Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg brukar ikkje mykje sag, men eg har ei slik Sandvik/Bacho og den er grei den. Det er vel den einaste saga av denne typen eg har sett i butikkar, så eg stussar litt på at du har problem med å få tak i ho. Her i området er ho å få både på Felleskjøpet, i sportsbutikkane og byggevarebutikkane. Eg har hatt ei anna sag, billig importsag med påklistra merke og distribuert via ein kjent norsk knivmakar. Den saga var av ein slik kvalitet at eg ikkje forstår at knivmakaren vil besudle merkenavnet sitt med slikt. Problemet med saga var at bladet var sprødt. Det vil seie at det knakk ved den minste antyting til ivrig saging.
  2. I opplyst ver er det ofte enklast å finne eit landemerke i den retningen ein skal og gå mot dette. Og då er ikkje 8km langt. Med missvisning på 10 grader, kjem ein 10 grader feil, så enkelt er det. Dersom ikkje terrenget har så mykje eigenart, at ein les seg fram til terrengformene heilt og holdent frå kartet. I dårleg sikt kan sjølv 50 meter feil, gjera det svært vanskeleg å finne ei hytte. Og med 10 graders missvisning kjem ein over 50meter feil etter bare 300meter. Då skal det vera tett med sikre haldepunkt, dersom ein skal greie å halde retningen over nokre kilometer utan å tenke på missvisninga! Dagens gps-generasjon har vel aldri høyrt om krysspeiling, men det er også eit tilfelle der 10 grader missvisning absolutt på tas hensyn til.
  3. Eg har ingen kjennskap til teltet, så der kan eg desverre ikkje hjelpe. Men dette bør du ha prøvd ut sjølv før ein slik tur. Greier du ikkje å setje opp teltet i storm og med vindvotter på, kan du få eit problem. Når det gjeld usikker is i forbindelse med regulerte vatn, kan du sjå på http://arcus.nve.no/website/svekket_is/viewer.htm Sjå spesielt på Halnefjorden dersom du planlegg å gå der. Ellers er det særleg osane du skal vera forsiktig med. Det gjeld også mange uregulerte vatn som du ikkje finn opplysningar om på nve sitt kart. Lågen går åpen mange stader, både i stryk og i osar. Særleg Geitevassdalen er skummel i dårleg sikt, for her er det til dels store skavlar som heng utover lågen der denne går åpen.
  4. Sjølv om det "er en skikkelig snøvinter" no, er det lite snø på vidda. Men uansett er det nok sikrare litt ut i juli enn i slutten av juni. Det skjer mykje på få veker på denne tida av året.
  5. Mine 8 siste skiknekk har vore under hælen. Av desse har 2 vore slik at det har gått rimeleg greit å gå vidare på fast føre så lenge eg ikkje har lagt tyngde på den knekte skia, heilt uavhengig av teip. Dei andre 6 tilfella har ikkje vore feltmessig reparerbare, same kor mykje teip ein har tilgjengeleg.
  6. Det er mange som sverger til å ha med ein ekstra skitupp. Sjølv ser eg ingen grunn til det. Eg har knekt mange ski opp gjennom åra, men tuppen har eg ikkje knekt sidan eg var småfant og hoppa med tilhøyrande tryning. Skia knekk under hælen. Eit passande skrujern (pz3 for bindingane mine, men sjekk dette sjølv) til å demontere bindingen og plassere denne lenger fram er det einaste hjelpemiddelet i så fall, dersom du ikkje er heilt paranoid og har med deg ekstra ski. Men skrujernet kan vera kjekt å ha i alle tilfelle. Er ein uheldig, kan bindingen losne, og det er likestilt med skiknekk dersom du ikkje har skrujern, men bare litt bortheft når skrujernet er lett tilgjengeleg. Når eg drar pulk, har eg med meg trugar. Dette er fyrst og fremst for at eg foretrekk trugane når eg skal dra pulken i svært bratt lende, men med trugar på pulken har eg også eit alternativ dersom eg brått står utan ski. Sjølv brukar eg aluminiumsstavar og har aldri opplevd at desse knekk. Og om så skjer får ein improvisere ein eller annan type spjelk, eller greie seg utan. Synest du ikkje dette er nok, kan du ta med ein liten røyrstump og bruke som muffe, og litt sølvteip. Det eg derimot har opplevd, er at trinsa/piggen dett av og ikkje er til å finne att. Så ein reserve trinse/pigg kan vera greit å ha med seg, pluss litt smeltelim (type til å bruke i smeltepistol). Limet smelter du enkelt over primusen. Fordelen med slikt lim er at det ikkje er nokon tube som brått er lekk med tilhøyrande kliss i sekken.
