Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Og etter nokre år, er det mykje som vert slitt ut og må erstattast. Særleg klede, ski og slike ting er forbruksvare.
  2. Made in Romania står det på mine sist kjøpte BC-1600
  3. Dei to sidevegane eg tenkte på er vegen til Gyrinosen/Lysebotn og vegen til Eitrestølen.
  4. Dersom du skal sykle utanfor veg, kan kanskje heisen vera eit utgangspunkt. Med sykkelvogn, ville eg tru det er greiast å sykle på veg. Det går ein fin grusveg frå Hemsedal (ved skiheisen) til Leveld i Ål. Det er også vel verdt å vurdere to sidevegar til denne vegen.
  5. "Reisande utanfor Sogn og Fjordane kan berre nytte dei busstoppa som står i rutetabellen." tolkar eg til at bussen stoppar på signal langs vegen i Sogn og Fjordane. Breistølen er i Sogn og Fjordane. Om ikkje anna, kan du vel gå til Bjøberg i staden for å gå til Breistølen. Eller har du eit ærend på Breistølen?
  6. Det er ingen problem med føret. Det er fortsatt bare mai, og akkurat no lavar det ned. Sognogfjordaneekspressen går over Hemsedalsfjellet fleire gonger dagleg.
  7. Forskjellen på bråkebrennar og stillebrennar er godt forklart av primuskongen: https://sites.google.com/site/primuskongen/Home/brennere Å påstå at eg er ute å køyre, er ein drøy påstand som tydeleg viser at du ikkje forstår korleis det fungerte. Det fyrste me lærte i millitæret var at me ikkje hadde lov til å bruke sunn fornuft. Dersom me prøvde å påpeike opplagte ting, fekk me alltid den same beskjeden om at det hadde me ingen lov til å meine noko om. Men eg skal svare på dei konkrete spørsmåla om primus: - Ble de tilstrekkelig pusset underveis og etter øvelse? Ja. Litt av problemet var kanskje at enkelte primusar var i ferd med å bli pussa ihjel. - Korrekt forhold mellom fuel og luft i tanken? Ja - Brukte dere kun to fingre på betjeningsrattet og så lite moment som mulig? Kor mange fingrar me brukte på betjeningsrattet, har eg ingen grunnlag for å hugse noko om. Ettersom eg var ein av få på laget som ikkje likte å tilbringe heile døgnet inne i sjudukaren, var eg med på dei fleste patruljene og låg ellers på MG-vakt, så eg hadde ikkje så veldig mykje med primusen å gjera. Eg kan ikkje hugse at det var lekkasje i pakkboksen nokon gong, så spørsmålet er truleg irrelevant. - Ble primus 1 fikset på fyringsvakt mens primus 2 brant, og omvendt? I den grad me hadde utstyr og opplæring til det, ja. Men problemet var at me aldri hadde deler til å reparere den fyrste primusen som gjerne viste seg å brenne ureint frå fyrste opptenning. Dersom systemet hadde tillatt oss å få utdelt primusane ein halvtime tidlegare, kunne desse kanskje vore reparert før øvelsen. Det eg har lært om primusar i seinare tid, mykje godt på fjellforum, er at det truleg var brennerskala som burde vore bytta på primusane våre. Det hadde me ikkje deler til å gjera i felt, og vart derfor heller aldri gjort. - Ble prossedyrer for korrekt opptenning og slukking fulgt? Ja, i alle fall i laget vårt. Korleis dette var i dei andre laga, veit eg ikkje. Og primusen me fekk på neste øving var gjerne missbrukt av andre tidlegare. - Gikk indrejustisen i orden slik at de som ikke kunne reppe primus lærte seg det? Strengt tatt var det ingen som kunne reppe primus. Du kan sjølvsagt påstå at dette var vår eiga skuld. Det var det ikkje. Sjølv om me etterspurde både delar og betre opplæring, fekk me bare beskjed om at det ikkje var vår bisniss, og primusen bare skulle fungere. - Spilte dere lagfører/befal gode og meldte ifra om manglende deler, kunskap etc? Ja. Men det beit aldri på. For me hadde jo ikkje lov til å meine noko! Å ha meiningar som stilte spørsmål ved om sjølve systemet var godt nok, var det i alle fall ikkje lov til, og det fekk me temmeleg streng beskjed om kvar gong me prøvde.
