Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Med forbehold om at eg sjølvsagt ikkje kjenner til alle soveposane på markedet, har eg eit klart inntrykk av at dei aller fleste av dei aller lettaste soveposane er for kort for meg. I praksis er den lettaste soveposen eg har funne som både er lang nok for meg og varm nok til det eg meiner eg må ha i fjellet sumarstid, 1,2kg. Katalogvekta var riktignok litt lettare, men soveposar under 1kg og lang nok for ein rett over 190cm har eg rett og slett ikkje funne.
  2. Det er fleire gonger eg har gått av meg ein fell. Felles for alle desse gongene er at det var på kalde dagar.
  3. Sjølvsagt kan eg gå glipp av noko ved å la vera å kjøpe usett frå nettet, både moglegheiter og ergrelsar. Eg har kjøpt mykje på nettet, og stort sett har eg vorte fornøgd. Men enkelte ting, særleg ting eg i utgangspunktet er skeptisk til, må eg sjå, og gjerne prøve, før eg kjøper. Dersom det skulle dukke opp korte joggeskogamasjar i ein butikk i nærleiken, kan det godt hende eg slår til.
  4. Du må sjølvsagt bare foreslå ting. Sjølv om det ikkje fell i smak for meg, er det andre som les tråden også. Eg har til gode å finne gamasjar som passar godt på joggeskoaktige sko. Om dei låge gamasjane det er linka til ville passe, veit eg ikkje, og eg kjem ikkje til å kjøpe nokon slike før eg eventuelt har prøvd dei. Det aleine utelukkar det meste som finnst der ute i den store verden. Det er ulike løysingar for stroppen under hælen på ulike gammasjar. Eg har ikkje sett nokon som er slitesterk nok til barmarksbruk¹, knapt nok slitesterk nok til skibruk². Sko utan hæl gjer heller ikkje at denne stroppen vert meir beskytta. ¹Her er det sjølvsagt også ulik slitasje frå ulikt underlag. Eg går mykje på stein, og det er ikkje det underlaget som er snillast mot utstyret. ²Dei to siste skisesongane har eg brukt eit kraftig snøre, med ein kort strikk på oversida. Denne løysinga er lite fleksibel med tanke på ulike støvlar, men har vist seg rimeleg slitesterk, men syner tydeleg teikn til slitasje. Det er likevel for tidleg å seie om stroppen held ut denne sesongen, men eg har allereie tenkt ut ei lita forbetring til neste versjon. Denne løysinga har uansett holdt mange gonger lenger enn strikkløysingane som er vanleg på nye gamasjar.
  5. Eg har ikkje kikka på dei korte gammasjane som det er linka til, og eg kjem heller ikkje til å gjera det. Grunnen til at eg ikkje likar gammasjar, er ikkje på grunn av høgda. Sjølv om eg ikkje nevnte sandalar i innlegget mitt, skulle det ikkje vera opplagt at eg ikkje har prøvd sandalar, for det har eg. Men det er på ingen måte mitt favorittfottøy, verken i vegetasjon eller over vegetasjonsgrensa (men av ulike grunnar). Men med tanke på drenering av fuktigheit, har dei heit klart sine fordeler, ja.
  6. Sjølv vel eg fottøy etter vér og terreng, i veldig liten grad etter kor tung sekken er. Dersom eg har kontroll over véret, og veit at eg ikkje skal gå i myrar eller i kratt som fyller skoa med bøss, går eg gjerne i joggesko. Det vil seie at eg stort sett går med joggesko over vegetasjonsgrensa, på topptur, altså der mange meiner ein treng stivare støvler med meir støtte. Eg har eit par joggeskoliknande sko med membran. Dei er god å gå med, tette nok til å gå i myrar og til steingåing rett under vannflata. Men i regn vert dei våte ovantil, og då er dei så grusom på foten, at eg kjem aldri til å ta dei med på overnattingstur med mindre vérvarselet er veldig lovande. Eg likar ikkje gammasjar sumarstid, derfor vel eg gjerne høgare støvler for å unngå å få for mykje bøss i skoa. Marsstøvlane er eit lett alternativ som eg på ingen måte reknar som vanntett. Derfor ender eg gjerne på tyngre, høge lærstøvlar på lengre turar, etter ei heilheitsvurdering. Dei støvlane/skoa som til sjuende og sist er best på langtur, er dei som er minst plagsom å gå med etter at dei har vorte gjennomvåte. Det er i alle fall langt meir viktig for meg enn vekt aleine.
