Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Digital speilrefleks var litt dyrare heilt fram til for få år sidan Når batteria i tillegg kosta nær tusenlappen kvar, og ein måtte ha med seg minst 2 ekstra batteri på dagstur i kulda, føltest det håplaust ut for ein som var vane med å bytte ut knappebatteriet i det gamle kameraet kvart 3. år. Jo, eg kan forstå at denne diskusjonen kan minne om diskusjonen om digitalkamera rundt 2000. Sjølv om telefonane i framtida kan fungere fullt ut som tur-gps, hjelper det ikkje meg i dag, dersom dagens telefon-gps ikkje fungerer tilfredstillande. Diskusjonen minner meg også om korleis det har vore diskutert i årevis om gps er noko å stole på i det heile. Sjølv sverger eg fortsatt til å alltid ha med meg både kart og kompass, og det kjem eg til å fortsette med i uoverskueleg framtid, sjølv om gps'en aldri har svikta meg. Men eg har hatt turar som eg ikkje ville kunne gjennomført utan gps, heller ikkje med ein gps som ikkje lar seg betjene med votter på. Dersom eg hadde hatt gps på telefonen, og ikkje hatt annan gps-mottakar, hadde eg sikkert teke med meg telefonen på tur, og brukt den med dei begrensingane det ville bety. Det er godt mogleg eg ville vera godt fornøgd også. Men det er langt derfrå til å støtte påstanden som er overskrifta på denne tråden.
  2. Mitt fyrste digitalkamera kosta meg like mykje pr. eksponering som det ville kosta meg dersom eg hadde fortsatt å bruke film i kameraet eg hadde fra før¹. Så sjølv om oppløysinga var på linje med filmen, var det ikkje opplagt fornuftig å skifte til digitalt. Og batteriforbruket var ei sann plage. ¹Altså same kostnad som forbruk av film og framkalling for like mange eksponeringar.
  3. Ja på Kaitum er det ikkje spart på plassen. Dersom Kaitum hadde vore på markedet sist eg kjøpte telt, hadde eg kjøpt det, til tross for litt tynnare duk og stenger. Det er eit av veldig få telt eg kunne tenke meg som heilårstelt
  4. Hilleberg Nammatj er omlag 3kg (litt under 3kg for 2-mannsversjonen, litt over 3kg for 3-mannsversjonen), er av god kvalitet, har god ventilasjon og eignar seg veldig godt til vinterbruk. Nammatj har derimot ei ulempe (i likheit med veldig mange andre telt, særleg lette telt), den skrå bakveggen som effektivt kortar ned liggelengda etter kvart som snøen bygger seg opp utanfor. Eg drar (vinterteltet ligg jo i pulk) med meg eit ekstra kilo for å unngå denne ulempa. Det finnst også andre lette, solide telt, felles for alle er at plassen er begrensa på ein eller annan måte.
  5. afe

    Bergans vs Norheim

    Eg er meir oppteken av korleis den aktuelle modellen passar mine behov, enn kva merket heiter (og kva andre på fjellforum meiner om merket). Dersom du finn eit plagg som passar deg, og som virkar som eit ok plagg, kjøp det og bruk det.
  6.     Etter mi erfaring, er dei beste snøpluggane av tre. Og dei må ein lage sjølv. Som oftast sit gode snøpluggar godt. Men snø er eit potensielt dårleg medium for teltpluggar, så det skal vera mange pluggar på eit vintertelt. Med fleire pluggar totalt, betyr det mindre om nokre få av dei mister taket i underlaget.
  7. afe

    Kjelesot

    Men ver forberedt på sprutande glør som svir hol på kleda dine. For det får du av gran, men ikkje av furu.
  8. Du greier deg godt utan stålkant. Du treng heller ikkje så breie ski. Det er ein motbakke kvar veg, så dersom du absolutt skal bruke feller, ville eg valgt langfeller.
  9. Sjølv om telefonen fungerer i kulde, er det eit betimeleg spørsmål om du greier å betjene han med votter på. Når eg har bruk for gps i kulda, er det aldri i fint vær. Sjansen er stor for at det er veldig lite freistande å ta av meg vindvottene. Eg har ikkje telefon med gps, så eg veit ikkje svaret på sprøsmålet. Men eg har dedikert gps-mottakar, og eg veit at eg greier å betjene alle funksjoner på den med vindvottene på.
  10. Ved hjelp av sola, er det utruleg kva for temperaturar ein kan greie å få til på ein svart skisåle. Små smørejern med gassfyring finnst også, sjølv har eg eit som fint går ned i sidelomma på sekken.
