-
Innlegg
2 731 -
Ble med
-
Dager vunnet
17
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av afe
-
Eg foretrekk å ha teltet på snø, også på vårturar når det er barrabbar over alt. Alle snøpluggane mine tilsaman er ikkje tyngre enn "en lett plast- eller gummiklubbe", og då slepp eg å dra med meg dei vanlege pluggane. Eg kan ikkje forstå at det er raskare å sette opp teltet på barmark, i alle fall ikkje når ein må slå pluggane ned i telen. Greit nok at eg gjerne brukar nokre minutt på å tilpasse snøtomta, men det er for å lage det betydeleg meir komfortabelt, og noko som er umogleg på barmark. Den største fordelen med å ha snø under teltet, er at eg kan ha god takhøgde i eit lite, men ryddig fortelt. Eg kan sitje oppreist i innerteltåpningen og dingle med føttene. Dette er det eg saknar når eg teltar sumarstid, og det som gjer at eg reknar vintertelting som betydeleg meir komfortabelt enn sumartelting. Å leite etter barmark for å sette teltet på, når ein har snø overalt, vert totalt meiningslaust for meg.
- 66 svar
-
- 1
-
-
Du bør ikkje tru at CO samlar seg i eit hjørne av teltet! Og dersom du trur at CO er ein tung gass som blir liggande i søkk i terrenget på same måte som vatn, tar du farleg feil. CO er akkurat like tung som anna luft, og blandar seg totalt med denne. Ved rein forbrenning er CO-produksjonen liten. Det einaste som hjelper for å halde CO-konsentrasjonen nede i teltet, er å lufte.
- 46 svar
-
- 3
-
-
På dei aller fleste fjellovergangane, er det mykje tettare mellom kvart vogntog enn det er mellom ferjene på nokon fergestrekning.
-
Heilt uavhengig av dun eller fiber, ville eg hatt det tynnaste posen innerst, dersom ikkje denne er veldig romsleg. I alle fall med alle tenkelege kombinasjonar av mine soveposer, vert det trongt med ein tjukk pose inni ein av dei tunne.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Med tom kjele kan du greie å øydelegge kjele av kva som helst materiale med ein konsentrert flamme på 2,5-3kW. Med sunn fornuft og noko i kjelen/panna, er det ikkje noko problem sjølv med belegg i kjelen/panna. For koking av vatn, er det bare å køyre på full effekt. Vatnet held effektivt kjeletemperaturen nede på max 100°C.
-
Skal vi prøve oss på en fotokonkurranse igjen i 2014?
afe svarte på Kjell Iver sitt emne i Foto/Video
Eg reknar med at det fortsatt bare skal brukast nye bilder. I så fall bør ikkje vinteravtemninga vera før etter påske, og påska er i langt uti april. -
Uansett kva ein vert anbefalt her på forumet, bør kvar enkelt prøve ut aktuelt brenselet med sin eigen brennar i dei temperaturane ein ventar å få på tur. Derfor brukar eg ha nokre stunder aleine med ein eller fleire primusar ute på verandaen dei kaldaste kveldane i løpet av vinteren. Hugs bare på at både brenselet og brennaren må ha utetemperatur når ein startar. Det hjelper ikkje mykje å ta med ei flaske som har stått inne til 5min før ein går ut og fyrer opp.
- 52 svar
-
- 2
-
-
Så lenge brennaren er konstruert slik at han greier å fordampe parafin og bensin, greier han nok å fordampe butan og propan også. Uavhengig av om brennstoffrøyret gå gjennom flamma eller om godset i brennaren fører varmen ned til eit fordampingsrom under dysa. Når det er sagt, har eg likevel ingen forståing for dei som på død og liv skal bruke gass i kulda. I alle fall ikkje med ein brennar som er konstruert for parafin og bensin.
-
    Omnifuel vert som oftast kåra til testvinnar pga av moglegheita for å bruke gass. Dersom ein har tenkt å bruke bensin eller parafin på brennaren, bør ein sjå på korleis brennarane fungerer på det brennstoffet. Då er Nova ein av dei betre. Dersom ein har tenkt å bruke gass, vil ein få ein mykje betre brennar dersom ein går for ein dedikert gassbrennar. For sjølv om Omnifuel kan brenne gass, er det uendeleg mange gassbrennarar som gjer den jobben langt betre. Dersom ein har tankar om å bruke flytande brennstoff vintertid og gass sumartid, vil eg anbefale å ha to brennarar, sjølv om ein vel Omnifuel til å brenne flytande brennstoff. Både fordi ein dedikert gassbrennar er betre til gass, og fordi det er unødvendig å slite på den dyre Omnifuelen når ein kan slite på ein langt billigare gassbrennar. Og ettersom trådstartar allereie har ein suveren gassbrennar, bør i alle fall ikkje gassmoglegheita på omnifuel vera utslagsgivande for valg av vinterbrennar.