  7. Den siste setningen din, har du heilt rett i;) Resten er heller langt frå sannheita. Fjellstyret er utnevnt av kommunestyret, og grensene følger i mange tilfeller kommunegrensene, men det er også alt det har med kommunen å gjera. Fjellstyrene har sine heilt eigne fjellkasser¹, utan nokon kopling til kommuneøkonomien. Regnskapen vert rapportert til Statskog, med kopi til kommunestyret. Dersom eit fjellstyre ikkje tar betalt for overnatting, må kostnadane dekkast på andre områder det same fjellstyret har inntekter frå, som til dømes jakt og fiske. ¹Fjellstyrene som er mva-pliktige er registrert som "annen juridisk person" i Brønnøysundregistrene, ettersom dei verken er kommunale, statlige eller private selskap.
  8. Eg er klar over at sola ikkje kan hjelpe i mørketida. Men om det bare er overskya, men sola likevel er godt over horisonten, varmar ho godt på ein svart skisåle som er vendt mot der du reknar med sola er. Andre triks som å lage friksjonsvarme, og å ha fellene innanfor jakka før dei skal brukast, fungerer også i mørketida.
  9. afe

    Skistaver.

    Eg går for vanlege, gameldagse stroppar, men mindre trinser.
  10. Ski treng ikkje stå mange minuttane med sålen mot sola, før temperaturen går merkbart opp. Eg brukar også å stryke hånda hardt mot fellene etter at eg har satt dei på. Dette gjer sjølvsagt at fellene vert trykt mot skia og fester seg betre, men det gjer også at fellene vert litt varmare og limet fester betre. Mine gamle colltex-feller har eg brukt hundrevis av ganger utan å ha på nytt lim. Fellene er ellers nesten utslitt. På dei fyrste Åsnes-kortfellene mine, heldt limet bare nokre få turar. Eg ville i alle fall legge på nytt lim, heller enn å kjøpe nye feller (som neppe er betre enn dei gamle).
  11. Eg har fyrstikkene i eit lite plastbeger, kjent som Olabeger i mjølkeprodusentkretser. Det er eit beger til å ha mjølkeprøver i. Storleiken er litt høgare enn ein filmboks, og med hengsla lokk. Rissepapiret har eg limt på innsida av lokket. På langtur har eg alltid 2 slike beger, men eg har aldri opplevd at eg har fått bruk for det andre begeret.
  12. Sjølv held eg meg til skøytestavar i aluminium, med tilhøyrande små trinser. Så lenge eg held meg til fjells her, dvs over skoggrensa, er det alltid fast nok. Og skulle det vera litt lausare snø, slepp eg i alle fall å lyfte så mykje snø når eg lyfter staven.
  13. Som det allereie er nevnt, finnst ikkje heilårsposen. Ein varm sovepose til vinterbruk er for varm, og unødvendig tung til sumarbruk. Når ein også veit at soveposen har begrensa levetid, er det unødvendig å slite på den dyre vinterposen når ein billigare og lettare pose er eit betre alternativ om sumaren. Sjølv har eg delt året i 3 når det gjeld sovepose. Ein rein vinterpose, ein haust/vår-pose¹ og ein lett sumarpose. ¹vår/haust-posen min er riktignok varmare enn det eit innlegg i denne tråden har nevnt som heilårspose.
