Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Her er prisar som Jerven tar for sine materialer: https://jerven.secure.flexiweb.no/page/products/132259/
  2. Og det skal sjølvsagt vera "k" og ikkje "K". Og skal ein bruke romertal, så skal det vera "MM" og ikkje "2M". For å vise kva som skal vera 2000, vil det sjølvsagt vera meir informativt å kalle det for "2km" eller "MMm".
  3. Ei fonn, fleire fenner, altså samanføyka snø. Desse er mykje meir kompakt enn der snøen bare har ramla rett ned og ligg med mykje luft innimellom. Barrabb er ein rabb utan snø.
  4. Vinterteltet mitt er eit kuppeltelt, og dette har eg funne ut at er greiast å setje opp dersom det er rulla saman. Og enklaste måten å rulle saman på, er å rulle rundt stengane. Då har eg også ein god mal for kor brei rullen skal vera. Eg rullar mot vinden, slik at pluggfestet som er ytterst skal stå mot vinden når teltet skal slåast opp att. Ein karabin i dette pluggfestet, gjer at det er enkelt å sikre heile teltet i tilfelle vind når det skal pakkast ut. Pluggane lar eg ligge for seg i pulken. I alle fall vintertid er det godt med ein romsleg teltpose. Ved bruk av pulk og tunelltelt er det greiast å la halve stengane sitje att i stangkanalane og rulle teltet rundt desse. Då er oppsetting gjort på eit blunk, sjølv i ufysleg vær. Sumarteltet stappar eg i posen. Med sumarteltet mitt er dette det enklaste både under pakking og under oppsett. Pluggfestet som skal stå mot vinden er det siste eg stappar nedi, slik at dette er det fyrste som kjem ut ved oppsetting. Ein plugg i denne enden, og vinden hjelper til å bre utover resten av teltet. Når teltet skal knøvlast nedi sekken, er det greiast å ha stengane for seg, ståande oppreist i sekken, mot ryggen. Pluggposen puttar eg i sidelomma, der er han enkel å finne og det er ingen fare for at pluggane slit på teltduken ved stapping. Pluggposen er raud for at eg ikkje skal oversjå han når eg ser etter om det ligg at noko på leirplassen ved avreise. Dette er noko eg har lært av bitter erfaring. Bardunane lar eg bare slenge. Etter mange år med aktiv telting til alle årstider, har eg aldri hatt problem med at bardunane flokar seg. Kor stort flokeproblemet er, kan nok ha ein samanheng med korleis bardunstrammarane er, og kva slags snor som er brukt til bardunar. Ifølge nokre trådar på dette forumet, har ikkje alle like gode erfaringar med slengande bardunar.
  5. Du kan jo følge med på webcam sjølv: http://images.bt.no/webkamera/finse1_798.jpg og http://images.bt.no/webkamera/finse2_798.jpg Når det gjeld faren for gjennomslagsføre, er det mest avhengig av rutevalg. På fenner er det aldri gjennomslagsføre, nær barrabbar er det alltid gjennomslagsføre på denne årstida.
  6. Eg har brukt Hugin http://hugin.sourceforge.net/ og er fornøgd med det. Men alle program som er basert på panoramatools gjer i utgangspunktet same jobben. Men det er litt forskjell på lisensar og kva platformer dei ulike programma støtter. Hugin er GPL og går i alle fall på windows, mac og linux, og truleg på mange andre.
  7. Eg skulle ønske du hadde rett, men eg veit desverre betre. Det er mange ulykker som ikkje skjer fordi dei som har gått seg bort, ringer etter hjelp i god tid før det vert mørkt. Dette er folk som ikkje har snøring på kva dei driv med, og som ikkje ville greidd ei natt ute. Med elementær kunnskap om kart, ville dei finne vegen heim sjølv, det ville i alle fall hjelpe leitemannskapet.
  8. Det er like mange uerfarne no som då. Setninga kan like godt skrivast om til notid, og at folk jevnt over har mye mindre erfaring enn mange har Og på grunn av mykje bra utstyr, er det mange som overvurderer sine eigne forutsetningar. Sjølv om mange er flinke og veit kva dei driv med, er det også veldig mange som ikkje kan grunnleggande bruk av kart og kompass, og som trur at den magiske GPS'en skal redde dei ut av einkvar krise. Utan at dei har den minste aning om korleis dei bruke GPS'en heller. Mange av desse går tur frå hytte til hytte i påska, og er heilt avhengig av kvista løyper heilt fram til hyttedøra. Dei veit simpelthen ikkje kvar dei befinn seg! Det er mange nok eksempel på folk som går seg bort i løypenettet til at det har vorte vanleg å merke løypeskilt med eit skiltnummer som folk kan oppgje når dei ringer for å få hjelp av rødekors. Så fjellvettreglane har nok akkurat same misjon no som då. Og for dei som er erfarne nok til å vurdere situasjonen sjølv, er det bare å velge å vrake i kva reglar ein følgjer og kva reglar ein ikkje følger.
