Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Lite snø enno, men utover det er føret heilt greit.
  2. Unnskyld at eg spør, men på kva måte øydelegg du BC? Det svake punktet i BC-bindingen, er skruene som sitt i skia, og dei er nøyaktig lik skruene til 75mm-binding.
  3. Det er minst like mykje som kan gå galt med 75mm. Såleknekk er truleg det mest vanlege. Men skiknekk er likevel endå meir vanleg enn problem med støvel/binding Mitt råd når det gjeld valg av binding, er å fyrst finne ein støvel som passar på foten, så ein binding som passar til støvelen. Det vanlegaste er derimot å velge binding utfrå fordommar, og så ein støvel som passar bindingen. Men då vert sjansen for å finne den beste støvelen mykje mindre.
  4. Dersom primusen er grunnen til brann, er det gjerne teltduken over primusen som tar fyr. Og då er ein ille ute uansett. Dersom det er eit stearinlys (eg forstår ikkje at nokon brukar slike i telt) som har velta, er det mest effektivt å drepe flammene med å legge noko over. Dersom ein treng meir sløkkemiddel vinterstid, så kan ein bruke av det kvite pulveret som er utanfor teltet. Men dette vert mest aktuelt for å ettersløkke ein teltbrann.
  5. I motsetning til dei andre soveposesystema til forsvaret, er ikkje mobposen laga for å bli vaska og desifisert for kvart år, så posen er i eit stykke, på same måten som sivile soveposar. Posen er tung i forhold til isolasjonsevne, men dersom det ikkje betyr noko, er det ein grei, og god pose. Eg trur ikkje eg ville stolt på at han held meg varm i -30, men -20 skulle eg nok ta sjansen på.
  6. Eg har nok erfaring med den soveposen, til at eg i alle fall ikkje tilbring ei natt i ein slik frivillig! Det er betre å kle seg godt, og ligge utan sovepose, noko eg praktiserte på slutten av militærtjenesta.
  7. Då er det viktigast å måle på same måten alltid. Om du plusser på 10%, 25%, 50% eller ingenting, spiller ingen rolle, så lenge du er konsekvent. Då er 0 tillegg sjølvsagt det enklaste Dersom du få skilnad på sykkeltriptelleren og GPS-en, så er det mest truleg at omkretsen på hjulet ikkje er nøyaktig det som triptelleren trur. Dersom GPS-en får gode signal heile tida, slik at han ikkje gjer stadige hopp til sides, så vert GPS-målingane det mest nøyaktige du kjem.
  8. Dersom du legg ein linjal frå startpunkt til sluttpunkt, så kan du nok legge til nokre prosentar, særleg dersom du går ein rundtur Men dersom du måler mest mogleg langs ruta di, skal du ikkje legge til noko som helst. Det skal vera styggende bratt før du treng ta hensyn til høgdeskilnader. Dersom du er ute etter rekordar og noko å skryte av, skal du legge til 25% eller meir. Det er uansett dette tilhøyraren trekker frå.
  9. Krav til alle kamera eg har, er at all basisfunksjonalitet (dvs alle innstillingar som skal gjerast i felt) skal brukast gjerast med vindvotter på!
  10. Du må sjølvsagt puste, men ikkje pese. Derfor går det ei grense ein plass der ein må ta det roligare på grunn av pusten. Kvar denne grensa er, er sjølvsagt individuelt. Når det er så kaldt, må ein også kle seg forholdsvis betre, fordi ein ikkje kan halde så høg intensitet, og derfor produserer mykje mindre varme.
  11. Dersom det bare er lange skiturar, og ikkje hovudsakleg telemarkkøyring, så foretrekk i alle fall eg å velge utstyr som er eigna til å gå langt med. Og det vil seie lett utstyr og nnn-type bindingar. Sjølv har eg brukt nnn-bc i mange år no, ettersom det er til denne bindingen eg har funne støvlar som passar til bruken min (halvhøge lærstøvlar til å gå lange skiturar).
  12. Slik det er no, er det ikkje kulda som stopper skiturane, men mangel på snø
  13. Takk. Men med eit stort forbehold om at eg var litt for rask på labben då eg skreiv at meir greina karbonkjeder gjev høgare smeltepunkt. Det er truleg omvendt. Men at ulike karbonkjeder har ulike smeltepunkt er sikkert.
  14. Forskjell på karbonkjedene. Høgare smeltepunkt på lengre eller meir greina karbonkjeder. Tilsvarande som kokepunktforskjellane på propan/butan/isobutan.
  15. Det er vatn som utvidar seg når det frys, det er ikkje vanleg for andre stoff. Så nokon frostsprenging på grunn av at tennvæska frys i lampa, er det ingen fare for.
  16. I ein ideell verden, så er nok dette riktig. Mi erfaring er derimot at når eg går med sekk, ender jakkekanten oppunder hoftebeltet etter rimeleg kort tid uansett. Så jakka må altså vera betydeleg lenger for å vera lang nok. Dette har eg tatt konsekvensen av ved å kle meg riktig nedanfor jakkekanten, og la jakke vere jakke.
  17. Heile teorien om "smørelomme" er basert på at ein går på slett og fast underlag, og gjeld stort sett bare i preparert løype. I laussnø vil heile skia vera i kontakt med underlaget uansett om det er såkalla smørelomme eller ikkje på skia. Og på fast fjellsnøunderlag, som sjeldan er heilt slett, vil skia vera i kontakt med underlaget litt her og litt der, fortsatt heilt uavhengig av om det er såkalla smørelomme på skia.
  18. afe

    Mat på tur

    Dagligvarebutikk.
  19. Mine telt har klaff med glidelås som sjølvsagt kan betjenast innanfrå. Klaffen er av godt ventilerande stoff, men så tett at det stoppar snøen. Andre løysingar er snurpestramming med snorlås.
  20. I tilfelle snødrev, kjem det nok inn ein del snø gjennom dei åpne ventilane.
  21. Sjekk åpningstidene til dei hyttene de planlegg å besøke. Betjente hytter kan de vel bare glømme i januar. Sjølv ville eg ha basert turen på telt.
  22. Det er nok på grunn av større ting, altså søppel som folk bare sleng frå seg.
  23. Les heile bruksanvisninga ein gong, så forstår du (kanskje) at metoden går ut på å finne ut når skuggen av pinnen er like lang på oppadgåande sol (formiddag) og nedadgåande sol (ettermiddag). 20 minutstrikset er bare å gjere dette over kortare tid rundt kl 12. Dersom du ikkje gjer dette på denne måten, men slik du har beskrevet tidlegare i tråden, vil du snart ha bruk for eit av dei andre triksa i tråden for å finne heimatt
  24. Gjer du dette med tette nok interval rundt (lokal) klukka 12, vil nord vera der skyggen er stuttast. Dette kan gjerast veldig nøyaktig (ved å bytte ut pinnen med ein sekstant eller ein teodolitt) og var hovudmetoden for Amundsen for å finne sørpolen. Magnetkompasset var delvis ubrukandes i dei traktene, og viste i alle fall ikkje nord og sør. Men dette vert noko heilt anna enn den metoden med å setje føttene på to punkt med 20min avstand.
  25. Eg har ein dunvest liggandes ein eller annan plass. Det var eit plagg eg aldri fann noko nytte av.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.