Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Same plass sett i eit meir vanleg perspektiv.
  2. Hint: Det var fastbuande her fram til omlag 1909, no vert plassen brukt som privat fritidsbustad. Sidan 1970-talet har det vore heilårsveg bare 400m unna.
  3. Tilfeldigheitene fekk det til å vera både vera sol og siste dagen på tur. Vel heime, dagen etter, vart teltet lagt til tørk ute. Det var fyrst då eg skulle pakke det saman att, eg savna pluggposen. Etter endelaus leiting rundt på plenen, måtte eg konkludere med at pluggane ikkje låg der. For å lære noko av historia, og unngå å stå plugglaus ein regnvåt kveld, måtte eg finne ut kva som hadde skjedd. Halvannan veke etterpå, avspasserte eg ein dag frå arbeid, for å gå attende og sjekke om pluggane låg på den siste leirplassen, det gjorde dei. Den grønne pluggposen vart bytta ut med ein raud pose same kveld. Heile turen er referert her: http://home.no/afeten/nordfjella/2_17Opp_der_sola_g_aa_r.html
  4. Apropos teltpluggar. Etter kvar stopp, lang eller stutt, sjå godt etter for å vera sikker på at det ikkje ligg att noko. Teltpluggane har eg no i ein raud pose, ettersom denne er lettare å få auge på når eg etterser at det ikkje ligg att noko på leirplassen.
  5. Denne hytta ligg ved ein veldig populær stig. Men det er nok bare sumarstid denne stigen vert brukt.
  6. Det ligg ei hytte ved Fisktjønna. På norgeibilder.no synes det også eit lite uthus og eit naust ved vatnet.
  7. Det fjellbildet ville eg tippe var frå Forollhogna etter hinta å dømme. Derifrå til å finne ei hytte som passar, er eg ikkje i stand til.
  8. Svar på det fyrste spørsmålet er: Lenge. Mykje lenger enn effekten av voksing. Det neste spørmålet er: Mange. Fyrstegongs sikling tar mykje såle. Seinare tar ein nesten ingenting. Dersom alternativet er steinsliping, tar det mykje meir såle. Short summary: much longer than the waxing, and very many.
  9. Eg har alltid hatt med meg skolisse i sekken. Men dei gongene det ryk ei lisse, har eg alltid knytt denne saman att. Eg har faktis aldri tatt meg tid til å bytte ei øydelagt skolisse på tur.
  10. Er det alt som kan gå gale, skal eg greie å leva med det. Uansett må eg tenke meg om litt før eg handlar primus att. Så får eg sjå kva som dukkar opp seinare. Så lenge Hiker+ er i produksjon, er i alle fall det ein primus eg kan bestemme meg for og så kjøpe same dag. I motsetning til gamle primusar som ein fyrst må bestemme seg for, og så gå rundt å leite etter i lang tid, kanskje fleire år.
  11. Takk for mange innspel. No har eg bytta dyse, indre og ytre brennerskal og fyra opp att. Like gul. Så lot eg brennaren stå å brenne for fullt. Etter 10-15 minutt vart det bare gulare. Dersom eg hadde gjort dette rett etter militæret og dei erfaringane eg gjorde med stille-111 der, kan det godt hende eg hadde vore fornøgd med denne oppførselen. Men når eg samanliknar med Novaen som det var meininga han skulle erstatte, er det ingen tvil at at han ikkje held mål. I og med at dette er same brennstoffet som Novaen brenn heilt reint (eg har fyra opp det eg har skylt ut av Phoebus-tanken på Novaen for å samanlikne) har eg ingen grunn til å tru at det er noko feil på brennstoffet (eventuelt dersom Phoebusen er så kresen på brenselet, er det feil brennar for mitt bruk). Phoebusen vert no plassert lengst inne i boden som ein kuriositet og monument over eit av dei dyrare feilkjøpa eg har gjort. Ettersom påstanden om at bråke-111 også er eit usikkert prosjekt, har eg slått dette heilt frå meg. Novaen har så langt vore omlag vedlikehaldsfri i over 12 år. Det einaste eg har gjort er å fjerne brennselfilteret og smurt pumpelæret i ny og ne. Det er bare usikkerheita med slangen som gjer at eg har sett meg om etter ein annan vinterbrennar.