- 52 svar
-
- 1
-
-
Ein ting er om ein skal åpne opp for meir skuterkøyring i utmark eller ikkje. Men eg er mest kritisk til måten det vert gjort på. Det vert kalla ei forsøksordning. Og nettopp derfor er det gjort nokre snarvegar. Det vil nødvendigvis føre til at mange kjøper seg skuter i tida framover, og den dagen forsøksordninga skal opphøyre, vil presset for å få det til å vera ei permanent ordning vera mykje større enn det er idag. Dette er derfor ei snikinnføring. Så lenge villreinområde, hyttefelt og andre beskytta område skal gå fri for skuterløyper, er eg ikkje så veldig redd for støyen i naturen. Men lokalisering og omfang av skuterløypene kjem til å føre tili nokre h... opprivande debattar i mange lokalsamfunn. Eg veit av erfaring at slike saker kan føre til både trugsmål og oppskårne bildekk. Om ikkje anna kan lesarbrevdebattar hjelpe til å halde liv i enkelte lokalaviser
-
Eg slepp alltid ut trykket når eg pakkar ned primusen. Dette gjer eg av den enkle grunnen at det skal bli minst mogleg søl i tilfelle lekkasje.
- 55 svar
-
- 1
-
-
Eg støtter forslaget om Grass og Quantum GIS, altså begge deler i kombinasjon. Eg brukar det sjølv på arbeid når det innkjøpte gis-systemet kjem til kort. Quantum GIS finn du på http://qgis.org/en/site/ Du får installert Grass i same slengen, eller du finn det her http://grass.osgeo.org/ Einaste ulempa med Grass og Quantum, er at det i utgangspunkt ikkje er støtte for sosi. På kartverket sine sider ( http://labs.kartverket.no/sos/ ) står det litt om korleis du likevel får det til, eg har ikkje prøvd dette sjølv. Internasjonale format (bla GeoJSON som du også får lasta ned kartverket sine data i) er det betre støtte for. Støtte for raster og wms er veldig bra.
-
Eg brukte Nova til heilårsbruk i 12 år. Det einaste problemet eg har hatt med den brennaren er eit tett drivstoffilter og ei utett pakning. Begge problema vart enkelt løyst med repsett. Så mykje må ein bare vente etter så mykje bruk. Å snu flaska for å sløkke primusen er ein veldig enkel måte å tømme slangen og brennaren for brennstoff, så det reduserer søl til eit minimum, uansett brennstoff. Eg har ikkje brukt anna enn parafin. No brukar eg derimot 111 (den gamle bråkebrennaren) til vinterbruk. Dette har eg gjort for å ha ein ferdig montert primus i boksen. Bare ta fram, åpne boksen og fyre opp. Vekta betyr mindre når eg likevel brukar pulk. Då er også primusen godt beskytta i ein solid boks. Boksen til 111 vert så varm at snøen smeltar under han. Eg vil anta at Hiker+ vil oppføre seg omlag på same måten. Så eg brukar ei plate (same plate som eg tidlegare har brukt under Nova) under. Det viktigaste poenget med denne plata er at ikkje primusen skal smelte seg skeivt ned i snøen slik at eventuell kjele veltar. Kjelestøttene på 111 (same på hiker+)er veldig glatte. Grunnen til at eg valgte den gamle modellen av 111 istadenfor den nye hiker+, var enkelt og greit pga pris. Eg har aldri hatt problem med parafin i kulda, men eg veit ikkje om eg har brukt primus kaldare enn omlag -25°C. Det er ulike kvalitetar av parafin, og desse har ulike eigenskapar i kulda. Generelt kan ein rekne at dei reinare (dei mest luktsvake) kvalitetane gjev størst problem i kulda.
- 55 svar
-
- 1
-
-
Du skal ikkje vera redd for reparasjonssettet. Vinterstid når ein er avhengig av brennaren for å smelte snø til drikke og matlaging, er ein ille ute dersom brennaren fuskar. Ein primus er eigentleg ein ganske enkel sak når ein har fått oversikt over han. Og i motsetning til mykje anna rundt oss, er primusen laga for å vedlikehaldast og reparerast av brukaren. Reparasjonssettet er derfor ikkje meir skummelt enn at det gjev deg moglegheit til å fortsette å bruke primusen etter at han fuskar. Uansett kva primus du velger, bør du ha med deg eit reparasjonssett beståande av dei viktigaste pakningane og kanskje ei ekstra dyse.
