Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. afe

    Rift i goretex

    Mi erfaring er at slike lappar forsvinn i vask. Men ein slik lapp, kombinert med litt stormsure for at det skal sitje betre i tillegg til å vera ordentleg tett, eller bare stormsure dersom rifta ikkje er for stor, har forlenge levetida på mange plagg. Det vert ikkje fint, men det fungerer.
  2. Nei, ei kuldegrop har ingen funksjon i eit nylontelt.
  3. Ein litt vidare tandemversjon ville gjera at turkameraten (eller ein tilfeldig forbipasserande som også må på do, dersom ein sjølv er aleine) kan fungere som motvekt når ein er på snaufjellet.
  4. Kor vanleg det er å gjera det slik, veit eg ikkje. Men det er i alle fall slik eg gjer det. Og eg skreiv "så djup grop at eg nesten kan stå oppreist". Det må sjølvsagt ikkje vera så djup at du ikkje kjem deg ut av ho. Grunnen til at eg foretrekk så djup grop, har mest med det praktiske ved å kunne koma inn i forteltet og stenge åpningen (i tilfellet snørfokk utanfor) før eg børster av meg snøen før eg fortsett inn i innerteltet. Utan ei slik grop i fortelet, vert det lett mykje snø inne i innerteltet. Minstemålet mitt på gropa, er lengda på leggen, altså slik at eg kan sitje behagleg i innerteltåpningen. Denne moglegheita savnar eg når eg teltar på barmark
  5. Det er mogleg svaret mitt var like uklart Men når eg skreiv "Det er i alle fall slik eg har gjort det i alle år, og eg har aldri hatt ann enn vanleg tunnelteltfortelt." så var det slik fortelt heilt utan flatt tak eg meinte. Dette har eg gjort i årevis i Nammatj og seinare i Tarra. Eg har aldri hatt telt med stort fortelt. Eg brukar nok å ha brennaren meir enn 20cm under bakkenivå. Men dette er delvis avhengig av kor lett det er å grave seg ned. Kor nære teltduken ein våger å ha brennaren, er avhengig av brennaren, og kor godt ein kjenner sin eigen brennar.
  6. Så lenge returventilen i botn av pumpa er tett, er det ikkje parafin inne i pumpa
  7. Etter mitt syn, er det praktisk med ei grop i forteltet. Sjølv har eg alltid ei så djup grop at eg nesten kan stå oppreist. Der vert det plass til brennaren nedi. Og eg kan sitje i teltåpningen og dingle med føttene. Nokre hyller i snøen under ytterteltduken er gri til å setje frå seg diverse. Det er i alle fall slik eg har gjort det i alle år, og eg har aldri hatt ann enn vanleg tunnelteltfortelt.
  8. afe

    Tur-radio

    Hovedsendarane som sender med mykje større effekt enn dei små lokale, når langt og er mykje mindre avhengig av fri sikt. Sendarane på Lønahorgi og på Gaustatoppen når det meste av fjellområda sør for Jotunheimen. Digital radio i utkantstrok er foreløpig rein utopi.
  9. For meg er det stikk motsatt. Eg brukte fjellduken ein del tidlegare. Men etter at eg fekk meg ei isolasjonsjakke (og etterkvart også ei isolasjonsbukse) har fjellduken ikkje vorte brukt meir vinterstid. Men det er mogleg du er litt kortare enn meg, så det ikkje er så trangt i fjellduken.
  10. Buss eller tog? Erfaring med telttur får ein ikkje før ein har vore på telttur, og då kjem erfaringa automatisk. Det er sjølvsagt fornuftig å starte med enklare turar, gjerne med ein fast teltplass. Så utviklar det seg heilt naturleg derifrå.
  11. Det er dette helsetrøyestoffet som er brukt som for i forsvaret si losluve (også kallt bf). Og losluva har sine tilhengarar i kulda, meg sjølv inkludert.
