Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Ha sykkelen på taket. Eller inni bilen, men det krev jo at du har plass nok.
  2. Er ikkje det tilfellet for dei fleste gassbrennarane no? Eg har to brennarar frå Primus, og begge har piezotenning.
  3. Du vil aldri få like gode målingar med ein vanleg tur-gps som det som ligg til grunn for ØK, uansett kor mange målingar du legg til grunn.
  4. ØK er i alle fall langt å foretrekke framfor tur-gps når det gjeld nøyaktigheit av høgdemålingar!
  5. Då eg brukte tunelltelt, brukte eg konsekvent metoden vinterstid. Lengda på pulken, bestemmer kor lang den samanlagte stanga kan vera. For meg måtte eg dele teltstanga i 3. Då lot eg den fyrste (som sit att i stangkanalen) og andre delen vera lengst mogleg, så vart det att ein tredje seksjon som var mykje stuttare. Teltet mitt hadde åpning bare i den eine enden av stangkanalane, så festing av stangenden var aldri naudsynt for min del. Så er det bare å rulle teltet saman og legge det på toppen av pulken. Då hadde eg alltid enden som skulle mot vinden ytterst i rullen. Der hang det ein karabin på eine pluggfestet. Denne karabinen brukte eg til å sikre teltet i sekken/pulken/ski osv alt etter behov i forhold til vindstyrke, før eg rulla ut teltet. For meg var dette ein metode som både var rask og sikker under alle forhold. No har eg kuppeltelt med krokar, Hilleberg-metoden. Dette lar seg også sette opp sikkert i vind. Men det tar tid. Veldig lang tid i forhold til tunelltelt med stang-ferdig-kanal-metoden.
  6. Ikkje ver for oppteken av at din nye brennar skal kunne brenne gass. Gassbrennar har du alt. Skaff deg den du meiner er best til å brenne det flytande brenselet du skal bruke.
  7. Det er tydelegvis litt ulike erfaringar med vanlege teltpluggar i snø. Eg har aldri fått ein slik teltplugg til å halde i snø. Det er godt mogleg at det er betydeleg forskjellar på korleis ulike modellar og særleg ulike overflater gjer seg gjeldande. Ein gong eg ikkje hadde anna, satte eg plugg i alle pluggfester og alle bardunar, og håpte det beste. Om morgonen var det akkurat så mange pluggar att i kvar ende av teltet (tunelltelt) at teltet stod oppe, sjølv om frteltet var noko slakt. Før eg var ferdig med frukosten, ramla teltet saman. Eg var glad for at det ikkje hadde blåse opp om natta. Eg har aldri hatt med meg ein einaste ein vanleg teltplugg på telttur vinterstid etter på. Kun mine eigenproduserte treteltpluggar.
  8. Det er nok bra med både snøsmelting og vannføring på den tida.
  9. Lågen ovanfor samløpet med Heinelva, er totalt uberørt av kraftutbygging.
  10. Frå Dagali til Bjornesfjorden er det oppover. Eg trur det vil vera i seigaste laget
  11. For all del, det er greit å spørre om turtips. Men dess meir konkrete spørsml du stiller, dess meir konkrete svar kan du vente å få. For å finne interessante ting på kart, er http://www.kulturminnesok.no/ eit alternativ. Du finn ikkje turforslaga der, men kanskje nokre idear om plassar du vil innom. Dersom du absolutt vil ha beskrivelse av stigen, så har dnt dette, både i bokform og på nettet. Eit heilt anna alternativ og meir etter min smak, er å pakke sekken å bare gå, så vert vegen til etter kvart. Det er mange toppar på vidda, men få av dei er verdt å nevne. Store Skrekken, Blyvarden og Hårteigen kan nevnast. Om du er i nærleiken av nokon av desse, er heilt avhengig av kvar du vel å gå.
  12. wms-serveren http://openwms.statkart.no/skwms1/wms.topo2? viser i alle fall 1-meterskoter der slik fins.
