Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg blandar ingen ting, eg viser bare til kva som er forskjellen på geoiden og ellipsoiden. Og det var eit svar til eit innlegg tidlegare i tråden. Når det gjeld høgdemåling med GPS, er det triangulering som er GPS-metoden, og den refererer seg i utgangspunktet til geoiden. Alle GPS'ar finn høgda på denne måten. Så er det nokre GPS'ar, langt frå alle, som også har barometer og som derfor også kan måle høgde barometrisk. Dette skjer i praksis ved å måle trykkforskjellen frå eit kjent punkt, altså det punktet der den barometriske høgdemålaren er kalibrert. Mange GPS'ar med barometer kalibrerar seg sjølv, og då veit ein eigentleg veldig dårleg kva slags høgde ein har. Dersom ein derimot kalibrerer den barometriske høgdemålaren sin sjølv, får ein ei høgde som forheld seg til same høgdesystem som den høgda ein kalibrerte mot, det er sjeldan geoiden. Og kalibreringa er sjølvsagt ferskvare. Når det gjeld å finne ut kva for topp av to nesten like høge toppar i umiddelbar nærleik av kvarande, som er høgast, treng ein heller ikkje kalibrere barometeret, det er bare å finne ut på kva topp det er lågast lufttrykk. Ein sjølvkalibrerande GPS med barometrisk høgdemålar kan derimot greie å rote det til for seg på ei så enkel oppgave også. Å bare bruke GPS-høgder til slik måling gjev heilt vilkårleg resultat.
  2. Eg kjenner ikkje desse brennarane, så det skal eg ikkje kommentere. Rådet er sikkert riktig med forutsetning at det erin av desse brennarane ein har. Men trådstartar skriv at han har ein Nova, og på den er det i alle fall fleire pakningar og eit brenselfilter som sitt i brennaren og ikkje på pumpa. Bare dette brenselfilteret har skapt mykje frustrasjon over Nova for mange. Alle Nova-brukarar (og brukarar av Hiker+) som ikkje kjenner til dette filteret, kan plutseleg ende opp med ein brennar som mister effekten.
  3. Ei reservepumpe kan vera greitt å ha med seg. Men ei ekstra pumpe er ingen garanti for problemfri primus slik det vart påstått lenger oppe i tråden.
  4. Det stemmer ikkje med mi erfaring med diverse primusar, riktignok ikkje MSR og ikkje begrensa til slangeprimusar. Eg har til dags dato ikkje opplevd at ei pumpe som fungerer når turen startar, har svikta i felt. Ikkje småsvikt som har kravd reparasjon, og langt mindre totalhavari som har kravd bytte av pumpa. Eg har derimot opplevd utette pakningar og tette filter, men dette er enkle ting å bytte forutsatt at ein har med seg dei rette reservedelane. Og eg har ein primus som er kassert fordi eg aldri har greidd å få han til å brenne reint, til tross for at eg har bytta reservedeler for mange hundre kroner, men pumpa fungerer feilfritt. Dersom MSR har så dårlege pumper, er det grunn nok til å halde seg langt unna merket
  5. Dersom det hadde vore så enkelt at det bare er pumpa som kan svikte...
  6. Her er dei FFI-rapportane eg har lese, og som tydeleg viser problemet med kald kjele: http://rapporter.ffi.no/rapporter/97/04713.pdf http://www.ffi.no/no/Rapporter/2012-00404.pdf Sigaretten din produserte ein del CO også
  7. Dei testane til FFI viser vel CO-produksjon med kjele. Det er nettopp nedkjølinga av flamma der denne treff den kaldare overflata på kjelen som er problemet. I så fall bør du heller bruke den andre brennaren til matlaging og Novaen til fyring Men god lufting ved all matlaging, og særleg ved snøsmelting er eigentleg alt som skal til. Dersom eg skulle velge å ha med meg 2 brennarar på tur, ville eg hatt med to identiske. Dersom du ikkje har tatt deg bryet å lære deg å kjenne ein brennar meir enn overflatisk, er det ein dårleg ide å ta med endå ein ulik brennar som du aldri kjem til å lære å kjenne ordentleg. Det du bør kjenne på Novaen, er korleis effektreguleringa fungerer. Dersom det er skitt i brennaren, kan dette legge seg i spora på den lange skruven. Dette er lett å renske i felt utan å bytte deler. Brenselfilteret i enden av slangen bør du kjenne til, for dette vert tett før eller sidan, og då får du dårleg effekt på brennaren. Sjølv har eg fjerna dette filteret og aldri erstatta det med eit nytt. Dette måtte eg gjera på tur når effekten gradvis vart veldig dårleg, nettopp for å ikkje ende opp utan brennar på resten av turen. Tilslutt er det ulike pakningar som kan byrje å svikte. Kjøper du eit reservedelssett, inneheld dette alle pakningar og brenselfilter. Då skal det mykje til å ende opp utan fungerande brennar.