  12. Er det for varmt for ull, går eg utan. Tynn ull-t-skjorte er det mest behagleg eg veit om, å ha på seg i varmen.
  13. Tråden starta med at trådstartar stilte spørmålsteikn ved om det var for mykje diskusjon om utstyr på fjellforum, som om fjellforum skulle brukast til å diskutere noko heilt anna. Så har tråden utvikla seg til å handle om at for mange kjøper (for dyrt og for mykje) friluftsutstyr utan å reise på spektakulære nok turar til at utstyret kan forsvarast overfor utøvarar av det riktige friluftslivet. Som om det ikkje er kjekt å kle seg varmt og regntett også i urbane strok. Felles for dei aller fleste innlegga i tråden, er derimot at det bare er dei andre som har feil holding. Ein sjølv har sjølvsagt eit avbalansert syn på det heile, og gjer bare fornuftige valg basert på faktiske, reelle behov Det var ei rask oppsummering av korleis eg har forstått tråden.
  14. Dersom det bare er fasaden det handlar om, og den vert halden ved like av tilfeldig publisering av bilder av seg sjølv, er det ingen praktisk forskjell på ei dyr membranjakke av riktig merke og ein slitt bomullsanorakk kjøpt på fretex. Det er ingen tvil om at mange fell inn i denne kategorien, men eg trur ikkje det er sunnt å la seg provosere over slikt. Og korleis kvar enkelt vel å sløse bort inntekta si, får vera opp til kvar enkelt. Om dei motebevisste svir av tusenlappane sine på ei praktisk jakke med fornuftig snitt i ein sportsbutikk eller på ei jakke heilt utan praktiske løysingar i ein motebutikk, for bruk til heilt andre ting enn friluftsliv, bør heller ikkje provosere dei som reknar seg som utøvarar av det einaste, sanne friluftslivet. Sjølv har eg faktis det same behovet for å halde ute regn, snø, vind og kuldegrader når eg syklar til og frå arbeid som eg har når eg er på fjelltur. Det kan virke som enkelte meiner (eller gjer uttrykk for det i alle fall) at utstyr som vert marknadsført som friluftsutstyr, bør vera forbeholdt kvalitetskontrollerte friluftfolk. Slik er heldigvis ikkje verden.
  15. Fjellforum er heldigvis ingen lovgivande forsamling, så kva som kjem fram i denne tråden påvirkar ikkje kva som er lov og ikkje Sjølv om enkelte har meiningar om korleis det "einaste rette" friluftslivet skal levast, er det heldigvis fritt fram for kva enkelt å gjera på sin måte. Eg er alt for lite glad i skogen og alt for utålmodig av meg til å sitje på ei granbarseng å glo inn i bålet, og attpåtil synast det er kos. Utgangspunktet for tråden, var vel heller om fjellforum skal vera til for sprøsmål og diskusjon rundt utstyr, eller om det heller skal skrivast meir om turar og naturoppleving. Og utstyrdiskusjonar vert me nok aldri ferdig med. Det perfekte utstyret finnst ikkje, til det er behova alt for mange og sprikande. Ulikt utstyr til ulik bruk. Då seier det seg sjølv at det vert ulikt utstyr, både type og mengde, for oss som reiser på snaufjellet kvar einaste helg, og for den som held seg i ly av skogen, og kanskje bare når det er fint vær. Riktige utstyret til bruken, enkelt eller avansert, gjer friluftslivet slik ein sjølv ynskjer det, mogleg. Men det betyr ikkje nødvendigvis at ein er opphengt i utstyr til det hysteriske, sjølv om det kan sjå slik ut for den uinnvidde.
  16. Når det gjeld forbruksvarer som klede, støvler ski ol, passer eg alltid på å kjøpe nytt i god tid før det gamle er utslitt. Dette gjer eg av flerie grunnar. Ved å kjøpe før behovet melder seg, kan eg nytte tilfeldige tilbud, og på den måte spare mykje peng på lengre sikt. Slitt vindtøy er ikkje like vindtett som nytt vindtøy. Ved å bruke det gamle når det er godt nok, sparer eg det nye og forlengar levetida vesentleg. Gamle utette fejllstøvler er fortsatt like god å gå i på turar ein likevel veit at det ikkje vert vått, det vil seie dagsturar i fint ver. Gamle ski vert brukt tidleg på sensongen for å spare dei nye for kontakt med grus og småstein. osv. Det bind litt meir kapital, men eg sparer mykje på lang sikt.
