Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Fyrste overnattinga i teltet var på snø. Det vert den siste på snø. Dette er ikkje eit vintertelt. Det tettar alt for dårleg mot bakken. I kulde og vind, er det også eit sakn å ikkje kunne regulere luftinga. Teltet som står oppe av ein teltstangboge, er heilt avhengig av godt feste til pluggane. Bardunane er det enkelt å flytte litt rundt for å finne eit godt feste. Men teltduken mot vinden må strammast med to pluggar, og desse har ikkje noko slingringsmonn. Dersom denne sida ikkje er stram, taklar teltet vinden veldig dårleg. På mange av teltplassane mine, har dette vore vanskeleg. Så til høgfjellsturar har eg anskaffa meg eit litt tyngre men mykje betre eigna telt. Det er nokre saumar som revna ganske tidleg, og teltstonga har knekt to gonger (i løpet av teltet sine 28 fyrste netter) utan nokon spesiell belastning, så noko god kvalitet vitner ikkje dette til, og det også ein av grunnane til at dette ikkje er eit telt som eg stolar på under krevande forhold. Stanga er no bytta ut med ei langt betre stang frå Hilleberg. Men teltet er svært romsleg til tross for vekta (som riktignok ikkje er så lett som produsenten oppgjev). Sjølv er eg 1,9m, og liggelengda er i massevis nok. I forteltet er det plass til sekken utan at han ligg i vegen for å koma seg inn og ut av teltet. Etter mitt syn, er det ingen grunn til å velge 2-mannsversjonen dersom du likevel har tenkt å bruke teltet som 1-mannstelt. Det gjev deg bare ein tyngre sekk! Click here to view the article
  2. Dette er ein primus som ikkje vert produsert lenger, og godt er det.Primusen treng veldig lang forvarming. Primusen brenn ikkje reint. Flammene er gulaktig og ein kjenner godt lukta av brennstoffet. Altså heilt ubrukeleg innandørs og i telt. Primusen er også veldig følsam for vind, slik at han også er ubrukeleg utandørs. Kjelestøttene er høge, vinglete og glatte på oversida, slik at ein må passe på kjelen heile tida, for at det ikkje skal skje nokon ulykke Click here to view the article
  3. Jakke med flott passform. Litt dårleg med lommer, men dette er subjektivt, og har også stor påvirkning på vekt. Jakka er lett, og det er jo bra. Luftinga under armane er plassert slik at det er lett å justere når ein har på seg jakka. Men luftinga er plassert slik at effekten er lik null når ein har på seg sekk! Det som likevel gjer at eg har litt dårlege erfaringar med jakka, er at tapen som skal tette alle saumane, byrja å ramle av etter 3 månaders lett bruk. Utanom den nevnte tapen, er jakka slitesterk og fortsatt i bruk etter 4 år meir eller mindre heilårsbruk. Click here to view the article
  4. 3 av para har knekt under foten. 1 par sprakk på langs.Då eg kjøpte det fyrste paret, var det for å få meg meir solide ski enn dei konkuranseskia eg tidlegare hadde brukt i fjellet, eg kan desverre ikkje seie at Pellestova var det rette valget. Click here to view the article
  5. Dersom ein er på tur jevnt utover større deler av landet, vert ikkje slike kart så dyrt i forhold til papirkart. Men når ein har eit turområde som stort sett strekker seg over 3-4 papirkart, og dette tilfeldigvis også er fordelt på 3 ulike CD'ar, er det ikkje akkurat billig.
  6. Hansker er ein ting. Skal ein GPS ha noko særleg verdi i dårleg vær vinterstid, må ein kunne bruka han utan å ta av seg vindvottene. Eg har ikkje smarttelefon, så eg veit ikkje om den lar seg bruke med vindvotter på. Men eg veit at både kameraet mitt og GPS'en min fint kan brukast med vindvotter på (begge disse er riktignok både større og tyngre enn ein smarttelefon).
  7. Nei. Mykje utstyr, som klede, støvlar og ski, er forbruksvare. Slikt kjøper eg inn nytt når det er gode tilbod. Ullundertøy og ski kjøper eg fast om våren. Anna utstyr som vert slitt, prøver eg å kjøpe i passe tid før behovet er akutt. Så lenge eg fortsatt har tenkt å drive friluftsliv, ser eg ingen grunn til å slutte å kjøpe nytt utstyr.
  8. http://www.qiviutonline.com/?wpsc_product_category=qiviut-moskusgarn
  9. CO-produksjonen er eit resultat av at flamma vert nedkjøla før forbrenninga er ferdig, og det skjer uansett om ein har nok O2. Avgassane må ut av teltet, ellers dør du. Så enkelt er det.
  10. Det største problemet med ei knekt ski, er ikkje eventuelle konsekvensar for teltet. Problemet er at ein står der med ei ski i manko. Eg har gått heimatt med knekt ski mange nok gonger til å vite at det ikkje alltid er moro. Den risikoen reduserer ein dersom ein har teltpluggar som ikkje også vert brukt som framkomstmiddel.