  11. Det var bare eit tall eg fann i næraste papirbunke¹: "Målsettingen er at de fleste kommunene skal ha gått over til NN2000 i løpet av 2014. Noen kommuner, spesielt lengst nord i landet hvor noe 1. ordens nivellement gjenstår, vil helt sikkert henge igjen til 2015." ¹Som tilfeldigvis var Posisjon nr 1-2013 der det stod ein 2 sides artikkel om overgangen til NN2000, av Einar Jensen, Kartverket.
  12. Så lenge det ikkje er eksplisitt opplyst at høgda er i NN1954 (eller noko anna nasjonalt høgdereferansesystem), skal du heller ikkje regne med at det er det. NN1954 er forresten på full fart ut. I løpet av 2015 skal NN2000 vera innført i heile landet.
  13. Det finnst mange faktiske ulemper med membraner, men frå mi side skal dei få ligge til ein eventuell tråd der membranene får ufortjent mykje skryt Punkt 1 i åpningsinnlegget er i stor grad ballansert¹, så det trengst ikkje argumenterast mot. ¹Eg har riktignok vett til å ta av meg jakka når det er varmt. Og eg har vett til å kle meg, så eg har heller aldri frose unødvendig med membranklede.
  14.     Glidelåsane i sida er tovegs. Åpne ovantil dersom ein skal på do, nedantil for å lufte. Luftinga vert riktig bra, så eg har i alle fall ikkje hatt noko kondensproblem. Men eg har bare brukt buksa i kuldegrader, så vanntettheita har eg ikkje fått testa enno. I løpet av ein halv skisesong, har eg slitt hol på innsida av knea, rett bak det forsterka partiet. Tapen som tettar saumen i skrittet, er også slitt av. Når det gjeld vinterbruk, er eg meir glad i bomull, så til neste år har eg tenkt å prøve bomullsvarianten av same bukse.
  15.     Er det nokon plass eg ikkje har fått lov til å utnytte det personlege utstyret på best praktisk måte, så var det då eg var i militæret. Så dersom ein soldat vert beordra til å stenge att alle glidelåsar for at jakka skal "fungere", er ikkje det overraskande i det heile.
  16.     Trykket har vorte latterleggjort i denne tråden, det rette uttrykket er heller partialtrykk eller fugasitet av vanndamp. All diffusjon er avhengig av at dette trykket er ulikt, dette gjeld ikkje bare membraner, men også bomull og alle andre stoff. Men å påstå at for mykje lufting øydelegg denne eigenskapen, er eit godt døme på at nokon har missforstått kva som er målet. Dersom målet er å få fuktigheita gjennom stoffet, må ein sjølvsagt stenge alle andre rømningsvegar. Men når det gjeld å få vekk fuktigheita frå kroppen, betyr det ingen ting om denne fuktigheita går gjennom stoffet eller gjennom ein åpen glidelås. Poenget er å få vekk mest mogleg fuktigheit, og det gjer ein best der motstanden er minst, altså gjennom ein åpen glidelås.
  17. Eg vil starte med punkt 4. Dette med hermetisk lukking er ikkje bare sterkt overdrive, det er direkte feil. Det er riktig at det vil passere mindre fuktigheit gjennom membranen dersom ein lufter godt gjennom glidelåsar. Men likevel får ein meir fuktigheit ut av plagget med åpningane oppe, fordi åpningane er meir effektive til fuktigheitstransport enn membranen. Det er det bare idioti å stenge att alle effektive åpningar for å presse fuktigheita gjennom membranen. Det aller mest effektive utluftinga er å ta av seg plagget, men då vil også utluftinga gjennom membranen vera redusert til null. 3, 5 og 6 er heilt konkret for den omtala uniformen, og ikkje generelle eigenskapar. 2 er eg heller ikkje heilt einig i. Membranen er ikkje veldig slitesterk, men stoffet membranen er laminert til, er ofte betydeleg meir slitesterk enn bomull/bomullsblandingar. Membranplagg eg har erfaring med har derfor hatt lengre levetid enn tilsvarande bomull/bomulsblandingsplagg. Det er altså bare punkt 1 som eg kan seie meg rimeleg einig i.
  18.     Fjällräven sin greenland wax kan også brukast på dei fleste andre tekstiler av bomull og bomullsblandingar, uavhengig av produsent.