  12. Det med ein av dei mest driftsikre og pålitelege primusar som er lagd, hadde eg lese om Phoebusen også, og det var grunnen til at eg let meg lure i fella. Foreløpig har eg nok brent betydeleg meir raudsprit enn parafin. I går bles det litt for mykje til lengebrenning, men eg skal prøve det ein dag det er stillare (tomta mi ligg litt vindutsatt til, så det kan ta litt tid før eg får prøvde dette). Dersom det løyser problemet, har eg fortsatt eit problem, og det er at eg ikkje stolar på ein primus som brenn etter eige forgodtbefinnande. Det er rett og slett ein primus eg ikkje kan ta sjansen på å dra med til fjells vintertid. Derfor hadde eg vore meir komfortabel med å reparere meg frå problemet. Eg har nok dårleg erfaring med 111 frå millitæret til at ein slik sitt langt inne, men det var stillebrennar, og problema var relatert til at det var stillebrennar. No ser eg med sjølvsyn at Phoebus ikkje er noko betre, sjølv om mange har hevda akkurat det. MSR XGK er sikkert ein driftsikker primus, men uaktuell for meg. Eg skal ha ein primus med effektregulering rett på brennaren.
  13. Takk for tipset, men akkurat no kjenner eg at eg er lite lysten på å spandere bort nye tusenlappar på endå eit nytt, usikkert, gått-ut-av-produksjon-for-lenge-sidan-objekt.
  14. No har eg tatt ut dysa og spyla gjennom litt parafin. Men flamma er fortsatt like gul. No var det riktignok ein liten trekk i lufta her, nok til at det bare var så vidt eg fekk tent primusen. Så eg har i alle fall fått bekreftelse på at dette ikkje er ein uteprimus. I utgangspunktet var eg på utkikk etter ein fint brukt eller helst ubrukt bråke-111, ettersom eg ikkje ville kjøpe på meg ein problemprimus og var skeptisk til stillebrennar. Etter lengre tids leiting etter ein slik utan å få tak i det, kjøpte eg denne hersens østerikern i rein impuls. Han var i alle fall ubrukt. Impulskjøp er sjeldan suksessfult, ei heller denne gongen. No må eg vel bare byrje å leite etter ein bråke-111 att, eller kanskje er det lurare å droppe heile dette svermeriet etter gammalt rask og kjøpe ein ny hiker+, den har i alle fall ein brennar eg kjenner og veit korleis eg skal skru på.
  15. Det står "NUR FÜR PETROLEUM! Verwendung von Benzin verboten" noko som eg forstår som at det bare må brukast parafin. På dysa står det også trykt E, noko som stemmer med lappen på tanken der det står "Benzin-Düse G Gasoline-Nozzle G, Petroleum-Düse E Kerosene-Nozzle E"
  16. For å setje det heile i eit lite perspektiv, kan det vera verdt å nevne at elva er regulert, og det er takka vera at Vøringsfossen er ein turistatraksjon, at det renn vatn der i det heilt. Utan riksvegen og turistane som kjem etter vegen, hadde Vøringsfossen vore turrlagt.
  17. Kall meg gjerne idiot, dersom dette er nok til å kvalifisere for tittelen. Eg går som regel aleine. Fargene på kleda eg brukar er bevisste valg. Og eg har prioritert å synast minst mogleg når eg er på tur. Dette valget har eg gjort i respekt for dyr og andre som likar å føle at dei har naturen for seg sjølv. Desse skal ikkje sjå meg på lang avstand dersom dei ikkje gjer aktiv innsats for å få auge på meg. Dersom eg skal gjera det enklare for etterlatte å finne meg, skal eg starte med å fortelje omlag kvar eg reiser på tur, og halde meg til stigar og andre naturlege leder. I mine auge er fargerike klede, visuell forsøpling av naturen, og det er i område med liten trafikk at dette merkast mest. I område med mykje trafikk, er den menneskelege aktiviteten likevel så stor at fargebruk til kvar enkelt turgåar har mindre betydning. Men eg respekterer dei som gjer det etter bevisste valg.