  11. Eg har også Soulo. Mi vurdering er at forteltet er for trangt til at eg plasserer ein primus der. Eg vil ha større avstand fra primusen til teltduken for at eg skal føle at det er trygt. Ved å hekte ned deler at innerteltet, er det derimot enkelt å få denne avstanden. Men heile teltet er trangt, med vintersoveposen utpakka, meg sjølv og ryggsekken inne i teltet, er ikkje eg i stand til å finne ledig plass til ein primus inne. Teltet er i minste laget for bare meg og vintersoveposen. Det hjelper sjølvsagt dersom du lar alt utstyret ligge ute, men er det aktuelt i uvær? Eg har teltet primært til ryggsekkturar vår og haust eller høgt til fjells, der vekt og vindeigenskapar betyr alt, i tillegg til at ein ikkje treng store teltplassen. Vinterstid tar eg med meg eit større telt, for då brukar eg til vanleg pulk (i alle fall i så pulkvenleg terreng som vidda), og det er ingen stein som stikk opp og gjer det vanskeleg å plassere teltet.
  12. Neivel... Eg uttaler meg kun av eigen erfaring, og ja, ski kan knekke i vinden. Eg har ingen eksempel fra polane, for der har eg ikkje vore.
  13. Ei ekstra, tynn ulltrøye. Så lenge ein er i aktivitet, held i alle fall det meg varm til -20°C.
  14. I slike tilfeller er det to ting å ha i tankane. Med litt uforsiktigheit med korleis skia står, kan stålkanten kutte plugghempa. Dersom ein er uheldig kan også skia knekke i vinden.
  15. Sjølv bur eg like ved eit større kraftverk, og det er ingen tvil om at kulda bit mykje kraftigare nedstrøms for kraftverket, der det er altså er åpent vatn. Dette gjeld også når det er -20 eller -30°C. Luftfuktigheita er også større der. Det ser ein godt på at det vert meir frostrøyk av utpusten der, enn det vert ovanfor kraftverket. Sjølv om kald luft ikkje kan halde på så mykje fuktigheit som varmare luft, er det fortsatt forskjell på tørr og mindre tørr luft.
  16. No ser det endeleg ut som det skjer noko i UTM-sone-feil-saken: http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Trekker-tilbake-farlige-kart-2807257.html
  17. Grønlandsvoksen fungerer ypperleg på rein bomull også. Men ein må vera klar over at denne voksen stopper effektivt dei pustande eigenskapane, dette gjeld både for G-1000-stoffet og rein bomull. Men litt voks på dei plassane ein erfaringsmessig veit at det lett vert vått, kan gjera underverk.
  18. Litiumbatteri som dei orginale har betydeleg høgare energitettheit enn vanlege AA-batteri, altså meir straum for like tunge batteri. I tillegg veg batterigrepet ein del. Eit batterigrep og AA-batteri er rett og slett ein unødig tung løysing på problemet. Og skal ein på tur i fleire veker, er i alle fall eg, oppteken av å spare vekt der eg kan spare vekt.
  19. Det er ein rein bensinbrennar, altså ikkje same brennar som den vanlege parafin-bråkebrennaren.
  20. Sjølv foretrekk eg forsvarets sine nye vindvotter som uværsvindvotter. Eg har til gode å finne tilsvarande kommersielle vindvotter. Skytefingeren som stikk opp, kan vera litt i vegen når ein tar på seg skistavane, men det er til å leva med. Vottene er også litt i tettaste laget etter min smak, så eg vrenger dei alltid for å tørke dei godt etter bruk.
  21. Så lenge det ikkje regnar, er fortsatt bomull suveren. Sjølv fortrekk eg jakke med heil glidelås, men dette er ein smakssak.
  22. Eg trur at folk flest ikkje bryr seg i det heile, dessutan sit dei inne og ser på tv. Folk flest er ikkje klar over at det er månelyst ein gong. Men så er det nokre få som tilfeldigvis er ute eller ser ut. Nokre få av desse att, er av det engstelege slaget. Dess fleire som kan sjå noko rart, dess større er sjansen for at ein av desse trur at noko er gale. At ein gjer noko når ein trur at nokon andre er i nød, er jo bra, sjølv om det i enkelte tilfeller viser seg at ein tok feil. Stadig kraftigare lykter gjer jo også at ein lettare vert sett. Og gode reflektorar på nyare lykter gjer også at vert ein effekt av blinking dersom ein oppheld seg i den retningen lykta svingar over, det gjer det også mykje lettare å oppdage, og misstolkast som eit signal, enn dei gamle lyktene som kasta lyset meir tilfeldig ut i lufta.
  23. Prinsippet er greitt, men i praksis fungerer det ikkje fordi ein tar på seg ein sekk (eller trekkseler til pulk) og strammar hoftebeltet. PS: Radiator er noko heilt anna, dette er ein skorsteinseffekt
  24. Dersom smørefrie ski held tre sesongar, er det ca 3 gonger lenger enn mine smøreski brukar halde. Men dersom eg skulle slite med smørefrie ski, ville eg vel gått mindre på ski også ;)Smørefrie ski bråkar, det høyrest lang veg, men er 10 gonger verre for den stakkaren som står oppå skia. Gliden vert også mykje dårlegare enn smurte ski. Eg har prøvd det på ein halv tur, og aldri meir. Men for den som ikkje vil lære å smøre skia, kan det vera greit å ha som skipar nummer 2 til bruk ved 0 grader og nysnø, for det kan vera utfordrande å smøre til, også for ekspertar. Det er også eit føre som ikkje slit på skia. Er det kuldegrader, er skismøring såre enkelt, og det finnst ikkje unnskyldning for å ikkje lære å smøre med blå ekstra. For blaut snø, er det nesten heilt greitt å gå med kortfell, anten Åsnes sitt system som er avhengig av Åsnes ski, eller Madshus sine kortfeller som vert festa i tuppen og har skisåle det fremste stykket. Men ingen av desse løysingane gjev god glid.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.