Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Du skal gli på flate ski, altså ingen innovertiltig før i slutten av frasparket.
  2. Når det gjeld spade, så er det mange hensyn å ta. Dersom de er fleire som skal på tur i lag, er mitt råd å ha litt ulike spader. Forsvarets modell (Fiskars?) er nevnt, og er truleg den beste som finnst på veldig hard snø/is, men alt for liten til flytte mykje snø med. Ei større skuffe bør vera med til den jobben. Resten kan ha "vanlege" turspadar.
  3. Forskjell med og utan tett filter er enorm. Når det gjeld forskjellen med og utan reint filter, har eg har ikkje gjort nokon samtidig samanlikning. Eg har bare observert at brenneren utan filter oppfører seg slik eg forventar at han skal, og slik han gjorde før filteret vart tett. Det var heilt bevisst frå mi side at eg bare skreiv kva eg sjølv har gjort, utan nokon eksplisitt anbefaling for kva andre bør gjera.
  4. Etter det eg har forstått, så er dette same brenneren som i Nova. I alle fall har eg brukt Nova utan dette filteret i snart 10 år utan noko problem.
  5. Då slit ein veldig med stivt drag. Og når pulken velter rundt, må draget av for å få pulken på rett kjøl att. Det er i slike skrålier at eg forbannar draget, og alltid bestemmer meg for å prøve taudrag neste gong.
  6. Til informasjon, så er ikkje Gol på fjellet, det er låglandet.
  7. Eg kjøpte det den gongen eg fortsatt hadde tru på heilårsteltet. No har eg eit større vintertelt, eit mindre og lettare haust/vårtelt, og eit endå lettare sumartelt. Men dersom eg skal på ryggsekktur på kaldaste vinteren, så vert det nok nammatj.
  8. Vinterstid når det likevel ikkje er mygg, brukte eg ligge med hovudet mot den snønedtrykte bakveggen, og føttene ut i ytterteltet (i friluft over gropa).
  9. Han nevnar dårleg ventilasjon, som også er eit resultat av låg vekt. Og med hans 174cm, så skal ikkje liggelengde vera noko stort problem.
  10. Som eg skreiv "Kjem an på ..." Den største forskjellen er nok toleransen for kva som er eit problem. Og denne toleransen kan vera mykje høgare dersom ein er ute etter eit lett telt, og er bevisst på at dette er ein måte å få ned vekta på teltet på, enn dersom ein er ute etter romsleg telt. Det minst gunstige været for liggelengda i denne typen telt, etter mine erfaringar, er snødrev som legg seg oppover teltenden og pressar denne ned som ein pressar kaviar ut av tuba. Då vert rett og slett teltet nokre desimeter stuttare i løpet av ei natt.
  11. Anslaget mitt var at ein person på 1,5m skulle ha plass i teltet utan å sparke borti teltduken. Skal eg (1,9m) ligge i same teltet, syner det på utsida at teltet er litt for kort
  12. Kjem an på kor stor sovepose og kor tjukt liggeunderlag. Sjølv har eg ikkje Nallo, man Nammatj, og der vil eg anslå omlag 1,5m med vintersovepose. Litt lenger med ein tynn sumarsovepose. Ligg du hjørne-til-hjørne, kan du vera endå litt lenger. Men ein må ikkje vera så redd teltduken at ein ikkje kan vera borti han. Kontakt med teltduken er bare ein av ulempene ein må ta med seg dersom ein skal ha eit lett telt. Opptil ca 1,8m bør vera uplroblematisk. Sjølv er eg 1,9m og har hatt mange netter i Nammatj-teltet mitt, dei fleste med vintersovepose.
  13. Som regel er det greit å bare rette ut att ein bøygd aluminiumsstav. Men dersom har var bøygd mot stålkanten, hadde han vel fått ein knekk, og ikkje ein bøyg, og då er det gjordt.
  14. Eit raskt blikk på norgeskartet gav meg Trysil-Gulen som det breiaste.
  15. Det er då andre som leverer propan også, og både kokeapparat og lamper for propan. Men det er ingen av desse som vert markedført for ryggsekkbruk. Men sjølv med ein 12kg propanbeholder, er det ikkje all verdens tid ein kan ta ut 3kW før effekten vert kraftig redusert i temperaturar under 10°C.
  16. Dersom målet er at stormmattene skal bidra med forankring, ville eg valt eit stoff som ikkje er så glatt. Litt tyngre, men så treng ein ikkje så store flak som ein må ha dersom glatt teltduk skal fungere.
  17. Det er sikkert mange som har prøvd. Men alle kjem til ulike temperaturar Det finnst ingen nøyaktig grense fordi gasstrykket er ikkje ein av-på-brytar ved kokepunktet som enkelte ser ut til å tru. Gasstrykket er ein funksjon av temperaturen, og då er vert også effekten av apparatet som er påkobla, ein funksjon av temperaturen. Så spørsmålet vert kor stor er ei flamme. I tillegg kjem avkjølingseffekten, som gjer at apparatet fungerer tilsynelatande på god effekt for den som barre sjekkar om det fungerer. Og for den som brukar apparatet, så vert effekten redusert kraftig etter kort tid. Kor rask nedkjølinga er, er avhengig av gassforbruket og den totale varmekapastiteten i gassboksen. Ein nesten tom boks vil kjølast ned mykje raskare enn ein stor og full boks, sjølv om trykket før ein tenner på er det same.
  18. Forutsatt at den på ein eller annan måte vert ført varme ned på gassboksen. Eg kjenner ikkje til den lampa, så om så er tilfelle, kan eg ikkje uttale meg om. Ellers er det generelle å seie om gass, at denne vert nedkjølt ved fordamping. Slik at temperaturen i gassboksen går ned ved bruk.
  19. Lykt som slår seg på og av heile natta medan vinden får teltduken til å slå og blafre? Nei takk.
  20. afe

    DNT og Snøheim

    OK, beklager feil valg av ord. Den oppfatningen kan eg lova deg at det er mange som ikkje er enig i.
  21. Men det er ulike ord på lys, og ikkje ulike ord for snø.
  22. afe

    DNT og Snøheim

    Den påstanden kan eg lova deg at det er mange som ikkje er enig i.
  23. Det er 2 gonger eg har vore i Aurlandsdalen utan å sjå folk. Begge dei turane var korte, seine kveldsturar. Ved å gå frå Østerbø på ettermiddagen og liggje i telt feks ved Holmen eller i nærleiken av Vetlehelvete, for så å gå vidare i god tid før alle andre kjem, så vil eg tru at det lar seg gjera å gå heile dette stykket utan å sjå andre. Det er ikkje mange som går opp Aurlandsdalen av ein eller annan grunn, så det er ikkje mange ein møter. Aurlandsdalen vintertid er bare for heilt spesielt interesserte.
  24. Nedanfor Steinbergdalshytta er det nok ein god del folk i juni, og då går stigen oppimot 1200moh. Nedanfor Østerbø er det mange, og då er stigen under 1000moh heile vegen.
  25. I staden for å gå på fjellet, så er det nok mange som går Aurlandsdalen i juni. Det er i alle fall mine erfaringar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.