  14. Einkvar enkel, billig og lett gassbrennar fungerer langt betre enn dei langt dyrare multifuelbrennarane gjer på gass. Så eg ser ingen god grunn til å ville brenne gass på ein multifuelbrennar. Mitt råd er å kjøpe ein god brennar for flytande brennstoff og ein billig, liten og lett gassbrennar for gassbrenning. Då får du ein betre gassbrennar, og du får eit litt større utvalg¹ av brennarar til flytande brennstoff. I tilleg slepp du å slite ut den dyre brennaren på å brenne gass i den varme årstida. ¹Sjølv om brennarane som brenn både flytande brenstoff og gass ikkje er optimale til gass, er dei gode på flytande brennstoff, så vurder dei på lik linje med andre brennarar for flytande brennstoff.
  15. Nei, eg slit ikkje med det. Eg kan sjølvsagt ikkje trykke like raskt som med bare fingrar, men eg greier å betjene alle fungsjonar på gps'en min med dei tjukke ullvotter og vindvottene på. Det er heilt essensielt for meg at vinterutstyret fungerer på denne måten.
  16. Sjølv om dei fleste turane mine er dagsturar innanfor ein radius på 25km frå heimen, endrar ikkje det faktumet at når eg har bruk for gps-en, er det dårleg vær. Dårleg vær i norsk vinterfjell¹, er i alle fall barskt nok til at eg foretrekk ein gps som er betjenbar med vindvotter på. ¹Og høgfjell har eg rikeleg av innanfor den same radiusen.
  17.     Det er også mi forståing. Men ein må alltid hugse på at fyrste ledd gjeld overalt, heile året.
  18. Eg vil anbefale å bli godt kjent med sin eigen brennar. Kor mykje trykk som er passe, er eigentleg enkelt å finne ut av sjølv. Start med å fyre opp brennaren. Så kan ein pumpe medan ein ser korleis effekten aukar. Gløym antall pump, lær deg heller korleis det riktige trykket kjennest som motstand når du pumper.
  19.     Skal du koma deg nokon veg med seil eller drage, må du nok ha utstyr for eit større spekter av vindstyrker, ja. Sjølv har eg hatt eit nasa-seil i nokre år. Erfaringa mi er at det er aldri riktig vind for det eine seilet. Resultatet av dette er jo også at eg vel ski for å gå med, og då begrenser eg ytterlegare kva vindstyrker eg kan seile i. Ideen eg hadde var å ha med eit seil for å seile når forholda låg til rette for det. Dette har altså ikkje fungert, og ikkje noko eg vil anbefale. Sats anten fullt og heilt på seiling, med fleire alternativ for å kunne seile i ulike vindstyrker, eller sats på å gå sjølv heile vegen.
  20.     Køyrer du snøscooter eller anna køyretøy som krev førerkort, skal førarkort (som også fungerer som id-kort) vera med uansett. Har du med deg våpen som krev våpenkort, skal våpenkort vera med, og du skal kunne dokumentere at du er innehavar av våpenkortet, eller lånebevis, altså skal du ha med deg id-kort allereie i dag.
  21. afe

    Nye ullvotter

    Eg forstår. Sjølv brukar eg forsvaret sine ullvotter (tjukk frotte) som tilsvarande votter.
