Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Kondenseringa startar ved den temperaturen lufta er metta (doggpunktet). Ettersom temperaturen vert ytterlegare redusert heilt ut i friluft, vil det også foregå kondensering heile vegen ut, inkludert på yttersida av posen!
  2. Det er det som står i inlegget over, ja. Men han tar feil Det er nettopp varmen innanfrå som gjer at soveposoverflata held litt høgare temperatur enn lufta rundt, som gjer at fuktigheit utanfrå ikkje kondenserer på soveposen.
  3. afe

    fjellvotter

    Men når det virkeleg er bruk for vindvotter, er det vind, og med vinden kjem mildværet Sjølv brukar eg lette (tynne) bomullsvotter utanpå passe varme ullvotter i kulda. Desse er vindtette nok, pustar godt, men tiltrekjer seg fuktigheit dersom dei får sjansen til det. Dei er impregnerte i grepet ettersom skistavane likevel ikkje pustar. I sekken har eit par litt stivare, lengre og meir vannmotstandsdyktige vindvotter. Desse brukar eg kun når det er behov for det. Og dei vert alltid meir eller mindre fuktige av kondens innvendig, men det er bare slik det er. Ballansegangen mellom fuktigheit innanfrå eller utanfrå må ein sjølv bestemme seg for.
  4. Det går, av heilt naturlige grunnar, ikkje ann å stille ting som blendar etter at bildet er tatt!
  5. Så ille er det heldigvis ikkje. Karbondioksid skal det vera, og vatn.
  6. Denne byrjar å bli gamal Strengt tatt har eg ingen aning, men dersom diktet skal vera eit hint, må ein til Ulvik, og i så fall passar Balåi. Om bildet er frå same plassen er ein heilt annan sak.
  7. Det eg meiner er at ein såkalla bommulsdott ikkje er laga av bomull. Les på pakka ein gong til, så ser du at det er eit eller anna kunstfibergreie. Og, ja, det brenn som bare det, men det er fordi det er eit eller anna kunstfibergreie.
  8. Folk får sjølvsagt ta med seg kva dei vil på tur. Sjølv har eg vanntett fyrstikkboks, og har aldri opplevd at fyrstikkene mine har vorte våte. Denne boksen er med ut over 100 dagar i året og har vore med meg i over 10 år. For å vera på den sikre sida, har eg med to slike boksar på langtur. Så eg ser ingen grunn til å bekymre meg for våte fyrstikker.
  9. Og grunnen til at bomullsdotten brenn, er sjølvsagt at det ikkje er bomull
  10. Det er mange meiningar om ulike bindingar, men dei fleste er basert på fordommar og religion... Mitt råd er å starte med å finne støvlar som passer føttene dine, så kjøper du dei bindingane som passer støvlane.
  11. Eg har ei slik lykt, og mi erfaring er ikkje bare positiv. Med litt trekk eller at lykta ikkje står heilt rett, vert det fort til at lyset byrjar å renne, og då vert det for trangt til at matemekanismen fungerer. Då er det bare å demontere og renske. Etter at eg fekk meg ei LED-teltlykt, har eg aldri savna stearinlykta.
  12. Eg har ein slik, men min er ca 200g tyngre. Men det er vel pga ulike lengder, eg har den lengste. Eg har brukt posen som vår/haust-pose nokre år no, og har enno til gode å fryse i han. Men eg trur heller ikkje eg har hatt noko særleg under -10°C. Eg har heller aldri hatt behov for å tøye grensene for denne posen, for eg har ein varmare vinterpose til det.
  13. Det er ingen nysnø (bekrefta i dag tidleg). Av gamal snø er det veldig lite, men dei fennane som er, er det mykje is. Ein så lang dagstur over stort sett bare stein? Og du tydelegvis ikkje har erfaring nok til å vurdere det sjølv. Gløym det! Og dersom du likevel ikkje gløymer det. Ta i alle fall med hovudlykt. Og ha ikkje nokon planar om fottur dagen etterpå. Det er ikkje sikkert du finn plass til teltet heller, så Lordehytta, evt ein teltplass i nærleiken, er nok det rette. Men dette forstår du onsdag kveld.
  14. afe

    Helsport :-)

