Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Optimalisering av fyllmenge er umogleg når trådstartar spør etter ein sovepose som skal fungere for 3 årstider. Det kan fort bli over 30°C forskjell på det varmaste og det kaldaste soveposen skal brukast. Då er glidelåsen einaste løysing. Sjølv har eg både sumarsovepose og vår/haust-sovepose ettersom eg ikkje synest det er optimalt med same posen over så stort temperaturområde
  2. Det er 2 ting ein ikkje låner, eller låner bort, og det er kniven og underbuksa
  3. Knivar frå Helle har eg erfaring med at har alt for små skaft for mine hender. Det er det eg ville kalle kvinnfolkknivar. Det same kan seiast om mange av dei Bruslettoknivane som har blad etter min smak. Eg har haugevis av Bruslettoknivar (fått i gave, funne i skogen osv, ikkje kjøpt ein einaste av dei sjølv), men ingen av dei er utprega bruksknivar slik eg vil ha ein kniv. Sjølv foretrekk eg Mora-kniv med karbonstål og gummiert skaft, og eg ville tru at desse knivane også passar rimeleg godt i kvinnehender. Men ein får jo 10 slike for det beløpet som er skissert av trådstartar. I staden for 10 knivar, kunne ein kanskje bytte ut nokre av knivane med eit godt diamantbryne.
  4. Ein sumarsovepose må ha glidelås. Med glidelås i sida, kan ein regulere i det uendelege. På det varmaste kan soveposen ligge ved sida av ein. Det kan sjølvsagt vera for varmt til det også, men det er heilt uavhengig av soveposen. Og prøv å sette teltet ein plass der det ikkje er så mykje morgonsol.
  5. Sjølv vel eg skistøvlar på denne tida av året. Med alternative fjellstøvlar i bilen i tilfelle forholda ikkje er slik ein har tenkt seg.
  6. http://kartverket.no/Om-Kartverket/Nyheter/Hele-norgeskartet-pa-mobilen/
  7. Det er litt forskjellige ting dette. Ski og andre forbruksvarer ser eg bare som ein fordel å alltid ha litt meir enn eg har bruk for. Ved å kjøpe når det er tilbod, treng eg ikkje kjøpe til full pris når behovet dukkar opp, og eg kan tyne litt ekstra livstid ut av utstyret ved å bruke det gamle utslitte til uvand bruk og spare det nyaste. Telt reknar eg derimot at skal halde i lang tid¹, og då har eg mindre att for å ha fleire enn naudsynt, men årstidene sett så ulike krav at eg likevel må ha fleire telt til ulik bruk. ¹Vinterteltet og vår-/haustteltet håpar eg at skal vera i rimeleg god stand når arvingane skal rydde opp etter meg.
  8. OK, då bur eg eit godt stykke utanfor
  9. Eg er ikkje heilt sikker på kva denne 'ring 3' er, men eg har godt under 3km til snaufjell, under 1km også. Så dersom det har med avstand frå snaufjellet å gjera, bur eg innanfor ring 1. Men den kortaste vegen er bratt, så når eg skal på fjelltur tar eg gjerne bilen og køyrer til eit meir høveleg utgangspunkt. Så sjølv om eg syklar til jobb, brukar eg oftast bil til fjells, sjølv om eg bur godt innanfor ring 3. Så i praksis kan ein seie at eg bur eit stykke utanfor. Når det kjem til miljøavtrykk, trur eg at ein kjem godt ut av det dersom skapet fullt av utstyr gjer at ein brukar feriane sine i nærområdet i forhold til dei som brukar feriane sine til lange flyturar. Men det var jo du sjølv som stillte spørsmålet, og då bør du vera forberedt på å få svar. Dersom det er slik at du føler det er plagsomt med så mange telt, høyrest det ut som ein lidelse, men dette er det bare du sjølv som kan svare på. Eg har forresten ingen dårlege erfaringar med langtidslagring av telt. Men ei viktig forutsetning er sjølvsagt at det er ordentleg tørt før det vert pakka ned. Eg har sjølv to telt som har havna i skapet for godt. Det gamle 'heilårsteltet' som fortsatt kan vera aktuelt å bruke dersom eg skal på vintertur utan pulk. Og så har eg eit havarert Shangrila som eg har ein liten plan om å kopiere i sterkare stoff før orginalen ender i søpla. Sjølv reknar eg 3 telt som det riktige antalet. 1 vintertelt, 1 vår/hausttelt og 1 lett sumartelt.
