Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Nanoteknologi har sikkert noko for seg til sitt bruk, men det er veldig missbrukt i markedsføring. Ser eg 'nano' på eit produkt, reknar eg instinktivt at det er eit overprisa produkt og velger noko anna for å vera på den sikre sida.
  2. Erfaring viser også at slike billigbatteri har den største variasjonen også. Dette er gjerne fordi desse vert kjøpt opp i stort antall og merka IKEA, Biltema osv. Neste innkjøp er gjerne frå ein annan produsent, og kvaliteten er ein annan. Får ein tak i batteri frå eit anna parti enn det som er testa, sjølv om det ser heilt likt ut, er det eit batteri som ikkje har mykje felles med det som er i testen.
  3. Som eg skreiv, i beste fall ein overdrivelse. Dersom det skulle ha nokon praktisk betydning, i den forstand at CO ville stige tilværs, og dei tyngre bestandelane i lufta bli liggande att mot bakken, ville N2 ta same vegen. Og den lufta me pustar inn, består av 78% N2, som altså har praktisk tala same vekt som CO. Vekta til CO (og N2) er nærare vekta til gjennomsnittsluft, enn nokon av dei andre gassane i lufta. N2 er omlag 1,25kg/m3, O2 er 1,43 kg/m3. Luft er ei blanding av dette mm. CO sin 1,29 kg/m3 er altså godt innanfor variasjonen av kva luft er samansatt av.
  4.     Det er i beste fall ein krafitg overdrivelse. CO er så godt som akkurat lik tungt med N2 som er 78% av lufta. Regn det derfor som lik tung som luft.
  5.     Så sant været tillet det, har eg alltid åpen glidelåsen ut når eg smelter snø og lagar mat. Når været er slik at dette ikkje lar seg gjere pga snøfokk, er den naturlege ventilasjonen i teltet godt nok. Den minste antydning til vondt i hovudet er eit farleg teikn som må takast alvorleg, kom deg i så fall ut i frisk luft.
  6.     Det er i alle fall ikkje nok. Det som er nødvendig, er god lufting, særleg ved snøsmelting. Og alltid vera vaken når det er fyr på brennaren. Dersom ein tar dette på alvor, er ein alarm overflødig. Dersom ein ikkje tar dette alvorleg, er ein alarm bare falsk tryggheit.
  7.     Det er grusomt å gå med for breie ski i spor. Akkurat kor stort problemet er, er veldig avhengig av snøen og kor gamle og brukte spora er. Verst er det i nykøyrde spor i fast fokksnø. Men det er aldri noko problem å gå ved sida av sporet. Det skal vera ein veldig smal sporsle dersom du ikkje får plass ved sida av sporet.
  8.     Eg har brukt slike ski den siste sesongen (brukt dei stort sett kvar lurdag og sundag i snaue 8 månader), etter mange år med breidare ski med stålkant. Eg har bare brukt dei på snaufjellet, så eg har aldri prøvd dei i djup laussnø. Eg har brukt dei mest utanom oppkøyrde løyper, men ofte i mi eiga løype på heimturen. Stålkantar er sjeldan noko savn, men så har eg heller aldri vore nokon stor tilhengar av stålkant som både gjer skia tyngre og reduserer gliden. For toppturar har eg brukt andre ski, så der manglar eg erfaring med desse. Eg har ingen problem med å anbefale smale ski til allround fjellbruk.
  9. Ja, så lenge du har eit gradteigskart, peiker kartkanten mot den geografiske nordpolen. Rutenettet er kvadratisk. Alle loddrette linjer er parallelle, og parallelle linjer kan per definisjon ikkje møtast, derfor kan heller ikkje alle disse peike mot nordpolen.
  10.     UTM-rutenettet går ikkje rett nord-sør for andre austverdiar enn 500000. Linjene er parallelle, så vest for 500000 går linjene meir nordvest-søraust og aust for 500000 går linjene meir nordaust-sørvest. For gradteigskart, er derimot kartkanten rett nord-sør. Derfor går ikkje rutenettet parallelt med kartkanten. Og kartkantane er heller ikkje parallelle. Kartet er smalare øverst enn nederst. Kompasset peiker derimot mot den magnetiske polen, og ein må derfor ta hensyn til missvisninga. Missvisninga brukar stå på kartet, og då er det oppgjeve missvisning både i forhold til sannt nord (kartkant) og rutenettet.