  13. Det er nå tross alt bare å titte på nokre kart, så finn du raskt mange nok alternativ. Dersom du blar gjennom rutebeskrivelsen til dnt, får du også beskrivelse av stigane. Det kan vel ikkje vera naudsynt at nokon her på forumet skal ha gått turen før deg, eller? God tur.
  14. Problemet med å bruke høgda på eit trigonometrisk punkt som høgda på fjellet, er at det i veldig mange tilfeller ikkje ligg på absolutt høgaste punktet
  15. På skitur med overnatting er det kjekt å ha med seg jakke. Om kvelden då sola gjekk ned, oppdaga eg at jakka låg att i bilen.
  16. Hytta ved store Rostadvatnet
  17. Og det er fleire timar frå sola går ned til det vert mørkt, så de har god tid Eg ville gått over vatnet og funne meg ein teltplass på sørsida.
  18. Om sumaren (1/5-30/9). Ingen buss 29. mars
  19. Dersom du søv med ullundertøy, kan det tenkast at du vil finne ut at det var ein dårleg ide Eg har i alle fall ingen gode erfaringar med borrelås i nærleiken av ull.
  20. Den same anmerkinga kan du rekne at gjeld samtlige telt med same form. Altså telt med skråvegg i eine (eller begge) endane. Med gode luftemoglegheiter betyr derimot ikkje dette nødvendigvis at soveposen vert våt, i alle fall så lenge ein ikkje treng ta hensyn til snø. Og når ein er aleine kan ein ligge hjørnemellom slik at problemet vert redusert litt. Det heile kokar ned til eit valg mellom låg vekt eller betre komfort. Problemet merkar du særleg i vind. Då kjenner du vindpresset på føttene, ikkje spesielt behagleg. Men då er også ventilasjonen på det beste, så kondensproblemet er ikkjeeksisterande
  21. Impregner godt med Fjällräven greenland voks http://www.fjallraven.se/Produkter/tillbehor/greenland-wax I tillegg til å bli akkurat så stivt som du ynskjer, vert stoffet også vannavstøtande.
  22. Eg kan anbefale å gå beinvegen frå Hednedalsvatnet til Berdalen, Så slepp du å gå T-stigen heilt ned i Rausmesdalen med påfølgande 500m stigning. Eg har gått på nordsida av Adamsvatnet/Langavatnet. Det er temmeleg bratt ned til dammen på Langavatnet. Eit anna alternativ er sørsida. Uansett er det noko kupert for du må halde høgdene. Det er ikkje framkomleg langs stranda. Frå Østerbø er det grei stig oppover på begge sider av Langedalen. Ikkje la deg lure av vannføringa nede ved Østerbø. Det er eit bekkeinntak litt oppe i dalen. Ovanfor er det ganske stor vannføring og ikkje sikkert at det er så lett å koma over. Gå derfor oppover på vestsida. Når du kjem opp på fjellet, er det lettgått terreng, så du vil fort gløyme stigen, du har ikkje bruk for han. Rundar du på Nordsida av Norddalsvatnet, skal det ikkje vera nokon vanskelege vadingar. Dersom du treffer på flaumstore elver, er det aldri langt å gå rundt. Kildene er like i nærleiken.
  23. Slår opp teltet i eit passe stort rom, feks stua eller soverommet (eg har verken garasje eller dame), og heng det opp i taket etter to bardunar eller liknande. Ettersom fortelta bare heng rett ned, tar ikkje teltet meir plass enn omlag liggelengda. Der heng det til det er tørt og det avheng i stor grad av temperatur. Ein kald garasje betyr lenge, ei varm stue betyr kort tid. Sumarstid, og i godt ver er det nok å lufte det på verandaen nokre timar.
  24. afe

    kortefeller

    Det er enorm forskjell på slitasjen om ein går på hardt, isete underlag og i laus nysnø. På hardt, isete underlag ville eg ikkje vera overraska om fellene er slitt heilt ned på nokre få mil.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.