Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg har aldri hatt problem med at bardunane flokar seg på mine telt. I fjor sumar var eg med å setje opp 2 ulike Helsporttelt der det var mykje flokar på bardunane. Dette gjorde at eg måtte finne ut kva som var forskjell på desse to telta og telta mine. På mine telt sitt bardunstrammaren i teltenden av bardunen. På telta som laga bardunflokar, satt bardunstrammaren på pluggenden av bardunen. Eg veit ikkje kvifor bardunane på Heslportteltet mitt var motsatt veg frå desse to, men det er godt mogleg at eg snudde dei då teltet var nytt, nettopp for å unngå flokar.
  2. Astrup og Peary hadde ikkje med seg telt, og dei la att soveposane tidleg på ekspedisjonen over Grønland i 1892. Det var ikkje svar på 2, ettersom dei ikkje hadde med seg utstyret, men vekta var likevel spart. Svar på 3 er at dei gjorde dette for å spare vekt.
  3. Sjølvsagt vert det ein bøy på midten, men det har aldri ført til problem.
  4. Eg brettar alltid fellene på midten slik at dei ligg lim mot lim. Men slik at kvar fell bare er limt saman med seg sjølv. Det er det enklaste når eg skal ta dei på skia.
  5. Når du skal ha deg stor ryggsekk, er det viktigare korleis sekken passar på ryggen din, enn kva meiningar andre om sekken.
  6. afe

    Båndtvang

        Kravet om kontroll gjeld i tida utan båndtvang. Når det er båndtvang, skal hunden vera fysisk i band i Noreg.
  7. afe

    Smør på tur

    I sumarvermen er alt smør flytande
  8. 9. april i fjor var det -28°C på målestasjonen på Finse. Dersom du takler den temperaturen i soveposen din, greier du deg nok, men dette er det bare du sjølv som kan vurdere.
  9. afe

