Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. For meg er friluftsliv noko eg gjer for min eigen del. Og kva andre meiner om mine vegvalg er totalt uinteressant. Så å la seg provosere av at nokon er så forfengeleg at dei meiner deires eigne vegvalg er meir verdt enn andre, bør du ikkje bli provosert av. Med mindre du er i same kategori, men har litt andre meiningar om kva som er dei rette valga
  2. afe

    Gassbokser

    Når du fyrst punkterer boksen, kan det vera lurt å lage to hol, slik at det vert gjennomtrekk. Då vil brannfaren reduserast raskare.
  3. Eg har meldt meg ut av DNT for mange år sidan, i protest mot ein sentralstyrt organisasjon. Så for meg får dei organisere seg akkurat som dei vil. Men så lenge DNT har satt DNT Oslo og omegn til å vera lokalforening for Hardangervidda, Breheimen, Jotunheimen og Rondane, kallar eg heile organisasjonen for sentralstyrt.
  4. På Hardangervidda, i Breheimen, Jotunheimen og Rondane? For oss som faktis bur i nærleiken av eit av desse områda, reknar IKKJE Oslo og omegn som lokalt. Skal dei vera lokal, så får dei halde seg i området rundt Oslo.
  5. Når ein ser på kva som er virkeområdet til DNT Oslo og Omegn http://www.dntoslo.no/index.php?fo_id=3071 ser ein tydeleg at ikkje all turistforeningsaktivitet vert styrt av lokale turistforeninger.
  6. Eg kan bare uttale meg på vegne av meg sjølv. Eg har eit veldig dårleg forhold til DNT som organisasjon. Inntrykket mitt er at det er ein arrogant, sentralstyrt organisasjon som med det store medlemstallet sitt, trugar seg fram i saker som veldig mange av medlemmene ikkje ville vera einige i dersom dei hadde vorte spurt. For min del toppa det seg på midten av 1990-talet då DNT førte ei navnesak som resulterte i at det vart innført eit nytt, historielaust og heilt unødvendig navn på eit fjellområde som hadde eit godt innarbeidt navn frå før. Det gamle navnet var akseptert og innarbeidt både lokalt og i offentleg forvaltning. Det var dråpen som fekk meg til å melde meg ut av DNT. Når det er sagt, har eg ingen ting i mot dei som går frå hytte til hytte sjølv om eg ikkje gjer dette sjølv, og eg går ikkje lange omvegar når eg ser ein raud T. Men det er unekteleg ein enorm friheit i å ha alt ein treng i sekken. Ein kan gå akkurat så langt og så lenge ein føler for det, for så å slå leir og vera der så lenge ein lystar, for så å velge vegen vidare etter innfalsmetoden. Og naturopplevinga vert ikkje mindre av at ein kan gå fleire dagar utan å treffe folk. Det er kvar si lyst, og det trur eg vert respektert av dei fleste, sjølv om enkelte prøver å framheve sine eigne aktivitetar som meirverdig enn alt anna. Det eg derimot har veldig lite respekt for, er dei som vel tur langt over evne, for så å ringe heim att halvvegs for å rekvirere redningshelikopter.
  7. Gløym heilårsposen! Det er fleire grunnar til det. Sumarsekken vert unødig tung, og det er ikkje behageleg å ligge i ein for varm pose. Vinterposen som i seg sjølv er ganske dyr, vert unødig slitt ved å bruke han resten av året. Det resulterer i at du etter kort tid, har ein tung sovepose som ikkje er varm nok vinterstid lenger. Derfor er det betre økonomi i å ha fleire posar, som bare vert brukt til det dei er best til. Sjølv har eg ein varm vinterpose, ein lett sumarpose og ein haust-/vårpose som er ein mellomting.
