1:Alder og bosted, evt. navn:
Tore - 36 år og busett i Balestrand. Oppvoksen i Luster.
2:Første topp - når og hvor:
Fanaråken ein gong på 80-talet.
3:Antall hittil og kriterium for samlingen (Røyne, 30 m p.f. osv.):
Nærmar meg 40 etter Røyne-lista. Sleng og bortom pf10-toppar, men tykkjer eigentleg det er noko tull...
4:Flotteste topptur så langt hvor og evt. noen ord:
Usikker - Haiketuren med Gjøvik og Toten turlag over Austabotntraversen i august i fjor eller tur/retur Dyrhaugstindane etter å ha trudd dette ikkje gjekk an utan sikring i x antal år?!? Takk for internett og denne typen forum som fekk meg på andre tankar!
5:Hvorfor en samler:
Starta som ein konkurranse med ein eldre bror. Har utarta seg til samlemani... Toppturar har alltid vore tingen, og kva er då meir naturleg enn å samle sådanne? Studerar aktuelle turar på vinteren for så å gjennomføre i sumarhalvåret.
6:Planlagt progresjon og eventuelt største hinder i progresjonen:
Familieliv og at ein ikkje har klatreerfaring/-kameratar... Kan ikkje vere altfor ego når eg er den einaste i familien med denne interessa. Plukkar rundt 5 nye toppar i året, men håpar på å auke talet drastisk så snart eldste ungen er vorten gamal nok!
7:Hvordan det hele startet:
Konkurranseinstink og deretter heimesidene til Torgeir Eraker som gav meg samleliste å krysse av i!