Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. 0°C i forsvarets regnklede. Det rann ein bekk av smeltevatn gjennom teltet, og alt var blautt.
  2. Erfaringsmessig endar eg på 20-25km pr dag på telttur. Men om dette er realistisk for deg, er det bare du som kan ha moglegheit for å vurdere. Mitt råd vil vera å planlegge god tid. Så brukar du den tida du ser at vert til overs, til toppturar og andre krumspring undervegs. Slik vil tida tilpasse seg sjølv.
  3. Så lenge det er spørsmål om binding utan hælbinding, har 75mm og BC likeverdige køyreegenskapar. Det er støvelen som er avgjerande.
  4. Eg har litt forskjellige ski. BC på alle som er aktuelle for overnattingstur.
  5. Bomullanorakken er underlagt akkurat dei same fysiske lovene som mebranplagga. Eg har til dags dato aldri opplevd at bumullsjakka ikkje er våt på ryggen etter ein skitur med ryggsekk på. Kondenseringa skjer på nøyaktig same måte som på membranplagg. Forskjellen er at bomull slepp litt meir av fuktigheita gjennom stoffet, men mykje av fuktigheita sett seg også i stoffet som derfor tar lengre tid å tørke enn plaststoff. God utlufting oppnår ein i stor grad ved å åpne glidelåsar i membranjakka. Men med vind og snødrev, kan det bli vel mykje fuktigheit innanfor dersom glidelåsane er åpne, så då må ein tette att. I kald vind, er derimot bembranjakker merkbart meir vindtett enn bomullanorakken.
  6. Eg er på ingen måte ovebevist om at eg går raskare med sekk med med pulk, sjølv med lite vekt. Ein lett pulk på 15-20kg merker ein omtrent ikkje. Då kan eg lett skøyte med stor fart bortover flatene, det gjer eg ikkje med ein like tung sekk. Ettersom vekta av pulken kviler rett på bakken, kan ein få bra kvileutbytte av ein halvminutts stopp. Går ein med sekk, må sekken av for å få tilsvarande kvile. Det gjer at (i alle fall eg) kan gå mykje lengre øykter mellom kva lengre pause når eg går med pulk, enn med sekk. Den største forskjellen er derimot det tilgjengelege volumet. I pulken kan ein pakke ledig og strukturert slik at alt er lett tilgjengeleg under vegs. Med sekk må ein pakke alt mest mogleg kompreimert for å få plass, og det er bare det som ligg på toppen som er tilgjengeleg utan å tømme heile sekken. I pulken pakkar eg maten i plastkasser, slik at ikkje eit einaste kjeks vert smuldra opp. Sekken har eg store problem med å pakke utan å deformere aluminiumskjelen.
  7. Noko særleg betre nøyaktigheit kan ein nok ikkje vente med GLONASS. Men ettersom desse satelittane kjem i tillegg til GPS-satelittane, skal det meir til før ein ikkje finn nok satelittar til å kunne berekne posisjonen.
  8. afe

    Tur-radio

    Foreløpig er det ingen DAB_signal her eg bur, så eg ser ingen grunn til å investere i DAB-radio enno. Av alt eg har lese om DAB-dekning, er det bare fokus på der folk bur. Eg mistenker at dekninga til fjells kan bli svært mangelfull, og eg fryktar at værmelding på tur kan bli historie den dagen FM-radiosendingane vert skruvd av.
  9. Skal det vera noko som helst for seg med stormmatter for å legge snø på, bør det vera av stoff som er langt mindre glatt enn vanleg teltnylon. Det er i alle fall mi meining, men så tilhøyrer eg også leiren som meiner at Hillebergtelt fungerer godt utan stormmatter.
  10. Akkurat dette overraskar meg ikkje. Laussnøkøyrarar som går inn for å lære meir om skred, gjer dette fyrst og fremst for å kunne tøye grensene. Dei gjer det altså for å kunne køyre der ein utan denne ekstrakunnskapen må halde seg unna fordi ein ikkje har kunnskap nok til å vurdere forholda som sikre nok. Med ein slik tilnærming, vil auka kunnskap kun gje fleire, og meir alvorlege ulykker. For dei som er i mot dette eine forbudet, kan eg opplyse om at det er mange nok skredfarlege heng der det fortsatt er lov å køyre for dei som absolutt vil oppleve korleis det er å omkoma i snøskred. Både i Hemsedal og i resten av landet. Og forbudet er bare midlertidig til skredfaren går over.
