
Oddvar
Aktiv medlem-
Innlegg
58 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Oddvar
-
Derfor er det lettare nedstigning i Veslekvelvi, ein lang dal ned frå Skarvet. Dessutan er rasfaren stor i Prestholtskaret, for tre veker sidan raste heile fonna ut , heldigvis utan at nokon var i området då det skjedde...
-
Ta stolheisen opp, følg trikkespora til Prestholt og vidare langs Skarvet, ta så opp til Næsshytta og over Tvergasteintjørnet og opp på Skarvet ved Hyllun. Er været brukbart, kan de gå over Prestholtskarvet og ned att Prestholtskaret eller enda finare ut mot kanten av Storekvelvi og ned i Veslekvelvi og gå over til Budalen og ned til Geilo. Ved bra skareføre burde denne gås på 8- 10 timar...
-
Komplett skipakke skal kjøpes inn neste uke.
Oddvar svarte på bekiil sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Kortfellene til Åsnes er veldig greie å ta på og av, men i bratte oppstigningar på hardt skavlete føre, brukar eg helst lange fellar.. Ein er avhengig av å treffe skavlene midt under skia, og blir gåande veldig anspent, då det lett kan gleppe om berre fram og bakpart på skia får kontakt med snøen. Men i moderate stigningar er kortfellene brukbare, og fordi dei glir lettare enn lange feller.. -
Snødjubda på Vestvidda er opp mot 4 meter, så fortsett det slik, treng du ikkje klatre opp på Hårteigen, men stige inn på den Ein annan måte å sikre seg på bratte harde snøfonner, er å ta ein spiss stein i kvar neve. I tilfelle utglidning bør ein kunne vri seg over på magen og bremse med steinane..
-
Å lese denne tråden gjev meg minner om kva som skjedde meg i byrjinga av juli 1975. Var på tur over VIdda frå aust til vest og hadde sett opp telt ved Hårteigen, og ville ta ein kveldstur opp. Det var lett duskregn, og eg hadde på regnbukse. Komen øverst på den harde snøfonna mista eg fotfestet og seilte mot ura fortare og fortare. Det siste eg hugsar var at føtene støytte mot steinane nederst, og at eg for gjennom lufta. Vakna utruleg nok opp att, og kunne konstatere brekt arm og at mine briller på minus fire var borte. Heldigvis hadde eg reservebriller med i teltet, og etter noko famling i skumringa, kom eg meg fram til Torehytta, der det heldigvis var folk. Så dagen etter gjekk ein nederlender ned til Hadlaskard der dei hadde telefon, og eg vart frakta til Odda med helikopter.. Har alltid hatt respekt for harde og glatte snøfonner etter den opplevinga. Vil tru ei vinterbestigning er mogeleg med broddar og isøks, Det er iallefall mjukare snø om vinteren, og steinura nedunder er forhåpentleg dekt av snø.
-
Finse – Raggsteindalen – Haugastøl (6. – 8. oktober 06)
Oddvar svarte på Terje WJ sitt emne i Turrapporter
De valgte feil helg. I helga som var sat eg i 1600 meters høgde i Folarskaret i bar overkropp og åt nista mi i heilt vindstille og sol... Og snøen låg berre att på høgste Skarvet...- 10 svar
-
- høsttur i snø
- finse
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Men for oss handverkarar skaper det trass alt sysselsetting, så me kan bu her oppe nær dei fine fjella. Berre synd at alt skal skje så fort, så det er berre ein brøkdel av arbeidet me har kapasitet til å ta. Og ingen vil vel tru at denne veksten vil vare innover i framtida. Før eller seinare blir det nok av både leiligheter og luksushytter, og kva då.. Ein annan ting er alle konfliktar dette fører til blant bygdefolk Misunning over naboen som får solgt fjelleigedommen sin for ein til to millionar for eit mål, gjer at fleire grunneigarar har nekta løypekøyring over sine nærliggjande eigedommar. Vil ein som har hytte til ti millionar godta at han stadvis må brøyte eige spor?? Eg berre spør.. Men kvar si lyst, mitt hytteparadis er ei "krasafaren" steinbu oppunder Skarvet, der folk er like sjeldne som fjellreven..
-
Sto på kanten av Skarvet og såg ned på alle dykk 12000 som ein evig lang maursti, og hadde heile platået av Skarvet for meg sjølv; såg berre 2 andre der oppe. Og der var meir snø enn før påske... Og enno i vinter har det ikkje vore klisterføre.. Så det er no den beste tida for skiturar over Skarvet byrjar. Så ikkje legg vekk skia enno, men ta Skarvet på langs ei helg i mai...