  7. At ein kan gå heile turen på ski, kan ein bare gløyme, ein må rekne med nokre stykker med barmark. Det er ei tid som er vel verdt å oppleve i fjellet, men omvegane kan verte lange og dagsetappene kan verte stutte. Det heile kan vera temmeleg uforutsigbart. Det kan ein takle dersom ein har tid nok. Eg ville nok heller anbefale å gå ein fram og attende-tur der ein lar naturen bestemme både trasevalg og dagsetapper. Når det gjeld snømengde, må ein ikkje la seg lure av at det er snø langs kysten, på vidda er det lite snø no.
  8. Stormmatter kan ein godt greie seg utan, men då må teltet vera kontruert for å fungere utan stormmatter på snø og i vind. Ringstind fungerer ikkje i verken vind eller snø, endå mindre i kombinasjon av vind og snø
  9. Du tar nok feil. Dersom desse karta er basert på N20, har dei i alle fall ekvidistanse på 10m og betydeleg fleire detaljar. Dei karta som derimot er forstørra utgaver av 1:50000 ville ikkje ofre mange tankane på. Bare masse meir papir og ikkje meir informasjon. Så tilbake til spørsmålet om kva som eignar seg til ein ukestur. Dersom denne ukesturen betyr fleire timars gange kvar dag, må ein ha med seg veldig mange kart dersom målestokken er for stor. Men sjansen for å kunne dekke ein ukestur med målestokk 1:20000-1:25000 er også liten. 1:50000 er den største målestokken som er landsdekkande. 1:100000 kan vera grei nok i enkelte områder og ein får plass til mykje meir på same kartblad, men mangelen på detaljar kan gje mindre behaglege overraskingar. For å få karttolkinga inn i ryggmargen, er det også ein fordel å halde seg til ein bestemt målestokk, og då er nok 1:50000 det rette valget. Ikkje minst fordi dette er den einaste målestokken som er tilgjengeleg for heile landet i god nok detaljering og med einheitleg kartografi.
  10. Det kan vera aktuelt i slutten av april og i mai. Ikkje i mars. Skare er nok ikkje noko problem, men du vil for det meste gå på fast, vindherda snø. Laussnø i fjellet er oppskrytt, men dersom du opplever nysnø, kan det sjølvsagt vera 10-20cm laussnø eit kortare tidsrom.
  11. Dei fleste hanskar bør fungere. Sjølv styrer eg kameraet mitt med vindvotter, og ser det som heilt nødvendig for å kunne lage bilder under alle forhold. Det handlar mest om å kjenne kameraet og passe på at kameraet er klar til bruk før turen. Menyane på displayet bak på kameraet brukar eg aldri på tur, eg greier meg med utløysarknappen, blenderringen, tommelfingerhjulet og fokusringen.
  12. Er det kommunetoppar du samlar på, bør turen gå innanfor kommuna også, i alle fall deler av turen I så fall vert det ein lang skitur dersom det skal gjerast på ein dagstur. Men som fottur er turen frå Toviki absolutt overkomleg.
  13. afe

    Turkikkert...

    Kvar enkelt må sjølvsagt vurdere dette sjølv. Eg har fleire kikkertar, 7x50, 8x42 og 8x21. Det er 8x42 som vert med på tur, på tross av at denne er betydeleg tyngre enn den minste. Men i bruk er han også betydeleg betre. Lysstyrke er ein ting, og det er ikkje så viktig midt på dagen i opplyst vær. Men i gråvær, er den betre kontrasten forskjell på om det er vits å bruke kikkert eller ikkje. Tyngda gjer han også mykje lettare å halde stødig. Det gjer at kikkerten vert meir brukt, ettersom eg ikkje er så avhengig av å finne ein passe høg stein å sita på for å støtte albogane på knea for å greie å halde kikkerten stødig. Går ein ned i vekt, bør ein også gå ned i forstørring. Dersom kikkerten er for lett eller har for stor forstørring til at ein greier å halde han stødig, ser ein faktis betre utan kikkert. Og kikkerten bør sjølvsagt vera lett tilgjengeleg. Sjølv har eg han festa til brystreima på sekken.
