Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Sumarstid betyr det ikkje så mykje. Vinterstid betyr det mykje. Vår og haust er det veldig væravhengig om det betyr mykje eller lite. Sjølv har eg ulike telt til desse tre ulike forholda, netopp fordi det ultimate teltet ikkje er mogleg å konstruere. Hugs at dersom ein brukar pulk vinterstid, og det vil eg anbefale, så betyr ikkje vekt så mykje. Og det er definitivt kjekt med meir plass i vinterteltet enn det som er tilgjengeleg i det lette, ryggvenlege sumarteltet.
  2. Dagstursekken min er i følge produsenten 85l. Det er same sekken eg brukar på langtur sumarstid. Men det er den sekken eg har som er desidert best på ryggen, så eg ser ingen grunn til å bruke ein mindre sekk, bare fordi denne er så stor.
  3. Dei nye karta virkar ikkje til å bli så sundbretta så raskt om ein lagar sine heilt eigne brettar. Men ettersom kartet er nær dobbelt så stort, vert det også tjukkare samanbretta, noko som gjer det litt vanskelegare å brette fritt.
  4. Ja det er ein god kombinasjon. Med Bamse har du alltid grei nok isolasjon, så du ikkje treng lappe midt på natta dersom det oppblåsbare skulle punktere då. Ettersom det oppblåsbare bare er for komforten, treng det heller ikkje vera full lengde. Sjølv brukar eg eit 3/4 langt oppblåsbart i kombinasjon med Bamse. Det oppblåsbare har eg då akkurat passe hardt til at det er mest mogleg behagleg å ligge på, og eg lar det vera oppblåst heile turen. Det ligg då på toppen av pulken og gjer denne breiast øverst, slik at han ikkje trillar heilt rundt når han veltar;). I tillegg har eg eit stoltrekk til det oppblåsbare så det fungerer som stol når eg sitt i teltet, og i matpausene undervegs.
  5. Du må sjølvsagt brette det slik at det passer i kartmappa, ja. Men det er ikkje så viktig med vanntett kartmappe.
  6. Trykk på "siter" i staden for "skriv svar"
  7. Sist eg sjekka, var det Estland. Det står på side 9 i katalogen for 2011.
  8. Sjølvsagt er alt min feil. Eg burde ha venta med å kjøpe telt til Helsport har fått laga ordentlege stenger. Eg burde sende fleire e-postar og ringt fleire gonger. Det gjorde eg derimot ikkje. Saken er den at teltet allereie var kjøpt før Helsport endra stengene nokre år seinare. Eg påberopte meg heller ingen garantirettigheiter, så eg hadde ikkje så mykje å vinne på å mase fleire gonger. Eg hugsar sjølvsagt ikkje nøyaktig ordlyden min, men eg gjorde dei oppmerksom på kva som hadde skjedd med teltstanga mi, og kva eg meinte om saumkvaliteten på det same teltet (den var dårleg). Dersom eg bare hadde fått eit svar om at dei tok det til etteretning, og kanskje fortalde at dei nye stengene skulle vera betre, så hadde det vore heilt greit for meg. Ikkje meir enn ein kan forvente av service, men heilt greit. Men svaret eg fekk var at dei skulle ta kontakt, og det har ikkje skjedd. Dei hadde sjansen til å behalde meg som kunde, den sjansen brukte dei ikkje. Eg har løyst problemet mitt med å skaffe ei ny stang frå ein annan leverandør, og det hadde eg kome til å gjera sjølv om Helsport hadde sendte meg ny stang. Det er same stanga som eg har i mitt gamle Nammatj-telt, og som har overlevd fleire vinternetter i kuling, så det er ei stang eg stolar på. Eg er meir oppteken av at eg kan stole på utstyret, enn god service når utstyret sviktar. Så for min del greier eg meg godt utan meir kontakt med Helsport.
  9. Ja, det er riktig at eg har nevnt det før. Og eg kjem til å nevne det att i trådar der Helsport vert skrytt opp i skyene. Dersom dei nye stengene er betre (det skal ikkje så mykje til), så er det sjølvsagt bra. Eg har 2 produkt frå Helsport, ingen av dei er mykje brukt, og likevel har eg hatt behov for å ta kontakt med Helsport. Når dei då ikkje gjer meir enn å sende eit automatisk svar der dei lover å ta kontakt, utan å ta kontakt, gjev det ikkje meg noko godt inntrykk av firmaet. Dette synest eg er på sin plass å nevne i ein tråd der det nærast vert garantert at Helsport løyser alle framtidige problem med kunden. Eg beklager sjølvsagt at dette er veldig sårt for ihuga Helsport-tilhengarar her på forumet.