  11. Den oppgjevne effekten er på full guffe. At forvarmingstida kan vera ulik, er ikkje ein del av den målinga. Dersom Svea 123R er raskare å forvarme, og derfor får eit forsprang på kokinga, medan Manaslu'en har høgare effekt når brennaren er i gang, vil resultatet av TrondA sitt forsøk vera eit heilt anna med 1l vatn.
  12.     Soulo er også lite. Det er trangt med ein person i innerteltet og ein sekk i ytterteltet. Verken Akto eller Soulo har plass til 2 personar. Den store styrka til Soulo er at er er sjølvståande og kan motstå mykje vind. Eg brukar det som vår og hausttelt, men synest det er alt for trangt til vinterbruk når eg vil fyre og lage all mat inne i teltet.
  13. Sist eg studerte samanliknbare (solide, store sekker for nettopp dette formålet) sekkar, var konklusjonen min at eigenvekta til pakkrammesekkar ikkje var signifikant tyngre enn anatomiske sekkar med same volumet. Valget mitt var derfor enkelt. Det er i alle fall betydeleg enklare å pakke eit dyr i ein pakkrammesekk enn i ein anatomisk sekk utan å øydelegge bærekomforten til sekken.
  14. Turdietten min er på omlag 2900kcal pr døgn.
  15. Hurrungane er sjølvsagt riktig. Storen til venstre, Gjertvasstind til høgre. I Jotunheimen er eg heilt ukjent, så der kan eg ikkje hjelpe. Skogshorn er også sjølvsagt riktig.
  16. OK, eg har alltid trudd¹ at Akto var som Helsport Ringstind og at det bare er bardunane som held teltet oppe. Dersom dei kan fjernast, er det jo bare å prøve om teltet står godt nok utan. Dersom teltet står godt nok, sparer du desse gramma, ellers sett du dei på plass att. ¹Basert på erfaring med Ringstind, og det faktum at desse fire stengene ikkje er nevnt i katalogen til Hilleberg.
  17. Det er ikkje stenger i hjørnene. Det er ei lang stang over midten. Så er det pluggar og bardunar som strammar opp resten.
  18.     Dersom det er Roald A, du tenker på, brukte han hundar til å dra sledene sine. Men den gongen var det bare om og gjera å vera fyrst, det var ingen sjølvpålagte konkuransereglar.
  19. Eg er ein av dei som ikkje likar real fordi eg vart lei for mange år sidan. Ettersom rasjonane alltid har vore for små for meg, det vil seie at eg må lage meir mat i tillegg, kan eg likegjerne lage heile måltidet av anna mat. Derfor er eg heller ingen storforbrukar av real (det er vel omlag 15 år sidan sist eg åpna ei slik pakke). At pakkene har fått endå mindre innhald, gjer dei ikkje meir aktuell for min del. Dersom porsjonen hadde vore stor nok, skulle eg nok brukt real til enkelte anledningar.
  20. Det _var_ ulovleg for mange år sidan. No er det lov.
  21.     For å spare knea, ville eg tømt ut vatnet på toppen kvar gong, og fylt på att nede.
  22.     I tillegg til det Kjell Iver skriv, kan du også lese denne for ei rask oversikt over korleis sakgangen er i navnesaker: http://www.kartverket.no/Kart/Stedsnavn/Saksgangen-ved-behandling-av-namnesaker/
  23.     Men det er ikkje alle av oss som har gps som taklar raster
  24. Sjølvsagt er det mogleg, men det vert sjølvsagt noko smalare/lågare.
  25. Då eg laga produksjonsløypa mi, mangla det fyrste leddet, altså lesinga av sosi. Så eg har brukt ei blanding av kommersiell (som eg likevel hadde tilgang til) og gratis programvare. Men eg trur heile vegen kan gjerast gratis i dag, og du kan starte på https://github.com/kartverket/fyba
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.