    Thermos

    Eg har bare gode erfaringar med Hammarplast Sarek 1l. Men så skyr eg også fancy helletutar med masse deler som både er vanskeleg å reingjera og utsatt for lekkasje. Hammarplast sine termosar er herleg fri for slikt jåleri. Termosen er tilogmed fri for håndtak som hektar seg fast i innhald i sekken.
  10. Det utstyret som er desidert eldst av det utstyret eg har, men som eg av naturlege grunnar ikkje har hatt i mitt eige heile denne tida, er ein Primus 96 produsert i 1926. Dersom eg skulle ta med meg ei bok på tur, kan dette også fort bli ei bok fra same tida. Det vart skrive mange lesverdige bøker om Svalbard og Nordaust-Grønland på -20 og -30-talet. Og mange av desse står i bokhylla mi.
  11. Start med å prøve å gni inn litt olje i pumpelæret. Dersom ikkje det hjelper, må du få tak i nytt pumpelær. Pumpene er stort sett standardstorleiker, så pumpelær er ikkje vanskeleg å få tak i, det er stor sannsynlegheit for at det har same pumpelær som Optimus 111 og mange andre.
  12. Dersom du ikkje er redd for å kjøpe brukt (det kan du ikkje vera dersom du skal ha ein 111), er det ein enkel sak å få tak i ein Radius 21, Svea 121, Optimus 00 eller Primus 210 til ein billig penge (godt under 500,-). Alle desse modellane er kliss lik Manaslu 121. Tenk også litt over bruksområdet før du velger mellom desse 2 konstruksjonane. 111 er stor og tung, men ferdig montert i kassa. Det er bare å lyfte opp lokken, vippe ut tanken og starte oppfyringa. Dette er min favoritt på kalde turar med pulk, der vekta betyr mindre, og minimalt fikling ved oppstart betyr mykje i kulda. Den demonterbare modellen som Primus 210 og alle kopiane (inklusiv Manaslu) er lett (omlag same vekt som Optimus Nova komplett med flaske) og kompakt samanpakka (tar mindre plass totalt enn Nova med flaske), men må monterast før bruk, og demonterast før transport. Brennaren er også høgare, så det er litt meir utfordrande å skjerme for vind enn på 111. Dette er ein utmerka ryggsekkprimus. Eg har sjølv ein Radius 21 og ein Primus 210 (min er produsert i Norge av Høvik verk), Radiusen er favoritten min av alle primusane eg har.
  13.     Eg har alltid hatt god plass i mitt Ringstind, men så ligg eg på bakken også. Med eit tjukkare liggeunderlag i det teltet, vert liggelengda effektivt forkorta til det ubrukelege også for barn. Lettvektstelt er kompromiss, der liggelengde og takhøgde må vera skadelidande. Dersom dette ikkje passar til eins ønske, får ein velge eit tyngre telt. Tunneltelt med fortelt i begge ender, og forteltåpningane åpne, gjev ordentleg liggelengde for dei fleste
  14.     Gjer det ikkje det? Eg har 3 Hillebergtelt, og det fulgte med ekstra teltstangledd og hylse til alle telta. Det fulgte også med saumtettelim og lapp til alle duktyper. Kva meir savnar du? OK, det er nokre år sidan eg kjøpte mitt siste telt, så det kan ha endra seg sidan då.
  15.     Helikopteret var frå Fjellfly
  16. Dei fleste betjente DNT-hyttene stenger vel etter påske, så du bør starte med å undersøke åpningstidene. Skiføre finn du stort sett overalt i fjella. Men styr unna regulerte vatn, og ver forsiktig på alle andre vatn, for isforholda er dårlege no.
  17.     Dette er nok stor forskjell frå jakke til jakke. Jakker som er laga lett for å ha med i sekken, er skjøre greier og prisen er også høg. Ei jakke som er laga for å brukast, har meir robust stoff, men er også litt tyngre. Det same gjeld lengda på jakkene. Dei lettaste, er også korte, det er mykje vekt å spare på å lage ting mindre. Jakker som ikkje er laga for å vera ekstremt lett, har gjerne litt romslegare mål, både her og der. I våte forhold om hausten brukar eg ein ullgenser under regntett jakke. Det veit eg at alltid fungerer.
  18.     Hugs at det er stor forskjell på liggelengde i eit telt med rette endeveggar og telt med skrå endeveggar. Eg er sjølv 1,9m og har aldri plagast av liggelengda i Tarra, men har erfart at 2,2m er ein halvmeter for lite i eit telt med skråvegg i eine enden.
  19. Eg fekk meg ein tur på Reineskarvet i dag. Eg hadde litt meir planer, men desse måtte eg droppe då snøværet kom og sikta forsvann.
  20. Eg var ikkje klar over at plaststøvler og teleskopstavar gjekk under lettvektsutstyr.
  21.     Mars og april er i alle fall vinter i fjellet her sørpå. Våren i fjellet byrjar vanlegvis ein gong i løpet av mai. Og juni er i alle fall ein vårmånad, også nede i bygda. Klimaet i nord er nok ikkje så ille som alle nordpå vil ha det til.
  22.     OK, då beklagar eg at eg missforsto det innlegget, og med det skulda deg for å endre reglane undervegs. Eg synest det er synd at det vert brukt datorammer som ikkje tar hensyn til årstidene i fjellet, men det får så vera. Konkurransen er tydelegvis ikkje noko for meg. Lykke til vidare, og måtte den beste vinne.
  23. Og årstidene har du endra fra "Vinter, Vår, Sommer og Høst" til "månedene desember - januar og februar", "månedene mars- april og mai" osv. Slik les i alle fall eg innlegg #10. Dersom eg har missforstått dette, får du ha meg unnskyldt. Dersom du har tenkt å stoppe vår-konkurransen sist i mai, tviler eg på at eg kan delta med temaet vår. Etter innlegg #12 såg det ut som du skulle lage ein kalender som starta med desember, noko eg heldigvis hadde missforstått. Og kunkurransen treng ikkje ha lik lang tid på kvart tema, dersom det er det du prøver å antyde. Dersom du deler opp året i januar-februar-mars-april (bare halve april og ta med desember 2013 også ettersom dette allereie er annonsert) for vinter, mai-juni for vår, juli-august for sumar og 20.august til ein praktisk avslutning for å få kalenderen ferdig før jul for haust, hadde mykje vore løyst. Eg ser heller ingen problem i ein viss overlapp i tidsromma så lenge temaet vert brukt. Og nei, eg er på ingen måte interessert i å hjelpe til med ein konkurranse eg har så liten tru på. I beste fall kan eg tenke meg å delta i konkurransen, i verste fall avstår eg også fra å stemme.
  24. Problemet med tung ryggsekk, er at skigleden i utforkøyringane vert enda dårlegare enn med pulk Når eg har med meg nok utstyr til overnatting vintertid, er det etter mitt syn minst plage med pulk i nedoverbakkane og minst plage med pulk i oppoverbakkane. På flatmark som trådstartar planlegg, er tung sekk ei plage der ein knapt merkar at ein har pulk. Men må ein, så må ein. Det er det ingen problem å gå ein slik tur med sekk, med forbehald om at ein har ein viss trening med å gå på ski, og ein viss trening på å gå med sekk, aller helst i kombinasjon. For det er ikkje til å koma vekk frå at sekken vert tyngre enn ein tilsvarande sumartur, og at det er tyngre å gå på ski med sekk enn utan.
  25.     Å endre temaene så ettertrykkeleg (særleg fra "Vår" til "månedene mars- april og mai" ) som du har gjort frå post #1 til post #10 i denne tråden, er å endre reglane. Det er i alle fall veldig forskjellige bilder eg assosierer med desse to temaene, og det er ytterst få av mine fjellbilder som passer inn i begge desse temaene. Poenget mitt er at dette burde du tenkt på før du definerte temaene i konkurransen. Når får me vite det endelege temaet som skal leverast inn i neste månad? Vert temaet "Vinter" som fyrst annonsert, er det greit, men dersom temaet vert "månedene desember - januar og februar" og påskebilder ikkje er ynskjeleg, er det allereie i seinaste laget å skape noko godt bilde for konkurransen. Korleis du vil dele opp kalenderen din, får vera ein annan sak. Å skrive at kalenderen nødvendigvis må starte med desember, kan det sjølvsagt stillast spørmål ved, i alle fall dersom du har håp om å få solgt kalenderar som julegåver. Men dette vil eg ikkje elgge meg borti. Det er konkurransen eg gjerne ville hatt litt meir veldefinert, for å vurdere om eg sjølv skal delta og i så fall kva eg skal delta med. Akkurat no heller det mot at eg droppar det, og i så fall avstår eg fra å stemme også.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.