  10. Automatisk svar ved henvendelse, om at dei tar kontakt, noko dei ikkje har gjordt. Grunnen til at eg prøvde å ta kontakt, var at teltstanga i Helsportteltet mitt hadde knekt to ganger heilt utan nokon ekstraordinær belastning, og utan at teltet var brukt så mange netter. Løysinga mi vart å skaffe Easton-stang frå Hilleberg, den ser ut til å halde Eg skal ikkje påstå at Helsport er dårleg, påstanden min er bare at Helsport ikkje er betre enn dei fleste andre.
  11. Dersom eg ikkje hugsar feil, så var det i 2010.
  12. Det er ikkje alle som opplever Helsport slik. Eg har dårleg erfaring med servicen til Helsport.
  13. Helsport har endra utvalget sitt ganske mykje og ganske ofte, så så finne eit eldre Helsportprodukt i ein nyare katalog kan ein ikkje rekne med. I tillegg har dei ofte laga eigne produkt for enkelte butikkjeder, desse produkta står heller ikkje i katalogen frå Helsport. Men dersom det er Helsport, så skal det ikkje vera vanskeleg å finne firmalogoen på teltet. Finn du ikkje det, så er det ikkje Helsport.
  14. Sanyo 2700mAh har eg kommentert over. Det er ikkje batteri eg anbefaler.
  15. Det er i alle fall ikkje i samsvar med mine erfaringar.
  16. Eg har 6stk Sanyo 2700mAh, og makan til sjølvutlading har eg aldri opplevd på nokon andre batteri. Dersom batteria vert brukt innen 1-2 dagar etter lading, så er det straum i massevis. Ved utlading rett etter lading, har eg målt mellom 2600 og 2700mAh. Men etter ei veke lagring er batteria heilt døde! Når det gjeld batteri i same klasse som Sanyo Eneloop, altså batteri med liten sjølvutlading, så er også GP ReCyko og Varta Ready 2 use heilt tilsvarande. Eg har riktignok opplevd lekkasje i eit GP Recyko AAA-batteri. Men så lenge det er bare det eine, så reknar eg det som eit eingongstilfelle. Utover det, har eg bare gode erfaring med alle disse tre typene.
  17. Eg har bare gode erfaringar med Bergans sine bukseseler. Eg har brukt dei på jevnleg, og er no på den andre buksa. Eg har aldri opplevd at nokon svikt. Det er i alle fall mykje betre enn vanlige seler med klyper, det har eg vel aldri opplevd at ikkje har ramla av.
  18. Eg er på tur stort sett kvar lurdag og sundag, og ein og annan ettermiddag. Fordelen med vinteren er skiføret, og med kjem ein langt på kort tid. Sjølv om det er lange netter tidleg på vinteren, kan månelyset gjera det fint å vera ute også i den mørke delen av døgnet. Våren er ei heilt spesiell tid i fjellet. Det er fortsatt skiføre i fjellet, men varmare. Det luktar av mose og lyng. Det er eit yrande fugleliv, lyd av rennande vatn osv. Det er lyst det meste av døgnet. Til tross for dette er det lite folk å treffe i fjellet på denne tida. Om sumaren er det sol og varmt, mygg, regn osv. Dette er heilt klart den årstida som krev minst av fjellvandraren. Hausten byr på mørke kveldar og kalde netter. Lyngen bugnar av modne bær. Tid for jakt. Haustfargene lyser opp ei kort tid før alt vert gått og tilsynelatande livlaust.
  19. Du har aldri opplevd sterk kuling i eit tunelltelt, forstår eg. Det er i alle fall massevis nok til å overdøyve Novaen min.
