Gå til innhold
  • Bli medlem

TFETEN

Passivt medlem
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av TFETEN

  1. 1:Alder og bosted, evt. navn: Tore - 36 år og busett i Balestrand. Oppvoksen i Luster. 2:Første topp - når og hvor: Fanaråken ein gong på 80-talet. 3:Antall hittil og kriterium for samlingen (Røyne, 30 m p.f. osv.): Nærmar meg 40 etter Røyne-lista. Sleng og bortom pf10-toppar, men tykkjer eigentleg det er noko tull... 4:Flotteste topptur så langt hvor og evt. noen ord: Usikker - Haiketuren med Gjøvik og Toten turlag over Austabotntraversen i august i fjor eller tur/retur Dyrhaugstindane etter å ha trudd dette ikkje gjekk an utan sikring i x antal år?!? Takk for internett og denne typen forum som fekk meg på andre tankar! 5:Hvorfor en samler: Starta som ein konkurranse med ein eldre bror. Har utarta seg til samlemani... Toppturar har alltid vore tingen, og kva er då meir naturleg enn å samle sådanne? Studerar aktuelle turar på vinteren for så å gjennomføre i sumarhalvåret. 6:Planlagt progresjon og eventuelt største hinder i progresjonen: Familieliv og at ein ikkje har klatreerfaring/-kameratar... Kan ikkje vere altfor ego når eg er den einaste i familien med denne interessa. Plukkar rundt 5 nye toppar i året, men håpar på å auke talet drastisk så snart eldste ungen er vorten gamal nok! 7:Hvordan det hele startet: Konkurranseinstink og deretter heimesidene til Torgeir Eraker som gav meg samleliste å krysse av i!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.