Ski i container er ingen flau ting. Køyrde forbi ein container i eit hyttefelt i Valdresfjella for to år sidan, der nokon hadde rydda hytta, og antageleg ikkje hadde hatt hjarte til å pælme alle skipara oppi containeren, og derfor satt dei utanfor. All ære til dei for det. Deriblant eit godt gamaldags turlangrenn par av Birkebeinertreski, som eg kjøpte nye bindingar til, og har flittig benytta på tørrsnøføre i to vintrar. Kva gjer vel betre kjensle enn lakkert treverk som skjer seg gjennom puddersnø i solskinn...
Likefullt har eg enno ikkje klart å knekke mine bambusstavar som vart kjøpt på ein loppemarknad mange år sidan.
Men denne diskusjonen har gått på glid på skia, og må vel innrømme at glien på treski ikkje er all verden. Men festet er topp, blir ikkje bakglatt, sjølv utan smørning...
Dette for å nøre litt under nostalgien...