Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Det er bare å ta fram kartet og byrje å planlegge. Det er masse trivelege fjellvegar i området så det er absolutt mogleg å få ein fin sykkeltur. Tar de turen mitt i uka, er det ikkje så mykje biltrafikk på desse vegane heller, sjølv om det ikkje er heilt bilfritt. Dei mest opplagt rutevalga er vegen mellom Hemsedal og Leveld/Vats. Og vidare derifrå anten om Varaldset til Hol, eller om Tvist til Hovet. Det er også mange fine avstikkarar frå desse vegane. Eg har problem med å forstå kva som er vitsen med å sykle om Geilo, men de har sikkert ein grunn til det også. Det er ingen samanhengande vegar på åsen mellom Hol/Hovet og Geilo. Gamlevegen i Kvisla er farbar med sykkel, men bratt. Nedover dalen att til Gol, er det merka sykkelrute via skogsvegar. Dersom de droppar turen om Geilo, syklar de vegen mot Hol stasjon og følger sykkelskiltinga mot Gol. Rv7 kan eg på ingen måte anbefale, i alle fall ikkje for barn. Trafikken er altfor stor til det. Teltplassar er det over alt.
  2. Eg er på ingen måte overbevist om at det er "flere og flere folk med mindre og mindre erfaring drar til fjells". Mitt inntrykk er at uerfarne er langt meir forsiktig no enn for nokre tiår sidan. Men ein stor forskjell fra få år sidan, er at no kan folk tilkalle hjelp sjølv. Og for enkelte er terskelen for å gjera dette ganske lav. Før var det rett og slett ikkje mogleg. Om ein då hadde alvorlege gnagsår eller på annan måte hadde problem med å koma seg vidare, hadde ein valget mellom å fortsetje på tross av problema eller legge seg til og vente på at at ein vart savna og at ein leiteaksjon vart satt i gang. Slike leiteaksjonar har det vorte langt færre av dei seinare åra. Med tanke på både ressursbruk og sikkerheit for redningsmannskap, er ein henteaksjon mykje betre enn ein leiteaksjon.
  3. På mitt Ringstind-telt er forteltet på langsida. Og teltet er alt for smalt til at eg kan ligge på tvers, også om eg tar i bruk forteltet. Teltduken er altså like låg både i fot- og hovudenden. Teltduken slår i begge endar i vinden, men på ein litt ulik måte.
  4. Problemet med Ringstind og vind, er at teltduken slår. Og ettersom ein ligg med teltduken rett over hovudet, får ein gjerne ein fik i ansiktet. Det er ingen behageleg måte å vakne på. Dette er grunnen til at eg har eit anna telt til vindtelt (haustbruk og ellers spesielt utsatte turar), ikkje at eg ikkje stolar på at teltet skal halde. Vanleg norsk høgfjell i normale sumarmånader er derimot ingen problem.
  5.     Denne påstanden vil eg moderere litt. Sjølv med lavt tyngdepunkt, kan pulken velte veldig lett under ugustige forhold. Skrågåing er aller verst. Med hardt føre skal det ikkje mykje skrått til før pulken sklir sidelengs. Ein liten ujevnheit i snøen kan stoppe denne sidevegs skliinga og kan vera nok til å få pulken til å velte. I påska i år gjekk eg nokre plassar der pulken velta utallige gonger på korte strekk. Andre stader med litt lausare snø, kunne eg gå i fleire dagar utan pulkvelt. Innhaldet i pulken var det same, og pakka på same vis. Eg er ellers heilt einig i at pulkdraget til Fjellpulken er behagleg å gå med. Eg har gått med gamalt, ufjæra drag også, og då måtte eg tilpasse hoftebevegelsane mykje meir til rørslene til pulken. Men når denne vanen bare var innarbeida, var heller ikkje det ubehagleg.
