Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. I så fall ville eg gå for dei smalaste. Men Ingstad er i utgangspunktet for breie som fjellski etter min smak, så det er opplagt ikkje eg som er i kundegruppa for desse skia uansett;)
  2. Dersom ein trur på slikt, kan dei sikkert det. Dersom ein ikkje trur på slikt, er svaret nei.
  3. Det er bare eit tidsspørsmål før menneske vert drept av vill ulv i noreg. Men eg trur ikkje den fyrste personen som vert drept av ulv, ligg i eit telt når det skjer. Eg trur den personen er eit barn i heilt vanleg leik i nærmiljøet. Tida vil vise om eg får rett. Men for ein som søv i telt, trur eg vinden er den største faren. Anten i eit litt for dårleg telt på snaufjellet, eller at ein får ei rotvelte over seg i skogen. Det siste er i så fall kun uflaks, det fyrste er resultat av overmot.
  4. Feller kan vera kjekt til sitt bruk. Sjølv brukar eg langfeller på toppturar. Kortfeller har eg brukt enkelte gonger når eg dreg pulk, då særleg dersom det er mykje oppover, eller det er våt snø. Smørefrie ski har eg prøvd ein gong, og aldri meir. Det bråkar så innihampen at ein helst bør bruke hørselvern.
  5. Då ser det ut som kartet er sone 33, og derfor er ikkje nord rett opp. Men rutenettet er sone 32, som er riktig. Rutenettet peiker altså mot nord, og derfor er dette heller ikkje rett opp. Ja, du kan bruke rutenettet til å ta ut kompasskurs.
  6. Er austkoordinatene på kartet ditt i området 0 - 40000, eller i området 310000 - 360000. I det fyrste tilfellet, vil missvisninga til rutenettet vera betydeleg, anslagsvis ca 10 grader. I det andre tilfellet vil rutenettet peike nesten rett nord. PS: Det manglar ein 0 i det forrige innlegget mitt, det skal stå 500000
  7. Rutenettet og kartet er truleg ikkje riktig UTM-sone i forhold til der du er. Det eine er gjerne sone 32 og det andre sone 33 (det ser ut som kartet er 33). På tangeringsmeridianen (austkoordinaten er 50000), peiker rutenettet rett nord. Ettersom rutenettet består av parallelle linjer, er det bare denne som peiker rett mot nord. Missvisninga vert naturlegvis større jo lenger frå tangeringsmeridianen ein er.
  8. Kart er bare ei grafisk framstilling av koordinatene
  9. No forstår eg Etter å ha studert sida som er linka til, er det ein ting eg savner. Nemleg oversikt over kva områder som er dekka, både i 1:100000 og i 1:50000. Sida var eigentleg ganske dårleg og lite informativ og bekrefter bare mine dårlege erfaringar med Cappelen som kartprodusent. Om karta dekker områda du skal gå i bra nok, er det ikkje lett å uttale seg om, ettersom det er bare du som veit kvar du skal gå. Sentrale områder i dei fjellstroka som har gjeve karta navn er heilt sikkert godt dekka, men korleis dekningen er i randsonene du skal ferdast, i er meir usikkert. Hardangerviddakartet stoppar 6km aust for Gavlen på Immingfjell. Og rett nord for Tungevatnet på det austlege kartutsnittet, og rett nord for Finse på det vestlege utsnittet.
  10. Hardangerviddakartet eg har her, har vestvidda på eine sida og austvidda på andre sida. begge sidene er 1:100000. Det er ingen utsnitt i 1:50000
  11. Eg forstår ikkje heilt kva du meiner med "kombinasjonen 1:100 000 + 1: 50 000". Eg har Hardangervidda-kartet som er i 1:100000, og det er heilt greit kart, langt betre enn tidlegare kart frå Cappelen. Sjølv synest eg skiløypene vert litt dominerande på kartet. Dette gjer fyrsteinntrykket veldig rotete, men lesbarheita er god når ein fyrst studerer kartet litt nøyare. I litt vansklegare terreng, ville eg nok valgt 1:50000 kart i staden.
  12. Her finn du eit program som lagar filer til Garmin: http://www.cgpsmapper.com/ For å lage kartet, genererte eg høgdekurver frå høgdemodellen til Nasa. 0meterskota definerte eg til kystlinja. Eg prøvde meg litt fram og fann ut at 100-meterskoter var det som passa meg best. I staden for å leite etter ferdigtrykte kart, skreiv eg ut nokre ark med topografiske kartet i 1:250000 frå dk.nunagis.gl
  13. Kart over Grønland: http://www.kms.dk/Produkter+og+ydelser/Produktkatalog/Groenland/Groennlandske_landkort_paa_papir/ Topokart til Garmin kjenner eg ikkje. Sjølv laga eg mine eigne garmin-kart av Nasa sin globale høgdemodell då eg var på Grønland i fjor. Det gav sjølvsagt ikkje godt nok grunnlag for finnavigering, men det gav meg i alle fall ei grei visuell bekrefting på kvar eg var i forhold til det store landskapet.
  14. afe

    Fiske Hardangervidda

    Sleipa mellom Halnefjorden og øvre Hein. Dette er allereie diskutert i denne tråden:
  15. Støvler som passer best mogleg på foten. Bindingar må passe til støvlane. Dersom du ikkje har såpass erfaring at du greier å velge slikt sjølv, ville eg ikkje anbefale å legge ut på ein så lang tur.