  18. Lampeparafinen frå Statoil har eg brukt i mange år på andre primusar, så den stolar eg på. Effekten virka brukbar, utan at eg testa verken snøsmelting eller vannkoking. Eg ser ingen grunn til å sote ned ein kjel bare for å finne ut om eg har 1 eller 2 eller 3 kW. Dysa har eg ingen aning på korleis eg skal koma til å få ut. Det ser ganske trangt ut nedi der. Men eg skal prøve kva eg får til i kveld. Tanken vart skylt godt i fobindelse med bytte frå D-60 til lampeparafinen, så det punktet reknar eg som utført.
  19. Så lenge ullkleda mine vert utslitt bare på dei plassane som vert utsatt for slitasje ved bruk, vel eg å tru at det er bruken som er grunnen til slitasje. For sokkar gjeld dette bak på hælen. Stillongsen vert slitt i baken og innsida av låra (eg har slitt ut ullstillongs utan at denne har fått tid til å bli vaska). Trøyene vert slitt oppå åksla, under reimene på sekken. Ullvotter som vert brukt til skigåing vert slitt på framsida av tommelen og i grepet. Tjukke ullsokkar og ullvotter er heilt kurrant å stoppe for å forlenge levetida til ein viss grad. Ullstillongs har eg som nevnt, slutta å bruke.
  20. Utan at andre har kome med innspel, kan eg tilføye at eg no har prøvd anna brennstoff, i tilfelle problemet låg her. I kveld fyra eg opp med Statoils lampeparafin. Resultatet var identisk, men lukta var ikkje så ille. Samtidig fyra eg opp Novaen for samanlikninga. Forvarming av Phoebusen tok omlag dobbelt så lang tid som Novaen. Når eg såg kor blå flammene til Novaen er, vart flammene til Phoebusen bare endå gulare. Dersom ingen kjem med innspel, må eg bare konstantere at Phoebusen sine gode eigenskapar bare var ei myte. Og at pengane mine er tapt. For ein samlar, hadde primusen sikkert sin verdi så lenge han var ubrukt, men no er han ikkje lenger ubrukt, og eg har ikkje hjerte til å selge ein ubrukande primus til blodpris. Kjelestøttene til Phoebusen er i alle fall heilt tragisk, men eg hadde håpa at brennaren kunna brukast til fyring, men slik stoda er no, er det heilt uaktuelt. Er det andre brennarar (helst bråkebrennar) som lar seg montere på Phoebusen, og har nokon ein god løysing på enkle kjelestøtter?
  21. Neppe fortjent. Dette bildet av Amundsen er noko som har si rot i det britiske polarmiljøet, formidla for det norske publikum av K. Holt, R. Kvam jr og T. Bomann-Larsen. I fjor vart dagbøkene til Amundsen og mennene hans utgjeve. Dei som har lese desse, fortel at bildet av forholdet mellom Amundsen og Johansen neppe er riktig fortald av Kvam jr.
  22. Det ligg eit tysk fly fra krigens dagar i Fødalen: http://home.no/afeten/nordfjella/2_2_5Tyrsdag.html Litt utanfor temaet, men likevel. Det ligg eit fly i Langesjøen på Hardangervidda. Dette flyet nødlanda på isen, og flyet vart ikkje redda derifrå før isen gjekk.
  23. Når det går fort og lett, er alt mykje meir moro, då kan ein også drive på mykje lenger, og det er mykje lettare å koma seg ut. Slik kan ein likevel få meir treningsutbytte av at det går lett. Sjølv går eg på ski fordi det eg likar å gå på ski, ikkje for treninga si skuld. Når det er trått føre, er det ikkje moro, og då går eg heller ikkje så mykje på ski. Nokre gonger går eg på ski for å koma meg frå ein plass til ein annan, då likar eg også at det går lettast mogleg. Det er forresten på flatmark at god gli er viktigast, det gjer det uendeleg mykje lettare å gå.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.