Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Det er mange meiningar om dette, og mykje av dette er basert på synsing. Finn eit brennstoff som fungerer godt på brennaren din, som tåler kulda, og som ikkje luktar verre enn det du synest er akseptabelt. Tilssatsstoff er mogleg å finne ut av i datablad. Andre ureiningar luktar. Generelt kan du rekne med at den reinaste parafinen luktar minst men frys raskast. Jet A1 har tilsatsstoff som skal sikre eigenskapane til -47°C. For andre parafinkvalitetar er det vanskeleg å finne ut av kuldeeigenskapane utfrå datablad, ettersom dette sjeldan er oppgjeve når frysepunktet er under -20. Når du har funne eit brennstoff som fungerer for deg, brukar du det utan å dvele for mykje på om det er det beste eller ikkje.
  2.     Har du bardunane i posar? Det høyrest tungvindt ut, særleg vintertid. Sjølv lar eg bare bardunane henge på teltet der dei høyrer heime. Eg har aldri hatt problem med det. Men eg var med å satt opp to Helsporttelt (eit tilårskome og eit heilt nytt) i sumar, der begge var prega av mykje bardunflokar. Forksjellen på mine Hillebergtelt og desse Heslporttelta var at bardunane var montert motsatt veg. På Helsporttelta var bardunstrammaren i pluggenden, medan på Hilllebergtelta min er bardunstrammaren på teltenden. På mitt eige Helsport Ringstind-telt er bardunane montert med strammaren på teltenden, men det er mogleg at eg sjølv har snudd desse. Eg har heller aldri hatt problem med bardunflokar på Ringstindteltet mitt. Ved å ha bardunstrammaren på teltenden, heng desse tett inntil teltduken og vert ikkje ein del av ein eventuell bardunfloke.
  3. Eg har Crispi Sydpolen som eg brukar på topptur. Dei er grei nok å gå med når nedturen er målet. Men det er definitivt ikkje støvlar eg ville ta med meg på langtur, til det er dei for stive.
  4.     Jet A1 er definitivt ikkje " den reneste parafinen som finnes". Dels pga tilsetningsstoff, og dels fordi det aldri er meint som ein spesielt rein parafin. Seig parafin bør ein ikkje bruke verken på fly eller primus.
  5. Med nokre få unntak, vart det bare betre og betre jo eldre han vart. Trollelgen er ei av dei tidlege bøkene hans.
  6. Eg skal hugse på det dersom eg tar meg råd til ein hiker+ eingong. Til det skjer, brukar eg han sjølv.
  7. Eg kjøpte meg ein 111-bråk for ei tid sida av akkurat same grunn. Eg har hatt Nova i mange år og kjenner derfor den brennaren betre. Dersom eg skulle sett bort frå pris, ville eg gått for hiker+, nettopp fordi det er ein brennar eg er langt meir fortruleg med enn den skjøre blypakning-regulatoren i 111. Forvarminga av Nova-brennaren er langt enklare og med lågare flammer enn på 111, det er aleine grunn til at eg stadig vurderer å kaste 111 og kjøpe meg ein hiker+. Stillebrennar ville eg halde meg langt vekk frå dersom du ikkje er veldig gira på bruke meir tid på å skru primus enn å fyre primus.
  8. Og det fine med dei nevnte hjelpemidla, er at dei fungerer med fyrstikker også
  9. Eg veit ikkje kor stor den største modellen er, men min er både større og tyngre enn ein fyrstikkask.
  10.     Dersom ein ikkje har noko som effektivt samlar opp alt eventuelt søl, vil eg ikkje anbefale å flytte på ein brennande spritbrennar, langt mindre gjera dette i nærleiken av teltet og anna brennbart. Raudspritsøl brenn med så godt som usynleg flamme og kan derfor vera svært skummelt.
  11. Drøm og planlegg i veg. Og ha ein plan B klar, gjerne ein plan C også. Eit av alternativa bør vera kystnært, men gjerne litt høgt. Altså ein plass med mykje nedbør som potensielt kan koma som snø. Det er slike område som kan ha mykje snø tidleg på vinteren. Men sjansen er også stor for at dette kjem som regn, og då må du ha eit alternativ. Eit alternativ bør derfor vera i det kalde innlandet. Her kjem det meste av nedbøren som snø, men det er lite nedbør. Dersom det kjem nok nedbør framover, er det bra skiføre her. Det alternativet du ikkje får brukt eit år, kan du ha til seinare. Med unntak av 1995 har eg nok gått på ski kvart år i romjula, men det er langt frå kvart år det har vore bra skiføre over alt i terrenget.
  12. Tjukke ullsokkar og skistøvler. Nettingstillongs av ull og vindtett bukse. Nettingtrøye i ull, tynn ulltrøye og vindtett bomullsjakke. Ullvotter med vindvotter utanpå. Vindtett luve. Dersom du skal vera passiv, er det bare å fylle på med fleire lag ull og eventuelt ei dunjakke utanpå.
  13. Det trur eg så gjerne. Men eg gav meg før eg fekk tak på det, då var omlag halve tennstålet slitt vekk, og dersom eg hugsar rett, var 2 bål tent. Eg får kjøpt mange fyrstikker og mykje parafin for kva eg betalte for det h** tennstålet Eg har heller aldri opplevd at verken fyrstikkene eller ripepapiret har vorte vått, så fyrstikkene gjer jobben for meg.