  11. For meg virkar det som trådstartar har vore for forsiktig med pumpa, slik at trykket ikkje har vore nok til maks effekt med parafinen.
  12. Heldig du då. Sjølv har eg aldri vore i ein butikk som har hatt meir enn eit par av kvar lengde og modell av Åsnes-ski. Og ikkje veit eg kor langt eg i tilfelle må reise for å finne ein betre butikk.
  13. Med ein veldig viktig forskjell. Bensin-/parafin-primusen har pumpe slik at ein får trykk på tanken uansett temperatur. For å behalde trykket i gassboksen, er ein fortsatt avhengig av fordamping i gassboksen, og dette vil fortsatt senke temperaturen, sjølv om det ikkje går så fort som når all gass skal fordampe i boksen.
  14. Heilt riktig dette du skriv. Myta om at oppblåsbare liggeunderlag ikkje isolerer, er ei myte som har oppstått fordi enkelte har hatt alt for lite luft i underlaget sitt. Då vert underlaget veldig tynt der kroppstyngda presser det mest saman, og det oppstår kuldebru.
  15. Ja det er det. Tovegsglidelås, slik at ein kan åpne glidelåsen litt øverst for å få tilgang til lommer i buksa under.
  16. Temperaturen til jernet står på pakningen. Den kvite det er linka til står det 130°C på. Den gule CH10 som eg har brukt dei siste åra står det 110°C på. Til samanlikning står det 150°C på den grønne CH4 (-10--32°C).
  17. Då eg var på smørekurs hjå ein tidlegare landslagssmører, sa han at dei ulike gliderane ikkje hadde gav nokon praktis forskjell i glid for anna enn konkuransesituasjonar. Han sa også at ved å bruke den mjukaste glideren, kan ein bruke kaldare jern, og dermed mindre fare for å øydelegge sålen. Hans råd var derfor å bare bruke den glideren det står 0-+10 på, uansett føre. No er ikkje eg veldig ivrig med smørejernet, men eg har i alle fall heilt slutta å bruke hardare glider.
  18. For å redusere kondensproblem, er det bare lufting som fungerer. Det er ingen problem å lufte godt nok i Soulo, sjølv om det også går ann å tette nesten heilt att. Når det gjeld Ringstind, er det eit veldig luftig telt som ikkje går ann å tette, og er derfor eit ubrukeleg vintertelt, i alle fall etter mine erfaringar. Dersom ein luftar riktig, er ikkje kondensproblemet større i Soulo enn i andre telt.
  19. Avstemminga bør ikkje starte før fristen for å poste bilde har gått ut.
  20. Brynje har også nettingprodukt med 80% ull, men søk på Classic Wool Mesh, ikkje super thermo (som er polypropylen): http://www.amfibi.no...01&prodid=53253
  21. Det er i alle fall ei solid og varm bukse. 1,5kg gjer ho meir aktuell til å ha liggande i bilen enn til å ta med i sekken. Tur-overtrekksbuksa mi er Mountain Hardware Compressor PL etter anbefaling her på forumet for nokre år sidan. http://sportsnett.no/s/p.aspx?pid=2420&cid=405
  22. G-1000 er bare 35% bomull, og 65% polyester.
  23. Ho er på ingen måte vindtett. Og vekta stemmer i alle fall for mitt eksemplar. Det er jo bare eit lag med kunstfiberfyll med eit tynt stofflag på kvar side + nokre knappar.
  24. Teltet er eit ekte ekstremtelt. Med bare 2 teltstangbogar, er det veldig raskt og lett å setje opp, sjølv med vindvotter på, og det er viktig når vinterveret er på det verste. Teltet tettar godt mot bakken, så stormmatter har aldri vore noko sakn.Eg er 1,9m lang og det er for langt for vesle Nammatj. Særleg vintertid og i vind, og det er som vintertelt eg har brukt Nammatj. Problemet er at det legg seg snø å teltduken mot veret, slik at teltet vert stuttare og stuttare i løpet av natta. Sjølv løyste eg dette med å ligge med føttene ut i forteltet. Då økonomien vart litt betre, vart det veldig freistande å kjøpe eit telt med fortelt i begge endar, for å sikre meg liggelengde. Etter det har Nammatj ligge i skåpet. Click here to view the article
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.