  20. For kuppeltelta, så brukar Hilleberg eit system med krokar for å feste teltet til stengene. Det gjer at ein kan feste alle pluggane før ein byrjar å reise teltet. Og ein person kan enkelt setje opp teltet aleine sjølv i sterk vind, det er ingen selvfølge for alle kuppeltelt på markedet. Hilleberg har utvendige stangkanalar på sine tunelltelt, desse er betydeleg enklare å tre i enn Helsport sine innvendige kanalar. Det er sikkert ikkje verdt så mykje for deg, men når ein er våt og kald og skal setje opp teltet i litt vind og dårleg lys, så betyr det faktis ganske mykje. Helsport påstår at deires konstruksjon er betre mot vanngjennomtrenging, men eg har aldri opplevd det på mitt Hilleberg-tunelltelt, så det er løysinga på eit ikkje-problem. Det er mange andre smådetaljar også, men det er slikt som både Hilleberg og Helsport endrar frå tid til annan, og alle mine telt er nokre år gamle, så mykje kan ha endra seg.
  21. Ein må i denne samanhengen vera klar over at støyen avtar raskt med avstand til støykilde, i alle fall i eit telt som ikkje har støyreflekterande vegger. Justerer du ned effekten litt, så hjelper det også. Det står ingen ting om kva avstand støymålingane vart utført på. Som samanlikningsgrunnlag mellom dei ulike brennarane er det heilt greit, så lenge alle målingane vart utført likt, og det reknar eg med at dei vart. Men derifrå til å seie at det er 84,6 dB A (ikkje Dba som trådstartar skriv) i teltet ditt, vert ikkje riktig. Teltdukblafring kan også ha eit høgt støynivå
  22. Det var nettopp det eg skreiv, at når ein fyrst kjøper eit kvalitetstelt så skal det halde lenge. Og då vert prisforskjellen ubetydeleg i den store samanhengen. Derfor vel eg det teltet som passar best til mitt bruk, og mine behov, nesten uavhengig av pris.
  23. Valget må kvar enkelt teltkjøper gjera, men det er ærleg tale ikkje spørsmål om dei heilt store summane. Til vinterbruk vel eg heller å spare peng på ein litt tyngre kunstfibersovepose i staden for ein dunsovepose, for å ha råd til eit telt eg veit eg kan stole på. Det er i alle fall valget mitt. Og når ein fyrst kjøper eit kvalitetstelt, så varer det veldig lenge. Pluggar er enkelt å skaffe separat, og det kostar ikkje mykje. Så dersom ein vil ha pluggane til Hilleberg, er det bare å kjøpe det, sjølv om teltet kjem frå Helsport eller omvendt. Skal ein bytte stenger på eit kuppeltelt, så ser du derimot raskt at det vert beløp av det. Når det gjeld manglande ytterteltplass i Unna og Soulo, så er det også eit valg kvar enkelt må gjera. Då eg kjøpte Soulo, så var det for å ha eit telt med minst mogleg markflate, for lettare å finne stor nok teltplass i høgfjellet. I tillegg til å ha eit sjølvståande telt, for å ha minst mogleg krav til pluggfeste på den same vesle teltplassen og fortsatt kunne tåle vinden. Då var ikkje stort forttelt noko tema. Til vinterturar derimot har eg ordentlege fortelt, men det var ikkje det trådstartar spurte om.
  24. Eg har alltid tatt eit godt tak i pluggfestet (eller bardunen) like ved pluggen, og dratt pluggen opp etter dette
  25. Telta mine dekker ulike bruksområder, så eg har derfor ingen samanlikningsgrunlag for tilsvarande telt. Men mi erfaring er at Hilleberg sine telt er av gjennomgåande betre kvalitet. Eg har foreløpig ikkje opplevd at saumar raknar på Hillebergtelta mine, det har eg på Helsport. Teltstengene til Hillebergtelta mine har aldri knekt, det har det det på Helsportteltet mitt, 2 ganger (denne er no bytta ut med stang frå Hilleberg). Dette til tross for at kvart av Hillebergtelta har vore mykje meir brukt, og hardare brukt, enn Helsportteltet. Men trådstartar spurte om Unna vs Soulo, og dei som har samanlikninga dei, har også vore flinke til å begrunne dette. Hadde eg visst det Fimax skriv om liggelengde dengong eg kjøpte Soulo, hadde eg heller kjøpt Unna. Eg er over 190cm og synest Soulo er trangt, men til mitt bruk går det greit. Men bare utfrå målskissene og antagelsar om takvinklar, var det ikkje like greit å koma fram til Fimax sin konklusjon.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.