Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg har desverre stikk motsatt erfaring med Helsport. Teltstengene er sprø som knekkebrød, og Helsport svarar ikkje med anna enn ei automatisk beskjed om at henvendelsen er mottatt og at eg vil bli kontakta seinare. Teltstanga på Helsportteltet mitt er no bytta ut med stang frå Easton, og eg for min del er ferdig med Helsport. Greit nok at mi erfaring kanskje er ei eingongstilfelle og at Helsport ellers er flinke, men "en eventyrlig service. Langt over det som er lov å håpe på. Helsport er trygghet." er nok ikkje heilt riktig. Desverre.
  2. ' I så fall bør du gå for Bergans Powerframe 130l, då får du litt større plass. Og sekken har større eigenvekt, 5,2 kg. for Bergans mot 4560 gr for Norrøna. Sjølv greier eg meg godt med 85l på tilsvarande turar, så tar eg heller ut treningsutbyttet på høgare fart og lengre dagar. Den store pakkrammesekken tar eg bare fram i reinsjakta.
  3. Dette lar seg ikkje kombinere. I den grad du finn "dramatisk terreng" på Hardangervidda, må du vestover. Og det er også der det er mest snø, og då er det for tidleg i juni. På austvidda kan du nok gå lange turar så tidleg, men der er det på ingen måte "dramatisk terreng".
  4. Dette kan eg bekrefte. Men om turen din er gjennomførbar i juni, er eit anna spørsmål
  5. Sjølv om Tarra er enkelt å setje opp, er det betydeleg raskare å setje opp eit tunneltelt. Eg brukte tunneltelt før, og då satte eg alltid opp teltet før eg kledde på meg meir. No tar eg på meg isolasjonsjakka før eg byrjar med teltet. Men med hektesystemet til Hilleberg, er Tarra enkelt og sikkert å setje opp, også aleine i svært dårleg vær og med vindvottene på, det tar bare litt lenger tid. Eg startar med å feste pluggane rundt teltet slik at dette er festa til bakken, så er det å setje i stengane og byrje med hektene. Dette er rett fram utan noko som helst problem. Med 4 stenger seier det seg sjølv at dette må ta lenger tid enn med 2 eller 3 ferdig-halvt itredde tunnelteltstenger. Fyrste gongen eg satte det opp, var ute på plenen, kledd i shorts og vindvotter Det såg sikkert dumt ut, men dersom eg skal teste oppseting av eit vintertelt, skal eg gjera det med vindvottene på. Det einaste som kan vera plundrete med dei mest klumpete vottene på, er å feste toppduken over takventilen. Men festet til dette trur eg er endra sidan eg kjøpte teltet mitt, så det er truleg enklare no. Teltet har form som eit tunneltelt, det likar eg. Forteltet er altså også som fortelt på eit tilsvarande tunneltelt. Om dette er god eller dårleg plass, er opp til korleis ein brukar forteltet. Eg brukar forteltet mot vinden til oppbevaring og forteltet med vinden til matlaging og inngang. Ettersom teltet er sjølvståande, grev eg ut gropa i forteltet før eg spenner dette ut og sett ned dei siste pluggane, så sant været tillet dette. Å henge heile forteltet til sides er også ein flott måte å få god utsikt frå teltet i godvær. Bilde av teltet i bruk? Eg er nok ikkje så flink til å ta bilder den vegen. Og dei bildene eg har, har eg ikkje tilgjengeleg her og no. Om eg anbefaler teltet? Det kjem an på kva du er ute etter. Dersom du er ute etter eit sjølvståande tunneltelt og vekta er godkjent, så kan eg absolutt anbefale Tarra. Dersom eg ikkje hadde hatt tunneltelt fra før, hadde eg nok kjøpt Keron istadenfor (Hilleberg produserte 2-mannsversjon av Keron då eg kjøpte Tarra), raskare oppsetting, billigare, lettare og same form og plass. No er pengane gløymt for lenge sidan, vektforskjellen er ubetydeleg. Men det hender at eg tenker på kor raskt eg kan få opp eit tunneltelt i forhold, særleg dersom været er passe dårleg til at ein vurderer å setje opp teltet for matpausa. Forskjellen er kanskje at eg med tunneltelt hadde tatt matpausa i teltet og gått vidare, medan eg med Tarra hadde droppa pausa og heller tatt kveld tidlegare.
  6. 27 er det vesle, med alt for små kjelar for matlaging.