-
Gjekk på folkehøgskule i Rauland 1974- 75, og vart godt kjent med fjella rundt Rauland. Om du søker høgfjell, ta turen opp på Raulandsfjell, med makalaus utsikt over Totak og innover Hardangervidda. Ellers er det nok av flate myrar frå Rauland og inover mot Møsvatn. Sør for Rauland finst og fine toppar som er typisk Telemarksnatur, Vehuskjerringa, Skardsnuten, m.fl. Ha ei fin påske
-
Du kamn trygt passere regulerte vatn i påska, Eco Vannkraft vil sperre av farlege områder (ved inntak o.l.) med tau og merking. Isen vil uansett ligge til slutten av mai i den høgda. Berre ver forsiktig når du passerer strandsona, om det er kupert der, kan det gje sprekker i isen, men desse vil normalt vera attføyka med snø, og er uansett ikkje så store at du dett nedi, men kan dette gjennom med ei ski, om du har rettig uflaks. Ha ein fin påsketur, har planar om same ruta i motsett lei etter påske..
-
Om været blir like fint som sist helg, er Skarvet på langs ein veldig fin tur. Kjem de med tog er det naturleg å starte på Finse og følgje platået austover frå Kyrkjedørsnuten. Men ver obs på uvær, det er vanskeleg å finne brukbare nedgangar frå Skarvet, når sikta er null.. Dei fleste går over alle topp-punkta, men mitt råd er å gå litt ut mot kantane for å få utsyn ned i alle botnane på nordsida og alle stup på sørsida.. Det har kome veldig lite snø i området i vinter, så det kan vera avblåst med mykje oppstikkande stein. Ellers er dette ein veldig fin vårskitur, ved godt skareføre gjer ein dei seks mila til Geilo unna på ein dag.. Nedstigninga til Folarskardet er bratt, så her gjeld å finne rette ruta, som er omtrent der sommarmerkinga går. Er ikkje været bra, er det fint å gå gjennom Kyrkjedøri og langs nordsida av Skarvet til Geilo, eller gjennom Folarskardet til Haugastøl God tur!
-
I motsetning til mange av scooterdiskusjonane som har vore på fjellforum før, synest eg det er positivt å få høyre saka frå scooterfolkets side. Berre for å koma med eit reelt forslag: Fjellvegar og skogsbilvegar som om sommaren er opne for almen biltrafikk burde kunne vera open som almen scootertrase om vinteren. Er dette nok for scooterfolket? I alle tilfelle vil dette skape ei mengde konflikter med skiløyper som i dag blir lagt mykje langs desse vegane, fordi dei store prepareringsmaskinene treng så stor plass. Etter som eg har skjønt regelverket kan snøscooterar køyre på brøyta skogsvegar, så for å arrangere lovleg scootersafari må dei altså brøyte vegen for å tekkast reglane.. Med helgas halve meter puddersnø vil eg no seie meg veldig glad for å finne eit scooterspor å gå etter...
-
Så mykje vås og fanatisme samla på ein plass er ikkje bra. Å møte ein scooter på vidda, med motordur i eit halvt minutt, gjer meg svært lite. Noko anna er gapakøyring opp og ned fjellsider, nei takk, det bør haldast på lukka områder. Tom, du som elskar naturen og vernar den med fanatisme: Når du dreg på hytta eller til fjells i privatbil med sine utslepp av CO 2,tenkjer du ikkje da på at det utsleppet er det som kanskje vil øydelegge klimaet og naturen i framtida. Om du er så naturfanatisk, var det fyrste du skulle gjera å reise med tog eller kollektivt for å spare naturen, eller begrense dine reiser til fjells, så naturen kan ha sin verdi i framtida og..
-
Julia og Morten - Gratulerer med en fantastisk bok.
Oddvar svarte på Studbaker sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Plukka den frå ein stabel i bokhandelen i dag, og må berre gratulere med ei særs praktfull bok.. Terningkast 6 -
Nord for Ossjøen i Dagali har du Dritarsteinranden.. Og langs fjellvegen Aurland- Lærdal finst Tissedalen og Tissedalsskavlen... Minnest og eit navn langt vest på Hardangervidda ein plass(hugsar ikkje heilt kvar) med navn Pikkenollen.. Nokon som kjenner opphav og betydning for desse??
-
Men kvar i Noreg brukar dei Skarven om fjell. På mine heimtrakter har me alltid brukt intetkjønn Skarvet, jfr. Hallingskarvet, Reineskarvet, Sundhellerskarvet osb.. Men kjem stadig over bøker og folk som seier Hallingskarven, noko som skurrar svært i mine øyre.. Telemark har vel og sitt Skorve i Flatdal.
