Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Og den mest praktiske enden, er enden som skal stå mot vinden. Då får du hjelp av vinden til å brette ut teltet, og du slepp å jobbe mot vinden.
  2. Det er sjølvsagt ikkje alltid lett å finne heilt tilsvarande modellar for å samanlikne, men i den grad eg har klart å samanlikne har alltid membranteltet vore tyngre. Forklaringa er veldig enkel. Ein duk med membran er laminert saman av 3 lag, der membranen er den midterste. Derfor vert vekta av duken mykje tyngre enn vanleg teltduk (ca 2,5x).
  3. Generelt er det ein vektfordel med eindukstelt, ulempa er kondens. Men dette gjeld ikkje telt med membran(slik som Exped Polaris). Telt med membran skal (i følge mange) fungere godt med tanke på kondens. Ulempa er derimot at desse telta veg noko meir enn tilsvarande 2-dukstelt.
  4. Eg har aldri med meg slikt på tur! Som kniv er ein god tollekniv mykje betre. Vinterstid har eg med meg ein kubbebitsholder med bits som passer til skruvane i skibindingen, skrujernet i Letherman passar ikkje. Skulle eg finne på å ha med meg ei nebbtang, har eg mykje betre tang enn den som er i Letherman. Til primusen fulgte det med verktøy som fungerer til sitt bruk.
  5. Eg greier meg med ein kjele. Men då vert det ikkje ein kaffikjele som nevnt i tråden. Då skal eg ha ein ordentleg kjele som er eigna til å lage mat i. Mykje enklare å vaske enn ein kaffikjele også! Enkelte gonger har eg nok med meg ein liten kaffikjele i tillegg. Vinterstid har eg i tillegg ein stor kjele til snøsmelting. Då smeltar eg snø i den store kjelen. Snøsmeltingkjelen går litt på og av primusen ettersom denne er ledig. Då kan eg starte med matlaging lenge før all snøsmeltinga er ferdig, og fortsette snøsmeltinga innimellom.
  6. Å kunne brenne gass er knapt noko pluss. Dei fleste reine gassbrennarane er langt betre til å brenne gass. Så skal du bruke gass, vert du mykje meir nøgd med ein eigen brennar til det bruket. Det er i alle fall mitt råd.
  7. Det er litt avhengig av kva som er grunnen til at du vil ha stormmatter. Er det bare for at teltet skal vera tett mot bakken, er nok ei slik løysing grei. Dei teltprodusentane som har brydd seg om å lage telt som er tett mot bakken, har derimot greidd dette utan å bruke stormmatter. Dersom målet er å bruke stormmattene som ein del av forankringa, må det i alle fall festast betre enn med borrelås og trykknappar, ordentlege knappar eller liknande bør fungere. Borrelåsen må likevel til for å tette, men borrelås og snø, er ein kombinasjon som eg er veldig glad for at ikkje er brukt på vinterteltet mitt i alle fall. Dersom ein teltprodusent ville finne på å lage noko slikt, ville eg tru han vil bruke ein lang glidelås av det litt kraftige slaget, og ein klaff med borrelås over. Festeopplegget vil uansett medføre ein betydeleg meirvekt. Ikkje betydeleg i forhold til totalvekta av teltet, men betydeleg i forhold til meirvekta som stormmatter representerer. Det ville sikkert verte skrytt opp i skyene, og bli testvinnar i Fjell og vidde. Men i praktisk bruk, trur eg det vil bli ein flopp.
  8. Truleg dårleg skiføre. Det har vore lite snø i vinter, og våren er tidleg i fjellet i år. Eg ville ikkje planlagt ein tur så seint, dersom ikkje nokon bekrefter at skiføret er bra ein dag før du reiser.
  9. Gassen varer lenger. Trykket vert lågare i boksen ved lågare temperatur, og då greier du rett og slett ikkje å tømme boksen så fort.
  10. Sportsnett har det i alle fall i web-shopen sin: http://www.sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=HIL99&var_1=HIL99-328-1&categorynu=&categorytxt=
  11. Eg skreiv "når det gjeld teltstengene, er dei akkurat like tjukke som stengene var på alle heilårstelt til Hilleberg for få år sidan, inkludert Keron og mitt eksemplar av Nammatj." Det er ikkje så mange år at Hilleberg har levert dei kraftigaste telta sine med 10mm (10.25mm) stengar. Tidlegare vart alle modellane levert med 9mm stengar. Eg har 9mm stengar til mitt Nammatj-telt. Dersom du ikkje trur meg, kan du ta ein tur hit for å kontrollmåle dei. Dersom du ikkje stolar på skyvelæret mitt, får du ta med sjølv
  12. Når det gjeld ventilasjon og primusfyring/snøsmelting/vannkoking, så fungerer takventil veldig bra. Med ein liten gløtt nederst i teltåninga også, så har ein faktis gjennomtrekk etter skorsteinsprinsippet. Det fungerer utmerka godt til vinterbruk, dette har eg gode erfaringar med, riktignok ikkje akkurat denne teltmodellen. Eg har også erfaring med telt med ventilasjon basert på gjennomtrekk etter vindretningsprinsippet. I dårleg ver (les snøstorm) fungerer dette dårleg, fordi ein må stenge ventilen mot vinden for at ikkje teltet skal fyllast med snø. Når det gjeld skråveggane, så er eg einig i at det fungerer dårleg, men det treng ikkje vera noko problem for korte personar. Og når det gjeld teltstengene, er dei akkurat like tjukke som stengene var på alle heilårstelt til Hilleberg for få år sidan, inkludert Keron og mitt eksemplar av Nammatj. Og dei har aldri vore for tynne for meg. Å konkludere med at eit telt (heilt generelt) ikkje fungerer som vintertelt, fordi det ikkje passer til dine behov og dine teoriar om ventilasjon, vert ikkje riktig. Det vert som å påstå at Helsport Svalbard ikkje fungerer som vintertelt fordi eg har eit telt som passar betre for mitt behov. Unna er heilt sikkert eit bra vintertelt for dei som det passar til, og det kan heilt sikkert fleire på forumet bekrefte. Det har sine begrensingar, men det har absolutt alle telt.