  8. "3-sesongars telt" kan vera så mangt. Og ganske avhengig av modellen, kan teltet delvis fungere vinterstid. Ein forskjell er eigenskapar i vind. Dette er avgjerande for telting i fjellet, men i tette skogen betyr det ingen ting. Lufting er også eit tema, enkelte telt har for dårleg lufting, slik at kondens (rim) vert eit problem, andre har litt for god lufting. Det sist treng ikkje vera det heilt store problemet, så lenge det ikkje bles snø inn i teltet. Men fyring i telt er ikkje heilt enkelt, verken i for tette (farlig) eller for luftige telt. Enkelte telt vil heller ikkje takle stor snølast,. Dersom ein har kontroll over værmeldinga, treng ikkje dette vera noko problem. Eg har sjølv opplevd at eit telt har lagt seg flatt under snøen, og der vert det ganske trangt, men det var sist i mai, og altså godt innanfor bruksområdet for "3-sesongars telt" Så dersom ein planlegg å bruke teltet vinterstid, kjøp eit telt som er konstruert for det. Dersom det derimot bare er "fare" for at det kan bli brukt vinterstid, under rimeleg kontrollerte former, ta høgde for det i valget av telt. Men mi erfaring, er at kravet til eit vintertelt og eit sumartelt, er så ulike at to telt er det mest praktiske, om enn dyrast. Då kan ein, heilt utan kompromiss, velge eit lett sumartelt som skal berast i sekk, og eit romsleg og solid vintertelt som skal ligge i pulken. Og for min del, har eg skaffa meg eit lite men solid (eigenskapar som eit fullgodt vintertelt, men lett for å ha i sekken på bekostning av innvendig plass) til vår- og haustbruk. Dette tåler godt hauststormar, og står godt på vårsnøen. Dette er eit telt fult av kompromiss, og er derofr både tyngre og trongare enn sumarteltet. Eg har altså ikkje verken heilårstelt eller "3-sesongars telt" lenger. Dersom ingen av dei to er lenger enn 185cm, Hilleberg Nallo. Det er eit veldig bra vår-sumar-haust-telt som godt tålar tilfeldig vinterbruk, også over skoggrensa. Dersom kravet er eit fullgodt vintertelt, Hilleberg Namatj. Då bør kanskje maks personlengde reduserast til nærmare 180cm ved kombinasjon av snø og vind.
  9. Dersom du er oppimot 190cm lang eller lenger, vil du ikkje verte fornøgd med Namatj, og andre korte telt med skrå endevegg. Ellers er Namatj eit utruleg bra vintertelt. Alternativet for oss lange, er Keron. Det er bygd på akkurat same lest, bare at det er fortelt i begge endar, slik at innerteltet har loddrette endeveggar. Kostnaden er litt høgare vekt og pris. Men det er det absolutt verdt dersom du er lang.
  10. Standarsvaret er nok at det ikkje går, men det er jo eit spørsmål om krav til nøyaktigheit. Dersom det er data frå ein turGPS, er nøyaktigheita i utgangspunktet så dårleg at ein enkel formel-basert transformasjon er heilt greit. Mitt tips vil i så fall fortsatt vera basert på proj-pakka som eg nevnte tidlegare i tråden. I den pakka er det eit program som heiter cs2cs. cs2cs taklar både datum-skiftet og projeksjonen i ein jafs.
  11. og Dyranut: http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=125512
  12. Laga av bord. Skåret omlag kvadratisk i snittet, og 20-25cm lang. Dei øverste 2-3cm lar eg det stå att litt meir, slik at bardunane/pluggfestet har noko å stoppe mot. Spissa dei litt i den nederste enden. Desse sett eg ned som vanlege pluggar. Dimensjonane har vore litt tilfeldig, alt etter kva eg har funne ved saga dei gongene eg har laga pluggane. Dersom ein har pluggen nedi så mykje på skrå, at ikkje kreftene drar han rett opp att, går det som regel bra. Det er rett etter at pluggen er satt ned at han sitt dårlegast. Så med litt tålmodigheit, så ser du nok at det går bra. Og dersom ein ikkje føler seg trygg på pluggane, er det bare å byrje å grave ned ski og stavar og stein og kva ein har tilgjengeleg.
  13. På snø brukar eg eigenproduserte trepluggar. Eg har aldri opplevd at desse ikkje får feste, men eg har opplevd at snøen er så hard at eg ikkje får desse ned. I tilfelle for hard snø, kan ein bruke vanlege pluggar. I råtten vårsnø er det beste trikset å tråkke snøen godt saman på heile teltplassen, då vil også pluggane sitje i fast snø. Problemet er å få pluggane opp att utan spade, det går bare ikkje. Dersom ein vel å telte på barflekkane, er det ein stor fordel med eit lite telt, det vil naturlegnok gjera det mykje enklare å finne ein stor nok, høveleg plass.
  14. Når det gjeld tunelltelt kontra kuppeltelt på Himalaya og polturer. Er nok svaret så enkelt som at tunelltelt er mykje raskare og enklare å setje opp/ta ned, det betyr mest på poltur/Grønland der ein flytt leiren kvar dag. I Himalaya er det i større grad faste leirar som skal stå, delvis ubevokta, over lengre tidsrom, og om det går 10 minutt lenger tid å setje det opp, spelar ingen rolle, medan den statiske styrka betyr mykje.
  15. Eg har i alle fall aldri opplevd fuktgjennomtrenging i botnduken på nokon av Hilleberg-telta mine. Og dersom det hadde vore eit vanleg problem, kan du vera sikker på at det hadde vore nevnt her på forumet tidlegare
  16. Eller ferdige program som td proj.4 http://trac.osgeo.org/proj/ Då er dei fleste tenkelege og utenkelege projeksjonar inkludert, og det er enkelt å legge til eigne projeksjonar.