  22. afe

    Nye ullvotter

    Eg har sjølv eit par ogde ullvotter som er strikka og tova, riktignok bare nokre få år gamle. Korleis nokon kan greie å ikkje slite ut vottene på 30 år, er heilt utanfor mi fatteevne, men det er ei anna sak. Det er inne i grepet, og særleg tommelen som vert slitt når ein går på ski. Her tar eg stoppegarnet og syr med litt lange sting på kryss og tvers før det vert slitt heilt hol. Altså medan det enno er noko å sy i, og utan at det betyr så mykje verken at det er fint, eller at det vert tett. Dette vert meir å rekne som litt ekstra slitelag. Etter ein vask og litt bruk, tover denne tråden seg fint inn i den eksisterande votten. Den militære ullvotten som eg har liggande, er strikka med tjukk frotte på innsida. Desse vottene er varmare enn strikka- og tovavottene mine. Eg er litt usikker på om det er same versjon som det vart linka til i innlegg #2 Til det opprinnelege spørsmålet: Her er det i alle fall varme votter å få tak i http://www.manndalen-husflidslag.no/bonkosvotter.202848-31487.html
  23. Følgande er klypt fra innlegg nr 5: (Dei fyrste 3 setningane som er off topic er fjerna) "Sjølv om telefonane i framtida kan fungere fullt ut som tur-gps, hjelper det ikkje meg i dag, dersom dagens telefon-gps ikkje fungerer tilfredstillande. Diskusjonen minner meg også om korleis det har vore diskutert i årevis om gps er noko å stole på i det heile. Sjølv sverger eg fortsatt til å alltid ha med meg både kart og kompass, og det kjem eg til å fortsette med i uoverskueleg framtid, sjølv om gps'en aldri har svikta meg. Men eg har hatt turar som eg ikkje ville kunne gjennomført utan gps, heller ikkje med ein gps som ikkje lar seg betjene med votter på. Dersom eg hadde hatt gps på telefonen, og ikkje hatt annan gps-mottakar, hadde eg sikkert teke med meg telefonen på tur, og brukt den med dei begrensingane det ville bety. Det er godt mogleg eg ville vera godt fornøgd også. Men det er langt derfrå til å støtte påstanden som er overskrifta på denne tråden." Dette er i alle fall off topic i ein tråd med overskrifta "Om digital fotografering"! Eit lite innlegg med oppfrodring om å halde seg til temaet, hadde passa mykje betre, enn å fjerne desse 3 avsnitta frå telefon-gps-tråden. Det er i alle fall mi meining.
  24. Denne tråden er i sin heilheit off topic, så eg bare fortsett. Det er ingen her som vil diskutere digital fotografering. Alle innlegg som er flytt ut, handlar faktis om diskusjonen om dedikert gps kontra telefon med gps. I mine innlegg¹, i likheit med Koppen sine innlegg, har me diskutert diskusjonen om gammal teknologi kontra ny, og korleis teknologien vil fortsette å utvikle seg framover til noko me ikkje kan forutsi idag. Mykje av kvart innlegg handlar også direkte om den opprinnelege diskusjonen, og skulle vera der. Eg gidd ikkje skrive det på nytt i den opprinnelege tråden. Det gjeld i alle fall dei tre siste avsnitta i det siste innlegget mitt. Det er tre av fire, det er 75% on topic, og likevel fjernar moderatoren det til fordel for ein tråd der det vert bare 25% on topic Denne diskusjonen handlar ikkje om digital fotografering, det handlar om teknologi, i dette tilfellet gps'ar i ulike variantar. Denne tråden vert i den samanhengen eit fullstendig feiltrinn av moderator. Eg forstår at ein skal vera meir forsiktig med analogiar i framtida. ¹At eg nevnte batteriforbruket i innlegga mine, var ingen tilfeldigheit i forhold til at samanlikninga var med telefon-gps
  25. No kjenner eg tydelegvis ikkje Kaitum. Mine Hillebergtelt (Nammatj og Tarra) har både myggnetting og eit ventilerande stoff i ytterteltventilane. Myggnettingen stoppar ikkje snøføyka. Fyrste gong eg stengte ventilane på Nammatj, opplevde eg at snøføyka gjekk gjennom myggnettingen, som låg ytterst, og stoppa mot stoffet på den innerste klaffen. Då fylltest dette rommet effektivt med ein svær klump av snø. Bare den ventilerande klaffen og ikkje myggnettingen fungerer derimot veldig bra i vind.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.