  13. Eg skreiv "delvis synsbedrag" Reint generelt er det meir snø jo lenger vest ein kjem, og det gjeld i år også. Men det nevnte synsbedraget forsterkar inntrykket kraftig. Så når det er heilt greit å gå vestpå, ser det fortsatt ut til å vera mykje snø dersom ein ser landskapet på avstand austfrå.
  14. Dette er delvis eit synsbedrag Med rådande vindretning frå vest, vil det alltid vera meir snø i austvendte helningar, og då vil det også sjå ut som det er meir snø når ein vestover enn når ein ser austover. Det har vore lite snø i fjellet i år, og det er tidleg vår, så fyrst i juli bør det vera greit. Men snøen har så langt vore unormalt laus, så det kan bli seigt dersom ein må gå i mykje snø. Sjølv har eg planlagt å ta siste skituren til helga.
  15. Under 1400moh er det ingen problem, høgare vert det raskt vanskelegare. Med einmannstelt lar det seg gjera å finne gode plassar i høgda også, men over 1500moh vert det langt mellom desse plassane også, men dei finnst. For større telt, kan det vera betydeleg vanskelegare å finne store nok plassar så høgt. Dersom du har høgda i tankane, og byrjar å sjå deg om etter teltplass ein halvtime eller time før du må slå leir, skal det ikkje vera noko problem.
  16. Romsleg men fast. I lengda skal det vera slik at ikkje tåa ikkje buttar mot i nedoverbakkane. Snøringa skal halde foten på plass bakerst i støvelen. I breidda skal heller ikkje skoen vera trang, men ikkje breidare enn at du kan stramme han godt saman med snøringa. Då kan du enkelt passe romslegheita til dagsformen og terrenget. Prøving bør skje seint på dagen, gjerne ein dag du har stått og gått mykje. Foten er større då, enn om morgonen. Dersom du ikkje greier å snøre støvelen fast rundt foten, då er støvelen for stor. Og dersom støvelen ikkje følest behageleg på foten, er det feil lest, finn ein annan modell. Det er greit at støvelen delvis tilpassar seg foten etter ei tids bruk, men ein støvel som passar i utgangspunktet vil alltid passe betre, enn ein som må "brekkast inn". Når det gjeld sokkar, brukar eg eit par tjukke ullsokkar, uansett temperatur.
  17. Det finnst Milo utan parfyme.
  18. afe

    Skarvheimen 2010.

    Hallingskarvet nasjonalpark ligg i sin heilheit i det du kaller Skarvheimen.
  19. Det er riktig at du ser Skogshorn litt til høgre for midten. Til venstre ser du Storehorn og Såta. Reineskarvet såg du utanfor venstre bildekant.
  20. Det er nok så enkelt som at det ikkje er å få tak i brei nok duk. Akkurat dette har Helsport kommentert sjølv i punkt 5 på http://www.helsport.no/no/SERVICE/sporsmal_og_svar/Telt_sporsmal_og_svar
  21. Det riktige kokepunktet er -42°C. Men ein kan ikkje bruke ein propanbrennar ned i mot denne temperaturen, for då er ikkje trykket større i boksen enn utanfor. Det vert som å bruke ein parafinprimus utan å pumpe trykk i tanken.
  22. Kva skal ein med hodelykt om sumaren? Eg greier meg i alle fall fint utan frå mai til reinsjakta startar 20. august. Og det er også den datoen eg reknar at hausten startar. Og eg oppheld meg sør for Jotunheimen.
  23. Nei , det er politikk, ein kan vera einig eller ikkje, men det har ingenting med forfengelegheit å gjera. Det eg meinte med forfengeleg, er dei som anten rakkar ned på folk som går på stig fordi det ikkje er høgverdig nok, eller som går på stig og bekymrer seg for om det vert godkjent på FjellForum. Det var dette spørsmålet som var utgangspunktet for tråden.
  24. Nei, det er ikkje farbart med tanke på snø. Du kan rekne med store områder med laus snø, men ikkje samanhengande slik at det er skiføre. Flaumstore elver, og isen har ikkje gått på dei fleste vatna, men det er nok gått enkelte plassar. Vent til i juli, eller gå ein annan plass.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.