  8. Eg er ikkje i stand til å anbefale gass til vinterbruk, så dersom noko skal fungere til heilårsbruk, vera kompakt og lett, har eg ingen betre forslag enn: Svea 123r med Primus EtaPower pot 1l kjel. Plastboksen har eg der for å unngå å skrape opp belegget i kjelen, i tillegg til at det sikrar kjelen mot eventuelt bensinsøl. Vekta er i underkant av 1kg med plastboksen og full bensintank, volumet samanpakka er litt over 1l. Sjølv om Svea 123r ikkje har den aller største effekten, hjelper varmeribbene under kjelen til at vatnet likevel kokar forbløffande raskt. Vintertid bør ein ha med ei korkplate for å isolere bensintanken fra snøen.
  9. Tilgang til funksjonelle og varme nok støvler kanskje. Utvalget ekstremt varme skistøvlar er ikkje stor, så når ein fyrst finn den rette støvlen til foten sin, må ein bare bruke den bindingen som passer til støvlane.
  10. Meg bekjent er det mest vanleg at denne natta ikkje byrjar før over midnatt, altså ikkje dette året.
  11. Eg har slitt ut omlag 10 par ski med NNN-BC, og har opplevd havari av binding kun ein gong. Den gongen losna skruvane frå skia. Plastpynten på bindingen var sjølvsagt knekt sundt i farten. Men sjølve bindingen er kompakt metall tvers gjennom, og ville fungere nesten (litt vinglen utan plasskinna under skoen) like godt dersom eg hadde hatt skrujern til å feste han på skia att. Etter å ha studert denne øydelagte bindingen inn og ut, er konklusjonen min at eg kjem aldri til å greie å øydelegge ein BC-binding til det ubrukelege i felt. Det som ikkje vert øydelagt treng heller ikkje reparerast. Men eit pz3-skrujern er alltid med på langturar. 75mm-bindingen er nok mykje meir utsatt med bøyle som kan ramle av, øyrer som kan bøyast osv, sjølv om heller ikkje det skjer så ofte. Men ettersom det skjer, har mange 75mm-tilhengarar vorte veldig oppteken av om bindingen kan reparerast i felt.
  12. Sjølv vel eg utan tvil nnn-BC til å gå med. Jo lenger turen er, jo sikrare er eg på dette valget.
  13. Det er greit å ikkje la seg stole blindt på den EN-temperaturen, men å sjå bort frå han er dumt. EN-temperaturane kan samanliknast mellom produsentane, så dersom ein finn ut at den soveposen ein har er for kald, er det enkelt å finne ein som faktis er varmare, ved nettopp å samanlikne EN-temperaturane. Det ein skal vera klar over, er at soveposen er betydeleg varmare fyrste natta når han er tørr, og ein sjølv fortsatt er rimeleg utkvilt. Etter nokre dagar på tur, vert soveposen litt fuktigare, og ein sjølv tåler litt mindre når ein har hatt ein slitsom dag. Dette kan fort utgjera mange grader i komforttemperatur. Er soveposen velbrukt, er han heller ikkje så varm som då han var ny. Det er ikkje farleg å reise på vidda med denne soveposen i april, men det kan bli kalde netter med dårleg søvn. Er ein heldig med natt-temperaturane, treng det ikkje vera så kaldt heller. Dersom det vert i kaldaste laget i soveposen, er eit lag med tørre ullunderklede godt å ha på seg. Gode, tørre ullsokkar og ei luve gjer også underverk, ettersom det er ytterpunkta som vert kalde fyrst.
  14. Sjølv ville eg ikkje vera komfortabel med å reise på vintertelttur med ein slik sovepose. Sjølv i mai kan du få lågare natt-temperatur enn dette, i april er det ingen garanti for å ikkje oppleve -20. Tur med telt og pulk er eigentleg veldig greit. Ein går akkurat så langt og så lenge og så raskt ein føler for det. Så slår ein leir og startar opp att dagen etter.
  15. Med tanke på at ein skal setje på kjele, blande og røre, ta av kjele osv, er det heilt uungåeleg at brennaren står ein plass det ikkje kan skumpast. For ein spritbrennar kan det skvalpe brennande sprit ut av brennaren. For andre brennarar er det viktig at brennaren ikkje veltar, og det kan løysast geometrisk, dvs stor vidde og lågt tyngdepunkt.