    Ja dersom ein opplever vind oppimot kva teltet ikkje greier, har ein i alle fall ingen sjans til å sova i det same teltet. Det skal ikkje så mykje vind til før teltduken byrjar å slå ein i ansiktet, og det er ingen behagleg måte å vakne på. Så då kan ein like godt gå ut for å måle vinden. Men eg trur det vert å sitje ute lenge før teltet reiser. Men uansett kjem du til å ta med deg eit anna telt neste gong du venter vind. Ringstind er eit sumartelt, og er kun eigna til finvær. Det er vekta som er fordelen til teltet.
  15. Ved å køyre til Skarvanstølen sparar du ein bompassering(avgift) i forhold til Reine. Ellers er det ikkje så stor forskjell på vegen opp på skarvet. Det er litt brattare opp frå Reine, men desto kortare til toppen, og meir stein. Hestebotn er mykje grassletter på nordsida av elva. Ellers er skarvet fyrst og fremst stein. Vekslar sjølvsagt noko i kor grov stein det er, men generelt meir finmasse lenger vest. Dersom målet er ein lenger tur, altså ikkje bare rett opp på toppen og ned att, er grasslettene i Hestbotn nøkkelen til lett gange vestover, og då er Skarvanstølen det naturlege utgangspunktet. Det er også der det er fine plassar til overnatting. Både med tanke på underlag og tilgang på vatn. Men dersom du skulle finne ut at skodda stoppar deg frå turen oppå skarvet, er ein tur oppunder skarvet på sørsida vel verdt ein tanke. Då kan du starte frå Lauvdalen eller Reine.
  16. Det er fint å gå opp rett på vestsida av Eitrejuvet. Der er det eigentleg ein stig. Men slik været ser ut no, må du regne med skodde, og då kan det vera vanskeleg å finne stigen ned att. I så fall har du eit problem! Det kan hende du får problem med å finne stigen opp også, men det betyr bare at du ikkje kjem opp på skarvet For overnatting oppå skarvet, vil du nok ha mykje større sjanse for å finne leirplass som er stor nok til å ligge behagleg, dersom du køyrer til Skarvanstølen og går opp i Hestebotn (der er det gras), eller køyrer til Vallo og går opp i Svorbattan/eventuelt mot Sandskaret (skaret ber navnet med rette). Dette er også dei finaste plassane å gå, i tillegg til at det er rimeleg sikre plassar i dårleg sikt. Du skulle ha vore der forrige helg, då var det shortsvær!
  17. Faktum er at gapahuk er totalt ubrukeleg til formålet.
  18. Så lenge du subber føttene langs bakken som om det er filttøfler på parkett. Men med ein gong ein skal til å løfte føttene for å gå..... Men greit nok, belastninga vert ein annan.
  19. Sjølvlaga er greit nok, sjølv har eg laga alle snøpluggane mine på Gjerdesaga Men standardtetpluggar har veldig dårleg hold i snøen, og bruk av ski og stavar begrenser friheita etter at teltet er satt opp, derfor nevnte eg behovet for snøpluggar.
  20. Eg har i alle fall respekt for skapningar som er så store at dei kan knuse meg. Ikkje fordi dei vil meg vondt, men fordi dei eventuelt ikkje bryr seg, og eg vert knust bare fordi eg tilfeldigvis er i vegen for dei.
  21. Hilleberg sine telt er konstruert for å fungere utan stormatter, og fungerer derfor utmerka godt utan. Men gode snøpluggar treng du, eventuelt kompletert med ski og stavar. Men det siste gjer at du er låst fast til leiren etter at teltet er slått opp. Sjølv likar eg å kunne utforske terrenget litt med skia etter middagen.
  22. Men skal ein jakt rein, må ein ha kort, og det er kanskje litt i seinaste laget å få tak i no. Så den reinsjakta han ein bare gløyme for i år.
  23. For at det skal vera lett å sjå mot snø, i snødrev eller skodde, er det kontrast mot det kvite som gjeld. Mørkast mogleg er altså lettast å sjå etter mi erfaring. Helsport si grønfarge er riktignok så lys at det ikkje er noko særleg betre enn raudfarga. Gulfarga som Helsport brukar, er ikkje eigna til anna enn å signalisere at det er eit Helsporttelt. Roald Amundsen farga teltet sitt svart for at det skulle synast, og for at dei skulle ha noko å kvile augene på i alt det kvite. Hilleberg si grønfarge passer veldig godt til mine krav til synbarheit i snø, men er desverre så mørkt at det synest betre enn eg likar på barmark(der er Helsport-grønt betre). Det er heller ingen grunn til å skygge vekk frå alternative produsentar. Det finst mange telt som har langt betre kvalitet enn Helsport sine. Etter to stangbrekk i Helsporttelt (i løpet av teltet sine fyrste 25 netter ute), skal det i alle fall mykje til at eg legg vintersoveposen min i eit Helsporttelt nokon gong. I fjellet her vart det brukt raude løypestikker for nokre år sidan. Dette var nok eit resultat av at nokon trudde at raud skulle vera lett å sjå. Desse er heldigvis bytta ut med svarte stikker no, og det merkast godt at dei er lettare å følge i snødrev.
  24. Ortlieb har nokre fotovesker som oppfyller krava. Fordelen med Ortlieb sine i forhold til det meste du får kjøpt i fotobutikkar, er at Ortlieb sine er vanntett. Sjølv har eg den største aqua-cam'en, men denne er nok større enn det ser ut til at du har behov for. Eg ber veska på brystet, slik at kamera alltid er lett tilgjengeleg, og då betyr ikkje dei ytre måla så mykje som dersom ein skal putte veska ned i sekken.
  25. Eg brukar spareblussringen. Så lar eg brennaren bli kald før eg sett på lokken. Dersom brennaren er varm når ein sett på lokket, skjer eit av to. Gummipakningen smeltar og vert øydelagt, eller det vert undertrykk når lufta/spriten vert kald. I begge tilfella kan det vera veldig vondt å få lokket av att.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.