  16. Ja, lokk må ein ha. Kjelesettet mitt har lokk i tillegg til steikepanne, lokket passer forresten til panna også. Men dette kjelesettet trur eg ikkje passar I Trangia. Alternativet til å finne ein kaffikjele, kan vera å finne eit lokk til kjelane dine. Det er gjerne lettare å pakke
  17. Regn CO som same vekt som luft. Lufting høgt i teltet er uansett det enklaste og mest effektive med tanke på at du har ei varmekjelde i teltet. Sjølv sit eg oftast med med åpning i teltdøra i ansiktshøgde. Det gjev meg frisk luft til pustinga, i tillegg til utsikt. Er været ille, er det freistande å strype att teltåpningane, men så lenge ein ikkje tettar heilt, vil vinden hjelpe til at det vert noko utlufting sjølv i små åpningar. CO er ikkje noko ein skal ta for lett på. Ved den aller minste antydning til hovudverk må ein sørge for full utlufting og passe på å få frisk luft i lenger tid etterpå. Fordelen med varmevekslarkjel er jo at ein vert raskare ferdig, slik at ein kan stenge att åpningane og få lunk i teltet att.
  18. Ingen fare med meg. Eg legg ingen prestisje i slike diskusjonar på nett. Eg reknar det fyrst og fremst som folkeopplysning, ikkje som diskusjon. Om andre trur på meg eller ikkje betyr fint lite for meg. Og følgeleg er det ikkje alltid eg gidd å legge ned så mykje tid i forklaringa, aller minst i diskusjonar om tema som har vore diskutert fleire gonger før på same forumet. Det hender også ofte at ein slenger inn eit raskt svar på eit tilsynelatande enkelt spørsmål når ein heller ikkje har tid til å forklare nærare. Så får ein heller forklare meir seinare dersom det vert etterspurt. Innlegget mitt i går kveld var i denne kategorien.
  19. Altså ein kaffikjel som er stor nok til ein gassboks inni, og liten nok til å passe inni stormkjøkkenet? Eg trur nok at det enklaste er å lage kaffien i ein av dei andre stormkjøkkenkjelane.
  20. Fordelen med pelskant, er å få bremsa litt på vinden og snødrevet som ellers ville treffe ansiktet med full kraft. I vindstille kulde, gjer det også til at det vert stilleståande, ikkje så kald luft framom ansiktet. Ulempa med pelskant kan vera pelshår i augene, det er ikkje behagleg. I forhold til alternativt å bruke ansiktsmaske, hindrer pelskanten sidesynet. Ansiktsmaske kan derimot bli klamt og fuktig i lengda. Her vert det mykje smak og behag. Dette er best å prøve ut og gjera eigne erfaringar rundt.
  21. Smalare underlag vil ha større sidevegs varmetap, fordi det vert kortare veg for varmen frå kroppen ut til kanten av underlaget. (Her skulle eg eigentleg hatt eit uttropsteikn, men det virka visst useriøst i følge enkelte)
  22. Kvar enkelt får sjølvsagt tru kva ein vil. Under forutsetning av at ein ligg i ein vanleg sovepose, skjer storparten av varmeoverføringa til underlaget der kroppstyngda har pressa soveposefyllet mest saman. Det er i størst grad i ei brei stripe langs med og midt under kroppen. Soveposen dekker over det meste av dette påståtte sidevegs varmetapet. Dersom ein ligg utan sovepose og utan volumiøse, isolerande klede vert saken ein litt annan, men då er ikkje varmetapet til bakken så mykje å diskutere heller. Forutsetningen for å vurdere isolasjonsevna til oppblåsbare underlag er sjølvsagt at underlaget er laga for isolasjon, og ikkje til strandbruk.
  23. Linken din fører av ein eller annan grunn ikkje fram. Denne fungerer kanskje betre: http://www.primus.se...px?ItemId=94615
  24. Les linken over, så ser du at du kan ha litt meir i garasjen.
  25. Kor mykje varme som går gjennom underlaget er avhengig av temperaturgradienten og isolasjonsevna (u-verdi) til underlaget. Isolasjonsevna til underlaget er avhengig av materialvalg og tykkelse¹. I dei temperaturområda me opererer i, kan ein ikkje rekne isolasjonsevna som avhengig av temperaturen. Den varmen som går gjennom det eine underlaget må også gå gjennom det andre underlaget, dersom du ikkje godtar dette, kan eg ikkje hjelpe. Den totale varmetransporten er altså avhengig av den totale isolasjonsevna til begge underlaga, og den totale temperaturgradienten fordeler seg med to forholdsvise temperaturgradientar gjennom kvart av underlaga, avhengig av forholdet mellom isolasjonsevna til kvart av underlaga. Om det eine underlaget ligg over det andre betyr ingen ting, temperaturfallet gjennom kvart av underlaga er uavhengig av om det ligg øverst eller underst. ¹Tykkelsen på eit oppblåsbart underlag er avhengig av kor hardt det er blåst opp, og kor jevn last det er oppå det. Med for lite luft i eit slik underlag vert det så mjukt at det er godt å ligge på, men tykkelsen vert veldig liten der kroppen pressar det mest saman. Her vil det oppstå kuldebruer. Og det er også her myta om at lufta i oppblåsbare underlag gjer dei så kalde vinterstid. Sannheita er at det er lufta i underlaget som isolerer, men når underlaget vert trykt saman, er det ikkje så mykje isolerande luft mellom kroppen og bakken, og då vert det kaldt. Med det harde skumunderlaget oppå det oppblåsbare, kan ein oppnå meir jevnt trykk på det oppblåsbare, slik at punktvise kuldebruer ikkje oppstår. Det vil i så fall gje betre total isolasjon, men det er også avhengig av at bakken under er heilt slett. Slike kuldebruer unngår ein også ved å blåse det oppblåsbare ordentleg opp. I begge tilfeller vil det sjølvsagt gå utover liggekomforten.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.