-
Prøver å legge til eit bilete frå turen... men har aldri gjort det før, og filstørrelsen var for stor.. Men etter kvart aukar mine digitale datakunnskapar, så her kjem mitt fyrste bilete på fjellforum!!
-
Var på nuten same dag klokka 12 og kan berre understreke at det var eit fantastisk ver og føre. Gjekk opp frå Vierbotn( austenden av Geiteryggtunnelen, og prøvde ein ny innfallsvinkel, frå Kyrkjedørsvatnet rett opp snøfonna i sør og til venstre for 1744. Fin innfallsport mot nuten. Dette var starten på Skarvet på langs, eit godt alternativ til Skarverennet.. Mål ved Havsdalen Geilo klokka hakv ti på kvelden. Ein godt utnytta dag.
-
Kjøpte Rago med kortfeller før påske, og kan anbefale dei, men du kan ikkje gå så bartte bakkar som med lange fellar, samt at på skavlete hardt underlag bør fellen treffe toppen av skavlen.. Ein går litt meir anspent med kortfellar, for gleppetak kan forekomme. Men så kan du gå og gli ganske greitt med kortfellene. Så skal eg hovudsakeleg rett opp bratte lier, ville eg hatt med langfellene i tillegg
-
Vil anbefale vårskitur april mai. Akkurat no er forholda heilt suverene, fin skare og mykje snø. Litt bratt bæring av ski frå vatnet før Lordehytta,men komen opp er det slake vidder innover. Hellevassfonni og andre fonner i området har ikkje bresprekkar, fint farbare om sommaren. Anbefaler å ikkje nødvendigvis gå over alle høgaste toppar, men heller halde høgde, og krysse litt ut på begge sider av Skarvet for å få utsyn ned i Nordbotnan og Ljøtebotnan. Denne skituren går fint på ein dag, om sommaren ville eg rekna to dagar, mykje steinur og våte snøfonner i området..
-
Har gått og tygd på dette ordet på nokre skiturar i vår, og kom vel fram til at eit godt uttrykk måtte vera blindsikt. Så det vart brukt i hytteboka på Skorpebu laurdag 24 april, ein dag med strålande sol frå morgonen, men som kom med kvite skyer frå vest utover dagen; kvit skare der du ikkje kunne sjå om det gjekk opp eller ned, ja nettopp: blindsikt..
-
Dette var artig. Etter at Gardermoen kom,har eg alltid tiitta opp på sølvfuglane som heldt seg i rute, med ein kommentar Der er Bergensflyet Og no ser eg kva de ser der ovanfrå. Kjente og kjære fjell. MEN: Bilde 3 er da slett ikkje av Hallingskarvet, men av Reineskarvet, med Lauvdalsbrea heilt til høgre. Me ser og Hemsedal og fjella nordover mot Fillefjell..
-
Eg har alltid sett på ein snøspade i sekken som ein billeg livsforsikring. Etter å ha gravd ein del snøholer har eg slite ut to spadar, og gjekk til innkjøp av ein Witco spade for to år sidan. I påsken fekk eg bruk for den for å fjerne noko hard snø framfor ei hyttedør. Noko spaden ikkje tålte i det heile. Fyrst ein sprekk i bladet innover, slik at eine delen bøygde seg og gjorde vidare graving vanskeleg, inntil eg fekk bendt den av, og heldt fram med eit halvt blad. Er dette fabrikasjonsfeil, eller er kvaliteten så dårleg på fjellspadar. Andre med same erfaring, eller tips til andre fjellspadar som tåler ein norsk vinter vert motteke med takk..
-
På fjelltur i helga tenkte eg å legge inn ein link med finaste fjelldikt, men du kom meg i forkjøpet. Men her er eit av mine favorittdikt: FJELL Fjell- Du ligg som ei kvile for augo Ei grense for det eg kan makte å vite -togå
- 16 svar
-
- 1
-
-
Denne diskusjonen går over alle støvleskaft.. Smak og behag kan ikkje diskuterast. I Hol kommune blir me heller ikkje einige om det er nord eller sør-sida av Hallingskarvet som er best..... Men sidan dette er mitt barndoms fjellområde, har eg mange gode minner knytta til det, og kan stadig finne nye ting å oppdage ved det. Og det er nærleiken og tilgjengeligheten som gjer det attraktivt. Og dei siste åra har det og vorte Jotunheimen og Rondane for meg, som berre har utvida min kjærleik til heile Fjell-Noreg. På oppslagstavla mi har det i fleire år hange eit dikt eg synest definerer fjell: Fjell- Du ligg som ei kvile for augo Ei grense for det eg kan makte å vite -togå