- 46 svar
-
- 4
-
-
Tips og råd for vinterovernatting og vinterturer (utskilt)
afe svarte på Oddbjørn sitt emne i Telt og lavvo
At ovnen din ikkje avgir CO, skal du ikkje vera for trygg på! Og brannfaren er reell så lenge ein har varmekilde i telt. Sjøvsagt er det viktig med gode rutiner. Og dei rutinene bør bestå av å sløkke varmekilda før sistemann sovnar. Om du ikkje bryr deg om ditt eige liv, bør du ta hensyn til etterlatte, og dei som eventuell finn branntomta di. -
omtrent midt mellom Bjøberg og Borlaug
-
Tips og råd for vinterovernatting og vinterturer (utskilt)
afe svarte på Oddbjørn sitt emne i Telt og lavvo
Dersom du har ovnen utanfor teltet også? Så lenge du er vaken, har du både ein sjanse til å forhindre brann, og koma deg ut. Men dersom du søv, er du ferdig. Det har skjedd nok brannulykker og CO-forgiftingar i telt, det er ikkje nødvendig å provosere fram fleire dødsulykker. Kjøp heller ein betre sovepose. -
Tips og råd for vinterovernatting og vinterturer (utskilt)
afe svarte på Oddbjørn sitt emne i Telt og lavvo
    Det er dumt dersom teltet eller stengene vert skada eller øydelagt på nokon måte. Tipset mitt er å dele stanga i 3, men slik at den lengste delen er att i stangkanalen og er akkurat litt kortare enn pulken. Om det er 2 eller 3 delar betyr lite når ein sett opp teltet. Poenget er at stanga er ferdig tredd i kanalen. Ellers er tipset mitt å ta det litt enkelt dei fyrste turane. Ta den fyrste overnattinga under kontrollerte forhold. Gjerne i nærleiken av hus eller hytte du har tilgang til dersom det er noko som ikkje går som planlagt. Slik kan du enkelt få deg nokre nyttige erfaringar på eigen hånd før du reiser på langtur. Fyring i teltet medan du søv, vil eg på det sterkaste fraråde. Det går _kanskje_ bra lenge, men når det ikkje går bra, går det katastrofalt gale. -
Ein gammal Radius No. 21. Primusen er i god stand, men lufteskruven i tanklokket var ikkje mogleg å få tett, så eg må skaffe meg eit nytt tanklokk. For å prøvekøyre primusen, måtte eg derfor tjuvlåne tanklokket frå 111'ern min. Då fekk eg endeleg trykk på tanken, og primusen fekk seg eit halvtimes prøvekøyring på verandaen. Effektjusteringa vart sjølvsagt ikkje heilt optimal, men det lot seg godt gjera å sleppe ut litt trykk nokonlunde kontrollert med dette tanklokket også. I skrivande stund kosar eg meg i alle fall med ein kopp nytrekt primuskaffe.
-
Forskjellen er breidda på plastikken rundt bindingen. Eg har begge versjonane, og kan ikkje påstå at eg merkar forskjell på nokon som helst måte. Dersom butikken har den eine på lager, kjøper eg den. Ellers ber eg dei om å bestille den vanlege, manuelle. Så lenge støvelen er breiare enn bindingen, er det ingen forskjell på bc magnum og den vanlege bc-bindingen. Støvlane mine er breiare enn magnum-bindingen, med god margin
-
Eg vart skeptisk _etter_ å ha prøvd det Men under visse omstendigheiter kan det likevel vera det beste alternativet. Det er i alle fall verdt forsøket.
-
Dei fungerer heilt greit. I motsetning til Åsnes sine kortfeller, passar dei på alle ski. Men ettersom dei er festa til tuppen, er det ulike feller for ulike skilengder (for at fellen skal skal vera på riktig plass i forhold til festesona). No leverer Åsnes korte mohairfeller. Då eg kjøpte mine Åsnes-kotfeller, var desse bare å få i nylon, og det er ikkje eit godt utgangspunkt for gli. Eg hadde like god gli på dei lange mohairfellene mine, som på dei korte Åsnes-nylonfellene. Madshusfellene har langt betre gli enn alle andre eg har prøvd. Eg har alltid meint at fellene bør vera smalast mogleg for å øydelegge minst mogleg gli, ettersom feste er godt nok for bratte bakkar uansett. Madshusfellene er derimot bare å få i ei breidde (såvidt eg veit). I bratte bakkar, hardt underlag og litt stive ski, kan desse verte i snauaste laget med tanke på feste. Så desse kunne med fordel vore litt breiare. På klissvått vårføre i småkupert terreng, er desse korte mohairfellene suverene. Til slikt føre er fellene breie nok også.
-
Det håpar eg at det gjer. Sjølv fyrer eg i alle fall aldri bål i skogen sumarstid. Det er ikkje greit fordi det stort sett går bra. Problemet er at det enkelte gonger går gale, og då går det ordentleg gale.
- 31 svar
-
- 1
-
-
Til dette bildet har eg brukt ISO 6400, 17mm (DX), f/2.8 og 1/2s eksponeringstid (eg var på båt i fart, så stativ ville vera ubrukeleg). Med stativ på fast underlag ville eg redusert ISO-verdien nokre hakk og brukt litt lenger lukkertid.
-
Kan jeg få litt hjelp til hvordan de nye langrennskia mine skal være?
afe svarte på knuthund sitt emne i Vinterutstyr
Det riktige spennet i følge papir-på-golv-metoden gjeld bare når underlaget er heilt slett og fast. Det er det sjeldan utanfor løypene.- 30 svar
-
- 1
-