  9. Dette (i tillegg til det med å gå aleine) er det eg konsekvent, og med overlegg, syndar mot. Eg foretrekk å ha friheita til vurdere forholda etterkvart og tilpasse turen etter dei, heller enn å ha ein fastlagt plan som eg må følge slavisk. Særleg er dette viktig ved vanskelege og potensielt farlege forhold.
  10. Svaret gjeld fortsatt. Bruk det utstyret du har, dersom snøen ikkje ber, så går du i gjennom med 2cm breiare ski også. PS: Det var nede i -15,8° på Sandhaug i går.
  11. Nei. Hadde du skrive at du skulle ha sekk med fullt overnattingsutstyr, hadde eg svara kanskje, men med pulk er svaret greit.
  12. Den har nok vorte vist. Eg har i alle fall sett noko som stemmer veldig godt med beskrivelsen
  13. "Melding om bygging er levert til NVE," Så då er det bare å søke i postlistene til NVE: http://www.oep.no/nettsted/fad
  14. Det var det eg svarte på. Eg må bare beklage at det ikkje var det svaret du håpa på.
  15. Rekkefølga på dei ulike isolasjonslaga har nok ingenting å seie for den totale isolasjonen. Men det har mykje å seie for komfort.
  16. Dersom du ikkje har temperaturgradientar¹ i liggeunderlaget, har det ingen isolerande effekt, og følgeleg ikkje annan nytte enn komfort. Men eg tviler likevel på at det er komfortabelt med eit oppblåsbart liggeunderlag inne i soveposen, det vert for trangt. ¹Fasiten er att det fortsatt er temperaturgradient i liggeunderlaget.
  17. afe

    kamerastativ

    Eg har berlebach mini 680g og 35cm høg. http://www.berlebach.de/?bereich=details&id=249&sprache=english Då treng du eit hovud som er 5-15cm for å koma opp i 40-50cm. Sjølv har eg RRS BH 40 som er 7,6cm høgt og veg 479g http://reallyrightstuff.com/ProductDesc.aspx?code=BH-40-LR&type=3&eq=&desc=BH-40-LR%3a-Mid-sized-ballhead-with-LR&key=it Totalt vert stativet mitt 1159g og 42,6cm høgt på topp. Og det er solid nok til å halde eit tungt kamera med 300mm/2,8 stødig, altså over det dobbelte av 2 kg. Stativet er billig, hovudet er dyrt. Når eg valde det hovudet, så var det for å koma så lågt som mogleg for nærfotografering. Dei fleste kulehovuda er litt høgare. Gode 3-vegshovud er ein god del høgare.
  18. Eg ler godt av dei nevnte stykka, og dei fleste andre frå boka. Og eg er ikkje nordlending. Men det er mogleg at ein nordlending ler endå meir, sjølv om eg tviler på det.
  19. Og med hund til å dra pulken, betyr vekt kanskje enno mindre
  20. Vanlige "gammeldagse" kortfeller kan også brukast på dei aller smaleste skia. Eg har i alle fall ikkje sett ski som er for smale. Men den store klumpen i framenden av fellene øydelegg så mykje gli, at slike kortfeller glir dårlegare enn langfeller. Og ved valg av feller for å ikkje miste for mykje gli, er det eit godt tips å velge dei smalaste fellene.
  21. Eg tenker på dei spora som er i fjellet, noko anna har eg ingen erfaring med.
  22. Alle tunelltelt til Hillberg har utvendig stangkanal. Klipssystemet er bare på kuppeltelta. Når ein samanliknar dei utvendige kanalane på eit Hillebergtelt med dei innvendige kanalene på eit Helsporttelt, er i alle fall mine erfaringar, at dei utvendige er langt lettare å få tredd i stanga.
  23. Eg har nokre Glittertindski, og dei er i alle fall så brei at eg mykje heller går mellom spora enn nedi dei, når eg er innom preparerte løyper. Når det gjeld Åsnes sitt kortfellesystem, er dette noko oppskrytt. Det er det beste kortfellesystemet som finnst, men det er langt frå så bra som veldig mange innlegg på fjellforum dei siste åra vil ha det til. På det meste av føre, får ein (i alle fall eg) godt nok feste med vanleg smurning, og langt betre gli. Men dersom ein vil ha dette systemet, er det bare ski frå Åsnes som gjeld.
  24. Så lenge gassen er den same, så er nok trykket det same også
  25. Det er 20cm lavere enn det gamle Ringstind 1. Og det kjem nok godt med i vinden, sjølv om det ikkje er ein konstruksjon eg vil ta med meg der eg veit det bles.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.