  10. Eg brukar sjølvsagt vindskjermen som er del av kjelestøttene. Utover det, brukar eg ikkje anna vindskjerming enn det ein stor stein kan gje, altså ingen reflekterande vindskjerm tett på brennaren. Eg brukar heller ingen vid panne, i alle fall ikkje på 123r. Den faste 123r-kjelen er akkurat så vid at 123r passar nedi.
  11. Eg har alltid latt nøkkelen stå i utan at eg har hatt problem med for varm nøkkel. Eg kan riktignok forestille meg at det kan vera eit problem i varmare klima.
  12. Eg skal til fjells, ofte til navngitte stader. Nokre helgar om hausten reiser eg tilogmed til skogs. Men 'Naturen' er aldri eit turmål for min del.
  13. Mine meiningar er heilt uavhengige av kva Norrøna bestemmer
  14. Dersom du kan vente til over nyttår, er det meir kart å hente i Sverige http://www.lantmateriet.se/sv/Nyheter-pa-Lantmateriet/pressmeddelande-lantmateriet-slapper-smaskalig-kartinformation-fri/ Legg du inn eit filter på høgdekurvene omlag slik: NOT "HØYDE" % 20 får du redusert ekvidistansen til 20 meter. "HØYDE" må du sjølvsagt bytte ut med den eigenskapen som har høgdeverdien.
  15. Ein må ikkje kjøpe jakke utan klaff over glidelåsen.
  16. Det er no jobben byrjar, for du sjølv definere korleis kvart einaste tema i kartet skal teiknast. Det er derfor raster er så enkelt, forutsatt at det finnst raster som passar for formålet.
  17. Diverre ikkje. Skia eg fekk frå Åsnes i juni i fjor (etter reklamasjon av forrige par som heller ikkje holdt så lenge) holdt ikkje til påske, altså godt under 1 sesong. Forhandlaren kunna bekrefte tendensen med mykje reklamasjon på fjellski frå fleire produsentar. Men det er klart at dei skia som ikkje vert brukt så mykje, vil halde tilsvarande lenger.
  18. Ta godt vare på dei. Ski som vert laga no, held ikkje meir enn ein sesong.
  19. Mi erfaring er at membrankleda held tett mykje lenger enn lette regnklede. Sjølv har eg eit sett med lett jakke og bukse frå Haglöfs, med membran. Buksa har forsterkingar akkurat der det trengst, så ho er like tett også etter lang tids bruk. Om denne modellen er å få tak i lenger, veit eg ikkje.
  20. No har eg fått sett på 1:50000 raster. Og det såg greit ut når eg zooma inn, men det er nok ein kartografi som fungerer betre på trykk enn på skjerm. 5-meters høgdekoter og utstrakt bruk av tett skravur er ikkje det beste utgangspunktet for god skjermkartografi i så små målestokkar.
  21. Øysan, det høyrest tidleg ut, i alle fall i år. Men dersom varmen kjem, kan det godt hende det lar seg gjera, men sats på ei rute langt aust.
  22. Vintertid er takhøgde i fortelt kun eit spørsmål om kor djupt ein gidd grave. Sumartid kan telting vera langt meir kummerleg...
  23. Bruk den sekken du synest er god på ryggen. I motstetning til kva mange synest å tru, er det ikkje nødvendig å fylle til randen.
  24. Det ser ut som det er fleire alternativ med vektorar på sida du har oppgjeve. Eg valgte svensk tekst, og då er det i alle fall Terrängdatabas, Terrärrengkarta 1:100 000, Terrärrengkarta 1:200 000
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.