Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Er det den dunjakka alle hyttefolk brukar(også om sumaren)? Ser ganske varm ut, spør du meg. Definitivt ikkje noko eg ville gått med på tur.
  2. Det vart ein tur på Reineskarvet for meg i dag. Den fyrste skarvetturen for året, den fjerde for sesongen. Det er ikkje mykje snø, men snøen er godt fordelt og fast, så det er bra skiføre overalt.
  3. Sjølv ville eg nok prioritere vekta i soveposen. Eg er overbevist om at ein tyngre sovepose er varmare enn ei jakke og sovepose med same vekt. Dei einaste gongene eg kan ha glede av ei slik jakke under rast, er i kaldt og blautt vær¹, i det tilfelle ville eg ikkje ligge i same jakke etterpa. Men kvar si lyst. ¹Eg tenker i dette tilfelle på barmarkssesong. Vinterstid driv eg ikkje med lettpakking.
  4.     Tråden handlar om lettpakking. Då greier eg meg utmerka utan både varmejakke og fjellduk. Teltet skal ikkje fly, og teltet er utmerka til rast i dårleg vær, langt betre enn ein fjellduk. Skal ein pakke lett, er det mest å spare på å legge att ting eg ikkje har bruk for.
  5.     Det er ofte eg høyrer bilar eg ikkje ser, så det spørsmålet er herved besvart.
  6.     Dette er slik eg også gjer det. Eg har ein stor karabin i denne plugghempa som eg brukar til denne viktige forankringa. Då er det bare å stikke hånda inn i teltposen og dra ut karabinen og feste denne til sekken eller noko anna som fungerer som anker. Den same karabinen blir sjølvsagt også brukt til same forankring når eg tar ned teltet. Det er sjølvsagt viktig å gjera nedpakkinga til fast rutine, slik at teltet alltid er pakka riktig, sjølv om det var heilt vindstille då det vart pakka ned. På vinterturar då eg hadde tunneltelt, hadde eg teltet pakka ned i pulken med stengene halvt inne i kanalane. Då var det bare å skyve stengene på plass og gå rundt å stikke ned pluggar. Dette var raskt og effektivt, sjølv om det flagra litt medan eg dreiv på. Men med god sikring mot vinden, var det sikkert samtidig med at vinden hjalp til å strekke ut teltet. No brukar eg kuppeltelt med Hilleberg sine krokar til stengene. Her går det ikkje å ha stengene halvt i kanalane, men det går derimot å sette ned pluggane rundt heile teltet før ein byrjar med stengene. På denne måten kan også dette teltet setjast opp utan problem og utan mykje flagring i teltduken. Men det tar lenger tid. Når ein fyrst har dei riktige rutinene, er det viktig med trening. Det kan til dømes vera heilt avgjerande at ein greier å setje opp teltet utan å ta av seg vottene. Dette kan ein enkelt trene på ute på plenen. men då må ein sjølvsagt trene på å setje opp teltet med vottene på. Dersom nokon såg meg sist eg hadde kjøpt vintertelt, ville dei sikkert tru at det hadde klikka for meg. For då dreiv eg ute på plenen i kortbukse, t-skjorte og vindvotter
  7.     Det er heilt riktig. Men etter kva eg har forstått i denne tråden, var det nokon som tenkte at gasslampa skulle vera einaste varmekilda i teltet, og då vert jo temperaturen i teltet langt lågare enn dersom ein har ein primus på full guffe. I det tilfelle vil ikkje gasslampa fungere lenge. Dersom ein fyrer med primus i teltet, bør gasslampa fungere godt, heilt uavhengig av temperaturen utanfor.
  8.     Gassboksen vert avkjøla av fordampingen. Så sjølv om det vert litt lunk i teltet, vert gassboksen bare kaldare og kaldare. Dette er eit faktum eg trur vert oversett av samtlige som trur og håpar at gass skal fungere i kulda. Sjølv om ei rask opptenning viser at gasslampa eller gassbrennaren fungerer i ein bestemt temperatur, vil effektet gradvis avta medan gassen forbrenn. Dette skjer fordi gassboksen får stadig lågare temperatur.
  9.     Vegen er brøytt opp dei verste bakkane.
  10. Nei, det du er ute etter var bare eit mellomstadie for det eg har brukt microdem til, så eg har ikkje liggande nokon eksempel på akkurat dette. Eg fekk koden til ods ein gong, men eg har aldri satt meg inn i moglegheitene og eventuelle begrensingane i å tilpasse arbeidet hans for mine behov.
  11.     Eg støtter dette. Sjølv om eg sjølv har slutta heilt å bruke trøyer med høg hals og bare brukar laus hals i form av buff anten syntetisk eller av ull. Det er meir fleksibelt. Eg vil også anbefale å sove med tørre sokkar, basert på den enkle filosofien om at føttene er plassert lengst vekk frå varmekilda, og at føttene lett pressar mot botnen av soveposen og mot teltenden. Desse råda er eigentleg heilt uavhengig av om soveposen er i snauaste laget for temperaturen. Eg brukar luve, laus hals og sokkar også i den tjukkaste vintersoveposen min.
