Sjølv har eg alltid (på pulkturar) med meg eit par fotposar i storleik som passar utan støvlar på. Eit av høgdepunkta i leiren er når teltet er oppe og eg kan skifte av meg skistøvlane og få på meg turre sokkar og fotposane. Desse fungerer altså som leirtøflar både inne i teltet og utanfor. Eg kan absolutt ikkje tenke meg å ha på meg skistøvlane eit minutt meir enn nødvendig inne i teltet. Men kvar si lyst sjølvsagt
Andre tips når det gjeld den aktuelle vermeldinga, er å setje opp teltet litt høgt i terrenget for å slippe unna kuldehol. Og på ein plass som gjev morgonsol. Dersom ein ikkje er veldig ivrig med å koma seg ut tidleg, kan ein få ein behagleg temperatur i teltet bare av sola.
Med dei meldte temperaturane, er det svært sjeldan kombinert med vind som betyr noko (i det aktuelle området, vel og merke). Og temperaturen midt på dagen, vil nok ikkje vera så låg som yr.no antydar. Helga som var, hadde same vermeldinga, og temperaturar mellom -20 og -30 om natta, og mellom -5 og -15 på dagtid. Finse hadde oppe i -13,6 12. feb, og -11,0 13. feb og henholdsvis -29,3 og -28,6 om natta (ifløge yr.no). Litt høgare i terrenget var det nok mildare.