Sjekka ut kva eg fann her, før eg reiste sørover, og var sjølv på Gigilos denne veka. Finfin tur, sjølv om toppen nok ikkje er høgare enn ca. 1980 (sjølv om det finst skilt og anna som seier 2080). Eit tilsynelatande påliteleg kart eg fekk tak i opererar med 1964 på sørtoppen (denne er truleg nokre meter lavare enn nordtoppen), medan nabotoppen Volakias i aust er oppgitt til 2116. Eg hadde ikkje med GPS, men barometerklokka mi gir normalt nokon lunde pålitelege høgdetal. Høgdeskilnaden mellom Volakias og Gigilos er iht denne klokka ca. 130 meter, og inkje tyder på at høgda på Volakias er vesentleg feil. Skal vi tru at ein av marknadsføringsomsyn ikkje har sett nokon grunn til å skrive ned høgda på Gigilos?
Jf. f.ø. denne, som opererar med 1980 : http://www.sougia.info/walk-gingilos.htm
Nokre bilete frå min tur følgjer :