Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Du er ikkje aleine. Mitt turområde ligg også i eit slik kryss, i tillegg kjem eit 5. kart for å dekke heile elgjaktterrenget. Eg er heller ikkje sikker på om den ekstra storleiken er noko eg er glad for. Med eigenkomponerte A3-kart skrive ut frå nettet, greier eg meg med færre. Og kan i tillegg vise andre karttema som kulturminner, forsvarets skredkart osv. Bretta ein gong, passer det perfekt i kartmappa mi, og eg kan lage akkurat så mykje overlapp mellom kartblada som eg sjølv synest passar.
  2. Eg har også telt frå både Helsport og frå Hilleberg, og min konklusjon er at Hillebergtelt er verdt den ekstra kostnaden. Når det gjeld spørsmålet om Unna eller Soulo, så kan eg ikkje hjelpe så mykje, det vert eit valg trådstarter må ta sjølv. Eg har Soulo og er godt fornøgd med det, men det er trangt, det er i alle tilfeller ikkje plass til to (så sant ikkje den andre er eit lite barn). Unna har eg aldri hatt nærkontakt med.
  3. Det finnst ikkje råtten snø på vidda i mars. Og dei sporene du er bekymra for, finnst verken i februar eller mars.
  4. Eg har aldri skrapa vekk smurning før eg sett på fellene. Litt smurning blir det sjølvsagt i limet, men eg har aldri sett på det som noko problem.
  5. Det er fullmåne 8. mars. Dersom veret er høveleg då, er det det beste tidspunktet for fjelltur. Men dersom du faktisk meiner å gå om våren, så er det mai som gjeld.
  6. afe

    vinternetter

    Eg kan sjølvsagt bare uttale meg om meg sjølv, og eg har eige vintertelt. Grunnen er ganske enkel at det er ganske ulike behov for vintertelt og sumartelt. Om sumaren har eg teltet i sekken og ynskjer derfor minst mogleg vekt. Vinterstid ligg teltet i pulken så vekt er ikkje så viktig, men ettersom mykje meir av leirlivet foregår inne i teltet, treng eg meir plass, og har derfor eit større og tyngre vintertelt (som fungerer godt som tomannstelt sumarstid).
  7. Eg har valgt stikk motsatt. Eg deltar ikkje i kjøpeorgiet, og feirer heller jul. Kvar sin smak. Ikkje overraskande, så har eg ikkje fått noko som er verdt å nevne i dette forumet.
  8. Ein kan jo arbeide om dagen, sjølv om ein søv ute om natta.
  9. Det er lufta som isolerer, så jo tjukkare, jo betre. Det som gjer at det vert ulike erfaringar med oppblåsbare underlag, er at mange ikkje har i nok luft. Med eit mjukt underlag vert det klemt saman der kroppen trykker mest, og då er tjukkelsen ikkje så stor lenger, dette vert ei kuldebro. Ordentleg oppblåst liggeunderlag isolerer godt, men det er også hardare å ligge på. Grunnen til at Bamse fungerer i det heile tatt, er at det er så hardt, for tjukkelsen er ikkje meir enn det trengst.
  10. Bomull er bra, men anorakk (altså ikkje heil glidelås) kan eg styre mi begeistring for.
  11. Så lenge eg aldri har fått betalt for å ligge ute, insisterer eg på at eg er amatør, heilt uavhengig av kor mange utenetter eg har! Og ettersom eg ikkje har hatt behov for å føre regnskap med nettene, har eg heller ingen oversikt over dei. På grunn av ein 2 ukers båttur til Nordaustgrønland, vart det mindre tid til heimlege fjellturar i år, men det er ikkje noko eg angrar på. På dagtid har eg nok vore småproff til tider, men ikkje i år.
  12. afe

    Real turmat...

    Det finnst også usalta smør. Det er heilt utan tilsetningstoff
  13. Ikkje veit eg. Eg er i alle fall ikkje meir romantisk av meg enn at eg foretrekk plastikkopp som ikkje sprekk av varm drikke, eller smakar lakk eller olje eller liknande.
  14. http://www.manndalen-husflidslag.no/bonkosvotter.202848-31487.html
  15. Ulempa i fjellet (og dette er tross alt fjellforum) er at det er vanskeleg å finne noko å henge opp i. Men det går fint å ligge på bakken, sjølv utan telt
  16. Dersom det legg seg tjukt på frontlinsa, så gjer det noko med kontrasten...
  17. I slike tilfeller, har eg kameraet i fotobaggen min, som er produsert av Ortlieb og er vanntett. Dersom det er aktuelt å fotografere i løpet av natta, kan det vera aktuelt å ha klart eit varmt batteri, i så fall har eg dette i plastpose nedi soveposen. Dersom eg sett i gang intervallometer på kamera for å ta bilder regelmessig gjennom natta, må eg la det rime ned. Men eg har på ein djup motlysblendar for å redusere riminga på optikken. Dersom ein børster av rimet før det får smelte, så går det nok bra med kamera. Rimet sitt bare utanpå.
  18. Tre er også mykje meir behagleg å håndtere i kulda.
  19. afe

    Fjellduk

    Det vert akkurat like mykje kondens, men dette held seg i foret, så lenge det er plass der. Det vil seie at duken vert tyngre, og tørking etter bruk er veldig viktig.
  20. Eg har sikla skøyteskia mine. Og det fungerer godt for min del, men det var mykje arbeid fyrste gongen. Det som slo meg då eg dreiv på, var at glider slett ikkje er mykje arbeid.
  21. Vanlege fjellski bør halde. Men dersom du er glad i skia dine, må du vente til det kjem snø.
  22. Du må vera mykje mindre enn meg Eg kan vera med på at Soulo er eit bra telt til sitt bruk, men at det "føles stort invending" er definitivt ikkje mi erfaring. Soulo er kjempetrangt, både i breidda og i lengda.
  23. Turstativet mitt er Berlebach mini med RRS BH-40. Det veg litt omlag 1,2kg og er stødig nok for tungt kamera og 300mm/2,8 (som eg derimot aldri har med meg på langtur). Akkurat dette kulehovudet valgte eg fordi det var det lågaste eg fann som tilfredstilte krava mine. Dersom eg ikkje hadde nærfotografering på bakkenivå i tankane, ville eg nok ikkje prioritert kulehovudhøgda på denne måten;) Men på snaufjellet har eg aldri savna noko høgare stativ.
  24. og spinklare stenger. Pluggane er også lettare, så når desse vert bytta ut med snøpluggar, så vert vektforskjellen redusert litt.
  25. Når teltet skal opp raskast mogleg i dårleg lys, så foretrekk i alle fall eg, like stenger.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.