  8. Med mest mogleg luft i forhold til ull ender du gjerne på Lanulva: http://www.lanullva.no/ullundertoy-voksen/ullskjorte-med-tommellosning-lanullva Sjølv brukar eg ikkje ha med meg så tjukk genser. Ei ullfrotetrøye er nok for meg i den varme årstida.
  9. Kva som er brukerfeil, og kva som er systemfeil, kan sjølvsagt diskuterast. I militæret vert alt utført etter kommando, og det er systemet som bestemmer. Eventuelle brukerfeil eg gjorde i millitæret var i så fall på direkte ordre frå systemet. Eg er fullstendig klar over at mykje av det me vart kommandert til var fullstendig galt, og mot all fornuft, men fornuft var ikkje tillate. Eg har brukt lærstøvler både før og etter militæret, og har alltid halde desse nokonlunne vannavvisande. Marsstøvlane mine i militæret var aldri tørre på slutten av dagen, sjølv om eg gjorde mitt beste ut av dei hjelpemidla som var tilgjengeleg. Dersom systemet hadde tillate meg å bruke støvlar med tjukkare lær og/eller betre impregnering, hadde denne påståtte brukerfeilen kunna vore unngått. Fotposane var grei dei, når me fekk lov til å bruke dei. Men dei er ikkje gode å gå med, og dei er alt for varm i den årstida væte er eit problem. Eg har med meg slike fotposar på vinterovernattingstur fortsatt eg, som tøflar i leiren, men dei er fortsatt ikkje gode å gå med. At primusane me fekk utlevert, aldri fungerte, var ein systemfeil! Desse vart utlevert rett før kvar øving, og det var ingen tid til å fikse dei dersom dei ikkje fungerte. Og me fekk aldri same primusar som forrige gong. I beste fall fekk me bytta ein primus dersom han var alt for ille. Me hadde alltid to primusar, men eg kan ikkje hugse at me nokon gong hadde 2 primusar som fungerte tilfredsstillande. Dersom me hadde hatt faste primusar, og kunne ta ansvar for dei sjølve, ville det også vore vår feil at dei ikkje fungerte, men slik var det ikkje. Eg gjev systemet all skuld for primusproblema våre, og eg har desverre fortsatt eit anstrengt forhold til stillebrennande primusar. Eg har i ettertid også hatt dårleg erfaring med ein østerisk stillebrennande primus, noko som bare har forsterka mi misstru til konstruksjonen. Eg har derimot opparbeida meg eit greit forhold til bråkebrennarar, men det er ikkje militæret si ære.
  10. For meg var det nesten slutten på all turglede. Med gjennomført dårleg utstyr byrja eg å tru at alt som hadde med tur å gjera, var grusomt. Sekk som var vond å ha på ryggen, sovepose som bare nådde meg til oppunder armane, primus som alltid fuska, telt som lot regnet renne inn, støvlar som var konstant klissvåte osv. Det tok lang tid å få det inn i skallen att, at tur faktis var heilt Ok. Eg hugsar at eg grudde meg til å bæra sekk på påsketuren det året, men då sekken kom på ryggen, vart eg overraska over kor lite vondt det var å ha ein sivil sekk på ryggen. Men det tok lang tid å få att all turgleda, og eg trur det gjekk to år før eg låg i telt att etter eg var ferdig med fyrstegongstjenesta.