  7. Det trur ikkje eg heller, men det er stor forskjell på å oppholde seg i eit tunelltelt og i eit kuppeltelt i sterk vind, i alle fall dersom ein ikkje har med seg øyreproppar
  8. All kondens som vert skapt, kjem frå ein plass. Kondens som vert skapt på overflata til liggeunderlaget i løpet av natta, er av fuktigheit som kjem frå innsida av soveposen. At kondensen vert liggande nede i lommene, betyr bare at det vert mindre fukt att i sjølve soveposen. Altså ein god ting
  9. afe

    Elver i Skarvheimen

    Innanfor Aurland er det veldig greit: http://aurland-fjellstyre.no/fiske.htm
  10. Eg har nok erfaring med telt til at eg har konkludert med at heilårsteltet er ein utopi. Vinterstid vil eg ha eit solid telt eg kan stole på, og som har nok plass. Dette er ikkje forsonleg med låg vekt. Men eit tyngre telt er heller ikkje noko problem på tur med pulk. Sumarstid er låg vekt viktig, og då greier eg meg med mindre plass. Og teltet treng heller ikkje tåle like mykje vind, så der er det også vekt å spare. Eg kjøpte sjølv Nammatj for mange år sidan, som heilårstelt. Det er eit solid telt som tåler mykje vind, og som er enkelt og raskt å setje opp uansett vær. Men liggelengda i telt med skråvegg i enden er for kort, sjølv er eg 1,9m lang. Sumarstid er det ikkje noko stort problem. Men vinterstid med snøfokk som legg seg på teltduken og pressar denne ned, gjer at liggelengda vert redusert betydeleg, då er einaste moglege løysing å ta ytterteltet i bruk. Så no har eg tunelltelt med fortelt i begge endar som vintertelt. Og eit mindre og lettare sumartelt.
  11. Eg har pakka sekken som ein komplett dagstursekk, verken meir eller mindre. Slik at når som helst i løpet av dagen, kan sette att pulken for å ta ein kort eller lang avstikker, utan at eg må vurdere kva eg skal ta med i sekken eller legge att i pulken. Kanskje ingen stor sak, men det betyr at det er enklare å ta slike avstikkarar, og då vert det gjort også.
  12. Eg har enno til gode å sjå ein sovepose som i praksis fungerer til 4 sesonger. 5 sesonger vert bare dumt. Ekspedisjonssovepose er også eit noko kunstig segment. Vinterpose og vinterekspedisjonspose er det same, men definitivt ikkje noko eg ville hatt med meg dersom eg skulle på ein sumerekspedisjon. Men dersom soveposane kan sorterast etter komfortemperatur, skal i alle fall eg greie å finne fram til riktig sovepose for mitt bruk.
  13. Sjølv har eg alltid teltet nesten på toppen i sekken. Kun det som skal brukast i løpet av dagen er over. Då treng eg ikkje tømme sekken for å setje opp teltet Og ein skal pakke temmeleg klønete for at rekkefølga skal bety noko på volumet.
  14. Det var Miljøverdepartementet som i si tid godkjente prøveprosjektet, og det er Fylkesmannen som står for evalueringa og som har vedteke at vindmølla skal fjernast no. Dette er heilt uavhengig av kva kommunens folk har av forstand
  15. Det er nevnt fleire gonger i rapporten at kullos er tyngre enn luft. Det er sjølvsagt ikkje riktig.
  16. Generelt ville eg seie at det er for tidleg, men i år kan det godt hende at det går. Når det gjeld rute, vil eg anbefale å la vegen bli til etterkvart. Spesielt med tanke på at turen går så tidleg, er det kjekt å kunne tilpasse ruta etter kvar du ser at det er framkomleg. Dei aller største elvene bør du ha i tankane kvar det er bru. Over Lågen er det bare 3 bruer og eg ville ikkje satse på vading, i alle fall ikkje så tidleg. Det er enorm forskjell på å vade ei lita, sumarvarm elv og å vade ei flaustor, iskald vårelv.
  17. Eg har fått prøvd ut servicen til Helsport, det aleine er i grunnen eit dårleg teikn. Men det som er endå verre, er at servicen stod til stryk! Så for min del er eg ferdig med Helsport. Etter den episoden, har Helsportteltet mitt stang frå Hilleberg
  18. Fortsatt Keron. evt Nammatj GT dersom du ikkje er opptatt av liggelengda og heller vil ha eit stort fortelt. Stormmatter har eg aldri sett behovet for på Hillebergtelt, men du får dei til å sy det på dersom du likevel vil ha det. Men hugs at det også aukar vekta. For sumarbruk er det sjølvsagt fleire alternativ.
  19. Argumentet om kondens forstår eg ikkje. Bagasjen kan bli like våt ute i snøføyka. Det minner meg på at pulken min var halvfull med regnvatn om morgenen 16. mai i fjor. Når det gjeld matlaging vinterstid, gjer i alle fall eg dette i forteltet. Der har eg best takhøgde, noko som eg ser som viktig sikkerheitsmessig. Og eventuelt søl er bare å make ut. Men dersom du vil ha eit telt utan fungerande fortelt, så er det sjølvsagt heilt greit for meg
  20. Etter å ha lese artikkelen frå folkehelseinstituttet, så er nok konklusjonen min at eg kjem til å fortsett å drikke vatn som eg alltid har gjort. I alle fall fram til folk rundt meg eller eg sjølv blir sjuk. Ettersom eg drikk vatn som står på lista over utrygt kvar einaste dag og på ulike plassar, og med inkubasjonstid på 1 døgn til 3 veker, skal eg i alle fall ikkje klare å identifisere når og kvar eg vart smitta.
  21. Men våren i fjellet har kome minst ein månad lenger no enn i eit normalår!
  22. Med tanke på rekkefølga på begivenheitene, rakk han nok å snu seg før han vart gravlagt
  23. Kun garn. Eg har ikkje tålmodigheit til noko anna. Skal eg ha fisk, så får fisken fiske seg sjølv.
  24. Ikkje gløym at det er betydeleg enklare å vindskjerme ein låg brennar, altså fordel for slangebrennar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.