Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Alltid fyrstikker. Lighter har eg aldri vurdert. Tennstål har eg prøvd og funne at er ubrukeleg til mitt behov.
  2. Ortlieb-kameraveska mi har i alle fall '"lynlås" i tillegg til rullelukkingen', og er langt tettare enn bare sprutsikker.
  3. Det er veldig avhengig av kva slags mat du lagar. Det er stor forskjell på brenselforbruk mellom å koke potetar og å koke opp varmt vatn for ein pose real turmat. Hugs at koking av eventuelt kaffivatn og oppvaskvatn også brukar brennstoff. Det beste vil vera å lage nokre representative måltid for å finne ut kor mykje du brukar på dine måltid. Forbruket finn du enkelt ved å måle (anten med eit desilitermål eller med vekt) kor mykje brennstoff du har på tanken før og etter.
  4. afe

    Foto objektiv

    Ta i bruk att det gamle objektivet som gav meir futt, kanskje
  5. Dei er ikkje meir hemmeleg enn at det finnst bilder i bøker. Så dersom du er i stand til å kjenne att ein primus etter eit bilde, så er det bare å leite. Det overraskar meg ikkje at du ikkje får svar frå Sirius, men har du spurt Peter Schmidt Mikkelsen ( http://www.xsirius.dk/ )
  6. Teltet som vart ståande att på Sørpolen, var ikkje av bomull, men så var det heller ikkje det teltet som vart brukt på ekspedisjonen. Det var eit telt som var tatt med i tilfelle gruppa delte seg og det vart behov for eit ekstra telt.
  7. Eg brukar å ha med meg fotposar (forsvarets modell) som eg brukar, utan støvlar i, til leirbruk. 2-3 lag med filtsålar i for isolasjon mot underlaget, så er dette gode snøtøflar.
  8. Men det er ikkje same boka som "Barske glæder". Eg har begge, og begge er lesverdige.
  9. Mine tankar om dette er å basere seg på det ein allereie har av vanlege fjellski (Dersom du gjer alvor av skiseilplanene, vil du ha kraftigare utstyr). Dersom du ikkje stoler på støvlane du har, kjøper du nye som passar i bindingane du har. Når det gjeld kulde og isolasjon, har eg bare gode erfaringar med romslege støvlar med ekstra sokkar i. Dersom du er trygg på at det ikkje vert mildver (noko du ikkje kan vera på Finse, utan å kjenne til aktuell vermelding) vil det vera ein fordel isolasjonsmessig å ikkje impregnere lærstøvlane. Tørt lær isolerer betydeleg betre enn impregnert lær.
  10. Eg har same GPSen sjølv, og har aldri hatt problemet, så det er nok ei eller annan innstilling. Eg har heller ikkje sett problemet på langt eldre garmin-GPSar, så alternativ 1 er utelukka.
  11. Dette går, og er heilt naturleg, på alle Hilleberg sine kuppeltelt.
  12. Den øvre del av dalen er ikkje kjedeleg. Om snøen har lagt seg, er avhengig av om det er nedbør eller ikkje, utan nedbør vert det heller ikkje snø. Snøen kan koma når som helst, men det kan også gå lenge til. Web-kamera på Finse finn du her: http://images.bt.no/webkamera/finse1_798.jpg Vestredalsvatnet (øverst i Aurlandsdalen) finn du her: http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=100111
  13. Varm nok, og lang nok. Det er det viktigaste. Personleg har eg ingen ting i mot kunstfiberfyll i soveposen, men dette har med smak og behag å gjera, samt ei økonomisk side. Skal soveposen bærast i ryggsekk, har sjølvsagt dun ein fordel med tanke på vekt. Hugs at liggeunderlaget også er viktig.
  14. Unntak frå dette har også skjedd i Sverige.
  15. Dermizax-buksa mi har vore gjennom fullt vaskeprogram med sentrifugering fleire gonger, utan at buksa har vorte forringa av det. Det er slitasje på dei vanlege plassane som avgjer kor lenge buksa er brukandes.
  16. Det er norske nettbutikkar som har utmerka gode system for dette. Der lagerbeholdningen vert endra samtidig med at ein bekrefter bestilling.
  17. Det er nok heilt sikkert grunnen i mange tilfeller. Men det er ikkje sikkert det alltid er så lurt. Det er to måtar å auke profitten på, det eine er å redusere kostnadane, det andre er å auke inntektene. Sjølv bestiller eg aldri frå ein nettbutikk der det ikkje kjem klart fram at vara er på lager. Det er desverre butikkar som bløffer på lagerbeholdning, der vert eg kortvarig kunde.
  18. Dette står godt forklart i forvaltningsplanen som du finn her: http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=849&amid=3497429
  19. Eg har både telt som eg foretrekk å stappe og telt som eg foretrekk å rulle. Eg gjer konsekvent det som gjer oppsettinga at det aktuelle teltet enklast. Og alltid med plugghempe som skal stå mot vinden som det siste som forsvinn inn i posen. Slik at denne hempa er det fyrste eg fiskar ut ved oppsett. Ringstind-teltet mitt vert stappa, men Soulo-teltet mitt vert bretta og rulla.
  20. Ein Mauser klikkar ikkje på grunn av at skytteren er stressa. Ein Mauser klikkar dersom det er noko gale med Mauseren eller ammunisjonen.
  21. og ein drept http://www.sysselmannen.no/hoved.aspx?m=44267&amid=3181642
  22. Gamasjar løyser dette med kva som helst av sko/støvlar.
  23. Eg brukar rekne 600-700g tørr mat pr dag. Kor mykje brennstoff ein treng, er avhengig av korleis og kor mykje varm mat og drikke ein skal ha. Sjølv greier eg meg med ein halvliter parafin på 10 dagar.
  24. Eg har multifuel, men ikkje omnifuel, så nokon direkte samanlikning kan eg ikkje hjelpe med. Omnifuel har fått veldig mykje skryt, så det bør vera ein god brennar. Multifuelen er det ikkje veldig mykje bra å seie om. Gløym å bruke den med gass. Det finnst uendeleg mange dedikerte gassbrennarar som alle er mykje betre til å brenne gass enn multifuel. For å brenne flytande drivstoff, fungerer multifuel greit nok, men effektjusteringa i feil ende av ein lang slange, gjer at det tar lang tid frå ein justerer til ein får respons. Så steiking kan vera ei stor utfordring. Oppkok av vatn er sjølvsagt ikkje noko problem.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.