Eg har nok veldig ulik oppleving enn deg av kva det vil seie å gå i fjell trur eg. For meg er fjellet ei stor oppleving, sjå landskap, fin utsikt, små ting som blomar og vegetasjon, landskap som har si historie, gleder meg stort over å møte sauer til fjells og anna menneskeskapt kulturoppleving, som fangstgroper, eller eit fjellvåkpar som misliker sterkt at eg drister meg opp mot fjellet som dei trudde dei hadde for seg sjølv. Uansett kor mykje fjellvåkparet skrik, veit eg at eg ikkje er det første menneske der. Slik er det også med nanmn på fjell. Eg gleder meg storleg over fjell eg ikkje veit kvifor dei heiter det dei gjer, men namna seier likevel ofte mykje om korleis fjella har blitt brukt, og får eg ei forklaring på det, blir opplevinga større. Det gjer opplevinga av fjella større. Om det er politisk korrekt oppleving eller ikkje, det bryr meg mindre. At ikkje alle fjell på same måten, må eg vel berre ta til etterretning. Men eg hadde aldri akseptert om folk utanfrå Voss hadde fortalt meg kva fjell på Voss skulle heite. I følge Espen burde Jotunheimen helst vore kalla " De skumle bjerge som går både opp og ned, veldig mye opp da, med mange stener og skrenter og andre skumle ting". Eventuelt med "heimen" sleng på bak kanskje? Uansett er det viktigste at Espen forstår kva fjella går ut på.