  14. Sjølv ville eg aldri reist på ein månads vintertur utan å vite at utstyret fungerer. Så dersom du ikkje har prøvd det før, vil eg anbefale deg å bruke tida fram til avreise på å prøve det. Då finn du svaret sjølv. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje får prøvd det ut, dropp det. Ettersom den uisolerte fjellduken er å rekne som null i isolasjonsevne, reknar eg med at du meiner å bruke ein isolert fjellduk. Eg forstår bare ikkje kva du skal med ein svær og tung fjellduk når du har både telt og sovepose, og då stiller eg spørsmål ved om denne fjellduken "kan brukes til flere ting". Dersom du ikkje har heilt klare formeiningar om kva desse "flere ting" er, kan du frigje denne plassen i pulken og ta med deg ordentleg liggeunderlag i staden. Men valget er sjølvsagt ditt.
  15. Sjølvutladinga er mindre når batteria er kalde. Men kapasiteten er dårlegare på kalde batteri. Så for å få mest mogleg ut av batteriet, skal det lagrast kaldt, og brukast temperert.
  16. Her har du blingsa litt på retningen
  17. For oppbevaring er det ingen ulempe at dei vert kalde. Det er ved bruk dei skal vera varme. Eg har eit reservebatteri til kamera i ein liten pose innanfor ulltrøya, dette er alltid varmt ved behov. Posen heng i ei snor som er festa i kragen på jakka. Så er det bare å bytte dette batteriet med det kalde som står i kamera, det kalde vert varmt att før det varme vert for kaldt osv. Om batteriet vert kaldt i løpet av natta, spelar ingen rolle. Det vert varmt att før eg har bruk for det, så soveposen er heilt batterifri Batteri til andre duppedingsar, lar eg bli kalde. Eg har ingen andre duppedingsar som brukar så mykje batteri at det er noko stort problem med kalde batteri. Og om det skulle verte eit midlertidig problem, puttar eg duppedingsen i lomma ei lita stund, eventuelt tar ut batteria og varmar desse i lomma.
  18. Er ikkje det meste av denne informasjonen fyrst og fremst til bruk for å dagdrømme? Eg har i alle fall ein svakheit for å studere kart, planlegge turar og drømme. Studere kart, sjå bilder, mimre om turar eg har gjort og drømme. Eg trur i alle fall ikkje at det fører til at så mange byrjar å ta i bruk urørt terreng. Dersom all denne informasjonen vert brukt til å setje saman turar, fører det i så fall til at stadig fleire samlar seg om dei same turane, det same terrenget. Går dei turane som andre har gått før, og som andre har beskrivi i bøker og på nett. Og stadig meir terreng vert liggande i fred for turgåarar. Nokre turperler unner eg alle å oppleve, og då skriv eg om dei på heimesidene mine, fortel om dei til venner, og viser fram bilder av dei. Andre perler held eg for meg sjølv.
  19. Dei drog nok ikkje med seg så mykje brennevin mot polen. Men ein må ikkje gløyme at ein sørpolekspedisjon i dei tidene innebar ei lang overvintring i forkant, og fare for ei minst like lang overvintring i etterkant. Og mykje av det som står att ved overvintringshyttene frå den tida, er utstyr som er hatt i land i tilfelle ei andre overvintring, og satt att når ekspedisjonen kjem seg nordover før den andre vinteren sett inn.
  20. Det er nok ingen fordel, men det har sin sjarm å starte fjellturen ved sjøen. Eg har sjølv gjort det ein gong frå Sognefjorden. Ein får ein heilt annan følelse når endeleg er oppe. Skal ein bare sjå på kva som er hensiktsmessig, kan ein vel droppe heile turen, men det er ikkje heilt greie på dette forumet
  21. Rundballehyssing, fås på felleskjøpet. Billig men går nok i din kategori tynne hyssingtråder. Om ein får opp knuten att, er meir eit spørsmål om kva slags knute ein bruker, enn kva hyssing ein bruker. Med rett knute, er det bare å dra i den lause enden, og knuten går opp.
  22. Den tørre er nok heilt tilsvarande blå extra. Altså ein universalvoks på tørr snø. Den våte er liknar mykje på raud spesial, men ikkje bruk denne så nerme 0 som du vil gjera med raud spesial.
  23. afe

    Bjørnespor

    Du ser eit dyr, men veit ikkje om du har det gøy før andre kan verifisere det. Altså lar du andre bestemme om du har det gøy eller ikkje. Du kan altså ikkje vurdere sjølv om du har det gøy. Det er ikkje rart folk vert deprimert. OK at det er kjekt å kunne skryte av at eg har sett ulv, men opplevinga der og då var det ikkje noko spesielt ved.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.