  17. med omtrentleg 35000kJ/l parafin, vil ein halvliter på 2 timar tilseie 2,4kW. Etter mitt minne, det er mange år sidan eg har fyra med 111, held ikkje tanken i 2 timar på full guffe, så 2850W virkar ikkje usansynleg på meg. Ei mogleg forklaring på at reklamen har endra verdi, kan vera at 1800W er målt effekt i forsøk på å koke vatn, medan 2850W er beregna effekt. Det siste tallet har sjølvsagt funne vegen til reklamen for å ikkje vera dårlegare tall enn konkurrentane (som også oppgjev høgast mogleg tall av same grunn). Kva som er mest relevant i så fall, er avhengig av om ein skal koke vatn, eller fyre. Det kunne vera kjekt om produsentane også hadde oppgjeve lågast effekt brennaren greier å brenne jevnt og reint
  18. Og for å finne ut kor stor den teoretiske effekten er, er det bare å måle vekttapet i brenseltanken over eit gitt tidsrom. Forbrenninga kan ein med god grunn rekne for tilnærma fullstendig.
  19. I valget mellom NNN-bc og 75mm, er det mykje religion. Ei av mytene er at 75mm er meir stabilt og lettare å styre med. Dette er delvis ei myte. Utan hælbinding, er det ingen praktisk forskjell. Det er bare støvelvalget som er avgjerande. Stive støvlar gjev sabilitet, mjuke støvlar gjev resultat deretter. Ettersom støvelutvalget til NNN-bc er større i retning mjuke støvlar, har mange fått det for seg at NNN-bc ikkje er eigna på tyngre ski, og i bratt lende. Men stive støvlar finst. Er ikkje desse nok, må ein velge hælbinding. Når det gjeld NNN-bc-modellane, er det mange på dette forumet som sverger til magnum. Dette er faktis akkurat den same bindingen som den manuelle, bare at plastikken er litt breidare. I bruk er det ingen merkbar forskjell, prisen er også den same.
  20. Behov og behov. Tanken min om ei slik plate, er i tillegg til å vera stødig i snøen, at eventuell lekasje vil dryppe ned på plata og oppdagast med ein gong. I beste fall kan eg oppdage ein slik lekkasje straks etter at eg har byrja å pumpe, og altså før eg fyrer opp. Dette har også hendt meg ein gong, då var det pakningen mellom pumpa og flaska som ikkje tetta. For meg er dette eit heilt obligatorisk sikkerheitstiltak når eg har primusen inne i teltet.
  21. Har du gode erfaringar med det sjølv, og foretrekk det istadenfor telt, så er jo ikkje valget så vanskeleg. Hyttene ligg jo der og er fin avveksling når været gjer det freistandes
  22. Hugs at ved kokepunktet er trykket i boksen bare akkurat det same som utanofor, altså ingen drivande kraft for å få gassen ut gjennom brennaren. Temperaturen må godt over kokepunktet for at trykket skal kunne samanliknast med ein parafin/bensin-brennar der ein kan pumpe ordentleg trykk på tanken.
  23. Dersom det ikkje er svært viktig for deg at det er Åsnes sitt patent, så har Madshus byrja å produsere kortfelleller som vert festa som tradisjonelle langfeller, bare at det er skisåle frå tuppen og bakover til smøresona der fellen startar. Kostar nok litt meir enn tradisjonelle feller, men så passar dei til alle ski, og ikkje bare Åsnes-ski.
  24. Du kan jo legge alle lause stroppar på ei kjøkkenvekt og sjå sjølv kor mykje du sparar. Det er nok ikkje så mykje. For å spare vekt, kan du starte med å sjå på dei tunge tinga i sekken. Dette er sjølve sekken, teltet (eller fjellduken), soveposen og klede. Dersom du med fjellduk meiner den orginale, uisolerte, så ville eg velge telt, sjølv om dette vert 1kg tyngre. Eg kan rett og slett ikkje forstå at formen på denne fjellduken er eigna til å overnatte under. Og å gå over Vidda og overnatte under åpen himmel, er ganske avhengig av været for at det skal verte vellukka. Den sjansen ville eg ikkje tatt. Dersom du meiner ein av dei større fjelldukane, som også er isolert, er det fint lite å spare i vekt i forhold til eit lett telt. Og hugs også at foret i desse fjelldukane vil samle mykje kondens og derfor verte endå tyngre etter nokre få netter. Når det gjeld å fjerne unødvendig embalasje, så er det nok eindel å spare. Men fall ikkje for fristelsen å ikkje pakke soveposen vanntett. Dersom soveposen vert våt, skal det mykje til å kose seg på resten av turen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.