  12.     Dette vil også vera avhenig av kor langt øyra ditt er vekk frå brennaren. Rett over brennaren er det uansett skadeleg, men då er det brannskade Sett på ein kjele, så vert lyden dempa mykje. Å skru ned effekten litt, hjelper mykje, det veit alle oss som brukar hørselen for å føle oss til passe trykk på primustanken. Ta med brennaren ut fra kjellaren, vil truleg hjelpe mykje også. I alle fall vil lyden dempast meir med større avstand ute i friluft eller i eit telt, enn i ein kjellar.
  13. Eg har brukt eit program som heiter microdem til noko veldig liknande. Programmet finn du her: http://www.usna.edu/Users/oceano/pguth/website/microdem/microdem.htm Terrengmodell lastar du ned frå Kartverket: http://data.kartverket.no/download/
  14.     Eg har i alle fall "Otto Sverdrup: aldri rådløs." av Per Egil Hegge Sverdrup si bok "Nyt land: fire aar i arktiske egne" er å finne på bokhylla.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010062420005 og http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009052903020 I tillegg er det sjølvsagt Nansen sine bøker.
  15.     Forskjellane er forsvinnande små i praktisk bruk. Støvelvalget er langt viktigare, både når det gjeld gåkomfort og støtte ved utforkøyring og svinging. Mi standardanbefaling, er å starte med å finne ein støvel som passer til foten. Når du har valgt støvel, tar du den bindingen som passer til støvelen.
  16. Lykke til dersom du skal greie deg utan Kina-produserte varer. Når det gjeld Åsnes-ski, står det på heimesidene til Åsnes kvar dei ulke modellane vert produsert. Eit raskt overblikk over tilfeldige modellar, fann eg at dei stort sett vert produsert i Tsjekkia og Sverige.
  17.     Det overraskar meg ikkje. Karbonstavar tåler ikkje slag. Anten må du byrje å bruke stavar av andre materialer, td aluminium, eller så må du slutte å slå stavane mot skia. Sjølv brukar eg bare aluminiumstavar til fjellbruk.
  18. Dersom stålkantane held ein heil sesong, skal eg vera godt fornøgd, det har aldri skjedd.
  19. Nyttig: kaffekoppar, håndklede og fyrstehjelpspakke. Interessant: Boka "Lordane Garvagh - pionerar i fjella våre" Denne stod på ynskjelista, og eg gler meg til å lesa boka, for eg hadde sett raskt gjennom det meste av manuskriptet før boka kom ut så eg visste at det var interessant og lesverdig.
  20. afe

    Impregnere g1000

    Eg har alltid brukt hårfønar. Då er det enkelt å sjå at voksen smeltar og trekkjer inn i stoffet.
  21. http://www.lanullva.no/ull-til-voksen/ullskjorte-med-tommellosning-lanullva skal vera både varm og laust strikka. Eg kjenner ikkje til nokon ullgenser som er i nærleiken av denne. Men han kan kanskje verte i varmaste laget når du er i aktivitet.
  22.     Er ikkje botnen i innerteltet vatntett? Dette forstår eg i såfall ingenting av. Alle mine telt har vatntett botn i innerteltet. Eg treng ingen ekstra botnduk. Eg har aldri savna botn i forteltet (vel kanskje eingong på eit snødekt tjern med overvatn 2 cm under teltet).
  23. Tunelltelt med rette endeveggar er uproblematiske for min del. Eg har sjølv Hilleberg Tarra (som stangmessig er eit kuppeltelt, men formmessig er som eit klassisk tunelltelt). Sjølv om eg med mine i overkant av 1.9m har kontakt med innerteltveggen i begge endar, følest dette heilt uproblematisk. Dette er nok resultat av at endeveggane er litt slakke, og det er ingen ytterteltduk rett utanfor. Tunelltelt med skråvegg i eine enden, har eg til gode å finne modell som fungerer. Eg har hatt eit Hilleberg Nammatj 3, og der måtte eg ligge med føttene langt ut i forteltet vinterstid. Sumarstid låg eg hjørnemellom for å få stengt innerteltåpningen for mygg. Dette teltet vart vraka eine og aleine pga den dårlege liggelengda. Eg har veldig gode erfaringar (plasmessig vel og merke, teltet har andre begrensingar) med Helsport Ringstind 1. Her har eg god plass bak hovudet til å legge frå meg klede med meir. Og då er eg ikkje i kontakt med teltendane. Her er derimot takhøgda begrensa i endane, så noko tjukt liggeunderlag er utelukka. Eg har også eit Hilleberg Soulo, men det er på alle måtar for trangt for meg. Teltduken er stram, så det kjennest godt at ein er borti duken i begge endar. Men kombinasjonen av stram innerteltduk og god plass mellom inner- og ytterduk, eliminerer kondensproblemet. Til tross for veldig dårleg plass likar eg likevel teltet fordi det har nokre heilt særeigne eigenskapar som lettvekts høgfjellstelt.
  24.     Eg veit ikkje heilt kva denne bottenduken er. Dersom det er ein duk du har til forteltet, er det bare å legge att heime, 239g spart. Skal eg pakke lett, har eg heller ingen betenkligheiter med å legge att heile forteltet, isåfall 493g spart. Det siste sett sjølvsagt litt større krav til teltplassen for å vera fri frå mygg og liknande. Vind er heilt uproblematisk, men kondens kan by på nokre ubehaglege erfaringar i fuktig vær.
  25. Ettersom du allereie har posen, anbefaler eg deg å finne ut av dette sjølv. Men mi meining er at det er søppel.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.