turen ein ønskjer seg.
  19. Ikke gløym at teltet også kan brukast for high-end glamping turister.
  20. Hei, eg står overfor eit ganske vanskeleg dilemma for tida. Eg eier allereie Hilleberg Akto, Unna, Staika og Saitaris. Saitaris er jo eit stort telt, med plass til fire. Problemet er at no er Hilleberg Keron 4 GT på tilbod på fjellsport i raud farge. Eg har frykteleg lyst på det teltet, men eg har vanskeligheiter med å finne rasjonelle argumenter for å kjøpe det. Kva tenker folk om dette ? Eg er for tida singel og har ingen barn, men planlegger å få alt dette på sikt. Så det er dette eg slit med for tida. Takker for alle svar
  21. Prøv å forstå hensikten bak forbudet og lag ein strategi slik at hensikten blir oppfylt. Viss det er kommunen som sett ned forbudet kan det vere for unngå tilskitning av drikkevannet. Men det kan også vare for at så mange som mogleg skal få nyte stranda. Stranda er ein begrensa ressurs og viss ein sett opp to telt der, så vil mange føle det blir ubehagelig å grille og bade heilt i nærheten av teltene. Viss det er privatpersoner som har satt opp skiltet kan det tenkjast at dei ønskjer ro og fred og fin utsikt om kvelden. Dei ønskjer å unngå å måtte glo dagen lang på ein rekkje ungdommer i telt som bråker og fester. Generelt sett så er min erfaring at viss du held deg 200 meter unna bebyggelse, ikke er synleg og ikke bråker, då er du ganske trygg på at det du gjer vil bli tolerert.
  22. Eg bur i Finnmark for tida og eg synes Finnmark er veldig flott. Terrenget er paleisk og forholdsvis flatt. Det er få folk ute i terrenget, slik at du slepp å bli forstyrra. Det er ganske rikt dyreliv, men reinsdyr, rev, røyskatt etc. Naturen er stort sett uberørt og du slepp å gå i hytteterreng. Fine innsjøyar og mektige fjorder. Mitt inntrykk etter å ha budd her i to år er at veret er ganske stabilt. Det regner sjeldent og lite, og det er lite tåke her. Dette i motsetning til Lofoten som eg opplever har kronisk tåke og kronisk regnver. Eg anbefaler kysten av Finnmark, ikke innlandet. Ved kysten av Finnmark er det heller ikke noko problem med mygg.
  23. Min erfaring er at det er forskjell på regn og regn. Spasertur i skogen i regnver kan vare hyggeleg. Overnatte eit døgn i regnver kan også vere hyggeleg. Du ligger inne i teltet aleine eller med noko du sett pris på, og så ligg du i eit godt telt og utanfor høyrer du regnet dryppe ned på teltduken. Det er ei god og meditativ oppleving. Spesielt viss det er august månad og rundt ti grader kan det vere ganske koselig og romantisk med litt regn. Eller med plaskregn ei lite stund. Dette forutsetter at det er ein relativt kort tur og at du berre overnatter eit døgn. Å overnatte mange døgn der det regner jevnt og trutt og i tillegg er kaldt, det er straks ei heilt anna utfordring. Eg har prøvd dette og det var ein sann prøvelse. Viss eg skulle gjort dette på nytt ville eg a) ha hatt eit litt større telt. Ingenting er verre enn eit vått lite telt. b) blitt god på å lage bål. c) god sovepose som er sterkt vannavvisende. d) Noko som du kan glede deg til i leiren som god sjokolade og god mat. *** Likevel. Ein slik type tur er berre for folk som er veldig tøffe, og eg har funnet ut at dette rett og slett ikke er noko for meg. Så kort oppsummert. I regnver føretrekker eg kortreist glamping.
  24. Det er ikke heilt klart kva du ønskjer å oppnå. Personleg meiner eg at viss det er først treningseffekt du er ute etter, så er det ingenting som slår trening på eit treningssenter eller trening heime på stuegulvet med vekter, kettlebells eller kroppsvektstrening. Når det er sagt er det mange som synes denne type trening er uuthaldeleg keisam. Difor kan det jo vare lurt å gå ein tur i staden for å gjere ingenting, i tillegg til at tur er gøy i seg sjølv. Når veret ikke er fantastisk eller eg føler meg lat bruker eg å gå meg ein kort tur i nærmiljøet. Eg byrjar turen fra husdøra og så går eg langs vegen eit stykke og så går eg til ei strand eller ein fin plass inne i skogen. Eg går så langt eg gidder. Når eg er lei stopper eg og koker kaffe og lager meg av og til tomatsuppe viss eg gidd. Viss du lager bål så blir det jo enda koselegare. Så går eg heim. ** Viss målet ikke er trim, men berre det å kome ut, så kan du jo også vurdere å bruke båt (viss du har) og så reise ut til ei øy, og så lage kaffe/tomatsuppe/pølse og brød eller noko liknande der. Det same kan gjerast med bil. Eit veldig tjukk dunjakke og gode stillongs hjelper viss du er redd for å fryse når du står stille og har pause.
  25. Eg har ikkje Allak, men Staika. Det liknar litt, men er litt tyngre og litt større enn Allak 2. Det er OK romsleg for ein person, men ikkje noko særleg luksus. Eg har ikkje barn sjølv, men for ein voksen og to barn så framstår det som litt trangt. Det kjem jo an på om de skal befinne dykk i teltet over lengre tid, eller om teltet berre skal brukast for å sove i. Eg skulle til å anbefale Hilleberg Saitaris, men ser at du allereie har eit stort telt, og at du ønskjer eit telt som er heilt sjølvståande. Håper du blir nøgd
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.