  16. afe

    Tessungdalen

    Kva som er kriteriet for om vegen er eigna, veit eg ikkje, men vegen i Tessungdalen er i alle fall ikkje mindre eigna enn veldig mange andre vegar. Vegen er asfaltert. Høgdeforskjellen reknar eg med at du greier å lesa deg fram til på kart. Det er brattare på Uvdalssida.
  17. No har eg fått prøvd buksa på to skiturar. Lurdag var det rundt null grader og snøvær, altså forhold der vatntette klede er kjekt, men likefullt vert veldig klamme. I dag vart det topptur i nokre kuldegrader og til dels mykje vind med snødrev, ansiktmaskevær. Buksa er vatntett, på godt og vondt. Glidelåsane til bakluka (for å drite utan å ta av seg jakka) er tovegs og går nesten ned til kneet. Ved å åpne desse nedanfrå, er det mogleg å få til effektiv lufting. Det øverste partiet på buksa er også litt meir luftig, og overgangen til dette stoffet kjem nedanfor hoftebeltet til sekken, så dette stenger ikkje luftstrømmen så mykje som på mange andre bukser. Stoffet er passe stivt slik at det vert ståande luft innanfor sjølv om vinden rufsar godt. Det bråkar derimot så mykje når ein går at jegeren gjerne vil ha eit anna stoff. Lårlommene har god plass til votter eller feller utan at eg merkar så godt at eg har desse lommene der. Dei er riktignok litt trang i åpningen. Ettersom buksa når så høgt, vert ikkje selane så lange, i tillegg til at dei går i kryss bak. Dette fører til at dei sit godt på plass utan ramle til sides. Desse fungerer betre enn det meste eg har prøvd, også av tilsvarande høge selebukser. Det eg ikkje er så fornøgd med er nedkanten på strumpene. Desse er ordentleg vide. Det er sjølvsagt kjekt for dei som skal ha dei utanpå kraftige støvler. Det eg derimot savner, er ein moglegheit for å stramme desse inn noko. Det er riktignok hemper til å tre gjennom ein strikk, så får eg sjå om eg får til noko som fungerer.
  18. Eg ville aldri brukt spritbrennar inne i telt. Er ein uforsiktig og skumpar borti brennaren, skvett det brennande sprit utover. Med tanke på at flammene er nesten usynleg, er det heller ikkje lett å oppdage problemet med ein gong. Effekten er også veldig låg, så snøsmelting tar veldig lang tid.
  19. Akkurat fått buksa no. Fyrsteinntrykket er svært bra. Om eit par år skal eg ha langtidserfaring også.
  20. Eg ville satse på å ta med meg mange nok batteri. Det kostar litt, men det kostar masse om ein skal kjøpe solcellepanel som fungerer godt nok i mitdvinterssola også. Vektmessig er det nok også fordelaktig med nokre batteri i forhold til masse ladegreier. Har du med deg ein 12V-lader, har du moglegheit til å lade dersom du kjem på ei turisthytte med 12V, men ikkje rekn med dette dersom du ikkje veit sikkert at ei bestemt hytte har det. Vidare er det fornuftig å ikkje sløse med straumen du har i batteria. Finn ut kor mykje batteri du treng for å fylle dei minnekorta du har med deg, og hald reknskap på kor lenge kvart batteri skal halde, og kor mykje batteri du har brukt, slik at du heile tida veit korleis du ligg ann. For å få mest mogleg ut av batteriet, må batteriet haldast varmt i ei lomme innanfor kleda innimellom fotograferinga. Og hugs å ta med eit godt stativ.
  21. Det er seinare (1998) kome ut ei ny, utvida versjon på norsk. den heiter 'Norge, den nordlige arena'. Den er også utvida i forhold til den engelske orginalen ved at det er kome med nokre turar som vart gjort etter at den engelske orginalen vart utgjeve. Boka har også masse notar og kart. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010040820009
  22. Sjølv foretrekk eg pakkrammesekk, men det har vore voldsom utvikling både på pakkrammesekk og anatomisk sekk sidan 70-talet, utan at eg har oversikt over når Norrøna har gjort dei viktigaste endringane. Når du i tillegg skriv at du har bytta ut det gamle bæresystemet, er det ikkje godt å vite korleis sekken din er. Dersom bæresystemet ditt er oppdatert til kva som var på marknaden på 90-talet, har du i alle fall ein god sekk. Om sekken passer godt på ryggen din eller ikkje, er også avgjerande for bærekomforten. Dersom sekken ikkje passar ryggen din, finst det betydeleg betre alternativ. Dersom sekken passar godt til ryggen din, finst det ikkje betydeleg betre alternativ.
  23. Om heat pal på 1500W er den beste løysingen, tviler eg på dersom du synest primus med inntil 3000W er for lite.
  24. eirikw har sjølvsagt rett.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.