  14. Korleis været vert fram til jul, er det nok ingen som veit. Dersom du har litt is i magen og ventar med å velje turområde til nærare avreise, er eg ganske sikker på at du får greit skiføre.
  15. Når det gjeld Phoebusen min, var den ubrukt då eg fekk han. Det same var dei brennerskala (2 sett i tillegg til dei som var på brennaren) eg prøvde. Så underburn er utelukka. Når det gjeld dei dårlege erfaringane frå fyrstegongstjenesta, er det greit at 111-stillebrennar ikkje var eigna for den type bruk. Altså brukt av mange, tildels lite kyndige brukarar. Eg har altså fått allergi mot stillebrennar, og skyr dei som pesten. Der rauk det lille håpet. Det lukta av min. Med ulik parafin, endra lukta seg heilt etter kva lukt det var på parafinen. Altså ufullstendig forbrenning. Det var parafin-dyse (eg hugsar ikkje sikkert om eg prøvde med 2 eller 3 dyser), og bare prøvd med parafin,
  16.     Så det er kanskje håp for Poebusen min også, dersom eg finn han att. Han vart nemleg stuva vekk ein eller annan plass i kjellaren etter diverse forsøk med ulike kombinasjonar av 3 sett brennerskal og like mange dyser. Eg brukte faktis meir peng på reservedelar til Phoebusen enn eg seinare greidde å få tak i ein 111-bråkebrennar for, utan at eg fekk Phoebusen til å brenne reint (i tillegg til prisen for sjølve Phoebusen). Vel, symtoma mine var ikkje heilt lik, for den brann med gulaktige flammer uansett, både på høg og låg effekt og rett etter opptenning og etter lengre tids brenning. Konklusjonen min dengong var, i kombinasjon med utelukka dårleg erfaring med 111-stillebrennar under fyrstegongstjenesten, at stillebrennar er noko herk som eg ikkje vil bruke meir tid og peng på.
  17.     Legg du dei inn i eit fornuftig kartprogram, er det ein enkel sak å legge på rutenett sjølv. Og då bestemmer du også kva for rutenett du vil ha. Dei nedlastbare rasterkarta frå kartverket er sone 33, men dersom du er i sone 32, vil du transformere til 32 og ha 32-rutenett.
  18.     Det handlar vel ikkje om å lære av kvarande, men at Noreg og USA har totalt ulik historie. I Noreg har eigedomsretten tradisjonar tilbake til lang tid før USA vart til (og dei som var der før USA vart til, har vorte totalt tilsidesatt.) Allemannsretten vår er på same måte ein historisk arv. Men innlandsfiske har fulgt eigedomsretten, og slik kjem det til å bli.
  19.     Svalbard museum og Kåre Tveter Samlingen på Galleri Svalbard. Utover dette er Longyearbyen ein stussleg plass som ein bare bør koma seg vekk frå. Med tanke på det sparsommelege lyset, ville eg anbefale å ikkje prøve å gape over for mykje.
  20. Det er ingen automatikk i at det er tidlegare skiføre lenger nord. Det er heller ingen automatikk i at det er tidlegare skiføre der det normalt er kaldast. For å få snø må det vera ein kombinasjon av nedbør og så låg temperatur at denne nedbøren ikkje er regn. Det er rett og slett været som bestemmer. Tidleg på sesongen , er det derfor gjerne mest snø i relativt kystnære område. Men der svinger temperaturen meir, og snøen kan reise att like fort. I det kalde innlandet er det mindre nedbør, men snøen smeltar ikkje att før til våren, så utover vinteren vert det bare meir og meir. Derfor er det liten samanheng mellom kvar det er mest snø tidleg på vinteren og seinare på vinteren. Og jo, er forventar pålitleg skiføre lenge før jul
  21.     Som allereie nevnt, er vegen stort sett åpen (med værforbehold). Det går også buss: http://www.nettbuss.no/rutetilbud/ekspressbuss/nettbuss-express/nx170-forde-skei-sogndal-gol-gardermoen-oslo- (Breistølen er ikkje nevnt i rutetabellen, men bussen stoppar der dersom det er nokon som skal av)
  22. Her er i alle fall ein artikkel der nanorøyr er samanlikna med asbest i lungene i forbindelse med innhalering (altså ganske relevant for ein sprayboks): http://www.bioforsk.no/ikbViewer/page/prosjekt/tema/artikkel?p_dimension_id=19876&p_document_id=49611&p_dim2=19880
  23. Nei, aldri prøvd og aldri sett.
  24.     40liter er ikkje ein stor sekk. Eg har til gode å finne ein så liten sekk som sitt godt på ryggen. Derfor brukar eg kosekvent større sekk. Hugs at ein ikkje _må_ fylle sekken heilt full.
  25.     Det kan vera ulike grunnar til det. Sjølv har eg til gode å finne pulkselar som sit like godt på ryggen som sekken min gjer. Sekken er ordentleg vindtett. Og når ein går med sekk resten av året, følest det veldig nakent å ikkje ha sekk på skitur. Fordelen med å ha pulk, er at ein ikkje treng ha så mykje i sekken. Sjølv brukar eg å ha småting som eg har bruk for undervegs, i sekken. Når eg finn ut av eg vil gjera ein svipptur oppå ein topp el, er det enkelt å bare hekte av pulken og gå, eg har fortsatt med meg alt eg treng i sekken. Fleksibilitet kallar eg det, og det er sjølvsagt heilt individuelt korleis ein ynskjer å pakke.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.