  11. Eg har brukt fjellduken som poncho nokre gonger. Når ein går dagasvis i regn, er det herleg luftig i forhold til ei tett jakke. Særleg dersom det er så varmt at ein eigentleg ikkje har bruk for jakke. I vinden er det derimot eit kapittel for seg sjølv, og vind er det gjerne. I motvind klistrar ponchoen seg mot låra/knea og kan gjera god motstand når ein går. Medvind er derimot det verste, for då ser ein ikkje kvar ein går. Eg vil nok ikkje ofre regnjakka til fordel for bare ein poncho, til det er ulempene for store. Men for enkelte turar i lett terreng kan det fungere godt.
  12. Når det gjeld lufting i Nammatj, er den veldig god. Det er ei stor lufteluke i kvar ende av teltet. Dette er eit telt som har mindre problem med kondens enn veldig mange andre telt. Særleg lettvektstelt kan ha noko reduserte luftemoglegheiter for å spare nokre gram, Nammatj er ikkje eit slik lettvektstelt. Nammatj er eit ekstremtelt som er laga for heilårsbruk, og som har gode luftemoglegheiter for å fungere under alle forhold.
  13. GPS er kjekt til sitt bruk, eg går ikkje lengre turar utan. Men eg lar ikkje GPS'en stå på så mykje. Uansett turlengde greier eg meg med eit sett batteri, sjølv om eg alltid har med eit sett ekstra for sikkerheits skuld. Dersom eg skulle spare vekt, ville eg sette i nye batteri før turen startar, og droppa ekstrasettet. Nå kan det nevnast at eg brukar lite hjelpemiddel til navigering. Eg går stort sett etter terrenget og brukar glyttar på kartet ein gong i blant for å korrigere. Det er ikkje uvanleg at eg studerer kartet i teltet, og går kun etter terrenget og etter hugs. Lykt er ikkje naudsynt om sumaren. Sjølv lar eg lykta ligge att heime til reinsjakta startar. Lenger nord i landet kan ein greie seg enno litt seinare.
  14.     Her utelukkar du vidvinkel, tele, svart/kvit og kontroll av djubdeskarpheit mm. Då er det ikkje mykje moro å fotografere lenger. For mange handlar fotograferinga om å formidle opplevingar og stemningar, då betyr det mindre om bildet er objektivt sett meir eller mindre lik virkelegheita. I tillegg utelukkar du spesielle vér-/lysforhold, fordi det heller ikkje ser riktig ut. Med dette har du truleg utelukka det aller meste av gode fotografi. Manipulering vert det fyrst når ein utgir det for å vera noko anna enn kva det faktis er. Dersom ein limer ein bjørn inn i bildet, og opplyser om at ein har gjort det, er det ikkje manipulering lenger. Om det er eit godt eller dårleg bilde, og om det har noko å gjera i denne konkurransen, er ein heilt annan sak. Men det er det juryen, altså dei som stemmer, som avgjer.
  15. afe

    Rallarvegen

    Du har ikkje lov til å sykle innanfor Hallingskarvet nasjonalpark. Men både Rallarvegen og vassdraget er utanfor nasjonalparkgrensa. Vassdraget er regulert, så ver klar over at isen kan vera dårleg enkelte plassar (spesielt ved tunellinntaket i austenden av Tungevatnet og utosen på Finsevatnet).
  16. Den enkle måten å håndheve det som eventuelt ikkje står i reglane, er å ikkje stemme på dei bileta ein synest at ikkje bør vinne. Å endre reglane undervegs er i alle fall ikkje gunstig.