  19. I juli tar eg bare på meg membranbukse dersom eg veit at det vert regn. Mi erfaring er at membranbukser er altfor klamt til å brukast i godt vær. Sjølv er eg veldig glad i buksene fra Fjällräven, som riktignok ikkje er "stort sett bommull" men 35% bomull og 65 % polyester. Dei fungerer godt dersom det ikkje er kortbuksevær. Prisen er rundt kr 1000. Men strengt tatt ville det overraske meg om du ikkje allereie har ei bukse som fungerer massevis godt nok til ein julitur til fjells. I alle fall dersom det er ein dagstur, og du eventuelt kan skifte til noko tørt når turen er over.
  20.     Det ser ut til at dette er poenget: http://www.thecoldestjourney.org/home/science/ Det er i alle fall langt meir meiningsfyllt enn alle sportsekspedisjonane som nordmenn er så kjent for, og som ser ut til å vera forbildet for mange på dette forumet..
  21. Så lenge varte eventyret for Fiennes vedkommande. http://www.thecoldestjourney.org/home/blog/2013/02/25/ran-out/
  22.     Det opplyste eg om 4. september, bare 4,5 time etter spørsmålet var stilt. Kva meir kan du forlange Men spørsmålet var kva kvar enkelt foretrekk. Det betyr at _du_ bare kan fortsette å kløyve veden din med noko _eg_ ikkje finn formålstjenleg å tynge ned sekken _min_ med.
  23. Dei DAC stengene som Hilleberg har brukt dei siste åra, har vore forhåndsbøygd. Dersom det er dei to midterste ledda på kaitum-stengene dine som er bøygd, trur eg dei var slik då du kjøpte teltet. Eg har stenger som har fått ein varig bøy etter mykje vind, både Easton og DAC. Dette er mykje betre enn at stanga knekk. Om stanga skal bøye seg eller knekke, er eit valg som er gjort i produksjonen av stanga, og altså eit valg produsenten gjer for deg. Eg foretrekk den produsenten som vel at stanga mi ikkje skal knekke. Om Helsportstanga mi hadde ein produksjonsfeil, veit eg ikkje. Helsport har heller aldri svart på det. Men i så fall er det resultat av dårleg kvalitetskontroll, det er heller ikkje bra. Ein kollega har opplevd akkurat det same med eit anna Helsporttelt av ein annan modell og annan årgang. Ein annan kollega har også opplevd det med ein tredje modell og ukjent (for meg) årgang. Så kvalitetskontrollproblemet har i så fall vore eit problem Helsport har hatt lenge, og som dei no har valgt å løyse ved å kjøpe stenger frå ein anerkjent produsent. For dei som ikkje trur Helsport har nokon grunn til å bytte ut stengene sine, er det jo sjølvsagt bare å kjøpe fjorårets modellar. Men eg ville ikkje gjort det, og eg har ikkje samvittigheit til å anbefale det heller.
  24. Eg er kjent i Ål. Men Breiadalen har eg aldri høyrt om. Dersom det er Breadalen du meiner, er eg lommekjent.
  25. Kall det kva du vil. Eg foretrekk i alle fall stenger frå DAC og Easton som eg har betydeleg betre erfaring med enn Helsport sine gamle stenger. Om det er kvaliteten som er overlegen, eller det bare er produktet som er mindre sårbar for brukerfeil, betyr eigentleg ikkje så mykje. For meg er det viktigast at stengene ikkje bøyer seg. Eg har bøygde stenger frå både DAC og Easton. Det er mykje betre at sengene bøyer seg i vinden, enn sprøe stenger som knekk tvers av i same belastning. Helsportstanga som knakk for meg to gonger i løpet av teltet sine fyrste 28 netter, gjorde det heilt uprovosert. Ingen sterke vindar som har herja med teltet, verken då stanga knakk eller tidlegare. Bare satt opp og tatt ned teltet på same måte som eg sett opp og tar ned andre telt. Dersom det var på grunn av feil eg gjorde, var rett og slett ikkje Helsport godt nok for meg. Denne Helsportstanga er erstatta med ei stang frå Easton. Eg har fortsatt å bruke teltet på akkurat same måten, utan at dei eventuelt same brukerfeilane har knekt denne stanga. Dette er forresten ei stang som tidlegare var brukt i eit vintertelt i all slags vær. Stanga har omlag same diameter som Helsportstanga, men er nokre gram lettare. Erfaringa mi (og eg veit om fleire med same erfaring i nær bekjentskapskrets) er heilt klar at stengene frå Helsport er for sprø, eller for sårbar for brukerfeil. Kall det kva du vil. Resultatet er det same.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.