  6. Det er alltids plass til ein sekk i forteltet. Sjølv har eg Ringstid 1, og har aldri hatt problem med å få plass til sekken. Men det synest utanpå teltet at det ligg ein sekk der
  7. Dei fleste rutene er realistisk. November ville eg derimot setje eit spørsmålsteikn ved. Det er godt mogleg at det er nok snø så tidleg, men det er også stor sjanse for at det er heilt eller delvis bart. Det er véret som avgjer dette. Er du fleksibel på tidspunktet og kan reise når snøen er komen, kan det godt skje i November. Men dersom du skal planlegge lang tid i forvegen, ville eg planlagt eit seinare tidspunkt.
  8. Soveposen må jo følge med når ein snur seg, ellers vert jo åpningen i bakhovudet. Eg foretrekk å ha åpningen framom ansiktet uansett kva veg eg ligg. Men kvar enkelt får ha sine meiningar.
  9. Eg har eit for godt forhold til sovepose forstår eg. Den store fordelen med sovepose er jo nettopp å kunne surre rundt heilt fritt utan at det vert ei kald glipe på ryggen.
  10. afe

    Fatbike

    Eg kommenterte bare at ho ikkje var ein gamal mann i dress. Eg har ikkje påstått at ho ikkje var kunnskapslaus
  11. afe

    Fatbike

    Eg vil bare minne om at det var ei kvinne under 40 år som var miljøvernminister i tida Hardangervidda nasjonalpark vart utforma. Då nasjonalparken til slutt vart endeleg oppretta hadde ho riktignok passert 40 og vorte statsminister. (Eg har riktignok ein aning om at regelen som regulerer sykling er kome inn seinare)
  12. Det store forteltet kan sjølvsagt vera kjekt, men sjølv ville eg valgt Keron 3 (ikkje GT) i staden for Nammatj 3GT for å unngå skråveggen i innerteltet, og då er ikkje vektforskjellen så stor. Men dette er sjølvsagt indiviuelt, både korleis ein verdsett det store forteltet, og korleis ein misslikar den skrå innerteltveggen. Eg er ca 190cm lang og har lagt Nammatj-teltet mitt i skapet, truleg for godt, på grunn av denne skråveggen.
  13. Ein kjele på 1,2l kan då umogleg romme 10l! Etter mi erfaring er 1,2l akkurat passe til det meste av matlaging eg gjer på tur. Eg har i alle fall problem med at ting kokar over i ein kjele på bare 1l. Det stlrste problemet med det meste av såkalla ein-manns-kokesett, er at kjelen er akkurat litt for liten til å kunne lage mat i. Og om det skulle vera nostalgi i kjelevalget, kva er i så fall problemet med det?
  14.     Eg foretrekk sekk med godt bæresystem også på dagsturar med veldig lett sekk. For meg går grensa langt under 20kg.
  15. Eg måtte vege tannkremtuba som var med til fjells i påska. Den veg 25g. Med det tannkremtipset reknar eg med at eg ville spart maks 23-24g. Ein slik zip-lockpose veg omlag 1g. Eg ber nok ikkje med meg veldig mange ting som enkelt kan gjerast 30g lettare. Den einaste effektive og billige måten å spare mykje vekt på småting, er å la dei vera att heime.