  17. Eg greier med lettheit å åpne alle plastspenner som er på sekken min, med vindvotter på. Finn andre spenner, og bytt ut dei du har.
  18. Isbjørn er eit sjødyr, og følger drivisen der maten er. Det er derfor ikkje kvitsjøen som stoppar han, men de isfrie kysten vår som stoppar han frå å koma vandrande frå Sibir.
  19. Joda, det kan det. Eg kjøpte i alle fall min innanlands. Men som det allereie er nevnt, det fungerer dårleg i kombinasjon med stålkantar. Men det finnst jo ypperlege fjellski utan stålkant...
  20. Ja og ja. Det siste er i alle fall viktig.
  21. Å gå inn våte lærstøvler når det er varmt i været er greit nok. Men skitur med kliss våte støvler er heilt uaktuelt for min del. Sølv tar eg alltid ein kortare tur fyrste gongen med nye støvlar. Dette fyrst og fremst for å ikkje å risikere alt for ille gnagsår på heimveg. Dersom støvlane passar godt til foten, og det bør dei uansett gjera i utgangspunktet, er nokre få korte turar med tørre støvler nok til inngåing. Og som Lompa skriv, skistøvler skal gåast inn på ski.
  22. Eg er ikkje her for å diskutere naturopplevingar. Naturopplevingar er det eg er ute for, for å oppleve det sjølv. Utstyr derimot er godt eigna til å diskutere på nett. Og dersom det gjer at eg unngår bomkjøp, har eg både spart masse peng og dårlege erfaringar. Eg sparer miljøet også.
  23. Det er på ingen måte nytt at Kartverket tar imot rettingar i kartet. Men med ei slik nettside er det unekteleg mykje enklare å rapportere om feil enn å måtte sende kartutsnitt til Kartverket. Sjølv la eg nettopp inn 4 rettingar. Når det gjeld betaling eller ikkje for digitale kart, går det nok mot frigjering. Men det er mange lerret som må bleikast innan det lar seg gjera å gjennomføre, så det vil ta tid. Det er langt frå så enkelt som at kartlegginga av landet bare vert finansiert over statsbudsjettet (Telenor vil neppe vera med å finansiere kartlegginga dersom konkurrentane får dei same karta gratis). Men det må truleg over dit, før det lar seg gjera å frigjera alt. Gratis webtjenester for kart har allereie vorte så utbreidde at det er usikkert kor lenge det lar seg gjera å trykke kart kommersielt.
  24. Det ser ut som du allereie har bestemt deg for kva for svar du er ute etter. I så fall må eg bare beklage at eg forstyrrer virkelegheitsoppfatninga di. Eg bare svarer på kva du spurte om, basert på eigne erfaringar (som du jo ba om med takk). 75mm utan hælbinding er kraftig oppskrytt til telemark. Den som ikkje er enig med meg i det, vil sjølvsagt meine at påstanden min er noko drøy. Med tanke på at det ikkje er å få tak i mjuke støvler til 75mm, unngår ein riktignok dei verste opplevingane med systemet. Til BC er spekteret av støvlar betydeleg større, i alle fall i retning mjukare støvler som er betre eigna til å gå med. Desse støvlane er sjølvsagt ikkje like godt eigna til telemark som dei langt stivare støvlane som er å få til 75mm. Men det endrar ikkje det faktum at BC fungerer godt til telemark når brukar stivare støvlar. Myten om at 75mm eignar seg så mykje betre til telemark er basert på erfaringar med langt mjukare BC-støvlar enn 75mm-støvlar. Når ein går for hælbinding, vert saka raskt ein annan, ettersom BC-sålen ikkje har spor for hælbinding.
  25. Eg skriv kun basert på eigne erfaringar, og dei seier meg at eg ikkje går raskare med sekk enn med pulk med same vekt. Dette gjeld nok uansett vekt og uavhengig av om terreng og føre tillater nokre skøytetak.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.