  17. afe

    Rallarvegen

    http://reisebloggen.vg.no/2013/01/17/frossen-roadtrip-dag-2-rallarvegen-pa-ski/
  18. For å spare vekt, kan eg ikkje sjå at paraply er løysinga. Paraplyen erstattar ikkje anna utstyr, så vekta vert i tillegg til det som allereie er i sekken. Det skal ikkje mykje vind til før regnet kjem under paraplyen og vinden i seg sjølv gjer paraplyen uhåndterbar. Sjølv ville eg aldri tenkt tanken på å ta med meg paraply på tur, og eg ville nok ikkje gløyme det så fort dersom eg såg nokon som faktis gjorde det¹. Dersom ein ikkje vil vekkje oppsikt, vil eg derfor ikkje anbefale å ta fram paraplyen langt til fjells. Men dersom ein ikkje bryr seg om kva andre meiner, må ein gjerne bruke paraply. ¹Eg kjenner ein som har vorte observert med paraply på reinsjakt., og den historia har allereie levd godt i fleire år, og vil nok ikkje gå i gløymeboka så fort.
  19. Eg er sjølv 190cm og har bare dårlege erfaringar med telt med skrå endevegg. Eg brukte Hilleberg Nammatj nokre år, som heilårstelt. Då eg låg frå hjørne til hjørne gjekk det forsåvidt rimeleg greit. Det vil seie at plassutnyttelsen inne i teltet vart veldig dårleg med litt bagasjeplass i dei to ledige hjørnene. Men eg kunne stenge myggen ute frå innerteltet. Vinterstid er problemet med skråveggen betydeleg større med snøen som legg seg på. Då måtte eg ligge med føttene ut i ytterteltetet. Etter å ha erstatta teltet med andre telt med betre liggelengde, har eg aldri savna dette teltet. Eg forstår at vekta gjer desse telta freistande, men eg kan på ingen måte anbefale dei, i alle fall ikkje utan at du sjølv har prøvd telta grundig før du kjøper.
  20. Ja, men så er det bare april også. Eg reknar ca 2 månader att av skisesongen for min eigen del.
  21. Med tanke på at dette vert diskutert i ein tråd under 'Generelt om friluftsliv' i eit forum som heiter Fjellforum, er denne generaliseringa ganske grei. Dersom det derimot hadde vore ein diskusjon om ernæring i eit toppidrettsdiskusjonsforum, hadde sjølvsagt generaliseringa vore feil.
  22. Min fyrste tanke er at det er att litt dritt på spindelen, eller i røyret spindelen sitt i. Eg ville altså starte med ein ekstra rens der. Etter kva eg forstår, er det tuppen på spindelen som skal stenge tilførselen.
  23. Nei, her er det tydeleg noko du ikkje har forstått. Barometeret og høgdemålaren er eit og same instrument. Det er bare to ulike måtar å vise resultatet.
  24. På dei raude kartblada er det ikkje 1:20000-data. På dei gule kartblada er det 1:20000-data på deler av arealet. Der det ikkje er 1:20000-data er det ingen forskjell på desse to produkta.
  25. Av desse har eg bare erfaring med Heslport Ringstind 1 og Hilleberg Soulo. Ringstind er overraskande romsleg, men har sine svakheiter i mykje vind. Med litt omtanke ved valg av teltplass, bør ikkje vinden by på problem. Så lenge det er nok jordsmonn til å få ned teltpluggane, er det ikkje noko behov for sjølvståande telt. Når det gjeld vekt, er Helsport sine vekter noko optimistiske. Mitt Ringstind veg 1,7kg og eg har rikeleg med plass i lengda. Soulo er trangt. Så trangt at eg ville tenke meg veldig godt om før eg reiste på ein så lang tur med teltet. Sjølv er eg omlag 1,9m og teltet er ikkje lenger enn det må vera for min del. Teltet har andre kvaliteter som gjer at eg godtar at det er så kort, men så tenker eg heller aldri å bruke teltet i lengre tidsrom. Soulo er også klart best i dårleg vér. Sjølv brukar eg Soulo som vår- og hausttelt når eg veit at det kan vera mykje vind. Eg brukar det også på turar der eg veit det kan vera vanskeleg å setje opp Ringstind, dvs over vegetasjonsgrensa.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.