  16. Men å bruke tid og energi på å spare 25% på litt tannkrem og kart er bortkasta med tanke på totalvekta. Med mindre ein har ei veldig følsam vekt, som også tåler nokre kilo, er ikkje desse gramma målbar i den ferdigpakka sekken. Dersom ein derimot sparer 25% på teltet aleine, kan det utgjera 10% av den ferdigpakka sekken. Då eg forkasta ideen om heilårstelt, og eg kjøpte meg eit lett sumartelt, sparte eg 1,3kg. Mine tankar rundt å spare vekt, er veldig enkle. Dei store, naudsynte tinga vurderer eg alltid om kan erstattast av lettare variantar. Prisen er gjerne det som sett grensa for kor lette variantar eg vel. Som allereie nevnt tidlegare i tråden, er eg ikkje villig til å betale mange tusen kroner for å spare ca 300g på ein sovepose. Men når soveposen eg har i dag, er utsliten, så eg likevel skal ha meg ny, skal det vurderast. Skal eg spare gram på resten, er vurderinga om eg har bruk for tingen eller ikkje. Det eg ikkje har bruk for, kan eg legge att. Det eg har bruk for, tar eg med. Eg er ikkje veldig ivrig på å spare vekt på sjølve sekken. Eit godt bæresystem er viktigare for meg, enn å spare litt vekt. Eg har også slitt ut så mange sekkar, at eg veit å verdsetje ein slitesterk sekk. Om den sparte vekta vert brukt for å få med meg meir fotoutstyr, raskare marsfart, lengre dagsetapper eller fleire toppturar undervegs, er avhengig av formålet med den aktuelle turen. Men eg erfarer i alle fall at ein lettare sekk gjer det lettare å koma seg på overnattingstur. Dørstokkmila vert altså kortare med lettare utstyr.
  17. Dersom eg fortod den lista rett, var det mykje eg skulle greie meg godt utan. Blant anna noko elektronikk og 1l vatn. Dasspapir og ski er derimot standardutrustning for meg i mai.
  18. På sumarturar har eg med meg dei same kleda uansett korleis véret er. Det vil seie at i varme og finvér, er det meir klede i sekken enn i kaldt ruskevér. For meg er det derfor heilt naturleg å rekne med vekta på kleda eg har på meg på heilt lik linje med kleda som ligg i sekken.
  19.     Når eg får bruk for varme klede for sumarbruk, er det alltid i fuktig vèr, gjerne regn. Den fyrste dagen er ein gjerne rimeleg tørr, i alle fall i moderat regnvér. Etter nokre dagar, eller ved kraftig regn, vert det meste av klede meir eller mindre fuktig, og kaldt. Dersom ein ikkje har med fullt skift, noko eg aldri har, vert også ekstraplagg som ligg vanntett i sekken i løpet av dagen, fuktig i kontakt med dei våte plagga på kroppen. Å basere ekstra varme klede på dun, vert for meg ein utenkeleg tanke. Dun vil fungere som dårlegast når behovet er størst. Til denne bruken har eg med meg ei ullfrottetrøye, og det skal mykje til for at eg skal bytte ut denne. Sjølv ville eg føle meg meir tilpass med ei ulltrøye på meg i soveposen enn ei dunjakke, men det siste har eg aldri prøvd.
  20. Dette er greit med Nova ved å bare snu flaska og la slangen bli blåst rein. Men med Hiker+, er det vel ikkje så mange andre måtar å sløkke enn å stenge ventilen? Med parafin kan ein sjølvsagt sleppe ut trykket på tanken, men dette er ikkje å anbefale med bensin på tanken.
  21. Eg har alltid tørka fellene mine samanlimt. Anten stod det på pakka til colltex-fellene mine for mange år sidan, eller så har eg aldri tenkt tanken på noko anna.
  22. Takk for forslaget. Det får stå her som referanse. Men sjølv reiser eg ikkje til fjells med sovepose som er oppgjeve til bare 0°, uansett årstid. Må ein ha med seg dunjakke for å sikre å ikkje fryse, går vinninga opp i spinninga vektmessig. Dunjakke er bare noko eg tar med meg vinterstid.
  23. For meg er sportsnett bare ein nettbutikk, så eg har ingen moglegheit til å bare stikke innom
  24. Takk for tipset. Er den vekta reell, eller er det bare reklamevekt? Det er uansett langt att til halvkiloet. 5000kr for å spare 300g, med risiko for at innsparinga kanskje bare vert det halve¹, er i alle fall for dyrt til at eg tar sjansen. Dei gramma skal eg kunne spare inn mykje billigare andre plassar. ¹Soveposen eg har på 1.2kg er i ca 150g tyngre enn oppgjeve av produsenten, som i dette tilfellet ikkje er Helsport.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.